Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn av 12.02.2014. Vi syner også til elektronisk svarskjema frå kommunen av 07.04.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarleg legemiddelhandtering til bebuarar i bustader som er tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming. Det inneber korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av legemiddelhandteringa til denne brukargruppa, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har kommunen ikkje sikra at

verksemdleiar har vurdert risikoforhold knytt til legemiddelhandteringa, jf. internkontrollforskrifta § 4 andre ledd bokstav f) jf. legemiddelhandteringsforskrifta § 4 femte ledd b).

Av det vi kan sjå har de ikkje lagt ved plan for retting av avviket. Vi ber difor om at kommunen snarast og seinast innan 01.06.2014 gjer greie for korleis de vil rette opp avviket og når tid dette skal vere gjort.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Anne Eli Wangen
fylkessjukepleiar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til  Statens helsetilsyn, pb 8128, Dep, 0028 Oslo

Statistikk alle kommunar: Tilsyn med legemiddelhandteringa i bustader tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming (pdf)