Helsetilsynet

Fylkesmannen viser til tilsynsrapport av 10.12.2015 og følgjebrev av 14.12.2015.

Som det går fram av rapporten og følgjebrevet ble det konkludert med at kommunen ikkje oppfylte krava i folkehelselova om det løpande oversiktsarbediet,j f. folkehelselova § 5.

Kommunen har i brev datert 20.01.2016 og 20.05.2016, gjort greie for at det nå er sett i verk fleire planmessige, konstruktive og konkrete tiltak for å retta opp manglar som blei avdekka i sjølvmeldingstilsynet. Kommuneleiinga har mellom anna sett inn tiltak for å styrka og sikra eigenkontrollen på området. Det er innført rutinar for regelmessig rapportering til leiinga.

Ved dette tilsynet blei det konstatert at kommunen ikkje oppfylte lovkrava om å ha eit systematisk løpande oversiktsarbeid Tilsynsmyndigheita har vurdert tiltaka som er satt i verk som tilstrekkelige og gode. Tilsynet er derfor avslutta.

Me takkar for eit godt samarbeid under tilsynet.

Dato: 13.06.2016

Med helsing

Ashild Vistnes van der Veen
konst. avdelingsdirektør

Helge A. Haga
seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje underskrift.

Saksbehandlar: Helge A. Haga

Kopi til:
Statens Helsetilsyn Postboks 8128 Dep. 0032 Oslo