Helsetilsynet

Fylkesmannen i Telemark har ført tilsyn med Tokke kommune 01.11.2018 og 02.11.2018. Denne rapporten gjer greie for funn innan dei områda det blei ført tilsyn med.

Tilsynet omfatta Tildelingskontoret, Avdeling for psykisk helse og rus og sosiale tenester i NAV. Vi har undersøkt om kommunen ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar over 18 år og eldre med psykisk liding og rusmiddelproblematikk får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester.

Ved tilsynet blei det påpeikt eitt lovbrot:
Tokke kommune sikrar ikkje systematisk kartlegging av psykiske- og somatiske helseplager og rusmiddelproblem ved tildeling av tenester til personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding.

Dette er brot på:
Helse- og omsorgstjenestelovens § 4-1, jf. forvaltningsloven § 17. Helsepersonelloven §§ 39 og 40.
Forskrift om leiing og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6, 7, 8 og 9.

Utkast til rapport blei sendt ut 20.02.2019. Der bad vi om eventuelle kommentarar/innvendingar til faktagrunnlaget innan 15.03.2019. Vi har ikkje fått kommentarar til rapportutkastet.

For oppfølginga av lovbrotet vises det til kapittel 6 «Oppfølging av lovbrot».

1. Tilsynet sitt tema og omfang

Tilsynet er retta mot kommunens tenester til vaksne personar (18 år og eldre) som har samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding som kvar for seg eller samla gjer at dei har eit funksjonstap som medfører behov for tenester frå kommunen over tid.

Tilsynet inkluderer brukarar uavhengig av kva slags rusmiddel dei brukar (alkohol, legemidlar, illegale rusmiddel) og uavhengig av om dei har fått diagnostisert ei rusliding. Tilsvarande gjeld for psykiske lidingar ved at tilsynet er retta mot kommunens tenester uavhengig av om personane har ein psykiatrisk diagnose (bipolar liding, schizofreni, depresjon eller liknande.). Det skiljast heller ikkje på om personane aktivt brukar rusmiddel eller om dei er i rehabilitering etter behandling for sitt rusmiddelbruk.

Dette tilsynet er ein del av landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV som blei gjennomførd i 2017 og 2018 og eit av dei planlagde tilsyna som Fylkesmannen i Telemark har gjennomført dette året.

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen legger til rette for og følgjer opp at personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding mottar individuelt tilpassa, samordna og forsvarlege helse- og omsorgstenester og sosiale tenester.

Vi har undersøkt om kommunen, ved helse- og omsorgstenesta og sosiale tenester i NAV

  • legg til rette for og tek i vare pasientane/brukarane sin rett til informasjon og medverknad
  • legg til rette for og gjennomfører samarbeid mellom kommunale einingar som yter helse- og omsorgstenester og sosiale tenester, og med fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • kartlegg brukarens heilskaplege situasjon og moglege behov for tenester
  • samordnar og samarbeider om tenestene som brukarane får frå kommunale einingar, fastlegar og spesialisthelsetenesta
  • kartlegg og gir individuelt tilpassa og forsvarlege helse- og omsorgstenester retta mot brukaranes rusmiddelproblem og psykiske liding
  • kartlegg og følgjer opp somatiske helseproblem
  • tilbyr og gir individuelt tilpassa og forsvarlege tenester slik at brukar kan meistre å bu i eigen bustad

Kommunens ansvar for medverknad til å skaffe varig bustad har ikkje vært omfatta av tilsynet.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Dette inneber gransking av dokument, intervju og andre undersøkingar. Tilsynet har undersøkt om kommunen gjennom god internkontroll sikrar forsvarlege tenester. Særleg når fleire instansar er involvert i tenesteytinga, blir det viktig at overordna leiing legg til rette for og følgjer opp at nødvendig samhandling fungerer på tvers av organisatoriske einingar.

Vi har i tilsynet undersøkt korleis kommunen si leiing følgjer med på at styringa av tenestene fungerer som føreset og er tilstrekkelege for å gi forsvarlege tenester.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal helse- og omsorgsteneste, etter helse- og omsorgstjenesteloven (hol) § 12-3 og helsetilsynsloven § 2 og lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga (sotjl) § 9.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda si praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir her ei oversikt over krava som vart lagde til grunn i tilsynet.

Forsvarleg verksemd
Kravet om forsvarleg verksemd, jf. hol § 4-1 og sotjl § 4 er forankra i hevdvunnen fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenne samfunnsetiske normer.

Krav om forsvarlege tenester er ein rettsleg minstestandard, og sett ei nedre grense for kva som kan aksepterast før det må reknast som svikt i tenestene. Kravet til forsvarleg teneste gjelder både tilgjengelegheit, kvalitet, innhald og omfang. For å gi forsvarlege tenester må kommunen ha tilstrekkelege opplysningar om brukaren sin situasjon og tenestebehov.

Det er utarbeidd fleire publikasjonar som gir innhald til kva som er fagleg forsvarleg og som har vært aktuelle for dette tilsynet:

  • Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser (IS-1948) utgitt av Helsedirektoratet i 2012 (nasjonal fagleg retningslinje).
  • Rundskriv til sosialtjenesteloven utgitt av Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2012 (Hovednr. 35 – Sosialtjenesteloven).
  • Veileder til bruk ved økonomisk rådgivning. NAV September 2013, sist endra april 2016
  • Veileder til sosialtjenesteloven § 17 - utgitt av Arbeids- og velferdsdirektoratet i 2014
  • Sammen om Veileder i psykisk helsearbeid og rusarbeid for voksne. Et verktøy for kommuner og spesialisthelsetjenesten (IS-2076). Utgitt av Helsedirektoratet i 2014.

Plikta til systematisk styring
Kravet til leiing, organisering og styring er eit viktig element i kommunen sitt ansvar for å tilby og gi forsvarlege tenester. Lovverket fastslår at:

  • kommunen har plikt til å styre og leie for å sikre at verksemd og tenester etter kapittel 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, sotjl. § 5
  • kommunen sitt ansvar for å tilby naudsynte helse- og omsorgstenester inneber ein plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestenes omfang og innhald er i samsvar med lov og forskrift, jf. hol. § 3-1 tredje ledd.

Pasient- og brukarmedverknad
Brukarmedverknad er ei forutsetning for forsvarleg tenesteyting ved NAV-kontoret og i helse- og omsorgstenesta. Kravet om medverknad går fram av følgjande:

  • Tenestetilbodet skal så langt mogleg utformast i samarbeid med tenestemottakar, og det skal leggjast stor vekt på kva brukaren meiner, jf. sotjl. § 42
  • Det skal være moglegheit for pasientar og brukarar til medverknad ved utforming og gjennomføring av tenester, jf. pasient- og brukerrettighetsloven (pbrl.) § 3-1 første og annet ledd. Når tenestetilbod utformast, skal det leggjast stor vekt på kva pasienten og brukaren meiner pbrl. § 3-1 andre ledd andre punktum, jf. hol. § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav a og b.

Kravet om brukarmedverknad går fram av også andre føresegner i lovverket, for eksempel i reglane om individuell plan i sotjl. § 28 og hol § 7-1 første ledd.

Samarbeid for å koordinere tenester
Kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga og helse- og omsorgstenesta er forplikta til å samarbeide med andre deltenester, tenesteytarar og sektorar. Kommunen si plikt til å samarbeide er presisert i følgjande:

  • NAV-kontorets plikt til å samarbeide med andre på individnivå går fram av bestemmingane om de sosiale tenestene, som sotjl. § 17
  • Kommunen har ein plikt til å leggje til rette for samhandling mellom ulike deltenester internt i kommunen og med andre tenesteytarar, der dette er nødvendig for å tilby tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, jf. hol. § 3-4

Plikt til å dokumentere
Det stillast krav om at tildeling av sosiale tenester i NAV er grunngjeve skriftleg. Dette gjeld og vedtak om tenester etter hol. § 3-2 første ledd nr. 6 bokstavane a til d, § 3-6 og § 3-8, som forventast å vare lengre enn to veker. Vidare må kommunen sørge for at NAV-kontoret og helse- og omsorgstenesta fortløpande dokumenterer sentrale opplysningar om brukar.

Det er presisert i hol. § 5-10 at kommunen skal sørgje for at pasient- og informasjonssystema som brukas er forsvarlege. Det er kommunen sitt ansvar å opprette pasientjournalsystem som gjer det mogleg for dei tilsette å overhalde journalføringsplikta.

Alle tilsette som yter helsehjelp har plikt til å føre pasientjournal, jf. helsepersonelloven (hpl.) § 39 Pasientjournalen skal innehalde relevante og naudsynte opplysningar om pasienten og helsehjelpa, jf. hpl. § 40. Kva for opplysningar som skal journalførast er konkretisert i forskrift om pasientjournal (journalforskriften) § 8.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Framstilling av verksemda og organisering
Tokke kommune har ca. 2 240 innbyggjarar (per 1. januar 2018). Kommunen er administrativt organisert med rådmann og tre einingar – Plan, næring og teknisk, Helse og omsorg, Oppvekst, kultur og idrett. Eininga Helse og omsorg er delt inn i fleire einingar; Institusjon, Heimetenesta, Helse, Åheim bufellesskap, Kjøkken og Stab.

Avdeling for psykisk helse og rus er organisert som eiga eining under Helse. Avdelingsleiar for Helse har økonomi og personalansvar. Leiar av Avdeling for psykisk helse er fagleg leiar. Avdelinga har hovudansvaret for personar med rus og psykiske helseproblem, skal vere eit supplement til andre helse- og omsorgstenester og skal jobbe tverrfagleg.

Tokke kommune har sidan 2012 gjennomførd årleg kartlegging av rusmiddelsituasjonen i kommunen ved hjelp av BrukarPlan. Kommunen har også gjennomført ungdomsundersøkinga UngData. Desse kartleggingane har vore med på å danne grunnlag for arbeidet med ein rusmiddelpolitisk handlingsplan for 2017 – 2020. Tokke kommune ynskjer at den nye rusmiddelpolitiske handlingsplanen skal vera med på å gje ein heilskapleg og samordna innsats på rusfeltet.

Tokke kommune har beskrive at arbeidsområda for Avdeling for psykisk helse og rus skal yte tenester til heile befolkninga med fokus på personar med alvorleg psykisk sjukdom og rus, personar med milde og lettare psykiske lidingar/plagar, livskriseproblematikk, angst og depresjonar m.m., barn og unge samt flyktningar og traumatiserte personar. Individuell oppfølging kan vere på kontor, i heimen eller andre miljøtiltak.

Rusteamet i Tokke er ei kommunedekkjande teneste som arbeider med å etablere og koordinere frivillige behandlingsopplegg og tvangstiltak overfor rusmiddelavhengige. Kommunen har og tilsett ruskonsulent og burettleiar.

Tokke kommune har organisert gruppeaktivitetar som også er for personar med rus- og psykisk helseproblem, til dømes friluftsgruppe, middagsgruppe og dagaktivitetsgruppe.

Dei kommunale tenestene i NAV Tokke er ikkje lagt til nokon av einingane, men er direkte underlagt rådmannen, saman med områda Personal, Økonomi og IKT/arkiv. NAV-leiar rapporterer direkte til rådmannen.

Kommunale helse- og omsorgstenester blir tildela i Tiltaksteam. Tiltaksteam er definert som eit administrativt fagleg utval for helse- og omsorgstiltak, som skal vurdere innkomne søknadar og tildele hjelpetiltak. Leiar for Tiltaksteam er leier av Tildelingskontoret. Faste medlemmar er avdelingsleiar for Helse- og omsorg, tilsynslege, avdelingsleiar for Heimetenesta, avdelingsleiar for Institusjon, ergoterapeut og sakshandsamar på Tildelingskontoret. Andre personar blir innkalla ved behov. Møtet finn stad ein gong i veka, kvar tysdag. Det er leiar av Tildelingskontoret som skriv vedtaka som blir bestemt i Tiltaksteam.

Kartlegging av brukaren sin heilskaplege situasjon og moglege behov for tenester
Skriftleg rutine for Tiltaksteam seier at teamet skal vurdere innkomne søknadar og eventuelt tildele hjelpetiltak på bakgrunn av en fagleg utgreiing. I intervjua kom det fram at brukarane sin situasjon med tanke på psykisk helse og rus ikkje blir systematisk kartlagt før saka blir lagt fram for Tiltaksteam og før det blir fatta vedtak om tenester. Det kom også fram i intervjua at kommunen ikkje har rutinar for korleis man systematisk kartlegg rus og psykisk helse. Dei tilsette var kjende med at det finnast ulike kartleggingsskjema for rus, men dei brukte ikkje disse. Kartleggingsskjema for depresjon og angst blei av og til brukte, ofte etter spørsmål frå fastlegen, og deretter sendt til fastlegen for å bli scanna inn i pasientjournalen der.

Det framkom ikkje lett tilgjengeleg i journal i Profil om det var gjort kartlegging av rusbruk og psykiske eller somatiske helseplager i forbindelse med tildeling av tenester. Ved gjennomgang av 14 journalar fant vi at informasjon om kartlegging av psykiske helseplager var gjort hos 6 av 14 personar. Det var ikkje kopi av kartleggingsskjema eller dokumentasjon på at kartleggingsskjema var brukt. Det ble opplyst i intervju at ei eventuell kartlegging av psykiske problem oftast blir gjort i samarbeid med fastlegen, men vi fant lite spor av denne kartlegginga i Profil, og ingen skjema for kartlegging var scanna inn som vedlegg i Profil. Det ble opplyst i intervjua at skjema for kartlegging blir sendt til brukaren sin fastlege og scanna inn i pasientjournalen der. I 4 journalar framkom det ikkje kven som var brukarens fastlege.

Ved gjennomgang av journalane fant vi lite spor av systematisk kartlegging av rus og rusbruk. I 4 av 14 journalar var det vist til at brukar hadde rusproblem eller at det var mistanke om rusproblem, men det kom ikkje fram opplysningar om vidare kartlegging, verken der det var konstatert eit rusproblem eller der det var mistanke om dette. I intervjua kom det fram at Tokke kommune ikkje har rutinar for bruk av kartleggingsskjema for rusbruk men at dei tilsette har bedt om å få opplæring i dette.

Av pasientjournalane fant vi at somatisk helse ikkje systematisk var kartlagt før vedtak om tenester blei fatta men at alle brukarane hadde fått kartlagt somatisk helse ved bruk av IPLOS etter inntak. I intervju vart det opplyst at IPLOS-kartlegging blei gjort 2 gonger per år. For 5 av 14 brukarar var IPLOS-kartlegginga ikkje gjort siste år.

Samarbeid og koordinering av tenestene
Tokke kommune har etablert rutinar for samarbeid mellom kommunale einingar som yter helse- og omsorgstenester og sosiale tenester. Det er også etablert rutinar for samarbeid med fastlegar og spesialisthelsetenesta. Rutinar for samarbeid går og fram av oversendte dokumenter frå kommunen. Rutinane blei bekrefta i intervjua.

Avdeling psykisk helse og rus har ansvar for samordning av tiltak, planlegging av behandlingsmøter og ansvarsgruppemøter. Brukarane får tildelt koordinator etter behov, og ansvarsgrupper og samhandlingsmøter vert bestemt i den enkelte sak.

Samhandling mellom Avdeling psykisk helse og rus og NAV skjer i hovudsak i enkeltsaker der det er avdekka behov for samarbeid rundt ein brukar. Den eininga som startar eit arbeid rundt ein brukar har ansvar for å invitere aktuelle samarbeidspartnare inn.

NAV er deltakar i Rusteam, som er ei kommunaldekkjande teneste som høyrer til under Avdeling psykisk helse og rus. Rusteamet arbeider med å etablere og koordinere frivillige behandlingsopplegg og tvangstiltak for rusmiddelavhengige.

Tre dagar kvar veke er det satt av tid til «drop-in» på legekontoret for avdeling Psykisk helse og rus når dei treng hjelp til å vurdere ein situasjon eller å ha anna dialog med fastlegen om eller med ein brukar. Kontakten mellom Psykisk helse og rus og fastlegen er basert på samtykke frå pasienten og samtalene journalførast i pasienten sin journal. Fastlegane deltar i ansvarsgruppemøter når dette er formålstenleg.

Psykiatrisk team er eit samhandlingsforum mellom spesialisthelsetenesta (DPS -Seljord poliklinikk og døgnavdeling) og kommunen (fastlege og Psykisk helse og rus). Det blir arrangert møte fire gonger i året. Brukaren skal vere kjent med og samtykke i samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Det føreligg ein samarbeidsavtale mellom Klinikk for psykisk helsevern og rusbehandling (KPR) og alle kommunane i Telemark.

Tenester slik at bruker kan meistre å bu i eigen bustad
Tokke kommune har tilsett burettleiar i 50 % stilling. I intervju kom det fram at samarbeidet mellom NAV og Psykisk helse og rus er godt. NAV melder behov for rettleiing til Psykisk helse og rus/burettleiar eller hjelper med søknad om burettleiing til Tiltaksteam.

Brukarane sin rett til å medverke
Tokke kommune har utarbeida Prosedyre for individuell plan og Prosedyre for brukarmedverknad. I intervju kom det fram at dei tilsette var godt kjende med rett til individuell plan og dei sa at individuell plan blei oppretta for alle brukarane som ønska det. Mange brukarar ønska ikkje individuell plan. I intervju kom det også fram at det blei oppretta ansvarsgrupper ved behov og at brukarane deltok i ansvarsgruppemøter.

Ved gjennomgang av pasientjournalane fann vi at 4 av 14 personar hadde fått oppretta individuell plan. 1 av planane var utan dato og 1 var nyleg påbegynt. Planane var laga saman med brukarane, men det var ikkje tydeleg om planane blei evaluert som planlagt. Det kom ikkje klart fram av journalane om behov for individuell plan var vurdert for dei som ikkje hadde oppretta slik plan.

I intervju kom det fram at alle tilsette var opptekne av brukarstyring og at tiltaka var planlagde saman med brukarane. Ved gjennomgang av journalane fann vi lite dokumentasjon på at behandlinga og tenestetilbodet var evaluert saman med brukarane. Vi fann dokumentasjon på at det var laga skriftleg behandlingplan eller kriseplan for 2 av 14 brukarar.

I intervju med brukarane kom det fram at dei meinte det var lett å få hjelp når dei hadde behov for det, at dei i stor grad var med på å bestemme kva slags hjelp dei skulle ha og at innhaldet i hjelpa kunne endrast om behovet blei endra.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Kartlegging skal danne grunnlag for å fatte nye vedtak eller for å revurdere tenesta/ hjelpa brukaren mottar. Tokke kommune oversendte kartleggingsskjema som skal brukast ved søknad om helse- og omsorgstenester. Dette var det same skjemaet som brukast til IPLOS-kartlegging. Psykisk helse/funksjon kan beskrivast i kartleggingsskjemaet, men det kom i liten grad fram i journalen at dette var gjort. Andre skjema var ikkje brukt i kartlegging av psykisk helse og rus før tildeling av tenester. Kravet er at brukaren sin situasjon og tilstand skal være tilstrekkeleg opplyst før det blir fatta vedtak eller bestemt kva slags teneste som vil vere forsvarleg hjelp for å dekke brukarens behov.

På grunn av mangelfull kartlegging og evaluering og lite beskrivne mål er vi usikre på om tenestene er tilpassa den enkelte person sitt behov. Når eventuelle kartleggingar ikkje er dokumentert i journal er det vanskeleg for leiinga å følgje med på om det er tilstrekkeleg. Når vedtaket ikkje er evaluert er det fare for at tenesta ikkje er i tråd med behov og at det kan utvikle seg ulik praksis, kor det er personavhengig kva slags tenester som gis. Det mangla og dokumentasjon i journalane på mål og innhald i tiltak for brukarane. Dette gjer det vanskeleg å evaluere effekt av helsehjelpa. Manglande heilskapleg og systematisk kartlegging hos brukarar med rus- og psykisk helseproblematikk kan føre til at brukarane ikkje får rett teneste til rett tid.

Det kom fram av intervju med brukarane at dei var nøgde med tenestene dei hadde fått. Dei blei tatt med i utforminga av tenesten og hadde tilbod om både helsehjelp og dagaktiviteter. Etter tilsynets vurdering har kommunen stort fokus på dialog med brukarane på individnivå, og er opptekne av å få til brukarmedverknad i praksis. Kommunen har og gjennomførd regelmessig kartlegging av rusmiddelsituasjonen i kommunen ved hjelp av Brukerplan og UngData og har brukt dette i sitt planarbeid.

5. Fylkesmannen sin konklusjon

Ved tilsynet blei det peikt på eitt lovbrot:

Tokke kommune sikrar ikkje systematisk kartlegging av psykiske- og somatiske helseplager og rusmiddelproblem ved tildeling av tenester til personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding.

Dette er brot på:
Helse- og omsorgstjenestelovens § 4-1, jf. forvaltningsloven § 17, helsepersonelloven §§ 39 og 40 og forskrift om leiing og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6, 7, 8 og 9.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi forventar at kommunen skal gjere i prosessen med å rette lovbrotet.

Tilsynet har berre sett på eit avgrensa område av verksemda. Vi ber Tokke kommune om å gjere ei eiga vurdering av kva slags tiltak som er nødvendige for å sikre eit samordna og forsvarleg tenestetilbod til brukarar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding. På bakgrunn av denne analysen må kommunen utarbeide ein plan. Planen skal beskrive:

  • Kva slags tiltak som skal gjennomførast
  • Korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir iverksett
  • Korleis leiinga vil gjennomgå om tiltaka har verka som planlagt etter ei tid
  • Kommunens eigne fristar for iverksetting av tiltak og evaluering av om tiltaka verkar som planlagt

Vi ber om at planen sendes Fylkesmannen innan 01.06.2019.

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Varsel om tilsynet vart sendt 19. mars 2018.

Fylkesmannen innhenta informasjon frå 3 fastlegar ved hjelp av questback i oktober 2018.

Tilsynet vart gjennomført ved Avdeling for Helse og omsorg i Tokke kommune, og innleia med eit kort informasjonsmøte den 1. november 2018. 8 tilsette og 2 brukarar vart intervjua i løpet av 1. og 2 november 2018. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 2. november 2018.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart Tokke kommune
  • Beskriving av psykisk helse og rus teneste Tokke kommune
  • Stillingsomtale psykiatrisk sjukepleiar
  • Opplæring ny tilsette i psykisk helse og rus
  • Rutinar for samarbeid
  • Tiltaksteam
  • Kartleggingsskjema vaksne
  • Kartleggingsskjema born og bornefamiliar
  • Pakkeforløp rus og psykisk helse
  • Prosedyre individuell plan
  • Prosedyre brukarmedverkan
  • Tokke kommune brukar Nasjonale faglege rettningsliniar for utgreiing, behandling og oppfyljing av personar med samtidig rusliding og psykisk liding – ROP lindingar
  • Prosedyrar NAV Tokke: Prosedyre for henvisning til omsorgsinstitusjon, Oppfølging av rusmiddelmisbrukare før, under og etter eit behandlingsopplegg, Hensvisning til tverrfageleg spesialisert rusbehandling, Tannbehandling for personar med rusavhengigheit i Tokke
  • Avvikssystem
  • Avvikslogg helseavdelinga 2017 – 2018
  • Oversikt over tilsette i avdeling for psykisk helse og rus, samt NAV Tokke
  • Kopi av 12 vedtak frå Avdeling for Helse og omsorg og 7 vedtak frå NAV
  • Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2017 – 2020

Det vart valt 14 journalar etter følgjande kriterium: Brukarar i Avdeling for psykisk helse og rus. Desse journalane blei gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket 1. og 2. november 2018.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • fylkeslege, May Trude Johnsen, Fylkesmannen i Telemark, revisjonsleiar
  • seniorrådgjevar, Hilde Bøyesen Fylkesmannen i Telemark, revisor
  • seniorrådgjevar, Merete Lohne Fylkesmannen i Telemark, revisor

Med helsing

Jan-Arne Hunnestad (e.f.) avdelingsdirektør

May Trude Johnsen ass. fylkeslege

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Kopi til: Statens helsetilsyn