Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Tilsynstema 1:

  • Om Vågå kommune sikrar barn i aldersgruppa 0 – 6 år forsvarlege helsekontrollar i samsvar med fagleg forsvarlege normer fastsett i nasjonale retningsliner.

Tilsynstema 2:

  • Om Vågå kommune sikrar at helsetenestene bidreg til at barn/familiar med spesielle behov mottek eit heilskapleg tenestilbod.

Tilsynstema 3:

  • Om Vågå kommune sikrar at helsestasjonen tilbyr tenestetilbod til barn og foreldre tilpassa egen språkbakgrunn.

Tilsynstema 4:

  • Om Vågå kommune sikrar at helsestasjonstenesta gjer ein fagleg gjennom kosthaldsrettleiing arbeider for å forebyggje feilernæring.

Det vart under tilsynet ikkje avdekka forhold som ga grunnlag for å konstatere avvik. Merknad vart ikkje gitt.

Tilsynsorganet har elles merka seg:

Vågå kommune har planlagt helsestasjonsverksemda slik nasjonale retningsliner anbefaler. Tenesten vert gjennomført slik ho er planlagt, med 14 helsekontrollar til alle born mellom 0 -6 år i kommunen.

Det går fram av journalane at helsestasjonen følgjer godt opp born med behov for undersøking i spesialisthelsetenesten.

Prosedyrane som er utarbeidd i samråd med dei andre kommunane i regionen er kjent og blir fulgt av dei tilsette ved helsestasjonen.

Helsestasjonen i Vågå kommune held til i lokale som er godt egna til å sikre personvernet og teieplikta.

Dato: 11.11.2014

Jens Christian Bechensten
revisjonsleiar

Randi Marthe Graedler
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Vågå kommune i perioden 04.06.2014 - 11.11.2014. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om naudsynt korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Vågå er ein av seks kommunar som utgjer regionen Nord-Gudbrandsdal og har om lag 3.700 innbyggjarar. Helsestasjon og skulehelseteneste blir drive av to helsesystrer i til saman 180 % stilling. Det er jordmor, fysioterapeut, ungdomskonsulent og miljøterapeut tilgjengeleg for helsestasjonen. Kommunelege I er helsestasjonslege saman med ein av dei andre legane. Kommunelege I er såleis både helsestasjonslege og fastlege for mange av barna. Det er til saman fire leger i kommunen i tillegg til turnuslege. Det blir fødd omlag barn i kommunen kvart år. Ny sektorsjef helse- og omsorg er ikkje tilsett, og helsesøster/tenesteleiar rapporterer rett til rådmannen.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 04.06.2014. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte vart ikkje avhalde.

Opningsmøte blei halde 06.10.2014.

Intervjuer

9 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det vart gjennomført synfaring ved lokala til helsestasjonen.

Sluttmøte blei halde 07.10.2014.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynstema 1:

Om Vågå kommune sikrar barn i aldersgruppa 0 – 6 år forsvarlege helsekontrollar i samsvar med fagleg forsvarlege normer fastsett i nasjonale retningsliner.

Tilsynstema 2:

Om Vågå kommune sikrar at helsetenestene bidreg til at barn/familiar med spesielle behov mottek eit heilskapleg tenestilbod.

Tilsynstema 3:

Om Vågå kommune sikrar at helsestasjonen tilbyr tenestetilbod til barn og foreldre tilpassa egen språkbakgrunn.

Tilsynstema 4:

Om Vågå kommune sikrar at helsestasjonstenesta gjer ein fagleg gjennom kosthaldsrettleiing arbeider for å forebyggje feilernæring.

5. Funn

Det vart under tilsynet ikkje avdekka forhold som ga grunnlag for å konstatere avvik. Merknad vart ikkje gitt.

Tilsynsorganet har elles merka seg:

  • Vågå kommune har planlagt helsestasjonsverksemda slik nasjonale retningsliner anbefaler. Tenesten vert gjennomført slik ho er planlagt, med 14 helsekontrollar til alle born mellom 0 -6 år i kommunen.
  • Det går fram av journalane at helsestasjonen følgjer godt opp born med behov for undersøking i spesialisthelsetenesten.
  • Prosedyrene som er utarbeidd i samarbeid med dei andre kommunane i regionen er kjent og blir fulgt av dei tilsette ved helsestasjonen.
  • Helsestasjonen i Vågå kommune held til i lokale som er godt egna til å sikre personvernet og taushetsplikta.

6. Regelverk

  • Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Lov om helsepersonell
  • Lov om barnevern
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunens helsetjeneste
  • Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten
  • Forskrift om virksomhetsovergripende pasientjournal i formalisert arbeidsfellesskap

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over da revisjonen vart førebudd:

  • Organisasjonskart Vågå kommune og helsestasjonen
  • Internkontroll for helsestasjon- og skulehelsetenesta i Nord-Gudbrandsdal
  • Prosedyresamling for helsestasjon- og skulehelsetenesta
  • Samarbeidsavtaler mellom kommunen og spesialisthelsetenesten
    Avtale mellom R-BUP og Vågå kommune, EPDS
    Avtale mellom R-BUP, RVTS, BUFetat, KoRus-Øst, BUP Oppland og Vågå kommune
    Avtale mellom fødeavdelinga på SIHF-Lillehammer og helsestasjonane i Nord-Gudbrandsdal
  • Handlingsplanar
    Helsestasjonsverksemda
    Barneskulen
    Ungdomsskulen
    Barne- og ungdomsplan, høyringsutkast
    Kommuneplanens samfunnsdel, planperiode 2014 – 2017, høyringsutkast
    Strategisk kompetanseplan for Vågå kommune
  • Funksjonsbeskriving og tilbod i regi av ungdomskonsulenten
    Funksjonsbeskriving miljøterapeut helsestasjon
    Tilbod til og arbeid for barn og unge i regi av ungdomskonsulenten
  • Servieerklæring og målekart
    Helsestasjon og skulehelseteneste
    Målekort for helsestasjon 2013
  • Diverse skjema som blir brukt i utreiing, planlegging, gjennomføring og evaluering av tenesta
    Informasjon om helsestasjon i Vågå som delast ut på heimebesøk
    Innkalling til 2 års kontroll
    Innkalling til 4 års kontroll
    Informasjonsbrev til føresette om helsestasjon sitt samarbeid med barnehagane i kommunen
    SPRÅK 4
    Innkalling til skulehelsetenesta
    Helseopplysningsskjema for skulehelsetenesta
    Informasjon om skulehelsetenesta ved barneskuleane og ungdomsskulen i Vågå kommune
    Samtykkeskjema
    Informasjonsbrosjyre om ammekyndige helsestasjonar og om den regionale jordmorvakta
    Skjema til bruk ved fyrste kontakt med mor etter heimkomst frå sjukehuset etter fødsel
    Skjema for vurdering av amming
    TWEAK
    EPDS
    Tryggheitssirkelen
    Skjema for fysioterapinotat
    Skjema for oppmelding til PPT Nord-Gudbrandsdal
    Skjema til bruk for melding til Sel og Vågå barnevernteneste
    Evalueringsskjema for fødsel og foreldreførebuande kurs
    Evalueringsskjema brukt etter deltaking i gruppe
  • Retningsline for bruk av tolk
    God kommunikasjon via tolk – Helsedirektoratet
    Tolketjenesten AS
    Sertifikat for tolketjenesten
  • Avvik
    Avvik for 2014
    Forslag til prosedyre avvikshåndtering i Vågå kommune
  • Koordinerande eining
  • Organisatoriske endringar i helse- og sosialsektoren med verknad frå 01.05.2010
  • Retningsliner for søknad om oppretting av individuell plan for Vågå kommune
  • Skjema for søknad om helse- og sosialtenester i Vågå kommune
  • Årsmelding for 2013 for helsestasjon- og skulehelsetenesta i Vågå kommune
  • Hefte frå KoRus-Øst, Innlandsmodellen – Med barnet i mente
    Referat frå erfaringskonferanse 6.12.2013

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Diverse møtereferat

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 04.06.2014
  • Diverse epostar om gjennomføring av tilsynsbesøket
  • Referat frå personalmøter
  • 51 pasientjournalar


8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:
Guri Rudi
Randi Marthe Graedler
Jens Christian Bechensten, revisjonsleiar