Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til sjølvmeldingstilsyn og elektronisk svarskjema frå kommunen, motteke her 13.11.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema ser vi at

  • kommunen ikkje har skriftlege prosedyrar eller innarbeidd praksis for korleis de skal lære opp nye legar i akuttmedisinske tenester i kommunen
  • helsepersonell deltek ikkje i relevant opplæring i akuttmedisinske team med felleskurs og øvingar for representantar frå både spesialist- og kommunehelsetenesta.

Kommunen har ikkje lagt ved «plan for retting» av eventuelle avvik som går fram av spørjeskjema de har sendt inn. Dette forklarast med at Gulen kommune ikkje har hatt nye legar/turnuslegar i dei siste 20 år og difor ikkje har hatt behov for skriftlege prosedyrar og/eller praksis for opplæring. Skriftlege rutinar er spesielt viktige på eit felt der mange skal samhandle om standardiserte prosedyrar under tidspress. Den nye akuttmedisinforskrift § 4 krev opplæring og trening mellom alle ledd i den akuttmedisinske kjede.

Vi ber om at kommunen innan 01.06.2015 sender oss ein rapport om korleis avvika vert retta og korleis kommunen vil følgje med på at rutinane og praksis er i samsvar med regelverket, slik at vi kan avslutte tilsynet i Gulen kommune.

Ny akuttmedisinforskrift trer i kraft 1. mai 2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane og gjennomfører risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på området helse- og sosial.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Kristine Brix Longfellow
ass. fylkeslege

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Statens helsetilsyn