Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til sjølvmeldingstilsyn og elektronisk svarskjema frå kommunen, motteke her 25.11.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema ser vi at kommunen

  • svarar at dei alltid svarar på testoppkall og reelle hendingar på helseradioen. Dette stemmer ikkje med vår informasjon. I oversikt frå Helse Førde har vi dokumentasjon på at Selje har fleire avvik når det gjeld både reelle hendingar og testoppkall. Kommunen skriv at ikkje alle avvik vert kjent for leiar, men at melde avvik vert følgt opp.
  • svarer at dei ikkje har ein samarbeidsavtale med helseføretaket som gjeld beredskap og den akuttmedisinske kjeda. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Vi legg til grunn at kommunen sikrar at dette kommer på plass.
  • ikkje har samhandling med helseføretaket gjennom øving. Vi viser til både den gamle og nye akuttmedisinforskrift § 4, «De regionale helseforetakene og kommunene skal sikre en rasjonell og koordinert innsats i de ulike leddene i den akuttmedisinske kjeden, å sørge for at innholdet i disse tjenestene er samordnet med de øvrige nødetatene, hovedredningssentralene og andre myndigheter» og til krav om opplæring og trening mellom alle ledd i den akuttmedisinske kjede.

Vi ber om at kommunen innan 01.06.2015 sender oss ein rapport om korleis avvika vert retta og korleis kommunen vil følgje med på at rutinane og praksis er i samsvar med regelverket, slik at vi kan avslutte tilsynet i Selje kommune.

Ny akuttmedisinforskrift trer i kraft 1. mai 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane og gjennomfører risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) på området helse- og sosial.

23.04.2015

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Beate Tollefsen
rådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Statens helsetilsyn