Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte 10. og 12. november 2015 tilsyn med Nav Fusa kommune.

Tilsynet omfatta Nav kontoret sine tenester til unge mellom 17 og 23 år. Tenestene som blei undersøkte var opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad. Vi undersøkte om kommunen gjennom si styring og leiing sørgjer for at nemnde tenester er tilgjengelege for unge personar mellom 17 og 23 år, og at tildeling og oppfølging av tenestene er forsvarlege.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold som var i strid med krav i sosiallovgjevinga. Tilsynet er avslutta.

Dato: 27. oktober 2015

Vibeke Herskedal
revisjonsleiar

Marta Havre
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Nav Fusa kommune, 10. og 12. november 2015. Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med Nav kontora og den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen i Hordaland er gitt mynde til å føre tilsyn med <lei kommunale tenestene i Nav kontora. Det går fram av lov om sosiale tenester i Nav § 9.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under tilsynet og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor <lei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Fusa kommune har 3 864 innbyggarar.

Fusa kommune er organisert med to nivå, sentraladministrasjonen og tenestenivået.

Mynde er delegert frå rådmann til eining for Helse, familie og velferd, der Nav Fusa kommune sorterer under. Nav leiar har vedtaksmynde og fullmakter etter sosialtenestelova.

Nav Fusa har totalt 1,2 stillingar. Nav leiar er kommunalt tilsett i 20%, og har avgrensa delegert ansvar og mynde for tenestene, med einingsleiar som sin næraste overordna.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 12. august 2015. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag .

Opningsmøte blei halde 10. november 2015. Under tilsynet blei 4 personar intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag. Sluttmøte blei halde 12. november 2015.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var på kva måte tenestene sikra opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad til personar mellom 17 og 23 år. Vi undersøkte om kommunen systematisk sørgjer for at tenestene er tilgjengelege  for unge mellom  17 og 23 år, at tildeling av tenestene er i tråd med lova, og at oppfølginga av dei unge som mottar tenestene er forsvarleg.

Vi kontrollerte om det vart gitt informasjon om tenestene på nettsidene til kommunen og Nav kontoret, og om det vart gitt informasjon til eventuelle samarbeidspartnare. Vi undersøkte også om kommunen hadde vurdert å gi informasjon på andre måtar for å nå fram til sårbare unge som kan ha behov for hjelp. Itillegg til generell informasjon, undersøkte vi om det blei lagt til rette for individuell informasjon til <lei som tok kontakt.

For å sjå om kommunens gjennom si styring sikra at tildeling, vurdering og avgjerd av tenestene oppfylte lovas krav, gjennomgikk vi saksdokumenter og journalar for eit utval av unge brukarar mellom 17 og 23 år. Vi har også gjennomgått tilsendte styringsdokumenter og intervjua tilsette og leiarar.

Vi har undersøkt om kommunen systematisk overvaker og går gjennom styringssystemet (internkontrollen) for å sjå om den fungerer slik kommunen har planlagt og bidrar til kontinuerlig  forbetring.

Rapporten handlar berre om ein del av Nav Fusa si verksemd, og er derfor ikkje ei samla vurdering av dei sosiale tenestene ved Nav-kontoret.

5. Funn

Det blei ikkje funne avvik etter tilsynet.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Ansvar og mynde innanfor dette området er klart i Fusa kommune. Det vert rapportert til rådmann i linje frå einingsleiar.

Fusa kommune følgjer med på at tilsette har nødvendig kompetanse. Nav Fusa har felles forståing for kva oppgåver som ligg i arbeidet med oppfølging av unge mellom 17-23 år, og korleis oppgåvene skal gjennomførast. Det ligg føre skriftlege rutinar for deler av arbeidet.

Faglege vurderingar kjem fram av ulike saksdokument. Sakshandsamar har samtaler med <lei unge.

Kommunen har eit avvikshandteringssystem, men det er i liten grad tatt stilling til kva som skal vere eit avvik i dette arbeidet. Det vart opplyst at dette er noko kommunenleiinga  har sett i gang arbeid med.

7. Regelverk

  • Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen  av 18.12.2009 nr. 131 (STL)
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10.2.1967 (forvaltningsloven)
  • Forskrift til forvaltningsloven av  15.12.2006 nr. 1456 (forvaltningsforskriften)
  • Forskrift om rammer for delegering mellom stat og kommune om oppgaveutførelsen i de felles lokale kontorene i arbeids- og velferdsforvaltningen
  • Forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltningen  av 19.11.2010 nr. 1463
  • Rundskriv «Hovednummer 35 -sosialtjenesteloven»
  • Rettleiar til sosialtjenesteloven  § 17 -«hvordan fatte vedtak om tjenesten  opplysning, råd og veildning?»
  • Rundskriv A1/2015- statlige veiledende retningslinjer for utmåling av økonomisk stønad 2015

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over ved førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart av den administrative styringa i Fusa
  • Utdrag av delegasjonsreglementet  som gjeld Nav Fusa
  • Samarbeidsavtaler mellom Fusa kommune og Arbeids- og velfersetaten i Hordaland datert 1.1.2012 og 01.18.2013
  • Oversikt over personell på alle nivå med ansvar for tenestene tilsynet omfattar
  • Ungdomsgaranti i Nav
  • Oppslagsverket frå Bufdir: «Hvordan hjelpe ungdom som står i fare for å falle utenfor skole og arbeidsliv?»
  • Rutine for Nav Fusa -økonomisk stønad
  • Avtale mellom Nav og Hordaland Fylkeskommune «Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring».
  • Liste med oversikt over alle vedtak om økonomisk stønad
  • Kopi av dei siste 9 sakene, med vedtak og søknader

Dokumentasjon som vart gjennomgått i samband med tilsynet:

  • Liste med oversikt over alle vedtak for unge mellom 17 og 23 år i 2015 og 2014
  • Gjennomgang av saker i fagsystemet i Nav Fusa

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Hordaland:

  • E-post med planlegging og avtalar knytt til gjennomføring av tilsynet, program for tilsynet.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over intervjuar.

 

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Hanne Lygre

Leiar Nav Fusa

X

X

X

Linda Sagstad-Hjelle

Sosialkonsulent

X

X

X

Anne Skagseth

Einingsleiar helse, familie og velferd

X

X

X

Berit Fløisand

Rådmann

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Marta Havre, Øystein Breirem Jacobsen og Vibeke Herskedal

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

Tilsynsrapporter fra hvert enkelt tilsyn

Søk