Hopp til hovedinnhold

Tema: Helsehjelp gitt med tvang etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A til pasientar i sjukeheim.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Årdal kommune Seimsdalen sjukeheim, 04. og 05.06.2019. Vi undersøkte om leiinga i kommunen har lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

Dette er eit av tilsyna Fylkesmannen i Vestland har planlagt for 2019. Fylkesmannens konklusjon:

Årdal kommune Seimsdalen sjukeheim sikrar ikkje at samtykkekompetansen vert vurdert og at helsefaglege vurderingar vert gjort hos pasientar som motset seg helsehjelp.

Dette er brot på:
Helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1, jf. § 4-2
Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9, jf. § 5.

Vi ber om at de sender oss ein plan for korleis de vil rette opp lovbrotet, innan 24.01.2020. Det går fram av rapportens kapittel 6 kva denne planen skal innehalde.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Vi undersøkte om leiinga i kommunen har lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A (heretter 4A) gir heimel til å kunne gi nødvendig somatisk helsehjelp med tvang til pasientar som ikkje forstår konsekvensane av å motsette seg helsehjelpa. Nødvendig helsehjelp gitt med tvang er eit særleg risikoområde fordi konsekvensane av vurderingar, avgjerder og gjennomføring av helsehjelp med tvang, kan vere store for pasienten. Det kan føre til at det vert utøvd ulovleg tvang eller at pasienten ikkje får nødvendig helsehjelp.

Vi har spesielt undersøkt om:

  • pasientens motstand mot helsehjelp vert fanga opp
  • pasientens samtykkekompetanse vert vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert forsøkt før nødvendig helsehjelp vert gitt med tvang
  • helsefaglege vurderingar vert gjort før den aktuelle helsehjelpa kan verte gitt med tvang Tilsynet var avgrensa til å gjelde pasientar i

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester, etter helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4.

Tilsynet inneber at Fylkesmannen kontrollerer om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Nedanfor er ei oversikt over lovgrunnlag og krava som vart lagt til grunn i tilsynet:.

  • Lov om pasient- og brukarrettar
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
  • Pasientjournallova
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta

Systematisk styring og kvalitetsforbetring
Etter helse- og omsorgstenestelova § 4-2 skal kommunen drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Dette skal inngå som ein del av styringssystemet, jf. helsetilsynslova § 5. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta, under dette systematisk arbeid for å ivareta pasienttryggleiken. Krava i forskrifta sect; sect; 6 til 9 er minimumskrav.

Den som har det overordna ansvaret for verksemda, har også det overordna ansvaret for styringssystemet og for korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krava i helse- og omsorgstenestelovgjevinga.

Kravet til omfang og innhald i styringssystemet og kravet til dokumentasjon, skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten, aktivitetar og risikoforhold og ha nødvendig omfang. Den skriftlege dokumentasjonen skal bidra til at praksis er i samsvar med føringar som er gitt og at lovpålagte krav vert oppfylte. Ved særleg risikofylte oppgåver og oppgåver som sjeldan blir utførte er det større krav til skriftlege rutinar. Rutinane skal vere oppdaterte og kjende for helsepersonellet i verksemda.

Krav til dokumentasjon
Journalen ein reiskap for helsepersonellet for å sikre at pasienten får forsvarleg helsehjelp. Journalen skal også gi tilsynsmyndigheiter og andre instansar mogelegheit for å etterprøve helsehjelpa som er gitt. Helsepersonell skal dokumentere nødvendige og relevante opplysningar, jf. pasientjournalforskrifta.

Nødvendig helsehjelp
Pasientar har rett til nødvendige helsetenester frå kommunen, jf. pasient- og brukarrettslova § 2-1a andre ledd. Kommunen har plikt til å gi nødvendig helsehjelp, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c.

Forsvarleg helsehjelp
Helsehjelpa skal vere forsvarleg, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er leiinga i kommunen sitt ansvar å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene er forsvarlege i sitt innhald og omfang. For å oppfylle kravet til forsvarleg teneste må kommunen organisere og legge til rette for at helsepersonell kan utøve helsehjelpa på ein forsvarleg måte. Det inneber mellom anna å sørge for tilstrekkeleg bemanning, at helsepersonell har nødvendig kunnskap og ferdigheiter, og at dei har fått tilstrekkeleg opplæring. Det skal også vere tilrettelagt for samarbeid med anna relevant helsepersonell.

Samtykke til helsehjelp
Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelp, jf. pasient- og brukarrettslova § 4 -1. Dersom pasienten er vurdert til å vere samtykkekompetent, må helsepersonell respektere pasientens avgjerd om å ikkje ta imot helsehjelpa. Helsepersonell må i slike tilfelle forsikre seg om at pasienten har fått tilstrekkeleg informasjon om kva konsekvensar det kan få å takke nei.

Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse og ikkje gjer motstand, vil det vere pasient- og brukarrettslova kapittel 4-6 som gir heimel for å yte helsehjelpa.

Det er først når pasienten ikkje har samtykkekompetanse og gjer motstand mot helsehjelpa at helsepersonell må vurdere om vilkåra for å kunne gi helsehjelp med tvang med heimel i 4A, er oppfylt.

For å kunne gi nødvendig helsehjelp med tvang må helsepersonell gjere ei forsvarleg vurdering av pasientens samtykkekompetanse opp mot den konkrete helsehjelpa. Krava er gitt i pasient- og brukarrettslova § 4-3. Det er helsepersonellet som yter helsehjelpa som skal avgjere om pasienten har samtykkekompetanse. Den som er ansvarleg for helsehjelpa skal eventuelt gjere vedtak om tvang etter 4A.

Leiinga i kommunen skal sørge for at tilsette får nødvendig opplæring om vurdering av samtykkekompetanse. Det skal vere avklart og kjent kven som har mynde til å avgjere om pasienten har samtykkekompetanse. Sjå nærare omtale om dette i Helsedirektoratets rundskriv IS-8/2015 og kommentarar til pasient- og brukarrettslova § 4-3.

Helsepersonell skal legge fram avgjerda om manglande samtykkekompetanse for pasienten og pårørande, jf. pasient- og brukarrettslova § 4-3, fjerde ledd. Dersom pasienten ikkje har pårørande, skal anna kvalifisert helsepersonell bli førelagt avgjerda. Avgjerd om manglande samtykkekompetanse og vurderingar og observasjonar som ligg til grunn for denne, skal gå fram av pasientjournalen.

Motstand mot helsehjelp
Pasientar kan uttrykke motstand ulikt. Motstand kan kome til uttrykk både munnleg og fysisk, til dømes ved blikk, fysisk utagering, tilbaketrekking eller ved å snu seg vekk. Det vert stilt krav til helsepersonell for å kunne tolke eventuell motstand hos pasienten. Leiinga skal sørge for at helsepersonell får opplæring i å avdekke motstand, og gjere dei kjent med rutinane for korleis dei skal følgje opp motstand. Oppfølging av motstand handlar mellom anna om å vurdere behovet for helsehjelp, om at motstanden vert rapportert til leiar og om samarbeid med til dømes pårørande og sjukeheimslege. Helsepersonell skal dokumentere motstand og oppfølginga av denne i pasientjournalen.

Tillitsskapande tiltak
Sjølv om pasienten set seg imot helsehjelpa og helsepersonell vurderer at pasienten ikkje har samtykkekompetanse, skal tillitsskapande tiltak vere prøvd før helsehjelpa kan bli gitt med tvang, med mindre dette er openbert formålslaust, jf. pasient- og brukarrettslova § 4A-3. Formålet med tillitsskapande tiltak er å førebygge og redusere bruk av tvang. Leiinga må sørge for at helsepersonell har høve til å bli godt kjent med pasienten, har tid til å kartlegge årsakene til motstanden og til å prøve ut forskjellige tillitsskapande tiltak. Helsepersonell skal ha fått opplæring i kva tillitsskapande tiltak inneber. Verksemda skal ha rutinar for arbeidet med tillitsskapande tiltak. Tillitsskapande tiltak som er prøvd og effekten av desse skal gå fram av pasientjournalen.

Helsefaglege vurderingar
Etter pasient- og brukarrettslova 4A-3 kan helsepersonell berre gi helsehjelp med tvang dersom manglande helsehjelp kan føre til vesentleg helseskade hos pasienten. Helsepersonellet må gjere ei vurdering av kva konsekvensar det kan få for pasienten dersom helsehjelpa ikkje vert gjennomført. Det er også eit krav om at helsehjelpa må vere nødvendig for å unngå vesentleg helseskade og at dei negative verknadane av tvangstiltaket for pasienten vert vega opp mot dei positive verknadane av helsehjelpa.

Når alle vurderingane ovanfor er gjort skal helsepersonell gjere ei heilskapleg vurdering av om helsehjelpa klårt er det beste for pasienten. I denne vurderinga må pasientens grad av motstand kome fram, og om det er grunn til å tru at pasienten kan få tilbake samtykkekompetansen i nær framtid. Når pasienten gjer motstand mot helsehjelp, ligg terskelen for å gi helsehjelpa mot pasientens vilje høgt. Helsepersonell må dokumentere vurderingar og konklusjonar i pasientjournalen slik at dei er tilgjengelege og kan verte etterprøvd.

4A – vedtak
Dersom pasienten openbart ikkje kan samtykke og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram eller er openbart formålslause, må følgjande vilkår vere oppfylt før helsehjelpa kan bli gitt med tvang:

  • å unnlate å gi helsehjelp kan gi vesentleg helseskade
  • helsehjelpa er nødvendig
  • tvangen står i forhold til behovet for helsehjelp
  • ei heilskapleg vurdering av at helsehjelpa er den klårt beste løysinga for pasienten

Det må vere avklart og kjent kven som har mynde til å gjere vurderingane og kven som kan gjere vedtak om tvungen helsehjelp etter 4A. Ved tvang som inneber eit alvorleg inngrep for pasienten skal helsepersonell gjere vedtak i samråd med anna kvalifisert helsepersonell.

Det er leiar for dei enkelte einingane sitt ansvar å sørge for at tilsette får opplæring og nødvendig kjennskap til regelverket og kva dette betyr for praksis i den daglege kontakten med pasientane. Leiinga skal sørge for at det er utarbeidd rutinar og skal følgje med på at rutinane vert etterlevd i praksis. Einingsleiar skal også legge til rette for samarbeid mellom legar, leiarar og anna helsepersonell og for rapportering og dokumentasjon.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane vert haldne.

Årdal kommune ligg i Sogn og Fjordane og har om lag 5200 innbyggarar. Seimsdalen sjukeheim er ein av to sjukeheimar i kommunen. Sjukeheimen har to avdelingar med 8 pasientar på kvar avdeling. Den eine avdelinga er ei skjerma eining for pasientar med demens, og den andre er for somatiske pasientar. Tilsynet vart gjennomført ved begge avdelingane. På sikt skal heile sjukeheimen vere for pasientar med demens.

Organisering av tenestene
Styringslina går frå kommunalsjef til tenesteleiar for helse og omsorg og vidare til avdelingssjukepleiar ved Seimsdalen sjukeheim. Ho har ansvar for begge avdelingane på sjukeheimen. Kvar pasient har primærkontakt. Sjukeheimslegen er tilsett i 20 % stilling og er på sjukeheimen ein dag i veka. Han er i tillegg tilgjengeleg på telefon. Vi får opplyst at avdelingsleiar er næraste leiar for legen.

Leiinga si oppfølging
Området for tenesteleiar har nyleg vorte utvida til å omfatte fleire tenester. Ho har møte med avdelingssjukepleiarane ved sjukeheimane i kommunen annakvar veke. Tema for møta er mellom anna pasientrelaterte problemstillingar, økonomi, budsjett og faglege emne. Praksis er at avdelingssjukepleiar og tenesteleiar i tillegg tek kontakt på telefon etter behov.

Tenesteleiar har ansvar for utarbeiding av skriftlege prosedyrar, medan avdelingsleiar er ansvarleg for implementering av prosedyrar og rutinar. Det er utarbeidd skriftlege prosedyrar på området 4A. Prosedyrar vert gjort kjent for dei tilsette i møte, på rapportar og er elles tilgjengelege i permar på vaktrommet.

Det er ikkje innarbeidd praksis for å følgje med på om prosedyrar vert praktisert og er forstått. Sjukeheimslegen er kjent med 4A – regelverket frå tidlegare. Han har ikkje fått opplæring i og blitt gjort kjent med prosedyrar og praksis for 4A ved sjukeheimen. Han har ikkje vore med å gjere 4A- vedtak her.

Avdelingssjukepleiar kjenner alle pasientane og les i journalen for å halde seg oppdatert om kvar enkelt pasient. Ho deltek på legevisitt og på rapportar, og opplyser at ho på den måten kan fange opp eventuell motstand hos pasientane. Om lag kvar sjette veke er det personalmøte.

Kommunen har eit avvikssystem. Avvika vert melde til avdelingssjukepleiar som følgjer dei opp ved å ta kontakt med den som har meldt avviket, og ved å ta dei opp på personalmøte. Det er ikkje meldt avvik på området 4A. Dei tilsette har i intervju opplyst at dei er usikre på kva som er å rekne som avvik på dette området. Tenesteleiar får kopi av alle avvik.

Vi får opplyst at avvikssystemet ikkje fungerer optimalt og at kommunen vil innføre eit nytt avvikssystem. Kommunen har verktøy for å kunne gjere ei risiko og sårbarheitsanalyse, men verktøyet vert ikkje nytta. Leiinga har ikkje oversikt over kvar det kan vere risiko for at det kan oppstå svikt på området 4A.

Av den skriftlege prosedyren går det fram at det er tenesteleiar for pleie- og omsorg som er overordna fagleg ansvarleg for 4A – vedtak. Dette var ikkje kjent for dei tilsette.

Det er utarbeidd kompetanseplan for 2019. Fleire tilsette har gjennomført nettbaserte kurs om 4A.

Motstand
Dei tilsette gir i intervju uttrykk for at dei har tilnærma lik forståing av kva som er motstand mot helsehjelp og kva som er tvang. Dei har fått opplæring og har kunnskap om korleis motstand kan komme til uttrykk. Dei kjenner pasientane godt. Det vert delt ut eit anamneseskjema som pasienten, eventuelt i samarbeid med pårørande, skal fylle ut. I intervju får vi opplyst at det kan ta lang tid før skjema vert fylt ut, og dei tilsette etterlyser tettare samarbeid med pårørande. Det vert ikkje gjennomført innkomstsamtale for nye pasientar. Motstand hos pasientar vert meldt ifrå om i rapporten, men vert ikkje alltid dokumentert i pasientjournalen. Sjølv om motstand mot helsehjelp er identifisert, har motstand ikkje blitt følgd opp med vurderingar av om helsehjelpa skal bli gitt med tvang etter 4A. Vi finn døme i journalen og får opplyst i intervju at nokre pasientar vert stelte med tvang og andre ristar i dørene utan å få gå ut. Det er ikkje gjort vurderingar i tråd med 4A for desse pasientane. Det er kjent for dei tilsette at det er legen som skal gjere vurdering av om det er psykisk helsevernlov eller 4A som gjeld for pasientar som er i grenseland mellom somatikk og psykiatri. I intervjua var det gitt uttrykk for usikkerheit om det var lov til å bruke tvang.

Samtykkekompetanse
Det er skriftleg prosedyre for vurdering av samtykkekompetanse ved motstand mot helsehjelp. I intervju får vi opplyst at prosedyren ikkje er kjent eller praktisert og det er uklårt kven som har ansvar for å gjere vurderinga. Rutinen seier at samtykkekompetansevurdering skal verte dokumentert, men vi finn ikkje spor av samtykkekompetansevurderingar ved journalgjennomgangen. Døra er låst til avdelinga. I intervju får vi opplyst- og vi les i journalar at pasientar stadig prøver å opne døra og gir uttrykk for at dei vil heim.

Samtykkekompetansen til desse pasientane er ikkje vurdert. Det er ikkje gjort vurdering av om det er aktuelt å gjere vedtak etter 4A for desse pasientane.

Tillitsskapande tiltak
I intervju får vi opplyst at praksis er at tillitsskapande tiltak vert prøvd ved motstand mot helsehjelp. Det vert utveksla erfaringar i munnleg rapport og dei tilsette spør kvarandre om kva tillitsskapande tiltak som fører fram. Vi finn lite skriftleg dokumentasjon om tillitsskapande tiltak i journalane, om tiltaka har ført fram eller om det var nødvendig å nytte tvang. I intervju kjem det fram at det er lite tid til å prøve tillitsskapande tiltak og pasientar får ofte ikkje gå tur utanfor området på sjukeheimen sjølv om dei ønskjer det.

Helsefagleg vurdering
Det er skriftleg prosedyre for helsefagleg vurdering. I intervju får vi opplyst at prosedyren ikkje er kjent for dei tilsette. Fleire pasientar gir uttrykk for at dei ikkje vil vere på sjukeheimen. Dei tilsette har vurdert at desse pasientane ikkje kan gå ut aleine til dømes fordi det kan vere fare for at dei kan ramle i elva eller bli påkøyrd. I intervju får vi vite at dei tilsette ikkje har sett på dette som ei helsefagleg vurdering, og at dei ikkje veit kven som har ansvar for å gjere slike vurderingar. Slike vurderingar er ikkje dokumentert i journalen.

I intervjua får vi vite at dei tilsette er lite medvitne om regelverket 4A, og dei veit ikkje om dei kan gjere vedtaket om tvang etter 4A.

Oppsummering av funn etter journalgjennomgang
Sjukeheimen brukar journalsystemet Gerica. Vi gjekk gjennom journalar for 16 pasientar for siste halvåret før tilsynet. Ingen av pasientane hadde i tidsrommet for tilsynet vedtak om 4A.

I 12 av dei 16 journalane var det dokumentert at pasienten hadde kognitiv svikt. I 10 av dei 16 journalane var det dokumentert motstand mot helsehjelpa. Vi fant ingen samtykkekompetansevurderingar dokumentert i nokon av dei 16 journalane. Av dei 10 journalane der det var gjort motstand, fann vi det dokumentert at tillitsskapande tiltak var forsøkt hos 6 pasientar. I to av dei 16 journalane var det dokumentert tvang. Hos ein pasient var gjort helsefagleg vurdering.

Fylkesmannen hadde i 2019, fram til dato for tilsynet, ikkje fått tilsendt kopi av vedtak etter 4A frå Seimsdalen sjukeheim.

I forkant av tilsynet vart det sendt brev til pasientar og pårørande på Seimsdalen sjukeheim med tilbod om å komme med innspel til tilsynstema. Vi fekk tre tilbakemeldingar.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til systematisk leiing og styring for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga i kommunen har eit overordna ansvar for styringssystemet, for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er egna til å ivareta dette.

Formålet med kapittel 4A er å gi nødvendig somatisk helsehjelp og førebygge unødig bruk av tvang. Dette stiller krav til at helsepersonellet kjenner til reglane som gjeld og kva desse betyr i praksis.

Leiar for sjukeheimen har ansvar for å følgje dette opp.

Tenesteleiar har utarbeidd skriftlege prosedyrar, men vår vurdering er at desse ikkje er gjort tilstrekkeleg kjent for dei tilsette, og at forståinga av kva regelverket betyr for praksis er mangelfull. Leiinga har ikkje sikra at regelverket er kjent, forstått og praktisert.

Dei tilsette identifiserer motstand hos pasientar, men leiinga har ikkje sikra at motstand vert følgd opp i tråd med regelverket. Når motstanden ikkje vert følgd opp, kan det føre til at samtykkekompetansen til pasienten ikkje vert vurdert, og/eller at det ikkje vert gjort helsefaglege vurderingar av om helsehjelpa kan bli gitt med tvang. Dette aukar risikoen for at helsehjelp kan verte gitt med tvang til pasientar med samtykkekompetanse, eller at pasienten ikkje får nødvendig helsehjelp med risiko for å få vesentleg helseskade.

Vurderingar og avgjerder om den enkelte pasient vert ikkje alltid dokumentert i pasientjournalen. Dette kan medføre at nødvendige og relevante opplysningar som skal bidra til at pasienten får forsvarlege og trygge helsetenester, ikkje er tilgjengelege for dei som skal følgje opp pasienten.

Dei tilsette er kjende med avvikssystemet, men når regelverk og prosedyrar ikkje er tilstrekkeleg kjent, innverkar dette på kva som vert oppfatta som brot på etablerte rutinar og kva som vert meld som avvik. Ein konsekvens av dette er at leiinga ikkje får informasjon om feil og manglar ved praksis gjennom meldingar i avvikssystemet.

Med bakgrunn i dei undersøkingane vi har gjort meiner vi samla sett, at leiinga ikkje har sørga for at det er rammer ved Seimsdalen sjukeheim som gjer at det ikkje er tilfeldig og opp til kvart helsepersonell korleis helsehjelpa vert utført. Det er dermed ikkje lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4. Fylkesmannens konklusjon:

Årdal kommune Seimsdalen sjukeheim sikrar ikkje at samtykkekompetansen vert vurdert og at helsefaglege vurderingar vert gjort hos pasientar som motset seg helsehjelp.

Dette er brot på:

Helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1, jf. § 4-2 og forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten §§ 6 til 9, jf. § 5.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi forventar kommunen skal gjere for å rette opp lovbrotet

Vi ber Årdal kommune Seimsdalen sjukeheim om å gjere ei vurdering av kva som har medverka til lovbrotet. De treng ikkje sende denne vurderinga til oss.

Deretter ber vi om at de sender oss ein plan med konkrete tiltak for kva de vil gjere for å rette opp lovbrotet og korleis.

Planen må vise tidspunkt for iverksetting av tiltaka, kven som er ansvarleg for gjennomføringa og korleis og når de vil undersøke om dei iverksette tiltaka har fungert over tid.

Frist for tilbakemelding til oss er 24.01.2019.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Beate Tollefsen
seniorrådgjevar

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 06.03.2019. Tilsynet vart gjennomført ved Seimsdalen sjukeheim 04. og 05.06.2019. Fylkesmannen innleia tilsynet med eit informasjonsmøte 04.06.2019. Funn frå tilsynet vart presentert på eit oppsummeringsmøte 05.06.2019.

Vi har gått gjennom følgjande dokument:

  • Helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp
  • Samtykkeerklæring varsling og lokaliseringsteknologi
  • Stillingsforklaring
    • Tenesteleiar omsorg
    • Kommunalsjef helse og omsorg
    • Avdelingssjukepleiar
    • Offentleg godkjent sjukepleiar
    • Hjelpepleiar (omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar med fagbrev)
    • Assistentar/pleiemedarbeidarar i eldreomsorg
    • Tilsynslege ved Seimsdal sjukeheim
  • Oversikt over tilsette
  • Oversikt over deltakarar på kurs i lov om pasient- og brukarrettar november 2018
  • Kompetanseplan for pleie- og omsorg
  • Sjekkliste nytilsette Seimsdalen sjukeheim
  • Organisasjonskart
  • Reglement for intern delegering av avgjerdsrett

Alle journalane for inneliggande pasientar ved sjukeheimen vart gjennomgått frå siste halvåret før tilsynet. Revisjonsleiar fekk omvising ved sjukeheimen.

I tabellen under er det ein oversikt over dei som vart intervjua, og deltakarane på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen i Vestland deltok:

  • seniorrådgjevar Astrid Tveit, revisor
  • seniorrådgjevar Beate Tollefsen, revisjonsleiar
  • assisterande fylkeslege Ingunn Watsend Erichsen, revisor