Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 07.11.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema ser vi at

  • testoppkall og reelle oppkall på radio vert ikkje alltid svara på. Kommunen har oppgitt at de ikkje har system for avvikshandtering ved bruk av helseradio og ikkje har system for oppfølging av desse avvika. Kommunen skriv at arbeid med dette er begynt, leiar er kjent med problematikken og avvik i høve helseradio vart tatt opp på neste personalemøte, som ein del av «plan for retting».
  • kommunen har ikkje i avtale med helseføretaket konkretisert relevant opplæring ogtrening av helsepersonell i akuttmedisinske team med felles kurs og øvingar for representantar frå både spesialist- og kommunehelsetenesta, jf. den nye akuttmedisinforskrift § 4.

Vi ber om at kommunen innan 01.06.2015 sender oss ein rapport om korleis avvika er retta og korleis kommunen vil følgje med på at rutinane og praksis er i samsvar med regelverket, slik at vi kan avslutte tilsynet i Hornindal kommune.

Ny akuttmedisinforskrift trer i kraft 1. mai 2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane og gjennomfører risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på området helse- og sosial.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Kristine Brix Longfellow
ass. fylkeslege

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Statens helsetilsyn