Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Kvam herad 13. og 14. april 2015.

Tema for tilsynet var om kommunen sikrar at det blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mogleg bruk av tvang og makt, jamfør helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Under tilsynet hadde vi særleg fokus på om det er gitt naudsynt rettleiing og opplæring av tilsette i reglane om bruk av tvang.

Det blei ikkje avdekka tilhøve som er i strid med krav i helse- og omsorgslovgjevinga.

Torill Vebenstad
Revisjonsleiar

Birthe Lill Christiansen
Revisor

                                                    

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Kvam herad 13. - 14.04.2015. Tilsynet er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Hordaland dette året.

Fylkesmannen i Hordaland har fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statleg tilsyn med helse- og omsorgstenester § 2.

Føremålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom styringa si (internkontrollen). Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om naudsynt korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Samstundes blei det gjennomført stadleg tilsyn med tiltak om bruk av tvang og makt etter § 9-5, tredje avsnitt, overfor ein person med utviklingshemming. Rapport frå dette tilsynet er ikkje offentleg og vil bli sendt i eige brev.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under tilsynet, og gir difor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda

Tenester til personar med psykisk utviklingshemming i Kvam herad er organisert i avdeling pleie og omsorg, med pleie og omsorgsleiar som overordna fagleg ansvarleg for kapittel 9. Det blir ytt tenester til utviklingshemma i fem grupper i to av dei fire sonene i avdelinga. Dei ulike gruppene har kvar sin gruppeleiar.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:
Melding om tilsyn blei sendt 22.01.2015.
Program blei sendt på e-post 30.03.2015.
Opningsmøte blei halde 13.04.2015.
Intervju: Sju personar blei intervjua.
Sluttmøte blei halde 14.04.2015.

Oversikt over opplysningar som er mottekne frå  kommune i samband med planlegging av tilsynet er gitt i kapittel 7, Dokumentunderlag.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet har undersøkt om kommunen sikrar at det blir lagt til rette for tenesteyting til personar med psykisk utviklingshemming med minst mogleg bruk av tvang og makt, jamfør helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

Tilsynet har konsentrert seg om følgjande område:

  • Om kommunen sikrar at personar med psykisk utviklingshemming mottar tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav a-d, i samsvar med reglane i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekka tilhøve som er i strid med krav i helse- og omsorgslovgjevinga.

Tilsynet har elles merka seg:

Det blir gitt opplæring i reglane i kapittel 9. Regelverket er jamleg tema på møter og avdelinga har fokus på å finne andre løysingar enn å bruke tvang. Bruk av tvang blir ført i protokoll og der er rutinar for å kontrollere at protokoll er ført.

6. Regelverk

LOV 2011-06-24 nr 30: Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
LOV 1967-02-10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
LOV 1999-07-02 nr 63: Lov om pasient- og brukerrettigheter
LOV 1984-03-30 nr 15: Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
FOR 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå Kvam herad som er lagd til grunn for tilsynet:

  • Organisasjonskart for avdelinga
  • Oversikt over tenestestader der det blir ytt tenester til utviklingshemma, m/leiaroversikt
  • Prosedyrar for opplæring og sakshandsaming i kapittel 9 – datert 20.03.2012
  • Prosedyre for å førebygge og stoppa uønska åtferd – datert 05.04.2011
  • Rutine ved uønska hendingar – datert 09.09.2010
  • Oppfølging av tilsett utsett for vald, truslar eller trakassering – datert 05.04.2011
  • Rutine for opplæring av nye tilsette – ikkje datert
  • Meldingar om skade på tilsette – u.off

Dokumentasjon motteke under tilsynet:

  • Velkomstbrosjyre – opplæring for nye tilsette inkludert studentar og lærlingar i pleie- og omsorg

Korrespondanse mellom Kvam herad og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding frå Fylkesmannen om tilsyn sendt 22.01.2015
  • Dokumentasjon frå Kvam herad mottatt 03.03.2015
  • E-post frå Kvam herad av 27.03.2015 med oversikt over tilsette i gruppe 5, 6 og 7
  • E-post frå Fylkesmannen av 30.03.2015, vedlagd program for tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Martha J. Øystese

Helsefagarbeidar

X

X

X

Anette G. Stuve

Vernepleiar

X

X

X

Kjersti Soldal

Gruppeleiar

X

X

X

Linda-K. H. Aasen

Omsorgsarbeidar

X

X

 

Lise Marit Urheim

Hjelpepleiar

X

X

X

An-Magritt Byrkjeland

Gruppeleiar

X

X

X

Elfrid Romsås Oma

Pleie og omsorgsleiar/overordna fagleg ansvarleg kapittel 9

X

X

X

Tina Gjerde

Vernepleiarstudent

   

X

Frå Fylkesmannen deltok:
Marta Havre, seniorrådgjevar
Birthe Lill Christiansen, seniorrådgjevar
Torill Vebenstad, seniorrådgjevar