Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med rehabiliterings- og opptreningstilbod til pasientar ved Fitjar Bu- og behandlingssenter 12.-13. mars 2014.

Vi undersøkte om kommune ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, tilbyr, følgjer med og om nødvendig forbetrar tenestetilbod slik at pasientar innlagt i sjukeheim får eit forsvarleg rehabiliteringstilbod anten dei er innlagt i korttids- eller langtidsplass.

Vurdering av styringssystemet går fram av kapittel 6.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å påpeike avvik frå krav i helselovgjevinga.

Tilsynet er avslutta.

Anne Grete Robøle
revisjonsleiar

Signe Marit Stephanides
seksjonsleiar

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fitjar kommune i 12.-13. mar 2014. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Pr. 1. januar 2014 var det 3009 innbyggjarar i Fitjar kommune.

Fitjar Bu- og behandlingssenter har 27 plassar. Det er ei gruppe med 13 landtidsplassar for personar med demens og ei gruppe med 9 langtidsplassar og 4 korttidsplassar.

Korttidsplassane blir nytta til avlasting, palliativ omsorg og rehabilitering.

Helse- og sosialsjef er næraste overordna for einingsleiar institusjonstenester og for kommunefysioterapeut som er tilbake i stillinga frå januar 2014. Tidlegare vikar er engasjert i 10 % stilling for å følgje opp prosjekt heimerehabilitering.  Ergoterapeut som er engasjert i 50 % stilling ut året, er prosjektleiar.

I 2014 gjennomfører kommunen obligatorisk opplæring i rehabilitering for alt helsepersonell ved sjukeheimen og i heimetenestene.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 29. januar 2014.
Opningsmøte blei halde 12. mars 2014.
Intervju: 10 personar blei intervjua.
Sluttmøte blei halde 13. mars 2014.

Oversikt over dokument som Fitjar kommune har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Fylkesmannen i Hordaland har undersøkt om Fitjar kommune ved systematisk styring og leiing har lagt til rette for, tilbyr, følgjer med og om nødvendig forbetrar tenestetilbod slik at pasientar innlagt i sjukeheim får eit forsvarleg rehabiliteringstilbod anten dei er innlagt i korttids- eller langtidsplass.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å påpeike avvik frå krav i helselovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Styring med tenestene (internkontroll) føreset at leiarar følgjer med på eige verksemd og set i verk førebyggjande og korrigerande tiltak når dette er nødvendig. Eigar og leiarar har ansvaret for rammer og organisatoriske løysingar som gjer det mogleg å oppfylle krav i helse- lovgjevinga.

Ansvarsforhold som gjeld mottak, tverrfagleg vurdering, planlegging, gjennomføring av opptrenings-/rehabiliteringstilbod til innlagte pasientar og samarbeid med pasient, pårørande og heimetenestene er avklart og kjent. Fitjar kommune har lagt til rette for at personell i omsorgstenestene skal få eit felles kunnskapsgrunnlag og forståing for rehabiliterings- prosessar. Framlegg til rutinar for å ivareta oppgåvene ligg føre. I det vidare arbeidet er det viktig at leiarane følgjer med på praksis og støttar opp under det tverrfaglege samarbeidet.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie.
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
  • Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

8. Dokumentunderlag

  • Opplysningar som Fitjar kommune har sendt i samband med tilsynet
  • Opplysningar i oversendingsbrev 18. februar 2014 frå Fitjar kommune
  • Organisasjonskart Fitjar kommune
  • Stillingsomtale einingsleiar institusjonstenester FBB
  • Stillingsomtale sakshandsamar/konsulent heimebaserte tenester
  • Stillingsomtale avdelingsleiar ved gruppe 1 og gruppe 2 på FBB
  • Stillingsomtale heimebaserte tenester
  • Administrativt delegeringsreglement
  • Søknad, kriterier og tildeling av plass i sjukeheim
  • Oversikt over tilsette

Dokument motteke før og uavhengig av tilsynet

  • Prosjektrapport «Hjemmebasert rehabilitering for pasienter med hjerneslag i kommunene Stord, Bømlo og Fitjar»

Stikkprøver:

  • 17 journalar for pasientar innlagt ved Fitjar Bu- og behandlingssenter i mars 2014 og pasientar innlagt for rehabiliteringsopphald 1. juli 2013 -1. februar 2014

Korrespondanse mellom Fitjar kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn, brev av 29. januar 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Brev av 18. februar 2014 med vedlegg frå Fitjar kommune
  • Program for tilsynet, brev av 27. februar 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Bård Inge Bø

Kommunefysioterapeut

x

x

x

Trude Miland

Sjukepleiar

 

x

x

Marit Lie Engesund

Hjelpepleiar

x

x

 

Ragnhild Helland

Hjelpepleiar

x

x

 

Tore Eikeland

Sjukeheimslege

x

x

x

Kristin Vestbøstad

Ergoterapeut

x

x

 

Astrid de Vreede

Sakshandsamar

x

x

 

Kari Bjelland Vik

Avdelingsleiar

 

x

x

Ellen H. Sandsmark

Einingsleiar institusjonstenester

 

x

x

Anne Berit Hovstad Johansen

Helse- og sosialsjef

x

x

x

Frå Fylkesmannen deltok:
Signe Marit Stephanides, seksjonsleiar
Anne Grete Robøle, seksjonsleiar, leiar