Hopp til hovedinnhold

Oversikt over oppgåvene

Oppgåvene til statsforvaltaren, der Statens helsetilsyn er overordna myndigheit, omfattar:

  • planlagt tilsyn: føre tilsyn med sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester gjennom systemrevisjonar, kartleggingar, besøk med samtaler med bebuarane  og andre metodar. Tilsynet skjer dels som del av landsomfattande tilsyn bestemt av Statens helsetilsyn og dels valt ut frå forholda i fylket
  • enkeltsaker om svikt: behandling av enkeltsaker med spørsmål om svikt i tenestene (tilsynssaker). Slike saker kan opprettast på grunnlag av klager frå pasientar, brukarar eller pårørande, av medieoppslag, meldingar frå arbeidsgjevar, førespurnad frå andre delar av helsetenesta o.a.
  • rettsklager: behandling av klagesaker som gjeld befolkninga sin rett til tenester etter blant anna pasient- og brukarrettsloven, barnevernloven og sosialtenesteloven
  • tvang og makt: overprøve vedtak, behandle klager og nokre andre oppgåver i samband med bruk av tvang og makt overfor menneske med utviklingshemming, menneske utan samtykkekompetanse som motsett seg helsehjelp og barn og ungdom i barneverninstitusjonar 
  • ulike andre oppgåver i samband med barnevern og med smittevern m.m.
  • områdeovervaking
  • formidling av tilsynserfaringar til forvaltninga, tenestene og offentlegheita

I tillegg til oppgåvene som tilsynsmyndigheit, som vert styrt av Statens helsetilsyn, har statsforvaltarane mange oppgåver med gjennomføring av statleg politikk m.m. som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester, der overordna myndigheit er Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), Barne- og familiedepartementet (BFD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) og Helsedirektoratet (Hdir). Dei oppgåvene statsforvaltaren utfører på helseområdet med Helsedirektoratet (Hdir) som overordna myndigheit, bl.a. oppgåver knytta til førerkort, er beskrivne i embetsoppdraget frå Hdir, sjå lenkelista nedanfor, og på statsforvaltarane sine nettstader.  

Lovgrunnlag for oppgåvene, myndigheit gitt statsforvaltarane og statsforvalterinstruksen

Ei heimelsliste der statsforvaltaren er nevnt i lov-/forskriftsteksten – ofte som utøvar av myndigheit – finst i artikkelen Heimelsliste – lover og forskrifter

Statsforvaltaren sitt tilsynsoppdrag og myndigheit som klageinstans generelt går fram av

  • barnevernloven § 2-3 (tilsyn)
  • helse- og omsorgstenesteloven § 12-3 (tilsyn)
  • helsetilsynsloven §§ 3 og 4 (tilsyn)
  • sosialtenesteloven § 9 (tilsyn) og §§ 47 og 48 (klagebehandling)

Tilsynsoppdraget for statsforvaltarane som gjeld helse- og omsorgstenesta er senest gjort greie for i politisk dokument i Prop. L 91 (2010–2011), sjå del 6 om klage- og tilsynsordningar.

Dei samla oppdraga for statsforvaltaren går fram av statsforvalterinstruksen. 

Oppgåvene for kvart enkelt år og rapportering av resultat

For kvart enkelt år får statsforvaltarane oppdraget gjennom framlegget frå regjeringa til statsbudsjett (Prop.1 S, proposisjonane for HOD, AID, BLD og DFD) og Stortinget si behandling av budsjettet (Innst. 11 S, 14 S og 16 S) frå Helse- og omsorgskomiteen, Familie- og kulturkomiteen og Kommunal- og forvaltningskomiteen. Oppdraget vert formidla med føringar frå Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjennom Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) sitt årlege tildelingsbrev til statsforvaltarane og den faste oppgavekatalogen i hovedinstruksen til statsforvaltarane (HI). Statens helsetilsyn gir styringssignal til statsforvaltarane i desse dokumenta.

Aktivitetar og resultat hos statsforvaltarane og oppnåing av resultatmål blir rapportert i statsforvaltarembetenes årsrapporter og i årsrapport for Statens helsetilsyn, sjå artikkelen Årsrapporter.

Organisering av statsforvaltarembeta

Tilsyn med og klagebehandling som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester i det enkelte fylket blir utført av statsforvaltaren, underlagt Statens helsetilsyn. 

I kvart statsforvaltarembete finst ein fylkeslege, som skal vere leiar for tilsyns- og klageoppgåvene som gjeld helse- og omsorgstenester (helsetilsynsloven § 1). I de fleste statsforvaltarembeta er oppgåvene som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester samla i ein avdeling. Informasjon om intern organisering av det enkelte embete finst på statsforvaltarane sine nettstader, sjå organisasjonskart og dessutan i artikkelen Kontaktinformasjon – statsforvaltarane.

Kontaktstatsforvaltarar

Ny prosedyre for samarbeid om harmonisering og utvikling av tilsyn med spesialisthelsetenesta gjeld frå 2021. Tilsyn skal bidra til sikkerheit og kvalitet i tenestene og til befolkninga si tillit til personell og tenester (helsetilsynsloven § 1). Skal tilsynsmyndigheitene bidra slik lova seier, må tenestene og befolkninga ha tillit til dei. Denne tilliten oppnår vi når metodane og konklusjonane våre er transparente, kunnskapsbaserte, føreseielege og relevante. Det har vore for stor variasjon mellom statsforvaltarane når det gjeld gjennomføring av tilsyn med spesialisthelsetenesta. Ei vidareutvikling og større grad av harmonisering av tilsynet har derfor vore naudsynt.

For kvar helseregion er statsforvaltaren i eitt av fylka i regionen utpeika som kontaktstatsforvaltar med overordna ansvar for at alt planlagt tilsyn med spesialisthelsetenesta blir samordna i regionen. Dette gjeld for både eigeninitierte og landsomfattande tilsyn innan området. Han skal ta initiativ til dialog med det/dei andre embeta i regionen for å utarbeide felles årleg tilsynsplan for alt planlagt tilsyn med spesialisthelsetenesta. Kontaktstatsforvaltaren har ansvar for at tilsynslaga og revisjonsleiar har naudsynt kompetanse. Planlagt tilsyn med spesialisthelsetenesta skal som hovedregel gjennomførast av eit regionalt tilsynslag.

Kontaktstatsforvaltaren skal og samordne kontakten med det regionale helseføretaket (RHF) og legge til rette for minimum eitt felles årleg tilsynsmøte mellom statsforvaltarane i regionen og det regionale helseføretaket.

Stadleg tilsyn som følge av hendingar og handsaming av tilsynssaker av prinsipiell karakter skal og harmoniserast innan regionen.

Avgjerder i tilsynskjeda baserast på konsensus mellom involverte embetsleiingar og blir løfta til Statens helsetilsyn som overordna fagleg myndigheit dersom dette ikkje blir oppnådd.

Kontaktstatsforvaltarene er:

Nord: Statsforvaltaren i Troms og Finnmark 

Midt-Norge: Statsforvaltaren i Trøndelag

Vest: Statsforvaltaren i Vestland

Sør-Øst: Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus

Ansvar for fylkesovergripende helseforetak

Helsetilsynsloven seier i § 3 fjerde ledd andre punktum: «Statens helsetilsyn kan gi den enkelte statsforvalter oppgaver som omfatter et større geografisk område enn eget fylke.»

I tilsynet med helseføretak som dekkjer fleire fylker samarbeider statsforvaltarane. Slik ønskjer tilsynsmyndigheitene å opptre samla ovanfor dei som tilsynet rettar seg mot.

Tilsynet med dei fylkesovergripande helseforetaka skal samordnast og harmoniserast av statsforvaltaren i begge fylka. Dette gjeld Helse Fonna HF (Statsforvaltaren i Vestland, etter avtale med Statsforvaltaren i Rogaland) og UNN/Narvik HF (Statsforvaltaren i Troms og Finnmark etter avtale med Statsforvaltaren i Nordland).

Tilsyn med porteføljen frå Sykehuset Innlandet HF som er overført til Akershus universitetssykehus HF vert ivareteke av Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.

Tilsyn med petroleumsverksemda

Statsforvaltaren i Rogaland har oppgåver og myndigheit ifm. petroleumsverksemda ved delegert myndigheit. Statens helsetilsyn har bestemt at tilsyn etter petroleumslovgjevinga med installasjonar på land skal utførast av Statsforvaltaren i Rogaland, uavhengig av kva fylke installasjonen ligg i.

Redningstenesta

Helsemyndigheitene sin representasjon i leiinga av Hovudredningssentralane vert ivareteke av Statsforvaltaren i Nordland for HRS Nord-Noreg og Statsforvaltaren i Rogaland for HRS Sør-Noreg. 

Lenkeliste

Budsjettproposisjonar og embetsoppdrag

Regjeringa sine budsjettproposisjonar finnes i Prop 1 S:

Andre lenker

[1] Havindustritilsynet frå 1. januar 2024.