Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Rogaland gjennomførte 10. - 12. april 2018 tilsynsbesøk i Suldal kommune.

Tilsynet er ei vidareføring av det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester i 2016. Tilsynet blei gjennomført som ein systemrevisjon.

Tema for tilsynet var om kommunen gjennom systematisk styring og leiing sikrar at personar over 18 år med utviklingshemming, og som bur i eigen bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen legg til rette for at personar med utviklingshemming får personleg assistanse i form av:

  • tilsyn og bistand til å ivareta eigenomsorg
  • bistand til aktivisering
  • opplæring i dagleglivets gjeremål og personleg stell og

Fylkesmannen har vidare undersøkt om kommunen legg til rette for at personar med utviklingshemming får:

  • helsetenester i heimen
  • tilgang til medisinsk undersøking, utredning og

Knytt til kvart tema undersøkte vi om kommunen legg til rette for og varetek tenestemottakarane sin rett til medverknad og informasjon, og om kommunen legg til rette for samhandling internt og samarbeid med fastlege og spesialisthelsetenesta.

Ved tilsynet blei det ikkje avdekka brot på krav i lov og/eller forskrift.

Dato: 29.06.2018

Med hilsen

Astrid Aadland
revisjonsleiar

Ellen Bjerga Heskje
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Suldal kommune i perioden 10.01.2018 – 12.04.2018. Revisjonen er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Rogaland dette året og er ei vidareføring av det landsomfattande tilsynet med helse- og omsorgstenester i 2016 initiert av Statens helsetilsyn.

Fylkesmannen har mynde til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenestene etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 2, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 12-3.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen ved si styring (internkontroll) sikrar at krav i lova blir etterlevd. Ved tilsynet undersøkte vi:

  • kva tiltak kommunen har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved dokumentgransking, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om eventuelle avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet kommunen har gjort innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik betyr at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i tråd med lov eller forskrift, men der vi finn grunn til å påpeike at forbetring er

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Suldal kommune er ein liten kommune med i underkant av 4000 innbyggjarar. I kommunen er det 15 personar med utviklingshemming over 18 år som bur i eigen eller leigd bustad, og som mottek kommunale tenester. Kommunen har tre bufellesskap for personar med utviklingshemming; Nedre og Øvre Dalane som har bemanning heile døgnet og Kyrkjevegen som har bemanning på kveld og i helger. Kyrkjevegen har 4 tenestemottakarar som er knytt til bufellesskapet. Tre av dei har leilegheit i bufellesskapet og ein bur i ein omsorgsbustad ved Vinjar bu- og omsorgssenter, men mottek tenestene sine frå personalet i Kyrkjevegen. Nedre Dalane har 4 bebuarar og Øvre Dalane har 2 bebuarar, samt at dei gjer tenester til ein brukar som bur i eigen bustad. I tillegg er det 4 personar med utviklingshemming som bur i eigen bustad ulike stader i kommunen og som mottek timebaserte tenester, 2 av dei frå Psykisk helsetenester og 2 av dei frå heimetenesta.

Ansvaret for helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming ligg hos den av dei tre kommunalsjefane i kommunen som har hovudsakleg ansvar for helse- og omsorg.

Tenester til personar med utviklingshemming blir ytt frå tenesteeining Suldal bu- og aktivitetstiltak. Denne tenesteeininga blir leia av ein einingsleiar, som har ansvar for bufellesskapa og for Suldal dagsenter. På kvart av bufellesskapa og på dagsenteret er det ein fagleiar. Til Nedre Dalane sorterer også avlastningsbustad for born.

Kommunen har eit felles bestillarkontor som har ansvar for tildeling av tenester. Bestillarkontoret er og leiar av kommunens koordinerande eining. Den koordinerande eininga er tverrfagleg samansett og har representantar frå ulike einingar i kommunen.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt 10.01.2018.

Samtaler med 4 tenestemottakarar og 3 pårørande/verjer blei gjennomført 10.04.2018

To av tenestemottakarane hadde med seg personale under samtalen og dei to andre hadde med seg pårørande.

Det blei og gjennomført synfaring ved bufellesskapa Nedre og Øvre Dalane.

Opningsmøte blei halde 11.04.2018.

Intervju:
13 tilsette blei intervjua.

15 vedtak og tiltaksplanar blei gjennomgått og det blei tatt stikkprøvar i journalar og brukarpermar under tilsynsbesøket.

Oversikt over dokumenter verksemda har oversendt i forbindelse med tilsynet og dokumentasjon som ble gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittelet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 12.04.2018.

4. Kva tilsynet omfatta

Fylkesmannen undersøkte om kommunen gjennom systematisk styring og leiing sikrar at personar over 18 år med utviklingshemming, og som bur i eigen eigd eller leigd bustad, får forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Vi undersøkte om kommunen legg til rette for at personar med utviklingshemming får personleg assistanse i form av:

  • tilsyn og bistand til å ivareta eigenomsorg
  • bistand til aktivisering
  • opplæring i dagleglivets gjeremål og personleg stell og

Vidare undersøkte vi om kommunen legg til rette for at personar med utviklingshemming får:

  • helsetenester i heimen
  • tilgang til medisinsk undersøking, utredning og

Knytt til kvart tema undersøkte vi om kommunen legg til rette for og varetek tenestemottakarane sin rett til medverknad og informasjon, og om kommunen legg til rette for samhandling internt og samarbeid med fastlege og spesialisthelsetenesta.

5. Funn

Det blei ikkje funne avvik eller påpekt merknadar.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 om kommunal helse- og omsorgstjenester
  • Lov av 2. juli 1999 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 om helsepersonell v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 28. oktober 2016 nr. 1250 om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 3. april 2008 nr. 320 om legemiddelhåndtering for virksomheter og personell som yter helsehjelp
  • Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1393 om helsepersonellovens anvendelse
  • Forskrift av 16. desember 2011 nr. 1256 om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei sendt over då revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Delegasjonsreglement
  • Skildring av dokumentasjonssystemet
  • Internkontrollperm for Suldal bu- og aktivitetstiltak
  • Møteplan for leiarforum for einingsleiarane i kommunen, fagleiarmøte og personalmøte der einingsleiar deltek
  • Referat frå fagleiarmøta
  • Oversikt over faste aktivitetar i Suldal bu- og aktivitetstiltak
  • Oversikt over elektroniske avvik for 2017/18
  • Turnus
  • Risikoanalysar
  • Opplæringsskjema
  • Informasjon til nytilsette
  • Samarbeidsavtale med Helse Fonna
  • Rutine for sjukepleievakt og for samarbeid mellom avdelingar på natt
  • Struktur og rutinar i Suldal bu- og aktivitetstiltak
  • Oversikt over felleskontaktar i kommunen
  • Kompetanseplan for Suldal bu- og aktivitetstiltak

Dokumentasjon frå Nedre Dalane:

  • Oversikt over tilsette, kompetanse og funksjon
  • Kopi av beskjedbok
  • Oversikt over team-inndeling
  • Opplæringsskjema
  • Nattevaktsprosedyrar
  • Avviksregistrerting medisinske avvik 2017/18
  • Årshjul for Nedre Dalane
  • Prosedyre for ansvarsvakt og signeringslister
  • Kopi av møtereferat frå personalmøte
  • Kopi av møtereferat frå brukarmøter
  • Internt tilsyn legemiddelhandtering
  • Vedtak, IPLOS-registreringar og tiltaksplanar for 4 tenestemottakarar

Dokumentasjon frå Øvre Dalane:

  • Oversikt over tilsette, kompetanse og funksjon
  • Opplæringsskjema
  • Rutinar ved sjukehusopphald/innlegging
  • Rettleiing i samband med dødsfall, melding om dødsfall og prosedyre ved dødsfall
  • Prosedyre i forhold til det medisinske når fagansvarleg ikkje er til stades
  • Nattevaktsrutinar og sjekklister
  • Oversikt over team-inndeling
  • Årshjul for Øvre Dalane
  • Prosedyre for ansvarsvakt og signeringslister
  • Referat frå personal- og brukarmøte
  • Kopi av beskjedbok
  • Internt tilsyn legemiddelhandtering
  • Vedtak, IPLOS-registreringar og tiltaksplanar for 3 tenestemottakarar

Dokumentasjon frå Kyrkjevegen:

  • Oversikt over tilsette, kompetanse og funksjon
  • Oversikt over primærkontaktar
  • Primærkontaktavtalar
  • Opplæringsskjema
  • Informasjon om Kyrkjevegen
  • Rutinar for kven personale skal kontakta ved sjukdom
  • Referat frå personalmøte
  • Oversikt over aktivitetar brukarane er med på
  • Kopi av beskjedbok
  • Vedtak, IPLOS-registreringar og tiltaksplanar for 4 tenestemottakarar

Dokumentasjon frå Suldal dagsenter:

  • Oversikt over tilsette, kompetanse og funksjon
  • Kopi av beskjedbok

Vedtak, IPLOS-registreringar og tiltaksplanar for 4 tenestemottakarar som får timebaserte tenester frå andre einingar.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • 01.2018 Varsel om tilsyn
  • 03.2018 Dokumentasjon frå kommunen
  • 03.2018 Program for tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Øyvind Valen

rådmann

   

x

Grethe Jæger Angelvik

kommunalsjef

x

x

 

Olaug Skår

einingsleiar Suldal Bu- og aktivitetstiltak

x

x

x

Anne Marie

Torsteinsbø

leiar bestillarkontoret

x

x

x

Therese Helland

fagleiar Nedre Dalane

x

x

x

Astrid Kvæstad

fagleiar Øvre Dalane

x

x

x

Lisbeth Gjøse

fagleiar Dagsenter

x

x

x

Linda Hatlevold Dahle

fagleiar Kyrkjevegen

x

x

x

Guro Foldøy

miljøterapeut Dagsenter

x

x

x

Joyce A.M. Jongejeugd

helsefagarbeidar

Nedre Dalane

x

x

x

Janine Hollander

pleiemedarbeidar Nedre Dalane

x

x

 

Muhamad Yaseen

pleiemedarbeidar

Øvre Dalane

 

x

 

Lotis Ulset

helsefagarbeidar

Øvre Dalane

x

x

x

Mikael Sagsveen

pleiemedarbeidar Øvre Dalane

x

x

x

Frå tilsynsorganet deltok:
Astrid Aadland, jurist - revisjonsleiar
Anne Barkve Andersen, sjukepleiar – revisor
Ellen Bjerga Heskje, vernepleiar – revisor
Bjørg Odland - observatør