Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Molde kommune og besøkte i den forbindelse barneverntenesta og Nav-kontoret frå 30.09.2019 til 04.10.2019. Vi undersøkte om barneverntenesta og sosiale tenester i Nav sørger for at ettervern og samarbeid vert utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at ungdommane får trygge og gode tenester.

Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.

1. Tilsynets tema og omfang

Fylkesmannen har undersøkt og vurdert om kommunen sikrar at unge som treng det får eit forsvarleg ettervern frå barneverntenesta og forsvarlege sosiale tenester frå Nav, med vekt på brukarmedverknad, samarbeid og koordinering.

I barneverntenesta er det ført tilsyn med tilbod om ettervern frå 18 år, inkludert informasjon og rettleiing om overgangen til vaksenlivet i god tid før fylte 18 år. I Nav-kontoret er det undersøkt om unge som har eller har hatt barneverntiltak blir tilstrekkeleg følgd opp og om dei får dei tenestene dei har behov for. I begge tenestene er det fasen med informasjon, kartlegging og vurderingar om tiltak og tenester som har vore tema.

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen legg til rette for og følger opp at ungdommane får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege barneverntenester og sosiale tenester, ved at barneverntenesta og sosiale tenester i Nav:

  • innhentar informasjon om situasjon til ungdommen og moglege behov for tenester
  • legg til rette for og gjennomfører jamnleg samarbeid mellom kommunale einingar som yter barneverntenester og sosiale tenester, og andre kommunar
  • koordinerer tenestene ungdommen får frå kommunale einingar
  • tilbyr og yter individuelt tilpassa og forsvarlege barneverntenester og sosiale tenester i overgangen til vaksenlivet
  • legg til rette for og følger opp at brukarmedverknad blir tatt omsyn til ved alle tema som skal undersøkast

Fylkesmannen sitt tilsyn er gjennomført som systemrevisjon. Det vil seie at Fylkesmannen har ført tilsyn med korleis kommunen styrer og leder arbeidet med barneverntenester og sosiale tenester i Nav og oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Ungdommane sine meiningar om og erfaringar med tenestetilbodet i kommunen er viktig informasjon for tilsynet, både når det gjeld kvaliteten på tenestene og kommunen sin praksis når det gjeld brukarmedverknad. Eit utval ungdommar har derfor blitt intervjua ved dette tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Barnevernlova og sosialtenestelova regulerer krava til kommunen sitt arbeid med ungdommane i dette tilsynet. I tillegg gjeld forvaltningslova.

Fylkesmannen sitt tilsynsansvar følger av barnevernlova § 2-3 b og sosialtenestelova § 9.

Kravet om forsvarlege tenester
Barnevernlova § 1-4 og sosialtenestelova § 4 slår fast at kommunen er forplikta til å sørge for at tiltak og tenester er forsvarlege. Tenestene må ha tilfredsstillande kvalitet, ytast i tide og i eit tilstrekkeleg omfang.

Kravet er retta mot både tenester og tiltak, og inneber krav til leiing, organisering og styring. Det er ein nær samanheng mellom kravet til forsvarlege tenester og kravet om internkontroll for å sikre at oppgåvene blir utført i samsvar med krava i lova, jf. barnevernlova § 2-3 tredje ledd og sosialtenestelova § 5. Kravet til forsvarlege tenester har eit heilskapleg utgangspunkt og innhaldet må tolkast i samanheng med dei andre føresegnene i barnevernlova og sosialtenestelova.

Kommunen kan innanfor rammene i lova organisere verksemdene og tenestene ut frå lokale føresetnader og behov, så lenge kravet til faglege forsvarlege tenester er oppfylt.

Rett til tiltak og tenester etter barnevernlova
Tiltak etter barnevernlova kan treffast overfor barn under 18 år etter § 1-3 første ledd. Andre ledd i føresegna regulerer tilgang til å føre vidare tiltak også etter at barnet har fylt 18 år og inntil barnet har fylt 23 år. Barn har rett til tiltak etter lova når vilkåra for tiltaket er oppfylt, jf. § 1-5.

Prinsippet om barnet sitt beste følger av § 4-1. Barneverntenesta skal legge avgjerande vekt på å finne tiltak som er til det beste for barnet. Prinsippet følger også av Grunnlovens § 104 andre ledd og FNs barnekonvensjon artikkel 3, jf. lov om menneskerettar § 3.

Kva som er barnet sitt beste må sjåast i samanheng med ungdommen sin rett til å bli høyrd og medverke, jf. § 1-6 om brukarmedverknad, § 1-7 om barnevernet sin plikt til å samarbeide med barn og foreldre, § 6-3 om barn sine rettar under saksbehandlinga og § 6-3 a om krav til grunngjeving.

Rett til tiltak og tenester etter sosialtenestelova
Tenesta opplysning, råd og rettleiing følger av § 17 og skal vere tilpassa den enkelte sitt behov og vere basert på aktiv involvering og deltaking. For unge vaksne med barnevernserfaring er overgangsfasen frå barn til vaksen, bustad, utdanning, arbeid, helse, økonomi og støttepersonar og nettverk aktuelle tema for rettleiinga.

Rett til stønad til livsopphold er regulert i § 18. Eit forsvarleg livsopphald skal bli gitt etter ein individuell behovsprøving. Viss stønad blir innvilga i samsvar med ein sats, må det grunngjevast individuelt.

Stønad i særlege tilfelle etter § 19 kan bli innvilga etter ei konkret og individuell vurdering for å fange opp ulike behov som ikkje blir dekka gjennom § 18. For unge med barnevernserfaring kan det vere aktuelt å dekke særskilte utgifter i ein overgangsfase før anna inntekt er på plass.

Vilkår om aktivitet skal stillast med mindre tungtvegande grunner taler mot det, jf. § 20a. Nav- kontoret må ta ei konkret, individuell vurdering av kva for aktivitetar som er hensiktsmessig for den enkelte. Den unge sitt behov, synspunkt og ønsker skal vere med i vurderinga.

Brukarmedverknad er ei forutsetning for individuelle vurderingar, jf. § 42.

Krav til skriftleg framstilling og krav til enkeltvedtak
Etter forvaltningslova § 11 d skal munnlege opplysningar av betydning for saka så vidt mogleg skrivast ned eller protokollerast. Vidare bygger §§ 17 og 18 indirekte på krav om skriftleg framstilling ved at partane skal kunne gjere seg kjent med saka sine opplysningar og saka sine dokument.

Barneverntenesta og Nav-kontoret skal dokumentere sentrale og relevante opplysningar om ungdommen i den løpande tenesteytinga. Det skal vere synleg kva tenestene har gjort for den enkelte og kvifor det er gjort. Plikta om å dokumentere er ein naturleg følge av kravet om forsvarlege tenester og plikta til internkontroll.

Avgjerder som gjeld tiltak og tenester etter barnevernlova skal reknast som enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. barnevernlova § 6-1 andre ledd. Alle tildelingar, avslag og endringar av sosiale tenester og fastsetting, endringar og konsekvensar av vilkår reknast for enkeltvedtak, jf. sosialtenestelova § 41 andre ledd.

I barnevernlova § 1-3 er det presisert at barneverntenesta plikter å grunngje opphøyr av tiltak etter fylte 18 år eller avslag på søknad om tiltak etter fylte 18 år ut i frå omsyn til barnet sitt beste.

Styring og leiing
Krav til leiing, organisering og styring er viktige element i kommunen sitt ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. Kommunen si plikt til å føre internkontroll følger av barnevernlova § 2-1 andre ledd, med forskrift om internkontroll etter barnevernlova, og sosialtenestelova § 5, med forskrift om internkontroll i kommunalt Nav.

Plikta til internkontroll inneber at kommunen skal ha systematiske tiltak som sikrar at aktivitetar knytt til å tilby og yte tiltak og tenester til unge blir planlagt, organisert, utført og halde ved like i samsvar med krava i lov og forskrift. Styringssystemet skal tilpassast verksemda sin størrelse, eigenart, aktivitetar og risikoforhold og ha det omfang som er nødvendig.

Det følger av barnevernlova § 2-1, 7. ledd og sosialtenestelova § 6 at kommunen skal sørge for at tilsette som yter tenester etter lova har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen har ansvaret for å gi nødvendig opplæring ved behov.

Kontaktpersonar/rettleiarar som jobbar med ungdom må ha kunnskap om dei særlege utfordringane unge som har ettervern eller har hatt barneverntiltak kan ha. Dei tilsette vil også ha behov for kunnskap om andre i hjelpeapparatet som det vil vere naturleg å samarbeide med ved bistand og oppfølging av unge.

Samarbeid og koordinering
Barneverntenesta og sosiale tenester i Nav er forplikta til å samarbeide med andre tenester og sektorar. Samarbeid og koordinering av tenester er avgjerande for at unge i målgruppa skal få eit forsvarleg tilbod om tenester. Kommunen si generelle plikt til å samarbeide er presisert i barnevernlova § 3-2 og sosialtenestelova § 13. Plikta til å samarbeide på individnivå følger av føresegna om tiltak og tenester, som i reglane om individuell plan i barnevernlova § 3-2 a. og sosialtenestelova § 28.

Teieplikta er i utgangspunktet til hinder for at opplysningar om ein ungdom som tilsette i barneverntenesta eller på Nav-kontoret får kjennskap til gjennom sitt arbeid, gis vidare eller blir gjort tilgjengeleg for uvedkommande. Reglane som regulerer samarbeid gir ikkje heimel til å unnlate å følgje reglane om teieplikt i barnevernlova § 6-7 og sosialtenestelova § § 43 og 44, jf. forvaltningslova § 13 til § 13 e. Samtykke frå den unge er derfor nødvendig for at tenestene skal kunne utveksle informasjon i enkeltsaker.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Molde kommune er organisert med en seksjon for drift der både Nav-kontoret og barneverntenesta høyrer til. Barneverntenesta er ei interkommunal teneste med vertskommune Molde. Dei andre kommunane i samarbeidet er Aukra, Eide, Midsund og Vestnes. Nav-kontoret er ikkje i eit interkommunalt samarbeid. Frå 1. januar 2020 skal Molde slå seg saman med kommunane Nesset og Misund. Det inneber endringar for begge tenestene.

Det har vore store endringar i leiinga både i Nav-kontoret og i barneverntenesta det siste året. Mange av leiarane har vore tilsett mindre enn eit år på tidspunktet for tilsynet.

I barneverntenesta er det ein einingsleiar og ein barnevernleiar. Under tilsynet fungerte barnevernsleiar som einingsleiar og det har ho gjort sidan ho starta i april. Dei tilsette i barnevernet er generalistar og følgjer sakene i alle nivå. Avdelingane er ungdomsteamet 13-18, spedbarnsteamet, småbarnsteamet og mottaksteamet. Dei fleste sakene med ettervern høyrer til ungdomsteamet. Det vil også vere ungdom i målgruppa for tilsynet i andre grupper, da ein som regel har felles saksbehandlar for søsken.

Nav-kontoret er organisert med ein einingsleiar og fire avdelingar med kvar sin leiar. Avdelingane er stab- og økonomi, oppfølging ung, oppfølging vaksen og marknadsteamet. Det er avdeling ung og avdeling stab- og økonomi vi har snakka med i tilsynet. Saksbehandlinga er delt mellom rettleiarar og saksbehandlarar. Rettleiarane snakkar med brukarane og kartlegg deira situasjon, medan saksbehandlarane skriv vedtaket. Dei samarbeider om saka. Saksbehandlar kvalitetssikrar at vedtaket blir riktig. Rettleiarane er organisert under oppfølging ung. Dei som skriv vedtaka er tilsett i stab- og økonomi.

Barnevern – saksbehandling i enkeltsaker
Både gjennomgåtte saksmapper, intervju med tilsette og barna gir eit bilde av at barnevernet gir tilbod til alle ungdommane om ettervern og at spørsmålet blir tatt opp før ungdommen er 18 år. Det er kontaktperson som sørger for at det blir gjort, gjerne i tett samarbeid med fosterfamilie eller institusjon der det er aktuelt. Dei tilsette har i intervjuet forklart i detalj korleis dei jobbar med ungdommane og kva dei informerer om. Det gjeld både regelverk, kontakten med ungdommen, motivasjon og samarbeid med andre for å gi eit godt tilbod. Det føreligg samtykkeskjema, vedtak og tiltaksplanar i alle sakene, med unntak av ei sak der ungdommen ennå ikkje er 18 år.

I intervjua kom det fram at ettervern blir tatt opp av kontaktperson når ungdommen sjølv tar det opp/er uroleg for kva som skal skje framover. Har det ikkje vore tema undervegs, vil det bli tatt opp seinast eit halvt år før ungdommen fyller 18 år. Kontaktperson samarbeider blant anna med fosterfamilien eller institusjonen for å motivere ungdommen. Vi fekk berre informasjon om ei sak der ungdommen hadde sagt nei til ettervern.

Tiltaksplanane blir evaluert fleire gonger i året. I intervju med dei tilsette kom det fram at det ikkje alltid er enkelt å få med ungdommen på evaluering. Ungdommane vi snakka med var heller ikkje særleg opptatt av vedtaka og tiltaksplanane. Det dei var opptatt av, var at dei fekk den hjelpa dei hadde behov for.

Ungdommen har fått medverke i alle dei mappene vi har gått gjennom. Tilsette og ungdommane vi har snakka med opplyser om det same.

Ungdommane vi har snakka med seier at dei veit kven som er kontaktperson, at det er lett å få kontakt med kontaktpersonen og at dei ikkje har fått nei når dei har bedt om noko.

Dei mappene vi fekk i tilsynet gjaldt berre saker der ungdommen framleis var under ettervern. I intervju med tilsette vart det opplyst at barneverntenesta dokumenterer avslutninga av ettervern i eit vedtak. Dette er ei ny rutine. Det blei ikkje fatta vedtak om avslutning tidlegare.

Barnevern – leiing og internkontroll
Barnevernet har få skriftlege rutinar. Dei brukar rettleiaren i visma, rundskrivet Q-13/2011 og retningslinja for arbeid med ettervern mellom NAV og barnevern frå 2016. Saksbehandlar blir følgt

opp av fagledar gjennom eit saksmøte kvar andre veke. Det er også jamlege teammøter. Barnevernsledar følger med ved å ta ut lister frå sakssystemet og følgje opp fristar med kvar enkelt saksbehandlar og fagleiar.

Barnevernet har eit avvikssystem, rettesnora. Dei fleste har tilgang til dette, men det er nokre som ikkje har fått opplæring og tilgang. Meldingane går til barnevernleiar og kommunalsjef som følger dei opp og eventuelt sender dei nedover i systemet.

Dei tilsette gav uttrykk for at det ikkje var problematisk å melde avvik, men at det ofte ikkje vart gjort på grunn av stort arbeidspress.

På tidspunktet for tilsynet var det ikkje systematisk opplæring av dei nytilsette eller ein gjennomarbeida plan for kompetanseheving av dei andre tilsette. Barnevernsledar opplyste at dei skal starte eit opplæringsprogram ved hjelp av barneverntenesta i Kristiansund i november.

Nav – saksbehandling i enkeltsaker
Gjennomgangen av innsendte mapper frå Nav viser at det manglar konkret og individuell vurdering i nokre vedtak, men at journalen i mappene ofte viser at det er blitt gjort ei meir konkret og individuell vurdering enn vedtaka gir inntrykk av. Fleire vurderingar som er nedskrivne i journal kjem ikkje fram i vedtaka, sjølv om det hadde vore relevant å ha dei med.

Vi ser og at det i nokre vedtak vert vist til «normaliseringsprinsippet», utan at det står kva dette prinsippet er og kva meining det får for vurderinga. I nokre vedtak vert det vist til «sats for uavklart ungdom», utan at det blir forklart kva som ligg i dette. I e-post av 29. november 2019 opplyser Nav- leder at «normaliseringsprinsippet» og «sats for uavklart ungdom» ikkje lenger er i bruk i saksbehandlinga av enkeltvedtak i Nav Molde.

Vi ser og at det ikkje alltid er stilt vilkår etter sosialtenestelova § 20a, sjølv om brukarane er under 30 år. Grunngjevinga for dette går ikkje fram av vedtaka, men i intervju kjem det fram at den kan stå i journal. Språket som blir brukt i vedtaka kan òg vere vanskeleg å forstå for ungdom.

Nav fattar ikkje vedtak om råd og rettleiing etter sosialtenestelova § 17 i saker der dette er aktuelt. Vi ser likevel av saksmappene at råd og rettleiing i realiteten ofte blir gitt, men utan vedtak.

I mappene ser vi at det er god brukarmedverknad i fleire saker, medan det i andre saker ikkje er godt dokumentert at det har vore brukarmedverknad. I intervjua fortel dei tilsette at brukarane får medverke.

Vidare finn vi ikkje samtykkeerklæring i alle mappene vi fekk tilsendt før tilsynet. I intervju med tilsette kom det likevel fram at samtykke kan vere dokumentert i eit anna saksystem. I intervjua seier fleire at søknadsskjemaet er utforma slik at signatur på søknad og signatur på samtykke til innhenting av informasjon er slått saman. Ungdommen må derfor samtykke til innhenting av informasjon frå andre for å kunne søke om stønad.

Nav – leiing og internkontroll
Nav-kontoret har rutinar som gjeld sakshandsaminga på kontoret, men dei fleste av rutinane er gamle. Leiinga opplyser at dei skal reviderast. Nav-kontoret har ikkje eigne rutinar som berre gjeld brukarar som får oppfølging frå barneverntenesta. I fleire av intervjua seier dei tilsette at dei bruker Standarden som verktøy i saksbehandlinga.

Det er ikkje rutine for opplæring av dei nytilsette internt på kontoret. I intervju sa fleire at opplæring skjer mellom saksbehandlarane i samband med saksbehandlinga. Fleire trekker fram økonomimøtet på måndagar som ein nyttig arena for læring. Kommunen har elles ikkje noko tilbod til dei tilsette som arbeider med sosiale tenester, men det blei trekt fram at den statlege sida av Nav har fleire opplæringsaktivitetar.

Leiinga følgjer med rettleiarane og saksbehandlarane ved at dei les vedtaka. Delegasjon av fullmakt til å skrive under vedtak går rett til saksbehandlar og det manglar delegasjon til leiinga.

Nav har fleire avvikssystem, og det er tilfeldig kven som har tilgang til og får opplæring i dei systema. I intervju kjem det fram at avvik blir skrive fleire plassar og dessutan at det berre i varierande grad er kultur for å skrive avvik. Avvika som blir skrivne handlar ofte om hendingar i kontakt med publikum.

Samarbeid og koordinering
Barnevernet har ikkje vore i kontakt med Nav i alle barnevernsmappene vi har gått gjennom. Alle ungdommane vi snakka med hadde hatt hjelp frå barnevernet til kontakt med andre tenester. Det

ser vi også i dei same mappene. Ein av ungdommane gav uttrykk for at han ikkje hadde fått god nok hjelp i eit enkelt spørsmål. Ungdommen fortalte vidare at barnevernet har vore med på møtet med Nav.

Dei tilsette har ulik erfaring med kontakten med Nav. Nokre synest det er utfordrande å få kontakt, mens andre ikkje har problem med det. Det er ikkje alle som har hatt behov for å samarbeide med Nav i sine saker. Dei fleste seier at det kan vere vanskeleg å få til eit samarbeid og at Nav ofte seier nei til spørsmål om økonomi. Tilsette har opplevd å måtte gi økonomisk hjelp til ungdommen i staden.

Det er døme på godt samarbeid mellom Nav og barneverntenesta i nokre av mappene vi fekk tilsendt frå Nav. I andre mapper ser det ikkje ut som om det har vore eit samarbeid. Dei tilsette seier i intervju at det ikkje er problematisk å kome i kontakt med kontaktperson i barnevernet. Dei opplever samarbeidet som positivt, men at det kan vere vanskeleg å få barneverntenesta til å skjønne kva Nav kan bidra med.

Molde kommune har ei samarbeidsrutine som er utarbeidd av NAV-kontoret og barnevernet 18. november 2018 om korleis tenestene skal jobbe saman. Tilbakemeldinga i intervjua i tenestene er at denne er lite kjent og ikkje i bruk. Rutina blei laga samtidig med at det blei utarbeidd ein samarbeidsavtale mellom fleire instansar.

Kommunen har dessutan ein samhandlingsmodell som heiter MoldeInvest. MoldeInvest er eit samarbeid mellom Nav, barneverntenesta, flyktningtenesta, helsetenesta og Molde vaksenopplæring. Samarbeidet skal bidra til at unge under 30 år med samansette og komplekse utfordringar, og familiane deira, får eit heilskapleg tilbod.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Barnevern – saksbehandling i enkeltsaker
Det samla inntrykket Fylkesmannen får under tilsynet er at ungdom i målgruppa får tilbod om ettervern og at barneverntenesta sørger for at ungdommen får oppfylt sine rettar i saksbehandlinga. Vi viser særleg til at forklaringane til dei tilsette, ungdommane og det vi finn i saksmappene i stor grad er samanfallande. Det er noko ulike oppfatningar om regelverket, til dømes kva som ligg i omgrepet «i god tid» i rundskriv Q-13/2011. I alle dei sakene vi har sett har ungdommen fått orientering om ettervern i så god tid før dei fyller 18 år at dei har fått tid nok til å medverke og vere med på å uttale seg om ettervernet. Unntaket er ei sak der ein ungdom måtte flytte ut frå fosterheimen då han var 17 år og uttalte at det kom brått på. Han var heller ikkje klar over kva hjelp og støtte han kunne få.

Det er ein svakheit ved tilsynet at vi ikkje har fått sett korleis saker om ettervern vert avslutta i mappene. Vi har vurdert om vi skal be om ytterlegere mapper, men har konkludert med at vi ikkje gjer det. Vi har fått forklaring i intervju på at saker om ettervern blir avslutta med vedtak. Dei andre opplysningane vi har fått i intervju har stemt med det vi ser i mappene og vi finn derfor ikkje grunn til å sjekke utsegna nærare.

Sidan vi ikkje har funne noko som tydar på at ungdommen ikkje får hjelp, er arbeidet med ettervernet innanfor det som reknast som forsvarleg.

Barnevernet – leiing og internkontroll
Sjølv om leiinga følger opp saksbehandlarane i enkeltsaker gjennom jamlege saksmøte, teammøte og restanseliste frå saksbehandlingssystemet, er det ein stor svakheit at det ikkje er rutinar for saksbehandlinga i enkeltsaker. Det er ekstra bekymringsfullt når det i tillegg har vore manglande opplæring av dei nytilsette i ein periode. Det er stor risiko for at kvar enkelt kontaktperson utviklar sin eigen praksis og at ungdommen får ulik hjelp ut frå kva for kontaktperson han har.

Vi er vidare einige i barneverntenesta si vurdering om at det er ein risiko for at ungdom som takkar nei til ettervern ikkje blir fanga opp når det ikkje er klare rutinar for korleis dette skal gjerast. Vi kan ikkje sjå at dette er eit lovbrot i seg sjølv.

Vi finn heller ikkje at manglande rutinar og opplæring fører til at tenesta ikkje er forsvarleg, all den tid leiinga følger sakene tett og ungdommen faktisk får hjelp.

Vi ser at kommunen har eit avvikssystem og at meldingar der blir følgd opp. Til tross for at ikkje alle har fått tilgang og opplæring, seier alle dei tilsette i intervjua at dei kan seie frå om avvik og at det ikkje er problematisk å melde frå om svikt. På bakgrunn av det finn vi at det ikkje er lovbrot på dette punktet.

Nav – saksbehandling i enkeltsaker
Gjennomgangen av mappene frå Nav og intervjua med dei tilsette viser at ungdommane Nav er i kontakt med får oppfølging, men at stønaden som blir gitt i stor grad er knytt til satsane for økonomisk sosialhjelp. Det manglar ei konkret og individuell vurdering av hjelpebehovet, eller så er ikkje denne vurderinga synleggjort i vedtaket.

Inntrykket av at Nav ikkje gjer ei konkret og individuell vurdering i alle saker blir forsterka når omgrepa «normaliseringsprinsippet» og «sats for uavklart ungdom» blir brukt i vedtaka. Det er vanskeleg å forstå kva som ligg i denne terminologien. Manglande konkret og individuell vurdering skaper risiko for at hjelpebehovet til brukar ikkje blir dekt, men vi ser i journal og anna dokumentasjon i sakene at det ofte blir gjort ei meir konkret og individuell vurdering enn vedtaka kan gi inntrykk av.

Det vert ikkje alltid stilt vilkår om aktivitet etter sosialtenestelova § 20a, sjølv om Nav som hovudregel har plikt til å gjere det til brukarar som er under 30 år. Fylkesmannen kan likevel ikkje konstatere at det var feil av Nav å ikkje stille vilkår om aktivitet i dei mappene vi fekk tilsendt, då paragrafen opnar for å gjere unntak frå aktivitetsplikta. Det er likevel viktig at denne vurderinga blir dokumentert, noko vi ikkje kan sjå at Nav har gjort i alle saker.

Når det gjeld vedtak på råd og rettleiing etter sosialtenestelova § 17, er dette noko som ein brukar kan har rett på i eit konkret tilfelle. Det viktigaste er likevel at råd og rettleiing i realiteten blir gitt, og vi presiserer at mykje råd og rettleiing kan gis etter forvaltningslova § 11 og sosialtenestelova § 17, utan at det blir fatta vedtak på det. Vi kan derfor ikkje konstatere at det er feil at Nav ikkje har fatta vedtak på dette i fleire av mappene vi har fått.

Når det gjeld brukarmedverknad og samtykke, så ser vi at det er varierande i kor stor grad dette blir dokumentert, og Fylkesmannen vil presisere at det er viktig at Nav har gode rutinar på å dokumentere dette. Inntrykka frå intervjua er likevel at krava til brukarmedverknad og samtykke blir ivareteke, sjølv om dokumentasjonen på dette er mangelfull eller varierande.

Det er litt ulik kunnskap hjå dei tilsette om reglane om ettervern i barnevernlova ut frå kva arbeidsoppgåve og erfaring den enkelte tilsette i Nav har. Vårt inntrykk er at rettleiarane som møter brukarane først, er dei som kan mest om temaet. Kunnskap om ettervern og informasjon om dette til ungdommen er avgjerande for å oppnå eit godt samarbeid om et heilskapleg tilbod frå Nav og barneverntenesta. Vi kan likevel ikkje seie at varierande kunnskap om ettervern i Nav-kontoret inneber at brukarane ikkje får forsvarleg oppfølging av Nav.

Nav – leiing og internkontroll
At rutinane Nav har er gamle og at nokre av dei ikkje er kjent blant dei tilsette, gjer at sakshandsaminga og oppfølginga av brukarane kan bli tilfeldig. Det er ikkje eit krav at ein skal ha skriftlege rutinar, men Fylkesmannen meiner at dette som regel er naudsynt for å sørge for at tenestene skal bli gitt i tråd med lovverket. Vi kan likevel ikkje seie at gamle eller manglande rutinar hos Nav har ført til tenester som ikkje er forsvarlege.

Det er bekymringsfullt at det ikkje er ei systematisk opplæring av dei nytilsette. Det er ein risiko for at ungdom ikkje får den tenesta dei har krav på når det er manglar i rutinane og opplæring av nytilsette. Manglande opplæring kan og føre til ulik praksis på behandling av saker, men Fylkesmannen meiner at samarbeidet mellom rettleiar og saksbehandlar og økonomimøta kan bidra til at dette ikkje skjer.

Fylkesmannen vil elles påpeike at det er viktig at kommunen si øvste leiing følgjer med på om dei tilsette som arbeider med sosiale tenester i Nav, får dekt dei behova dei treng for påfyll av kunnskap og kompetanse på området. Det er riktig at den statlege sida i NAV har fleire kurs, men dette gir i svært liten grad økt kunnskap om sosiale tenester og sosialtenestelova.

Når det gjeld bruk av avvikssystem meiner Fylkesmannen at det er viktig at dei tilsette får opplæring i korleis desse skal brukast og at dei veit i kva for avvikssystem dei ulike avvika skal skrivast. Dette vil bidra til at avvik blir synleggjort og handtert.

Samarbeid og koordinering
I samarbeidet mellom tenestene er ikkje problemet at det ikkje føreligg rutinar, men at det er ei rutine mellom kontora som ikkje blir følgt av nokon og i liten grad er kjent. Det er ein stor risiko for svikt når ulike tenester skal samarbeide og enda meir når det ikkje er ei felles forståing om korleis ein skal samarbeide. Intervjua med dei tilsette viser at tenestene ikkje har god kjennskap om kvarandre, at det er ulik oppfatning av kor lett det er å komme i kontakt med den andre tenesta og kor lett det er å samarbeide. Når det i tillegg er ulik kjennskap til retningslinja om samarbeid mellom

Nav og barneverntenesta om ettervern blant dei tilsette, tilseier det at det er stor fare for at samarbeidet kan svikte og at tenestene ikkje blir tilstrekkeleg koordinert.

På tross av den store risikoen for svikt, har ikkje vi funne konkrete saker der ungdommen ikkje har fått hjelp fordi tenestene ikkje har samarbeidd. Inntrykket er at barneverntenesta strekker seg langt for ungdommane som har ettervern og at Nav-kontoret gir brukarane oppfølging i sakene dei er kjent med. Teoretisk kan det vere ungdom som kunne ha blitt gitt betre og meir målretta tenester om samarbeidsrutinane blei følgd og kunnskapen om kvarandre sine tenester var betre, men Fylkesmannen har ikkje avdekka at ungdom i målgruppa for tilsynet ikkje har fått hjelp. På bakgrunn av dette finn vi at det ikkje føreligg lovbrot på dette punktet i barneverntenesta. Vi har ikkje heimel til å føre tilsyn med Nav etter sosialtenestelova § 13 og vi konkluderer derfor ikkje for Nav-kontoret på dette punktet.

5. Fylkesmannen sin konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er derfor avslutta.

Fylkesmannen oppmodar likevel tenestene til å rette opp dei forholda der vi gjennom tilsynet har sett og påpeikt at det føreligg risiko for svikt.

Med helsing

Grete Teigland (e.f.)
Direktør

Ingvild Eriksen Mittet
seniorrådgivar

Helse- og sosialavdelinga Oppvekst- og utdanningsavdelinga

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Varsel om tilsynet vart i første omgang sendt 22.02.2019. Tilsynet vart avlyst 09.04.2019 og varsla på nytt 03.07.2019.

Førebuande møte med verksemda vart gjennomført 12.03.2019.

Det ble gjennomført samtalar med 3 ungdommar 11. og 12.09.2019. Vi hadde opphavleg avtale med 5 ungdommar, men den eine av dei fekk vi ikkje kontakt med og den andre trakk seg frå avtalt intervju.

Tilsynet vart gjennomført ved Molde kommune, og innleia med eit kort informasjonsmøte 30.09.2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 04.10.2019.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Samarbeidsavtale mellom Molde kommune og Nav Møre og Romsdal av 01.10.2015
  • Barne- og ungdomsplan Molde kommune 2016-2026
  • Plan for verksemda, Nav Molde 2019
  • Delegeringsreglement for Molde kommune 2016-2019
  • Internkontroll Nav Molde godkjent 25.08.2014
  • Mål- og disponeringsbrev 2019 til arbeids- og tjenesteavdelingen av 15.02.2019
  • Rutinar for post/skanning Socio av 15.01.2018 for Nav Molde
  • Samarbeidsavtale for oppfølging av barn og unge opp til 30 år, Molde kommune, november 2018
  • Strategi for brukermedvirkning i NAV på system- og tenestenivå
  • Strategisk kompetanseplan Molde kommune 2014-2022, revidert 19.05.2016
  • Veiledningsplattformen i NAV med inkluderingskompetanse av 08.11.2016, Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Delegasjon av fullmakter til enkeltpersonar på Nav-kontoret
  • Diverse rutinar, huskelister og standardtekster frå Nav-kontoret
  • Rutine for samarbeid mellom barneverntenesta og Nav-kontoret om ettervern frå november 2018
  • Oppfølging etter fylte 18 år, Molde kommune, barneverntenesta
  • Rundskriv om tiltak etter barnevernlova for ungdom over 18 år, BLD, 22.06.2011
  • Retningslinjer for samarbeid mellom barneverntenesta og Nav-kontoret av 16.12.2016

Det vart valt 10 mapper frå NAV-kontoret etter følgjande kriteria:

  • Unge som får sosiale tenester som kontoret kjenner til har eller har hatt tiltak i barnevernet. Relevant dokumentasjon frå ulike datasystem skal leggjast i mappene. Sakene bør ikkje vere eldre enn 12 månader.

Det vart valt 9 mapper frå barneverntenesta etter følgjande kriteria:

  • Unge i aldersgruppa for ettervern. Vi vil berre ha dokumenter som gjeld ettervern. Sakene bør ikkje vere eldre enn 12 månader.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og dei som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket og skreiv seg opp på deltakarlista:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • rådgivar Eli Landrø, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, revisor
  • seniorrådgivar Kari Røkkum Winje, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, revisor
  • rådgivar Tore Oshaug Tokle, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, revisor
  • seniorrådgivar Ingvild Eriksen Mittet, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, revisjonsleiar

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2019 Barneverntjenestens tilbud om ettervern og samhandling med sosiale tjenester i Nav

Søk etter tilsynsrapporter

Søk