Helsetilsynet

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Tysvær kommune og besøkte i den forbindelse kommunen frå 22.05.2019 til 23.05.2019. Vi undersøkte om kommunen fører tilsyn med barnehagar og skular i samsvar med lovkrava som er sett for å sikra at inne – og utemiljø fremjar helse og trivsel og førebyggjer skade og sjukdom hos barna.

Tilsynet vart gjennomført som del av Statens helsetilsyn sitt landsomfattande tilsynet i 2019.

Fylkesmannens konklusjon:
Tysvær kommune sikrar ikkje at dei oppfyll plikta med å føre tilsyn med at barnehagar og skular sitt inne- og utemiljø fremjar barna si helse og trivsel og førebyggjer sjukdom og skade.

Dette er brot på folkehelselova § 30, jf. § 9.

Fylkesmannen ber Tysvær kommune om å utarbeida ein plan for korleis lovbrota skal rettast, - innan 16. september 2019.

I vurderinga av kva tiltak som skal veljast, må ein sjå nærmare på kva forhold som har medverka til brot på folkehelselova for å sikra at tiltaka svarar ut årsakene og styrkar kommunen si styring.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med folkehelselova i 2019 er retta mot kommunen sitt arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Føremålet med tilsynet er å medverke til at kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn med at inne- og utemiljø i barnehagar og skular fremjar helsa og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skular. Inne- og utemiljøet har mykje å seie for helse, trivsel og prestasjonar blant barn og unge. På landsbasis har det vist seg at mange barnehagar og skular til dømes har eit dårleg inneklima. Problema har hatt samanheng med svikt i drift og vedlikehald. Varierande og mangelfullt tilsyn kan også medverke til at barnehagar og skular utviklar eit dårleg inneklima og andre miljømessige problem over tid etter at barnehagen og skulen blei godkjent. Kartlegging av kommunane sine tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular har avdekt store skilnader med omsyn omfanget av tilsyn og oppfølginga av tilsyn i dei tilfella det er konkludert med/funne lovbrot.

Fylkesmannen har ført tilsyn med om kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn ved å sørgje for:

  • klar fordeling av mynde og oppgåver, at tilsynet er tilstrekkeleg uavhengig og har naudsynt kompetanse
  • oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular
  • at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehagen og skulen blir følgde opp og at det blir ført regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen
  • at tilsyn blir følgd opp systematisk der det er avdekt lovbrot

Vi har undersøkt og vurdert om det er klart kven som har delegert mynde til å føre tilsyn med tilhøyrande oppgåver og at dei som skal føre tilsyn, er tilstrekkeleg uavhengig av verksemdene som det skal førast tilsyn med. Dette er særleg aktuelt ved tilsyn med kommunale barnehagar og skular. Vi har òg undersøkt om kommunen har sørgja for at den instansen i kommunen som skal føre tilsyn med barnehagar og skular, har naudsynt kompetanse om miljøretta helsevern, tilsynsmetode og sakshandsaming. Undersøkinga vår omfatta også korleis kommunen har dokumentert at desse forholda er tekne i vare.

Kommunens tilsyn er eit viktig tiltak for å sikre at barnehagar og skular ikkje blir drivne utan godkjenning. Å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular og godkjenningsstatus er naudsynt ved prioritering av kva barnehagar og skular det er aktuelt å føre tilsyn med. Vi har undersøkt om kommunen har naudsynt oversikt over og opplysningar som viser godkjennings- status.

I kommunens tilsyn inngår både å følgje opp risikoforhold i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og fører regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen. Vi har undersøkt om kommunen sørgjer for at den instansen i kommunen som fører tilsyn, får tilstrekkeleg informasjon om risikoforhold ved miljøet i barnehagar og skular og at tilsynet er basert på risikovurderingar.

Dette er naudsynt i samband med oppfølging av forhold med mogeleg helserisiko i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og i samband med det regelmessige tilsynet. Vi har også undersøkt om kommunen følgjer med på at tilsynsoppgåva blir utført slik som føresett, under dette at det er dokumentert korleis tilsynsoppgåva er planlagt og utført.

For å oppnå føremålet med tilsyn, må lovbrot tilsynet avdekkjer, bli retta. Då kan tilsynet avsluttast. Vi har undersøkt om kommunen følgjer opp tilsyn på ein systematisk måte, under dette korleis denne delen av arbeidet er dokumentert.

Mynde til å føre tilsyn med kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
På fagfeltet miljøretta helsevern er Fylkesmannens tilsyn avgrensa til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller sine plikter som tilsynsstyresmakt. Vi fører med andre ord «tilsyn med kommunens tilsyn». Dette tilsynet omfattar ikkje om kommunen som eigar sørgjer for å oppfylle krava til miljøretta helsevern i barnehagar og skular som kommunen eig.

Mange kommunar har delegert mynde og oppgåver til å føre tilsyn til eit interkommunalt selskap eller ein vertskommune. Kommunen kan også kjøpe tenester frå andre kommunar. Fylkesmannens tilsyn er retta mot kommunen, uavhengig av korleis miljøretta helseverntenesta er organisert.

Fylkesmannens tilsyn omfattar kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i private og offentlege barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular i kommunen, og som er omfatta av § 2 i forskrift om miljørettet helsevern i barnehagar og skoler.

§ 2 Virkeområde
Forskriften kommer til anvendelse ved planlegging, tilrettelegging og drift av:

  1. barnehager og andre virksomheter som mot godtgjøring gir tilsyn med og omsorg for barn under skolepliktig alder når:
    a. virksomheten er regelmessig, og
    b. tilbyr en ukentlig oppholdstid på mer enn ti timer, og
    c. antall barn som er tilstede samtidig, er tre eller flere
  2. grunnskoler
  3. videregående skoler

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Det inneber tilsyn med korleis korleis kommunen leier og styrer arbeidet med tilsyn og sørgjer for at aktuelle lovkrav blir oppfylte.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunens folkehelsearbeid etter lov av 24. juni 2011 om folkehelsearbeid (folkehelselova) § 31.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Fylkesmannens tilsyn er lovlegkontroll, jf. kommunelova kapittel 10 A og omfattar folkehelselova §§ 8 og 9 og § 30 om internkontroll

I følgje kapittel 3 Miljøretta helsevern i folkehelselova skal kommunen ha merksemd på heile befolkninga, uavhengig av sektor. Kommunen har verkemiddel overfor privat og offentleg verksemd og eigedom, og har blant anna som oppgåve å føre tilsyn med faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Kommunens ansvar for tilsyn med miljøretta helsevern går fram av folkehelselova § 9.

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. stiller ei rekkje krav, mellom anna til internkontroll, uteområde, inneklima, reinhald, vedlikehald, smittevern, måltid mv., som er retta mot eigar/leiar av verksemda. Kommunen skal føre tilsyn med at forskrift om miljøretta helsevern i barnhagar og skular blir oppfylt, jf. presisering i forskrifta § 25.

Krav i lov og forskrift som gjeld ved tilsynet med kommunen

Kommunens plikt til internkontroll
Kommunen har plikt til å føre internkontroll for å sikre at krav i fastsett folkehelselova eller i medhald av folkehelselova blir oppfylte, jf. folkehelselova § 30. Det er ikkje gitt eiga forskrift som utdjupar krava til internkontroll. Kommunens plikt til internkontroll med tilsynsoppgåva byggjer på det alminnelege systemet for internkontroll i lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) § 23 nr. 2.

Plikt til å dokumentere tilsyn med miljøretta helsevern
Det følgjer av folkehelselova § 30 andre ledd at kommunens tilsyn etter § 9 skal dokumenterast særskilt. Det er presisert i folkehelselova § 30 andre ledd at uavhengigheit og likebehandling i tilsynet skal vere dokumentert. Det forsterka dokumentasjonskravet gjeld generelt for tilsynsoppgåva etter § 9.

Ansvar, oppgåver og mynde
Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen må ha klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde. Kommunen kan delegere oppgåver og mynde innan miljøretta helsevern internt i kommunen eller til vertskommune etter dei alminnelege reglane om delegering i kommunelova eller til eit interkommunalt selskap (IKS), jf. folkehelselova § 9 første ledd andre punktum.

Tilsynet skal vere uavhengig
Kommunen må organisere seg slik at dei personane eller eininga som fører tilsyn med miljøretta helsevern, er tilstrekkeleg uavhengig av underliggjande verksemd som det skal førast tilsyn med. Kommunen må dokumentere at tilsynet er uavhengig, jf. folkehelselova § 30.

Kompetanse
Kommunens plikt til å føre tilsyn med miljøretta helsevern etter folkehelselova §9, føreset at kommunen har naudsynt kompetanse til å utføre tilsynsoppgåva forsvarleg, jf. kravet til interkontroll i folkehelselova § 30. Kommunen må dokumentere at dei som har ansvar for å føre tilsyn med miljøretta helsevern, har naudsynte føresetnader, under dette kompetanse.

Oversikt over godkjenningsstatus
Det inngår i kommunens tilsynsansvar etter folkehelselova § 9 å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular i kommunen. Å ha ei oppdatert oversikt over godkjenningsstatus for barnehagar og skular, er å rekne som del av det løypande arbeidet med oversikt over folkehelseutfordringane i kommunen, òg som kommunen skal ha etter § 4 i forskrift om oversikt over folkehelsa.

Risikobasert tilsyn
Kommunens tilsyn etter folkehelselova § 9 skal vere basert på risikovurderingar. Kommunen må følgje opp forhold som kan innebere at miljøet i barnehagar og skular er uforsvarleg, og føre regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen ut frå risikovurdering. Forskrift om miljøretta helsevern § 4 andre ledd presiserer at kommunen skal prioritere tilsyn ut frå vurdering av helserisiko. Kommunens risikovurderingar bør mellom anna byggje på kunnskap om folkehelseutfordringar som kommunen skal ha, jf. folkehelselova § 5.

Opplysnings- og informasjonsplikt
Kommunen må som del av kravet til internkontroll følgje med på at kommunens barnehagar og skular etterlever opplysningsplikta i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular § 5 og sørgje for at dei som fører tilsyn, om myndet er delegert internt i kommunen eller til ekstern instans, får opplysningane.

Tilsynsmetode
Metodane som kommunen bruker ved tilsyn med miljøretta helsevern, må gi eit tilstrekkeleg faktagrunnlag til å kunne konkludere og sikre forsvarleg sakshandsaming. Når kommunen konkluderer med pålegg, må òg utgreiingsplikta i forvaltningslova § 17 bli halden.

Oppfølging og avslutting av tilsyn
Når kommunen har ført tilsyn med ein barnehage eller skule, uavhengig av utfall, skal tilsynet avsluttast, jf. forvaltningslova § 11 a. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen systematisk må følgje opp det einskilde tilsynet og alle tilsyn som ikkje er avslutta. Kommunen skal ha oversikt over fristar, rutinar for purring og ha ein plan for vidare oppfølging.

Krav til saksbehandling
Kommunen er i sitt tilsyn bunden av lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) og forvaltningsrettslege prinsipp. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen ved si organisering og styring må sikre at krav til sakshandsaming i forvaltningslova blir oppfylte

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Tilsyn med miljøretta helsevern – fordeling ansvar og mynde, naudsynt kompetanse og uavhengig av verksemder det blir ført tilsyn med

Tysvær kommune har om lag 11000 innbyggjarar. Kommunen har organisert verksemda si i seks resultatområder. Kommuneoverlegen er organisert i resultateininga Helse og førebygging.

Kommunen har ikkje gjort tilgjengeleg informasjon om sitt det milljøretta helsevernet på sine heimesider, - verken kva oppgåver som skal varetakast eller korleis ein skal kome i kontakt med dei ansvarlege. Kommunen sitt organisasjonskart har heller ingen informasjon om det miljøretta helsevernet.

Kommuneoverlegen har 40% stilling knytt til kommunen sitt arbeid med det miljøretta helsevernet. I tillegg har han 20% stilling i helsestasjon- skulehelsetenesta. Han er og fastlege med ansvar for om lag 1200 pasientar. I arbeidet med det miljøretta helsevernet disponerer kommuneoverlegen om lag 25% sekretær (plassert i barneverntenesta) som mest vert brukt som merkantil støtte i forbindelse med sakshandsaminga.

Kommuneoverlegen har ved fleire høve rapportert til kommuneleiinga at ressursane er for mangelfulle til å kunne ivareta det miljøretta helsevernet i kommunen på ein forsvarleg måte. I årsrapporteringa for 2015 og 2016 uttalar kommuneoverlegen at; «…kommunen ikke har ressurser eller kompetanse til forsvarlig arbeid innen lovpålagt miljørettet helsevern». Kapasitetsutfordringane har vert kjent for kommuneleiinga i lengre tid utan at det er iverksett nærare undersøkingar eller kompenserande tiltak på området.

I følge kommunen sitt delegasjonsreglement datert 20.6.2017 er kommuneoverlegen direkte delegert mynde frå kommunestyre til å ta avgjersler etter kapittel 3 i folkehelselova når det på grunn av tidsnød er nødvendig, jamfør § 9 2. ledd. Kommunestyret har og delegert direkte til han godkjenningsmynde etter forskrift om miljøretta helsevern.

I stillingsbeskrivinga for kommuneoverlegen går det fram at han og skal utøva kommune sin myndigheit etter folkehelselova kapittel. Tilsynsoppgåva er ikkje definert og nemnd særskilt. I rutine for godkjenning av barnehagar og skular vert det vist til at kommuneoverlegen og skal føra tilsyn med barnehagar og skular i samsvar med forskrifta om miljøretta helsevern i skular og barnehagar.

Dokumentasjon som vart lagt fram og intervju syner at det manglar ei klar og tydeleg delegering av tilsynsoppgåva til kommuneoverlegen. Det manglar og dokumentasjon som syner tilsynsorganet sine oppgåver og myndigheitsområde og ei klargjering av om det skal rapporterast til leiar for Helse og førebygging eller direkte til rådmannen. Det er ikkje fastsett krav til kompetanse for tilsynsorganet.

Oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular.

Det er tre private og sju kommunale barnehagar, ni skular i kommunen og ein vidaregåande skule i kommunen.

Tilsendt oversikt syner at berre to barnehagar er godkjente, - ingen skular. Det er ikkje fanga opp at kommunen har ein vidaregåande skule som og er omfatta av godkjenningsplikta. Oversikten manglar informasjon om det er søkt eller ikkje søkt om godkjenning, tidspunkt for godkjenning, tidsfristar, dispensasjonar m.m.

Gjennomgang av tilsendt dokumentasjon syner og at det manglar rutinar for å vurdere godkjenning eller føre tilsyn ved nybygging eller ved renovering av skular og barnehagar i kommunen.

Kommunen manglar rutinar som plasserer ansvaret og oppgåva og kva krav som skal gjeld for å sikra at kommunen har med å ha ein løypande og oppdatert oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular. På tilsynstidspunktet var oppgåva ikkje teken hand om.

Oppfylging av risikoforhold og tilsynsplanlegging

Kommunen manglar rutinar som sikrar at informasjon om risikoforhold kjem fram til tilsynsorganet. Det er ikkje etablert møtepunkt for å sikra informasjonsflyt mellom dei ulike aktørane i kommunen og tilsynsorganet.

Dokumentgjennomgang og intervju syner at både skule, barnehage og teknisk etat har informasjon om forhold som kan utgjera ein helserisiko for barna, utan at dette vert rapportert rutinemessig til tilsynsorganet.

I Fylkesmannen sine tilsynsførebuingar og i samtalar med foreldrerepresentantar og elevar kjem det fram at det på fleire skular er utfordringar knytte til inneklima, sanitærforhold og reinhald.

Av dokumentasjonen går det fram at avvik frå forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skular skal rapporterast i kommunen sitt avvikssystem, Risk Manager. Gjennomgang av avviksmeldingar siste året syner at det er meldt fleire avvik som gjeld krav til mellom anna inneklima og sanitære forhold utan at tilsynsorganet er blitt informert. Det vert og meldt om bygningstekniske manglar som kan ha helsemessige implikasjonar i teknisk etat sitt IK Bygg-system, utan at tilsynsorganet/kommunelegen vert informert rutinemessig.

Gjennomgang av rapporter etter sjølvrapporteringstilsyn i 2015 og 2016 syner at fleire skular og barnehagar har utfordringar knytt til radon. Intervju syner at det ikkje er kjent for kommuneleiinga eller Tilsynsorganet i kor stor grad desse utfordringane er følgde opp og utbetra.

Kommunen arbeider med ein skulebruksplan og ein barnehagebruksplan og i samband med dette skal det gjerast ein tilstandsvurdering av bygg og uteareal. Det er ikkje avklart eller planlagt at informasjon frå dette arbeidet skal formidlast til tilsynsorganet.

Tilsynsaktiviteten dei siste åra har hovudsakeleg vore sjølvrapporteringstilsyn. Det blei ikkje utført tilsyn i 2018 og det er ikkje utarbeidd tilsynsplan for 2019.

Manglande godkjenning av barnehagar og skular har ikkje ført til anna tilsynsmessig oppfylging av barnehagar og skular ut over sjølvrapporteringstilsynet i 2015/2016.

Gjennomføring og oppfølging av tilsyn

Kommunen har ikkje utarbeidd rutinar som sikrar at tilsynsaktivitetane systematisk blir følgde opp, dokumentert og at kommuneleiinga blir informert dersom oppfylginga ikkje er tilfredsstillande.

Tilsyn vert gjennomført av kommuneoverlegen åleine med bistand frå sekretær. Tilsyn med barnehagar og skular har i hovudsak blitt gjennomførd som sjølvmeldingstilsyn.

Ved gjennomføring av sjølvrapporteringstilsyn i 2015 og 2016 var det ein skule som ikkje svarte tilsynsorganet. Det har vert purra frå tilsynsorganet fleire gonger. Siste purring blei sendt i desember 2016. Etter denne tid har ikkje tilsynsorganet følgd opp skulen nærmare.

Kommunen ikkje ei samla oversikt over tilsyn som ikkje er avslutta og manglar rutinar som sikrar at dei følgjer opp tilsyna med miljøretta helsevern som blir førd i barnehagar og skular

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Kommunens tilsyn skal bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremjar helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggjer sjukdom og skade.

Undersøkingane våre har avdekka at det i liten grad er utarbeidd styrande dokumentasjon på området. Kommunen manglar klare retningsliner for det miljøretta helsevernet generelt og tilsynsoppgåva spesielt. Det manglar mellom anna ein samla oversikt som syner korleis ansvar og oppgåver på tilsynsområdet er organisert og fordelt. Delegasjonsskriv, stillingsbeskriving for kommuneoverlege og vedtekter for kommunale barnehagar syner at kommunen ikkje har definert og klargjort tilstrekkeleg korleis tilsynsoppgåva for barnehagar og skular skal ivaretakast.

Det kjem ikkje fram av kommunen sitt organisasjonskart kor oppgåva med det miljøretta helsevernet i kommunen er plassert i organisasjonen. Kommunen si heimeside har heller ingen informasjon om miljøretta helsevern, tilsynsordninga eller korleis ein kan kontakta tilsynsorganet. Manglane informasjon om dette saksfeltet vil føre til at tilsynsorganet kan gå glipp av viktig informasjon frå både brukarar og potensielle samarbeidsaktørar. Informasjon som kan ha avgjerande betydning for prioritering og planlegging av tilsynsaktivtetar.

Likevel, det er ei klar forståing i kommunen om at det er kommuneoverlegen som varetar tilsynsorganet sine tilsynsoppgåver med barnehagar og skular.

Intervju og dokumentasjon syner og at det er uklart korleis rapporteringa til kommuneleiinga skal skje på dette området. Kommuneoverlegen er plassert i eining for Helse – og førebygging og rapporterer i praksis til henne. Kommunen sitt delegasjonsreglement legg føringar for ei meir direkte rapporteringsline til rådmannen og/eller kommunestyret som ikkje vert fylgt opp.

Kommuneoverlegen har ved fleire høve rapportert til kommuneleiinga om manglande ressursar til å gjere eit forsvarleg arbeid innan miljøretta helsevern. Dokumentasjon som er lagt fram for oss syner at kommuneoverlegen frå 2015 jamleg har rapportert om problema utan at dette har blitt fylgt opp med nærare undersøkingar eller kompenserande tiltak, frå kommuneleiinga si sia. Etter vår oppfatning syner dette ei alvorleg svikt i kommunen si styring og plikt til å fylgja med på- og sikra at oppgåvene tilknytte miljøretta helsevern i barnehagar og skuler tas i vare slik som lovgivar har fastsett.

Som det går fram av undersøkingane våre er berre eit fåtal av barnehagane godkjende mens ingen skular er godkjende. Også på dette området manglar kommunen styrande dokumentasjon som sikrar at oppgåva vert ivareteke forsvarleg med blant anna ein løypande og oppdatert oversikt på godkjenningstatus. Utan ein slik oversikt svekker ein grunnlaget for å kunne foreta eit risikobaserte tilsyn. Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å sikra at ingen barnehagar eller skular vert drivne utan godkjenning i kommunen. Dei objektive funna våre på dette området syner at kommuneleiinga ikkje har fylgt med på korleis oppgåvene med det miljøretta helsevernet i barnehagane og skulane vert ivaretatt, og om det vert gjort forsvarleg.

Når det gjeld oppfylging av risikoforhold i inne- og utemiljø til barnehagar og skular så manglar kommunen rutinar på dette området og. Det finns heller ikkje «uformelle» rutinar som sikrar at dette blir ivaretatt. Informasjon og opplysningar om forhold ved verksemdene som kan ha negativ verknad på barna si helsa når ikkje fram til kommuneoverlegen/tilsynsorganet. Heller ikkje kommunen sitt avvikssystem eller rapporteringssystemet for Teknisk etat involverer kommuneoverlegen om forhold som kan ha betydning for dei oppgåvene han er satt til å ivaretaka.

Undersøkingane våre syner at elevar, foreldre, barnehageleiarar og skuleleiarar har informasjon om til dels alvorlege manglar i verksemdene som skulle vært formidla til kommuneoverlegen/tilsynsorganet, jf. verksemdsleiar si plikt til opplysning og informasjon til tilsynsorganet etter forskrifta § 5.

Det er ein føresetnad for å kunne føre tilsyn at tilsynsorganet vert kjent med risikoforhold i verksemdene slik at dei kan ta faglege risikovurderingar av forhold med helserisiko og på denne bakgrunn vurdera tilsynsmessig oppfølging. Kommunen må bestemma korleis informasjonsflyten til tilsynsorganet skal vera og sikra seg at det fungerer som bestemt. Etter vår oppfatning manglar Tysvær kommune tiltak og samarbeidsstrukturar som sikrar at viktig informasjon når fram til tilsynsorganet slik at oppgåvene kommunen er pålagt kan løysast på ein forsvarleg måte.

Manglande styrande dokumentasjon som beskriv korleis desse forholda skal ivaretakast, stadfestar etter vår mening at kommunen si styring på dette området er for dårleg og ikkje samsvar med styringsplikta som ligg i folkehelselovas § 30.

Av opplysningane me har motteke om gjennomføring av tilsyn kjem det fram at det i hovudsak har vore utført som sjølvmeldingstilsyn i 2015 og 2016. Det har sidan, med unntak av to stadlege tilsyn, ikkje vore ført regelmessig tilsyn på grunnlag av ei oppdatert og tilgjengeleg vurdering av forhold som kan ha negativ innverknad på helsa til barna. Det følgjer av det som er nemnd føre at kommunen etter vår meining, ikkje har prioritert tilstrekkeleg det miljøretta helsevernet i kommunen med å syte for at ressursane på dette området er tilstrekkelege til å kunne ivareta tilsynsoppgåvene etter folkehelselovas § 9.

Etter vår oppfatning har ikkje kommunen tilstrekkeleg kontroll med at det miljøretta helsevernet i barnehagar og skular blir ivareteke som forutsette i folkehelselova, og sikra seg at krav fastsett i eller i medhald av lova vert overhaldt.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Fylkesmannens peiker på følgjande:

Tysvær kommune sikrar ikkje at dei oppfyll plikta med å føre tilsyn med at barnehagar og skular sitt inne- og utemiljø fremjar barna si helse og trivsel og førebyggjer sjukdom og skade.

Dette er brot på: Dette er brot på Folkehelselova § 30, jf. § 9.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie om kva vi ventar kommunen skal gjere i prosessen med å rette lovbrot, slik at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Fylkesmannen ber Tysvær kommune om å utarbeida ein plan for korleis lovbrota skal rettast, - innan 16. september 2019.

I vurderinga av kva tiltak som skal veljast, må ein sjå nærmare på kva forhold som har medverka til brot på folkehelselova for å sikra at tiltaka svarar ut årsakene og styrkar kommunen si styring.

Planen må minimum innehalde:

  • Kva tiltak som er planlagt sett i verk.
  • Forpliktande tidsplan for iverksetting av tiltaka.
  • Korleis kommuneleiinga skal fylgja med på at tiltaka vert iverksett og at dei fungerer som planlagt.
  • Korleis kommuneleiinga skal følgje opp arbeidet med miljøretta helsevern i barnehagar og skular

Med helsing

Rigmor Kvia de Waard
ass. avdelingsdirektør

Helge A. Haga
revisjonsleiar

 

Kopi: Statens helsetilsyn

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 8. februar 2019.

Det vart gjennomført samtaler den 21. mai med seks elevrådsrepresentantar frå tri skular. Same dagen samtalte me og med to foreldrerepresentantar for barnehagane og ein foreldrerepresentant for skulane.

Tilsynet vart innleia med eit kort informasjonsmøte 22.5.2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 23.5.2019.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Oversikt over tilsette
  • Stillingsbeskriving kommuneoverlege og folkehelsekoordinator
  • Rutine for godkjenning av barnehagar og skular + Sjølvrapportering
  • Delegasjonsreglement for Tysvær kommune, datert 20.6.2017.
  • Dokumentasjon av tilsynsorganet si uavhengigheit og kompetanse
  • Oversikt over godkjenningsstatus for barnehagar og skole
  • Tilsynsplan og risikovurdering
  • Oversikt over gjennomførte og over ikkje-avslutta tilsyn
  • Godkjenning av Skjoldastraumen FUS Maritime barnehage
  • Purringar på tilsynsrapport Frakkagjerd ungdomsskole
  • Siste tilsynsrapport Aksdal barnehage
  • Siste tilsynsrapport Asparmarka FUS barnehage
  • Siste tilsynsrapport Espira Garhaug barnehage
  • Siste tilsynsrapport Fjellhaug barnehage
  • Siste tilsynsrapport Frakkagjerd barnehage - Nedlagt 2017
  • Siste tilsynsrapport Frakkagjerd barneskole
  • Siste tilsynsrapport Førland barnehage
  • Siste tilsynsrapport Førland skole
  • Siste tilsynsrapport Førresdalen barnehage
  • Siste tilsynsrapport Førresfjorden barnehage
  • Siste tilsynsrapport Grinde skole
  • Siste tilsynsrapport Nedstrand barne- og ungdomsskole
  • Siste tilsynsrapport Nedstrand barnehage
  • Siste tilsynsrapport Skjoldastraumen barnehage - Nedlagt 2016
  • Siste tilsynsrapport Straumen skole
  • Siste tilsynsrapport Tysvær opplæringssenter
  • Siste tilsynsrapport Tysværvåg barne og ungdomsskole
  • Siste tilsynsrapport Tysværvåg barnehage
  • Siste tilsynsrapport Førre skole
  • Oversikt Avvik skule 2018
  • Skader i skole og barnehage 2018
  • Rutinar for løpande oversiktsarbeid og fireårig oversiktsdokument
  • Mandat, rutine for samarbeidsutvalg i barnehage
  • Rapport etter forvaltningsrevisjon med kommunens internkontroll, samt rådmannens tilbakemelding
  • Diverse Miljøretta Helsevern, med anna e-postar frå kommuneoverlegen til leiar for helse og førebygging 22.2.2017, 5.4.2016, 6.3.2015 og 10.4.2013 vedr. utfordringar knytt til kapasitet og kompetanse på området.
  • Referat Haugaland FolkeHelseForum
  • Utskrift 20 avvik siste år, meldt i Risk Manager
  • Samlet oversikt avvik meldt både i barnehage og skule siste år, meldt i Risk Manager
  • Overordna kompetanseplan, 2016
  • Årsmelding 2016 og 2017, med saksframlegg til kommunestyret
  • Utskrift (flytskjema) for delegering av mynde til både skule- og barnehagesjef og kommuneoverlege
  • Heilskapleg Ros-analyse for Tysvær kommune 2016
  • Oppfølging av forvaltningsrapport – internkontroll saksnr. 2014/2206. kommunestyresak 20.3.2018
  • Utskrift regneark som viser oversikt og resultat frå sjølvmeldingstilsynet (sekretær), mottatt under tilsynet

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Ni brukarar vart intervjua i samband med tilsynet.

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • seniorrådgjevar, Helge A. Haga, Fylkesmannen i Rogaland, revisjonsleiar
  • fylkeslege, Ingegerd Møller, Fylkesmannen i Rogaland, revisor
  • seniorrådgjevar, Astrid Aadland, Fylkesmannen i Rogaland, revisor

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2019 Folkehelseloven. Kommunens tilsyn med miljørettet helsevern i barnehager og skoler

Søk