Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen undersøkte den kommunale barneverntenesta sitt arbeid med handtering av meldingar og tilbakemelding til melder.

Barnevernloven har som formål å sikre at barn og unge som trenger det får rett hjelp til rett tid. til Kommunen barneverntenesta skal avdekke omsorgssvikt og åtferdsproblema så tidleg at varige problema kan hindrast. Formålet med tilsynet er å undersøke om kommunen gjennom styringsstiltakk sikrar at til kommunen handtering av meldingar og tilbakemelding til melder gjennomførast i tråd med krav gitt i lov og forskrift, jf. lov om barneverntjenester. Systemrevisjonen omfatta følgande område:

  • at meldingar til barneverntenesta vurderast forsvarsleik
  • at plikten til å gi tilbakemelding til melder er ivaretatt på ulike trinn i saksprosessen

Tilsynet avdekka eit avvik.

Vestre Slidre kommune sikrar ikkje gjennom styringsstiltak at det alltid gis tilbakemelding til melder etter å ha mottatt melding og avslutta undersøking.

Dato: 25.1.18

Espen Bjorli
revisjonsleiar

Jorunn Ødegårdstuen
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Barneverntenesta i Vang og Vestre Slidre i perioden 2.11.17 – 25.1.18. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er en del av et landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Barnevernstenesta i Vang og Vestre Slidre er samlokalisert med kontor i Vestre Slidre kommune.

Vestre Slidre er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres. Kommunen er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar.

Kommunen er organisert med to kommunalsjefar, helse og sosial, og oppvekst og integrering. Kommunalsjefane rapporterer til rådmann. Barnevernleiar rapporterer til kommunalsjef for oppvekst og integrering.

Barneverntenesta er organisert i ein generalistmodell. Dei har ei meldingsavklaringsgruppe som handtera meldingar til barneverntenesta ein gang i uka.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 2.11.17. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 22.11.17.

Intervjuar
6 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 23.11.17.

4. Kva tilsynet omfatta

Formålet med tilsynet er å undersøke om norske kommunar har styringstiltak som sikrar at meldingar til barnevernstenesta blir følgt opp i samsvar med gjeldande regelverk, jf. barnevernslova. Tilsynet omfatta følgjene tema:

  • at meldingar til barnevernstenesta blir forsvarleg vurdert
  • at plikta til å gje tilbakemelding til meldaren blir ivareteken på dei ulike trinna i saksbehandlinga.

Barnevernstenesta skal behandle bekymringsmeldingar straks dei kjem inn slik at ingen meldingar blir liggande ubehandla. Gjennomgangen av meldingar skal vera forsvarleg og dei barnevernsfaglege vurderingane skal vera i samsvar med vilkåra i lova slik at meldingar ikkje blir lagt vekk på feil grunnlag. Meldinga skal vera gjennomgått og vurdert i løpet av tidsfristen på ei veke og barnevernet skal da enten ha konkludert med mellombels vedtak i akuttsituasjon, undersøking eller at saka skal leggast vekk.

Barnevernstenesta skal stadfeste at meldinga er motteke, jf. § 6-7 a. Når meldinga kjem frå offentleg myndigheit, skal barnevernstenesta også gje informasjon om korleis dei følgjer opp saka vidare, om det er opna undersøking eller om meldinga er lagt vekk. Offentleg meldar skal også ha informasjon om konklusjon på undersøkinga.

Barnevernlova § 1-4 slår fast at «Tjenester og tiltak etter denne loven skal være forsvarlige». Dette kravet inneber mellom anna at barnevernet må dokumentere arbeidet sitt. Det er ikkje krav om kronologisk journal, men kravet til god forvaltningsskikk inneber at det skal være mogleg å sjå i saksdokumenta kva slags faglege vurderingar som ligg til grunn for dei avgjerdene barneverntenesta har teke.

5. Funn

Avvik 1:

Vestre Slidre kommune sikrar ikkje gjennom styringsstiltak at det alltid gis tilbakemelding til melder etter å ha mottatt melding og etteravslutta undersøking.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

Bvl. § 6-7 a og bvl. § 2-1,1.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er ikkje gitt tilbakemelding til melder i 3 av 22 saker, det er vidare ikkje gitt tilbakemelding til melder etter avslutta undersøking i 3 av 22 saker.
  • Leiinga i kommunen er klar over at det ikkje alltid gis tilbakemelding til melder. Det er ein bevisstheit rundt at rutinen må endres for å sikra forsvarleg praksis, dette er planlagt av barnevernleder, men ikkje iverksett.
  • Svikten er ikkje meldt i til kommunen avvikssystem. Det er meldt frå munnleg og det er kunnskap om svikten i til kommunen styrlingslinje, men svikten følgjast ikkje systematisk opp av kommunen.
  • Fylkesmannen vurderer risiko for svikt som forhøyet med grunnlag i ein liten teneste med fleire deltidsstillingar og for tida høgt sjukefråvær. Det er uttalt at svikten ikkje vert følgt opp med tankar på belastning i tenesta.

6. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon (barnekonvensjonen)
  • Lov om barnevernstenester (barnevernslova)
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
  • Forskrift om internkontroll for oppgåvene til kommunen etter barnevernslova (internkontrollforskrifta)

7. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Styring med tenestene (internkontroll) føreset at leiarar følgjer med på eige verksemd og set i verk førebyggjande og korrigerande tiltak når dette er nødvendig. Kommunen og leiarar har ansvaret for rammer og organisatoriske løysingar som gjer det mogleg å oppfylle krav i barnevernslovgjevinga.

Styringsline og fordeling av mynde og oppgåver som ligg til Rådmann, kommunalsjef og barnevernleiar er avklart. Kommunen har lagt til rette for at tilsette i tenestene som tilsynet omfatta, kan få relevant fagleg oppdatering.

I dei regelmessige møta i kvar teneste, møta mellom Rådmann, kommunalsjef og barnevernleiar kan risiko for svikt og sårbarheit i tenestene bli fanga opp.

Svikt blir fanga opp munnleg, men ikkje ført inn i kvalitetslosen, det er dermed mogleg at svikta kan ved vara.

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon som vart gjennomgått før revisjonen:

  • Kommunen sine rapporteringar og informasjon frå tidlegare kontakt mellom tenesta og Fylkesmannen m.a. frå tilsyn med tenesta i 2014.
  • Tilsendt dokumentasjon frå barnevernstenesta:
    - Oversikt over personell med tilknyting til tilsynstemaet
    - Organisasjonskart over kommunen
    - årsmeldingar og økonomiplaner
    - samarbeidsavtale for Vang og Vestre Slidre
    - delegering av mynde på barnevernområdet
    - rutinar for meldinger
    - mal for behandling av bekymringsmelding
    - mal for gjennomgang og konklusjon av melding
    - stadfesting på mottatt melding
    - Rutine for mottak/oppfølging av bekymringsmelding
    - Internkontroll - rutine for gjennomgang av sjekkliste og rutine ved avvik

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 26 saksmapper

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Randi Stenberg

Barnevernleiar

X

X

X

Hilde Rogn-Hamre

Barnevernkonsulent

X

X

X

Martin Sæbu

Rådmann

X

X

 

Nina Eikanger

Barnevernkonsulent

X

 

X

Karianne Kampen Framstad

Merkantil

X

X

 

Kristine Føreid

Barnevernkonsulent

X

 

X

Hilde Elisabeth Libekk

Barnevernkonsulent

X

X

X

Karianne Bø

Barnevernkonsulent

X

 

X

Ragnhild Strømmen Strand

Kommunalsjef

   

X

Gunhild Røyne

Kommunalsjef

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Jorunn Ødegårdstuen og Espen Bjorli, sistnemnte revisjonsleiar.