Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Fusa kommune 18. og 19. juni 2015.

Tema for tilsynet var om kommunen sikrar at det blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mogleg bruk av tvang og makt, jamfør helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Under tilsynet hadde vi særleg fokus på om det er gitt naudsynt rettleiing og opplæring av tilsette i reglane om bruk av tvang.

Det blei ikkje avdekka tilhøve som er i strid med krav i helse- og omsorgslovgjevinga.

Birthe Lill Christiansen
Revisjonsleiar 

Torill Vebenstad
Revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Fusa kommune 18. - 19. juni 2015. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenester § 2.

Føremålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom styringa si (internkontrollen). Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om naudsynt korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar. Samstundes blei det gjennomført stadleg tilsyn med tiltak om bruk av tvang og makt etter § 9-5, tredje avsnitt, overfor ein person med utviklingshemming. Rapport frå dette tilsynet er ikkje offentleg og vil bli sendt i eige brev.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under tilsynet, og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda

Tenester til personar med psykisk utviklingshemming i Fusa kommune er organisert i avdeling Pleie og omsorg, med einingsleiar som overordna fagleg ansvarleg for kapittel 9. I avdeling Pleie og omsorg blir det i hovudsak ytt tenester til utviklingshemma i eining TFF (tiltak for funksjonshemma) med avdelingsleiar som stadleg leiar. Avdelinga Pleie og omsorgstenester gir tenester til totalt 16 personar med utviklingshemming.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 29. januar 2015.
Program blei sendt på e-post 8. juni 2015.
Opningsmøte blei halde 18. juni 2015.
Intervju: Seks personar blei intervjua.
Sluttmøte blei halde 19. juni 2015.

Oversikt over opplysningar som er mottekne frå  kommune i samband med planlegging av tilsynet er gitt i kapittel 7, Dokumentunderlag.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet har undersøkt om kommunen utførar, styrar og forbetrar tenesteyting til personar med utviklingshemming slik at :

  • Den skjer med minst mogleg bruk av tvang og makt
  • Naudsynt bruk av tvang og makt skjer i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Under tilsynet hadde vi eit særskilt fokus på om det er gitt naudsynt rettleiing og opplæring til tilsette i reglane om bruk av tvang og makt.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekka tilhøve som er i strid med krav i helse- og omsorgslovgjevinga.

Tilsynet har elles merka seg:

Det blir jamleg gitt tilbod om opplæring i reglane i kapittel 9 til alle tilsette som arbeidar med personar med utviklingshemming, inkludert dei som arbeidar med og leiar tenesta avlastning, og dei som er ansvarleg for tenesta støttekontakt. Det er vidare fokus på å finne andre løysingar for å unngå bruk av tvang og makt. Leiinga er opptatt av sårbare område og tenestene blir tilpassa for å gjere risiko for svikt mindre, til dømes ved at miljøterapeutar blir flytta internt i avdelinga dersom dette er naudsynt for å fylle kompetansekrava i kapittel 9.

6. Regelverk

LOV 2011-06-24 nr 30: Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
LOV 1967-02-10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
LOV 1999-07-02 nr 63: Lov om pasient- og brukerrettigheter
LOV 1984-03-30 nr 15: Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå Fusa kommune som er lagd til grunn for tilsynet:

  • Organisasjonskart for kommunen
  • Oversikt over tenestestader der det blir ytt tenester til utviklingshemma
  • Rutine for ansvarsdeling i kommunen når det gjeld tvang og makt, revidert 20.03.2015
  • Rutine for vurdering og sikring av faglege kvalifikasjoner og kompetanse, revidert 01.02.2015
  • Rutine for vedtak om bruk av tvang og makt, revidert 01.08.2014
  • Rutine for samarbeid med pårørande og verje, revidert 01.05.2014
  • Rutinar/stillingsbeskriving for ansvarsvakt, primærkontakt, avdelingsleiar og koordinator
  • Rutine for handtering av vald og truslar, revidert 01.10.2014
  • Rutine for førebygging av vald og truslar, revidert 02.01.2015
  • Plan for rettleiing og opplæring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, dagsett 01.02.2013
  • Sjekkliste for etisk gruppeveiledning
  • Sjekkliste for opplæring av nytilsette
  • Rutine for personalmøter, revidert seinast 01.08.14
  • Rutine for avvikshandtering, revidert 18.11.2013, og rutine - skjema for melding av avvik, revidert 06.11.2013
  • Rutine for støttekontakt og avlastartenesta, dagsett 02.01.2015
  • Skjema – intenkontroll ved helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, dagsett 01.03.2015

Korrespondanse mellom Fusa kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding frå Fylkesmannen om tilsyn sendt 29. januar 2015
  • E-post frå Fusa kommune med informasjon om kontaktperson av 22. februar 2015
  • Dokumentasjon frå Fusa kommune mottatt av Fylkesmannen 31. mars 2015
  • E-post frå Fusa kommune 17. april med førespurnad om å utsetje tilsynet, og Fylkesmannen sitt svar av 21. april 2015
  • E-post frå Fusa kommune av 22. mai 2015 med oversikt over tilsette i TFF
  • E-post frå Fylkesmannen av 8. juni 2015, vedlagd program for tilsynet
  • Førebels rapport etter tilsynet dagsett 24. juni 2015

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Marita Osebakken

Vernepleiar

X

X

X

Laila Helland

Hjelpepleiar

 

X

 

Siw-Ingrid Kaland

Helsefagarbeidar

X

X

X

Torill Skibenes

Vernepleiar

X

X

X

Liv Elin Moen

Avdelingsleiar TFF

X

X

X

Gro Elisabeth Almås

Einingsleiar pleie og omsorg

X

X

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar
Margunn Skulstad-Watson, seniorrådgjevar
Birthe Lill Christiansen, seniorrådgjevar