Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 17.11.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema ser Fylkesmannen at kommunen har laga plan for retting av fleire forhold:

  1. Rutinar for innhenting av informasjon for å sikre at legevaktsentralen er driven forsvarleg
  2. Bruk av Kvalitetslosen ved Stryn helsesenter
  3. Distribuering av varslingslister i kommunen sin beredskapsplan
  4. Samarbeidsavtalar med Helse Førde om beredskap og akuttmedisinske tenester.

Vi ber om at kommunen innan 10.07.2015 sender oss ein rapport om korleis avvika er retta og korleis kommunen vil følgje med på at rutinane og praksis er i samsvar med regelverket, slik at vi kan avslutte tilsynet i Stryn kommune.

Det er komme ny akuttmedisinforskrift som trådde i kraft 01.05.2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015.

Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane.

4.5.2015

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Beate Tollefsen
fylkeslege rådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Statens helsetilsyn