Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane syner til varsel om sjølvmeldingstilsyn og til svarskjema frå kommunen motteke her 11.12.2014.

Tilsynet blir gjennomført med heimel i helsetilsynslova § 2.

Tema for tilsynet er korleis kommunen har sikra forsvarlege akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i form av medisinsk naudmeldeteneste og kommunal legevaktsordning. Det omfattar korleis kommunen har sikra gode rutinar og praksis for planlegging, gjennomføring, evaluering og forbetring av dei aktuelle tenestene, og at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld.

Ut frå opplysningane som går fram av dykkar svarskjema ser vi at kommunen svarer at det alltid vert svart på testoppkall og reelle hendingar på helseradioen. Dette stemmer ikkje med opplysningar vi har fått frå Helse Førde. Det er dokumentert at Vik kommune har hatt enkelte tilfelle der det ikkje er svart på lege/ambulansealarm.

Vidare går det fram at Vik kommune ikkje har samhandling med helseføretaket gjennom øving. Vi viser til krav om opplæring og trening mellom alle ledd i den akuttmedisinske kjeda og til både den gamle og nye akuttmedisinforskrifta § 4: «De regionale helseforetakene og kommunene skal sikre en rasjonell og koordinert innsats i de ulike leddene i den akuttmedisinske kjeden, og sørge for at innholdet i disse tjenestene er samordnet med de øvrige nødetatene, hovedredningssentralene og andre myndigheter.»

Vi ber om at kommunen innan 15.06.2015 sender oss ein rapport om kva tiltak som er sett i verk for å rette opp avvika og korleis kommunen vil følgje med på at rutinane og praksis er i samsvar med regelverket, slik at vi kan avslutte tilsynet i Vik kommune.

Det er komme ny akuttmedisinforskrift som trådte i kraft 01.05.2015.

Samarbeidsavtalar mellom kommunane og helseføretaket om beredskap og den akuttmedisinske kjeda, er forventa ferdig revidert i løpet av 2015. Det nye naudnettet er forventa implementert innan same tidsrom.

Vi legg til grunn at kommunen oppdaterer planar og rutinar i tråd med endringane.

Med helsing

Per Stensland
fylkeslege

Beate Tollefsen
fylkeslege rådgjevar

 

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Kopi til:
Statens helsetilsyn