Helsetilsynet

Fylkesmannen viser til tilsynsrapport av 10.12.2015 og følgjebrev av 14.12.2015.

Som det går fram av rapporten og følgjebrevet ble det konkludert med at kommunen ikkje oppfylte
krava i folkehelselova om det løpande oversiktsarbeidet, jf. folkehelselova § 5.

Kommunen har i e-post av 05.11.2015 og i brev datert 05.09.2016 gjort greie for at det nå er sett i
verk konstruktive og konkrete tiltak for å retta opp manglar som blei avdekka i
sjølvmeldingstilsynet. Kommuneleiinga har mellom anna sett inn tiltak for å styrka og sikra
eigenkontrollen på området. Det er innført rutinar for regelmessig rapportering til leiinga.

Ved dette tilsynet blei det konstatert at kommunen ikkje oppfylte lovkrava om å ha eit systematisk
løpande oversiktsarbeid. Tilsynsmyndigheita har vurdert tiltaka som er satt i verk som tilstrekkelige
og gode. Tilsynet er derfor avslutta.

Vi takkar for eit godt samarbeid under tilsynet.

Med helsing

Janne Dahle-Melhus
seniorrådgjevaravd.dir/fylkeslege

Astrid Aadland
seniorrådgjevar/jurist

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikke underskrift.

Saksbehandler: Astrid Aadland