Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til elektronisk svarskjema frå kommunen 09.12.2014 og 17.03.2015.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema har Fylkesmannen vurdert at vi vil avslutte tilsynet utan vidare oppfølging.

Ny akuttmedisinforskrift trer i kraft 01.05.2015. Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom. Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane.

17.03.2015

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Beate Tollefsen
rådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Statens helsetilsyn