Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til sjølvmeldingstilsyn og elektronisk svarskjema frå kommunen, motteke her 05.11.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema ser vi at kommunen svarar at dei alltid svarar på testoppkall og reelle hendingar på helseradioen. I oversikt frå Helse Førde har vi likevel dokumentasjon på at Naustdal har hatt enkelte avvik i respons både på reelle hendingar og testoppkall. Det går fram at avvik vert kjent for leiar og følgt opp for å betre rutinar og samhandling med føretaket.

Fylkesmannen har vurdert at vi vil avslutte tilsynet utan vidare oppfølging.

Ein ny akuttmedisinforskrift trer i kraft 1. mai 2015 . Samarbeidsavtale mellom kommunane og helseføretaket om den akuttmedisinske kjeda er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane og gjennomfører risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på området helse- og sosial.

Vi ønskjer lukke til med det vidare kvalitetsarbeidet.

22.04.2015

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Kristine Brix Longfellow
ass. fylkeslege

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Statens helsetilsyn