Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte tilsyn med Gloppen kommune 25. - 26. mars 2015 og 17. april 2015.

Vi undersøkte om kommunen ved systematisk styring sikrar

  • forsvarleg mottak av og helsehjelp til pasientar som vert skrivne ut til eigen bustad

  • at pasientar/ pårørande får nødvendig informasjon og medverknad ved utskriving slik dei har krav på

Rapporten omtalar funn ved tilsynet.

Ved tilsynet vart det ikkje avdekt forhold som er i strid med helselovgjevinga.

I kapittel 6 har vi omtalt vår vurdering av kommunens styring med samhandling med spesialisthelsetenesta og fastlegane, og helsehjelp til pasientar som er skrivne ut til eigen heim.

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar

Astrid Tveit
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Gloppen kommune i perioden 19.01.2015 – 30.04.2015. Revisjonen er ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dette året.

Fylkesmannen har mynde til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenestene etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene m.m (helsetilsynslova) § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda gjennom internkontrollen sin sikrar etterleving av ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei temaa tilsynet omfattar

  • om tiltaka vert følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte

  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovkrava vert følgde.

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved dokumentgransking, intervju og andre undersøkingar.

Rapporten skal gjere greie for eventuelle avvik som er avdekte under revisjonen eller merknader frå tilsynet. Den gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik betyr at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte

  • Merknad vert brukt om forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, der tilsynsorganet likevel ser grunn til å påpeike forbetringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Gloppen kommune har 5694 innbyggjarar. Kommunen har to administrative leiarnivå under rådmannen; sektorleiarar og einingsleiarar. Sektorleiarane har delegert mynde innanfor sine fagområde. Rådmannen og sektorleiarane utgjer rådmannens leiargruppe. Sektorleiarane og einingsleiarane utgjer kommunen sitt leiarforum.

Helse- og omsorgssjefen er sektorleiar for helse- og omsorgstenestene som er delt på 13 einingar. Kvar eining har eigen einingsleiar. Einingsleiarane har sjølvstendig ansvar for administrasjon, økonomi, fag og personell i si eining. Tilsynet omfatta to av einingane som yter heimesjukepleie/heimetenester; Sandane heimeteneste og Gotatoppen. Gotatoppen er omsorgbustader for demente med heildøgns bemanning.

Kommunen har tilsett kommuneoverlege som mellom anna er dagleg leiar for legetenesta og medisinskfagleg rådgjevar for helsetenesta i kommunen. Legetenesta er ei eiga eining under helse- og omsorgssjef. Leiarane i helse- og omsorgstenestene har samarbeidsmøte med fastlegane i kommunen inntil to gonger i året.

Det er inngått samarbeidsavtale (rammeavtale) mellom Helse Førde HF og Gloppen kommune. Ein delavtale gjeld samarbeid om utskrivingsklare pasientar som vert vurdert å ha behov for kommunale tenester etter utskriving frå spesialisthelsetenesta – somatikk.

Kommunane og Helse Førde HF har avtalt ulike samarbeidsformer og samhandlingsorgan. Det er avtalt dialogmøte mellom styret i Helse Førde HF/administrerande direktør og politisk leiing i kommunane to gonger i året. Koordineringsrådet er eit administrativt samarbeidsutval mellom Helse Førde HF og kommunane i fylket som har minst fire møte i året. KS peikar ut dei fem som representerer kommunane. Fagrådet er eit samarbeidsutval mellom Helse Førde HF og kommunane. Fagrådet har fem kommunale representantar som er peika ut av KS.

Det er innført system for elektronisk meldingsutveksling mellom helseføretaket og kommunen, og mellom heimesjukepleien og fastlegane. Ansvarlege sjukepleiarar/vernepleiar på vakt i kvar tenesteeining (meldingsansvarleg) tek i mot, svarar på og følgjer opp e- meldingar frå Helse Førde HF. Einingsleiaren tek i mot, svarar på og følgjer opp e-meldingane på dagtid unnateke helg og høgtid.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 19.01.2015

Formøte vart halde 06.02.2015.

Opningsmøte vart halde 25.03.2015.

Intervju

13 personar vart intervjua.

Stikkprøvar: Journalar til 14 pasientar og 19 sjukehusopphald vart gjennomgått.12 av sjukehusopphalda var ved medisinsk avdeling Førde sentralsjukhus, og 6 sjukehusopphald var ved kirurgisk avdeling Førde sentralsjukehus. Eitt av sjukehusopphalda var ved medisinsk avdeling Nordfjord sjukehus.

Sluttmøte vart halde 17.04.2015.

I kapittelet Dokumentunderlag er ei oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet og dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket.

Spørjeundersøkingar

Som del av tilsynet vart 24 pasientar inviterte til å delta i ei spørjeundersøking. Pasientane var utskrivne frå medisinsk avdeling og kirurgisk avdeling Helse Førde, Førde sentralsjukehus og medisinsk avdeling Helse Førde Nordfjord sjukehus i perioden 01. juli 2014 - 08. januar 2015.

Fastlegane til pasientane, i alt 7 fastlegar, vart også inviterte til å delta i ei spørjeundersøking. Vi sende invitasjonen til å delta i spørjeundersøkinga til pasientar og fastlegar 09.02.2015.

Spørjeundersøking til pasientar utskrivne frå Helse Førde HF

Vi brukte eit enkelt spørjeskjema med svaralternativa ja/nei/veit ikkje, og eit felt for kommentarar.

Vi spurde pasientane om dei hadde fått informasjon om behandlinga på sjukehuset og helsehjelp i kommunen etter utskriving, og om dei hadde forstått informasjonen som vart gjeve på sjukehuset og i kommunen. Vi spurde også om dei fekk tenestene i kommunen som avtalt, om behovet for helsehjelp vart vurdert på nytt innan kort tid etter at dei var komne heim og om kommunen tok omsyn til kva pasientane sjølve meinte dei trong hjelp til.

Tilsynet omfatta ikkje helsehjelpa til kvar enkelt pasient.

Resultat frå spørjeundersøkinga til pasientane

I alt 13 av 24 pasientar svara, det vil seie at vel 50% av pasientane svara. Det var ikkje alle som hadde svara på alle spørsmål. Mellom anna svara 5 av 13 pasientar at dei hadde fått informasjon på sjukehuset om kva hjelp dei skulle få etter utskriving. 7 av 12 pasientar svara at dei fekk dei tenestene dei var lova då dei kom heim, 3 svara at dei ikkje visste og 2 svara nei. Av 12 pasientar som svara, svara 8 ja på spørsmålet om behovet for tenester vart vurdert på nytt etter heimkomst, 2 svara at det ikkje var aktuelt/visste ikkje og 2 svara nei på dette spørsmålet. På spørsmålet om kommunen tok omsyn til deira meiningar om hjelpebehov svara 8 av 12 ja, og 10 av 13 hadde fått informasjon om kva hjelp dei skulle få.

Vi informerte om gjennomføring av spørjeundersøkinga i formøtet. Resultatet frå undersøkinga vart lagt fram i oppsummeringa med kommunen. Låg svarprosent gjorde at vi ikkje la vekt på resultatet ved vurderinga av verksemda til kommunen

Spørjeundersøking til fastlegane

Spørjeskjemaet til fastlegane var todelt, ein del om informasjon frå sjukehuset og ein del om organisatoriske tilhøve, med svaralternativ ja/nei og eit felt for kommentarar.

Vi spurde fastlegane om dei fekk epikrise frå sjukehuset tidsnok, om denne inneheldt nødvendige opplysningar til å følgje opp pasienten og om det var noko fastlegane vurderte som særleg sårbart i samhandlinga med sjukehuset. Vidare spurde vi om kommunen si tilrettelegging for å involvere fastlegane ved revisjon av samarbeids- og tenesteavtalane mellom kommunen og spesialisthelsetenesta, tilrettelegging for informasjonsutveksling mellom fastlegane og pleie- og omsorgstenestene og om det var noko i denne samhandlinga fastlegane vurderte som særleg sårbart.

Tilsynet omfatta ikkje verksemda til fastlegane.

Resultat frå spørjeundersøkinga til fastlegane

Vi fekk svar frå 7 fastlegar. Dei var fastlegar eller fastlegevikar for dei 24 pasientane.

3 av 6 legar svara at dei var medlem i lokalt samarbeidsutval/allmennlegeutval. To av legane hadde delteke i utarbeiding av delavtale/retningslinjer for samarbeid med helseføretaket og kommunen om innlegging/utskriving av pasientar, og tre svara nei på dette spørsmålet. Fem av legane hadde fått informasjon frå kommunen om samarbeidsavtale og retningslinjer for utskriving av pasientar. To legar svara nei på dette spørsmålet.

Alle legane svara at dei kommuniserer med pleie- og omsorgstenesta ved elektroniske meldingar eller telefon. Fire av legane svara nei på spørsmålet om det var noko dei vurderte som særleg sårbart i samhandlinga med pleie- og omsorgstenesta, medan to legar svara ja. Det sårbare var ved feil på medisinliste eller dårleg tilgang til telefon. Fem legar svara nei på spørsmålet om dette hadde noko å seie for pasienttryggleiken.

Alle legane svara ja på spørsmålet om kommunen hadde tilrettelagt for at dei skulle få formidla rett legemiddelliste dersom det var manglande samsvar i denne. Fem av legane svara at det hadde vore kontakt mellom dei og pleie- og omsorg om pasientane etter utskriving.

Fem av sju legar fekk epikrise med nok informasjon frå Helse Førde HF tidsnok til å kunne sikre god oppfølging av pasientane. Seks av dei sju legane svara også positivt på spørsmålet om det var samsvar mellom legemiddellista frå sjukehuset og legemiddellista fastlegen hadde registrert i pasientjournal.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var samhandling om utskriving av pasientar frå helseføretak til kommunane.

Tilsynet undersøkte om kommunen ved systematisk styring sikrar forsvarleg mottak og helsehjelp til pasientar som vert utskrivne til eigen bustad. Vidare undersøkte tilsynet om kommunen sikrar ivaretaking av pasient/pårørande sin rett til informasjon og brukarmedverknad ved utskriving. Legemiddel vart brukt som gjennomgåande markør for samhandling og informasjonsutveksling mellom tenestene og til pasientar /pårørande ved utskriving.

Tilsynet omfatta:

  • Iverksetting og oppfølging av samarbeidsavtale om utskrivingsklare pasientar med behov for kommunale helse- og omsorgstenester

  • Mottak og oppfølging av varsel om innlagt pasient og mottak av varsel om utskrivingsklar pasient

  • Kommunen si tilrettelegging for og involvering av fastlegar i samhandling mellom fastlegar, andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta

  • Planlegging for og mottak av pasient som er meld utskrivingsklar

  • Vurdering av pasienten sin tilstand og behov for tenester like etter utskriving

  • Informasjon til pasient om helsetilstand og vurdering av behov for tenester, og medverknad frå pasient ved tildeling av tenester og innhald i tenestetilbodet etter utskriving

  • Hjelp til pasientar som treng det for å få kontakt /avtale med fastlege

  • Informasjonsutveksling og samhandling med fastlege om kva legemiddel pasientar som treng hjelp til legemiddelhandsaming skal ha

5. Funn

Ved tilsynet med Gloppen kommune vart det ikkje avdekt forhold som er i strid med krav i helselovgjevinga.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Gloppen kommune skal planlegge, gjennomføre, evaluere og rette opp verksemda slik at omfanget av- og innhaldet i tenestene er i samsvar med krav i helselovgjevinga. Kommuneleiinga har ansvar for at styringa (internkontrollen) sikrar forsvarlege helse- og omsorgstenester. Gloppen kommune har organisert verksemda slik at ansvar og oppgåver er kjent for dei tilsette. Kommunen har delavtale med retningslinjer for utskriving av pasientar som har behov for tenester frå kommunen, og deltek på ulike møteplassar med helseføretaket for drøfting av samhandling.

Område med risiko for svikt i samhandlinga med spesialisthelsetenesta om utskriving av pasientar er kjent for ansvarlege leiarar. Det er avtalt ordningar for å melde avvik mellom kommunen og føretaket som gjeld samhandling og oppfølging av delavtale om utskrivingsklare pasientar. Det vert sjeldan meldt slike avvik. Dersom avviksystemet skal bidra til forbetring av samhandlinga om utskrivingsklare pasientar, er det ein føresetnad at alle avvik vert melde. Det same gjeld for avvik knytt til eiga verksemd.

Det er etablert felles møteplassar for heimetenesta og fastlegane. Helse- og omsorgssjefen har møte med fastlegane og einingsleiarane inntil to gonger i året for å drøfte spørsmål som samhandling og felles rutinar. Fastlegane er informerte om arbeidet med utforming av delavtale om utskrivingsklare pasientar.

Det er innført eit system for elektroniske meldingar som skal ivareta den praktiske utføringa av delavtale om utskrivingsklare pasientar. Det er gjennomført opplæring, og den praktiske utføringa og rutinane er kjende for dei tilsette som har ansvar og oppgåver knytt til meldingsutvekslinga. Kommunen har kvalifisert personell med nødvendig kompetanse til å ta i mot og svare på meldingar, og ta avgjerder om tildeling av tenester. Ut frå dei opplysningane vi fekk ved tilsynet, vurderer vi at denne ordninga har ført til kvalitetsforbetring i samhandlinga mellom kommunen og helseføretaket.

Heimesjukepleien har personell med nødvendig kompetanse som har ansvar for å gje forsvarlege helse og omsorgstenester til pasientar som vert utskrivne til eigen heim/omsorgsbustad etter sjukehusopphald. Tenestetilbodet vert førebudd, og kommunen legg til grunn at pasientane får informasjon av sjukehuspersonalet om at dei vil få hjelp av kommunen etter utskriving. For å sikre at pasienten får rett informasjon om planlagt oppfølging frå kommunen, må kommunen gje tydeleg informasjon til sjukehuset. Pasienten sitt funksjonsnivå og behov for hjelp vert vurdert etter at pasienten er komen heim. Tenestetilbodet vert evaluert og endra fortløpande ved behov.

Ved vurdering av behov for helsehjelp og ved utforming/tilrettelegging av tenestetilbodet har pasient/pårørande rett til å medverke. Gloppen kommune har sikra slik medverknad mellom anna ved at pasientane/pårørande får kome med sine ønskjer og meiningar om hjelpebehov etter heimkomst. Det hender også at kommunen tek telefonkontakt med pårørande under sjukehusopphaldet.

Feil i legemiddellister og feil legemiddelbehandling er eit kjent risikoområde ved utskriving frå sjukehus. Heimetenesta i Gloppen praktiserer ulike rutinar for å sikre oppdatering- og kvalitetsjekk av legemiddelliste med fastlege. Det vert nytta e-meldingar der fastlegane har responstid på 72 timar. Kopi/utskrift av legemiddelliste kan også bli levert på legekontoret samstundes som det vert teke kontakt med fastlege per telefon. Andre spørsmål som gjeld oppfølginga av pasientane kan bli sendt via e-melding til fastlegane. For å sikre meir effektiv samhandling mellom heimesjukepleien og fastlegane, bør kommunen ha eintydige rutinar for kommunikasjon med fastlegane, som sikrar rask responstid der det er nødvendig.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.

  • Lov av 24. juni 2011 om kommunale helse - og omsorgstjenester

  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient - og brukerrettigheter

  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.

  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial - og helsetjenesten

  • Forskrift av 18. november 2011 om kommunal betaling for utskrivningsklare pasienter

  • Forskrift av 03. april 2008 om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp

  • Forskrift av 29. august 2012 nr. 842 om fastlegeordning i kommunene

  • Andre relevante forskrifter

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart overlevert på formøte:

  • Organisasjonskart for Gloppen kommune

  • Oversikt over leiarar og tilsette i heimetenestene

  • Oprganisering og oppgåvefordeling i Gloppen kommune 04.02.2015 med stillingsinstruksar

  • Rutine: Samhandling mellom Gloppen kommune og Helse Førde om utskrivingsklare pasientar versjon 31.10.2013

  • Prosedyrar for legemiddelhandtering, Gloppen kommune

  • Prosedyre: Ordinering av medisin for brukarar i heimetenesta av 28.08.2010

  • Prosedyre for samarbeid mellom fastlegen og primærkontakt i heimetenesta av 30.08.2010

  • Kopi av avtale mellom fastlegane og omsorgstenesta om elektronisk samarbeid underteikna 08.01.2013

  • Rutinar for sakshandsaming for søknader/evaluering av tenester frå helse- og omsorg

  • Flytskjema- E-melding mellom sjukehus og kommune revidert 18.06.2013

  • Referat frå samarbeidsmøte mellom legar ved Gloppen legesenter, helse og omsorgssjef og einingsleiarar i helse og omsorgssektoren 16.03.2011, 18.12.2014

  • Kopi av referat - Legesamarbeidsmøte 13.12.2012

  • Rapport: Utskriving av pasientar som har behov for kommunale tenester. Status, erfaringar, dialog og forbetringsframlegg, KS Sogn og Fjordane /Helse Førde HF januar 2015

  • Rapport: Felles ordning for avvik og avvikshandtering innan samhandling, rapport frå arbeidsgruppe 21.04.2014 KS Sogn og Fjordane/ Helse Førde HF

    Dokument lasta ned frå Helse Førde HF si nettside (Samhandlingsbarometeret.no):

  • Rammeavtale mellom Helse Førde HF og kommunane i Sogn og Fjordane

Dokumentasjon delt ut under tilsynet:

  • Kopi av delavtale mellom Gloppen kommune og Helse Førde HF: Samarbeid om utskrivingsklare pasientar som vert vurdert å ha behov for kommunale tenester etter utskriving frå spesialisthelsetenesta – somatikk

  • Oversikt over planlagde leiarmøte helse og omsorgssjef og einingsleiarar 2015

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 14 journalar til pasientar utskrivne frå Helse Førde HF 1. juli 2014 – 08. januar 2015

    Andre dokument:

  • Samhandlingsreformen – lovpålagte samarbeidsavtaler mellom kommuner og regionale helseforetak/helseforetak. Nasjonal veileder

  • Utskriving av pasientar som har behov for kommunale tenester – evaluering. Resultat frå spørjeundersøking oktober/november 2014. KS Sogn og Fjordane/Helse Førde HF

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til kommunane i fylket av 12.12.2014 - orientering om samhandlingstilsyn 2015

  • Brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Gloppen kommune av 19.01.2015 – melding om tilsyn

  • Brev frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Gloppen kommune av 02.02.2015 – endra dato for tilsynet

  • Brev med vedlegg frå Gloppen kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av 06.02.2015

  • E-post frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Gloppen kommune av 24.02.2015

  • E-post frå Gloppen kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av 25.02.2015

  • Brev med vedlegg frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Gloppen kommune av 25.02.2015 – program for tilsynet

  • E-post frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Gloppen kommune av 27.02.2015 – program for tilsynet

  • E-post frå Gloppen kommune til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane av 05.03.2015

  • Brev og E-post frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Gloppen kommune av 10.03.2015 - revidert program for tilsynet

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på formøte, opningsmøte, oppsummering og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua

Ikkje publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:

  • Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar, revisjonsleiar

  • Astrid Tveit, rådgjevar, revisor

  • Turid Måseide, rådgjevar, revisor

  • Gunnar Hæreid, assisterande fylkesmann, observatør

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2015 Samhandling ved utskrivning av pasienter

Søk