Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn med Radøy kommune 20.-21. oktober 2015. Denne rapporten gjer greie for avvik som blei påpeikte innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

Vi undersøkte om Radøy kommune, Radøy Velferdssenter, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særleg om:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert,
  • tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen helsehjelp blir gjennomført,
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

Det blei ikkje avdekt forhold som tilseier anna enn at verksemda ved Radøy Velferdssenter er lagt til rette for pasientar som motset seg helsehjelp, får nødvendig helsehjelp utan bruk av tvang.

Dato: 10. november 2015.

Silje Haaskjold Sætre
revisjonsleiar

Åshild Gjellestad
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Radøy kommune, Radøy Velferdssenter 20.-21. oktober 2015. Tilsynet er eitt av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører dette året.

Fylkesmannen i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å lese dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjon er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei områda tilsynet omfattar.
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte.
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.

2. Omtale av verksemda

Radøy Velferdssenter har 42 plassar fordelt på fire avdelingar. Avdeling A og B har til saman 14 plassar for personar med demens, mens avdeling C og D er pleieavdelingar med plass til 11 og 17 bebuarar. I mange tilfelle er pasientane som blir innlagt i sjukeheimen kjende frå tidlegare. Lege er til stades 2,5 dager i veka. Ansvarleg gruppeleiar har det pleiefaglege ansvaret i kvar avdeling. Sjukepleiarane har regelmessige møte med einingsleiar og assisterande einingsleiar. Lege deltek nokre gonger i desse møta. Lege og einingsleiar samarbeidar tett.

I perioden 1. januar 2009 til dags dato har Fylkesmannen motteke kopi av 2 vedtak om bruk av tvang frå Radøy Velferdssenter. Då tilsynet blei gjennomført hadde ingen av pasientane vedtak om tvungen helsehjelp.

3. Gjennomføring

Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt 27. juli 2015.
Opningsmøte blei halde 20. oktober 2015.
Intervju: 9 personar blei intervjua.
Det blei gjort stikkprøver i 14 pasientjournalar og synfaring ved sjukeheimen.
Sluttmøte blei halde 21. oktober 2015.

Oversikt over dokumentasjon som Radøy kommune, Radøy Velferdssenter har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått ved tilsynet, er gitt i kapittel 8.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet undersøkte vi om Radøy kommune, Radøy Velferdssenter, har styring og fører kontroll med at helsehjelp til pasientar som motset seg somatisk helsehjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgjevinga. Vi undersøkte særleg om heradet sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp blir identifisert og at samtykkekompetansen til pasientane blir vurdert.
  • tillitsskapande tiltak blir prøvde før tvungen somatisk helsehjelp blir gjennomført.
  • det blir gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle somatiske helsehjelpa kan gjennomførast med tvang.

5. Funn

Ved tilsynet blei det ikkje avdekt forhold i strid med krav i helselovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Ansvarsforhold som gjeld styring av verksemda ved sjukeheimen, er avklarte og kjende. Tilsette har kjennskap om regelverket om helsehjelp til pasientar som viser eller gir uttrykk for motstand mot helsehjelp, og kunnskap om korleis ein utøver helsehjelp til personar med demens. Det er felles praksis og blir lagt til rette for drøfting/refleksjon om praksis i pleiegruppa og med lege. Leiarar ved sjukeheimen er lett tilgjengelege og følgjer systematisk med på dagleg drift, behandling og oppfølging av pasientane.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten.
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukarrettar.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns om org og pleie.
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr.1385 om pasientjournal.
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr.1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten.
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene.
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, som vart sendt over i samband med førebuing av tilsynet:

  • Organisasjonskart Radøy kommune
  • Organisasjonskart Radøy Velferdssenter
  • Stillingsinstruks for lege ved Radøy Velferdssenter
  • Delegasjon av mynde frå kommunalsjef til tenesteleiar
  • Stillingsomtale for sjukepleiar i pleie- og omsorg
  • Skriftleg prosedyre for mottak av ny beboer, innkomstvurdering
  • Skriftleg prosedyre for bruk av tvang, Radøy Velferdssenter
  • Oversikt over tilsette ved Radøy Velferdssenter
  • Skriftleg prosedyre for journalføring og dokumentasjon i Cosdoc
  • Skriftleg prosedyre for informasjon og opplæring for nytilsette vikarer og fast tilsette
  • Skriftleg prosedyre for internopplæring og forbedringsarbeid
  • Oversikt over internundervisning ved Radøy Velferdssenter, 2014 – 2015
  • Skriftleg prosedyre, innhaldet i internkontrollsystemet ved Radøy Velferdssenter
  • Oversikt over oppgåver for primærsjukepleiar
  • Dagsplan for Radøy Velferdssenter
  • Skriftleg prosedyre for demensutredning og oppfølging
  • Skriftleg prosedyre for når pasientar går ut
  • Skriftleg prosedyre for avviksmelding
  • Velkommen til opphald på Velferdssenteret

Dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet:

  • 14 pasientjournalar.
  • Referat frå pasientgjennomgang i ABC- gruppa ved sjukeheimen.

Korrespondanse mellom Radøy kommune og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn datert 27. juli 2015
  • Opplysningar frå Radøy kommune i e-brev av 09. september 2015.
  • Utkast til program for tilsynet i brev av 02. oktober 2015

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Grethe Fosse

Kommuneoverlege

X

 

X

Anne Berge Brattetaule

Einingsleiar

X

X

X

Anette Floen

Vernepleiar

X

X

X

May Britt Haugland

Sjukepleiar

 

X

 

Ruth Tuseth

Helsefagarbeidar

X

X

X

Elin Vågenes

Hjelpepleiar

X

X

X

Ingvild Lilletvedt

Hjelpepleiar

X

X

X

Unni Marøy

Sjukepleiar

X

X

X

Guro Halland

Sjukepleiar

X

X

X

Kari Færøy

Sjukeheimslege

X

X

X

Johan Sandal

Kommunalsjef, helse og omsorg

X

 

X

Jarle Landås

Rådmann

X

   

Siv Eidhammer

Helsefagarbeidar

   

X

Marianne Hopland

Sjukepleiar

   

X

Karin Klausen

Hjelpepleiar

   

X

Jannicke Helland

Sjukepleiar

   

X

Birthe Haugland

Ass. einingsleiar

   

X

Frå Fylkesmannen i Hordaland deltok:
Ass. fylkeslege Kristin Cotta Schønberg
Seniorrådgjevar Åshild Gjellestad
Seniorrådgjevar Silje Haaskjold Sætre, leiar