Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema frå kommunen av 13.03.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema vurderer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering i bustadene til psykisk utviklingshemma. Sjølvmeldingstilsynet i Høyanger er med dette avslutta.

Vi ønskjer lukke til med det vidare kvalitetsarbeidet.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi: Høyanger kommune v/ einingsleiar Oddveig Herdis Eide, 6991 Høyanger Høyanger kommune v/ einingsleiar Einar Høgrenning, 6991 Høyanger Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo

Statistikk alle kommunar: Tilsyn med legemiddelhandteringa i bustader tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming (pdf)