Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjennomført tilsyn med Lærdal kommune, Lærdal alders- og sjukeheim i perioden 12.06.2015 til 19.10.2015. Denne rapporten gjer greie for funn på området det var ført tilsyn med.

Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og gjaldt følgjande område: Helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A, til pasientar i sjukeheim.

Tilsynet skulle undersøke om kommunen følgjer lovkrava og sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp hos pasientar blir identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert forsøkt før helsehjelpa blir gitt med tvang
  • det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa skal ytast med tvang

Det vart ikkje funne avvik under tilsynet i Lærdal kommune. Dato: 19.10.2015

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

Tom Nesvåg
revisor

 

Brevet elektronisk godkjent og har ikkje underskrifter

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn i Lærdal kommune, Lærdal alders- og sjukeheim, i perioden 12.06.2015 til 19.10.2015. Tilsynet er eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomfører i år.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenestene § 2.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om kommunen, gjennom internkontroll, tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfattar å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Rapporten handlar om eventuelle avvik som er avdekte under revisjonen og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta. Avvik er krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, som ikkje er oppfylte.

2. Omtale av kommunen

Lærdal kommune har om lag 2200 innbyggjarar. Sjukeheimen er plassert i Lærdal sentrum.

Lærdal alders-  og sjukeheim har 29 sjukeheimsplassar. Aldersheimen er i same kompleks som sjukeheimen. I tidsrommet då tilsynet blei gjennomført var der seks brukarar.

Ein avdelingsleiar har ansvar for sjukeheimen og aldersheimen. Avdelingsleiar rapporterer til kommunalsjef helse- og omsorg. I sjukeheimen er det kontor for avdelingsleiar, fysioterapeut, lege og merkantilt personell.

Kommunen brukar Gerica journalsystem.

Sjukeheimslegen er på sjukeheimen ein dag kvar veke og i tillegg er turnuslegen til stades ein halv dag kvar veke. Dette utgjer 30% stilling.

Kommunen har til dags dato ikkje fatta vedtak om helsehjelp gitt med tvang etter lov om pasient- og brukarrettar kapittel 4A.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande:

Melding om tilsyn 12.06.2015
Motteke dokument frå kommunen 07.09.2015
Opningsmøte 15.09.2015
Omvising i sjukeheimen 15.09.2015
Intervju 15. og 16.09.2015. 8 personar blei intervjua
Stikkprøver i journal 15. og 16.09.2015. 15 journalar
Sluttmøte 16.09.2015

Oversikt over dokument som verksemda har sendt oss i samband med tilsynet, er teke inn i kapittel 7 om dokument.

4. Kva tilsynet omfatta

Ved tilsynet har vi undersøkt om Lærdal kommune, Lærdal sjukeheim, har styring og fører kontroll med at somatisk helsehjelp gitt til pasientar som set seg imot slik hjelp blir gitt i samsvar med krav i helselovgivinga. Vi undersøkte særskilt om kommunen følgjer lovkrava og sikrar at:

  • motstand mot helsehjelp hos pasientar blir identifisert og at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert forsøkt før helsehjelpa blir gitt med tvang
  • det vert gjort helsefaglege vurderingar av om den aktuelle helsehjelpa skal ytast med tvang

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik under tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Forskrift av 14. november 1988 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg

7. Dokument

  • Omtale av verksemda
  • Organisasjonskart
  • Helse- og omsorgsplan 2012-2022
  • Økonomi- og handlingsplan 2015-2018
  • Årsmelding for helse- og omsorg 2014
  • Stillingsomtaler i pleie- og omsorg
  • Serviceerklæring
  • Velkommen til Lærdal alders- og sjukeheim
  • Introduksjons- og opplæringsplan for nytilsette
  • Nytilsette utan fagbrev
  • Prosedyrar:
    1. Mottak, flytting, utskriving av brukar
    2. Prosedyrar for saksgang og flytskjema
    3. Helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp
  • Kompetanse- og rekrutteringsplan
  • Oversikt over tilsette ved sjukeheimen

Dokumentasjon som blei gjennomgått/utdelt under revisjonsbesøket:

  • Perm med behandla avvik
  • Internkontrollperm
  • Referat frå personalmøte gr. B
  • Brukarundersøking 2015

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

  • 12.06.2015 Melding om tilsyn
  • 28.06.2015 E-post frå kommune, endring av tilsynsdato
  • 03.09.2015 Dokumentasjon til tilsynet frå Lærdal kommune
  • 08.09.2015 Informasjon til Lærdal kommune om tilsynet
  • 02.10.2015 Utkast til rapport frå tilsynet
  • 18.10.2015 E-post frå kommunen med merknader til innhaldet i rapporten
  • Diverse e-postar som omhandlar tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir oversikt over deltakarane på opnings- og sluttmøte, og over kven som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Eli Kristine Vindedal

helsefagarbeidar

x

x

x

Stine Kvam

vernepleiar

x

x

 

Tone Wallevik

helsefagarbeidar

x

x

 

Arnhild Thune

helsefagarbeidar

x

x

x

Anne Bø

sjukepleiar

x

x

x

Hrafnildur Elvarsdottir

avdelingsleiar

x

x

x

Margun Thue

kommunalsjef helse- og omsorg

x

x

x

Alf Olsen

rådmann

x

   

Henrik H. Thim

tilsynslege

 

x

 

Inger Therese S. Williams

leiar i heimetenesta

x

 

x

Elin Thyri

sjukepleiar/sakshandsamar

   

x

Aud Sjøvoll

helsefagarbeidar

   

x

Margunn H. Moe

pleieassistent/lærling

   

x

Åge Trulssen

helsefagarbeidar

   

x

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok:
Rådgjevar Tom Nesvåg, revisor
Rådgjevar Beate Tollefsen, revisjonsleiar