Helsetilsynet

Vi viser til tidlegare korrespondanse som gjeld tilsynet, seinast til dykkar brev av 31.08 og 02.09.2015.

Av breva går det fram at kommunen har sett i verk fleire tiltak i etterkant av tilsynet. Det er utarbeidd skriftlege rutinar og lagt plan for korleis kommunen vil sikre at rutinar og praksis er i samsvar med regelverket som gjeld for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus. Nokre av planane er framleis under arbeid/revidering. Vi legg til grunn at kommunen sikrar at desse planane blir ferdigstilt og oppdatert slik det går fram av planen vi har mottatt.

Med bakgrunn i opplysningane vi har motteke vil vi avslutte tilsynet med akuttmedisinske tenester i Eid kommune.

Vi takkar for samarbeidet!

Med helsing

Jacob Andersen
fung. fylkeslege

Beate Tollefsen
rådgjevar


Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrifter.

Kopi til:
Eid kommune ved kommunalsjef Kari Krogh
Eid kommune ved rådgjevar Marianne Salveson