Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen har ført tilsyn med Askøy kommune frå 21 til 22. mars 2019. Vi undersøkte om kommunen fører tilsyn med barnehagar og skular i samsvar med aktuelle lovkrav slik at inne- og utemiljø fremjar helse og trivsel og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skuleelevar. Tilsynet blei gjennomført som del av det landsomfattande tilsynet i 2019 initiert av Statens helsetilsyn.

Fylkesmannens konklusjon:
Askøy kommune har ikkje lagt til rette for å følgje med på arbeidet med tilsyn i barnehagar og skular. Kommunen sørgjer ikkje for at det på grunnlag av risikovurdering blir ført regelmessig tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular og for at gjennomførte tilsyn blir følgde opp.

Dette er brot på Folkehelselova § 30, jf. § 9.

Vi ber om at kommunen vurderer kva forhold som har medverka til brot på krav i folkehelselova og brukar denne vurderinga som del av grunnlaget for iverksetting av tiltak for å rette avdekte lovbrot. Innan 1. juli 2019 ber vi om å få tilsendt ein konkret plan for retting der det òg går fram korleis leiinga vil følgje med på at tiltaka er eigna og fungerer.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med folkehelselova i 2019 er retta mot kommunens arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Føremålet med tilsynet er å medverke til at kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn med at inne- og utemiljø i barnehagar og skular fremjar helsa og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skular. Inne- og utemiljøet har mykje å seie for helse, trivsel og prestasjonar blant barn og unge. På landsbasis har det vist seg at mange barnehagar og skular til dømes har eit dårleg inneklima. Problema har hatt samanheng med svikt i drift og vedlikehald. Varierande og mangelfullt tilsyn kan også medverke til at barnehagar og skular utviklar eit dårleg inneklima og andre miljømessige problem over tid etter at barnehagen og skulen blei godkjent. Kartlegging av kommunane sine tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular har avdekt store skilnader med omsyn omfanget av tilsyn og oppfølginga av tilsyn i dei tilfella det er konkludert med/funne lovbrot.

Fylkesmannen har ført tilsyn med om kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn ved å sørgje for:

  • klar fordeling av mynde og oppgåver, at tilsynet er tilstrekkeleg uavhengig og har naudsynt kompetanse
  • oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular
  • at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehagen og skulen blir følgde opp og at det blir ført regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen
  • at tilsyn blir følgd opp systematisk der det er avdekt lovbrot

Vi har undersøkt og vurdert om det er klart kven som har delegert mynde til å føre tilsyn med tilhøyrande oppgåver og at dei som skal føre tilsyn, er tilstrekkeleg uavhengig av verksemdene som det skal førast tilsyn med. Dette er særleg aktuelt ved tilsyn med kommunale barnehagar og skular. Vi har òg undersøkt om kommunen har sørgje for at den instansen i kommunen som skal føre tilsyn med barnehagar og skular, har naudsynt kompetanse om miljøretta helsevern, tilsynsmetode og sakshandsaming. Undersøkinga omfatta også korleis kommunen har dokumentert at desse forholda er tekne i vare.

Kommunens tilsyn er eit viktig tiltak for å sikre at barnehagar og skular ikkje blir drivne utan godkjenning. Å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular og godkjenningsstatus er naudsynt ved prioritering av kva barnehagar og skular det er aktuelt å føre tilsyn med. Vi har undersøkt om kommunen har naudsynt oversikt over og opplysningar som viser godkjennings- status.

I kommunens tilsyn inngår både å følgje opp risikoforhold i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og føre regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen. Vi har undersøkt om kommunen sørgjer for at den instansen i kommunen som fører tilsyn, får tilstrekkeleg informasjon om risikoforhold ved miljøet i barnehagar og skular og at tilsynet er basert på risikovurderingar.

Dette er naudsynt i samband med oppfølging av forhold med mogeleg helserisiko i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og i samband med det regelmessige tilsynet. Vi har også undersøkt om kommunen følgjer med på at tilsynsoppgåva blir utført slik som føresett, under dette at det er dokumentert korleis tilsynsoppgåva er planlagt og utført.

For å oppnå føremålet med tilsyn med barnehagar og skular, må lovbrot som tilsynet avdekkjer, bli retta. Då kan tilsynet avsluttast. Vi har undersøkt om kommunen følgjer opp tilsyn på ein systematisk måte, under dette korleis denne delen av arbeidet er dokumentert.

Mynde til å føre tilsyn med kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular

På fagfeltet miljøretta helsevern er Fylkesmannens tilsyn avgrensa til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller sine plikter som tilsynsstyresmakt. Vi fører med andre ord «tilsyn med kommunens tilsyn». Dette tilsynet omfattar ikkje om kommunen som eigar sørgjer for å oppfylle krava til miljøretta helsevern i barnehagar og skular som kommunen eig.

Mange kommunar har delegert mynde og oppgåver til å føre tilsyn til eit interkommunalt selskap eller ein vertskommune. Kommunen kan også kjøpe tenester frå andre kommunar. Fylkesmannens tilsyn er retta mot kommunen, uavhengig av korleis miljøretta helseverntenesta er organisert.

Fylkesmannens tilsyn omfattar kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i private og offentlege barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular i kommunen, og som er omfatta av § 2 i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler.

§ 2 Virkeområde
Forskriften kommer til anvendelse ved planlegging, tilrettelegging og drift av:

  1. barnehager og andre virksomheter som mot godtgjøring gir tilsyn med og omsorg for barn under skolepliktig alder når:
    a. virksomheten er regelmessig, og
    b. tilbyr en ukentlig oppholdstid på mer enn ti timer, og
    c. antall barn som er tilstede samtidig, er tre eller flere
  2. grunnskoler
  3. videregående skoler

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Det vil seie at vi undersøkjer korleis kommunen leier og styrer arbeidet med tilsyn og sørgjer for at aktuelle lovkrav blir oppfylte.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunens folkehelsearbeid etter lov av 24. juni 2011 om folkehelsearbeid (folkehelselova) § 31.

Fylkesmannens tilsyn er lovlegkontroll, jf. kommunelova kapittel 10 A og omfattar folkehelselova § 8 og 9 og § 30 om internkontroll

I følgje kapittel 3 Miljøretta helsevern i folkehelselova skal kommunen ha merksemd på heile befolkninga, uavhengig av sektor. Kommunen har verkemiddel overfor privat og offentleg verksemd og eigedom, og har blant anna som oppgåve å føre tilsyn med faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Kommunens ansvar for tilsyn med miljøretta helsevern går fram av folkehelselova § 9.

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. stiller ei rekkje krav, mellom anna til internkontroll, uteområde, inneklima, reinhald, vedlikehald, smittevern, måltid mv., som er retta mot eigar/leiar av verksemda. Kommunen skal føre tilsyn med at forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular blir oppfylt, jf. presisering i forskrifta § 25.

Krav i lov og forskrift om gjeld ved tilsynet med kommunen

Kommunens plikt til internkontroll
Kommunen har plikt til å føre internkontroll for å sikre at krav i fastsett folkehelselova eller i medhald av folkehelselova blir oppfylte, jf. folkehelselova § 30. Det er ikkje gitt eiga forskrift som utdjupar krava til internkontroll. Kommunens plikt til internkontroll med tilsyn med miljøretta helsevern byggjer på det alminnelege systemet for internkontroll i lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova ) § 23 nr. 2.

Plikt til å dokumentere tilsyn med miljøretta helsevern
Det følgjer av folkehelselova § 30 andre ledd at kommunens tilsyn etter § 9 skal dokumenterast særskilt. Det er presisert i folkehelselova § 30 andre ledd at uavhengigheit og likebehandling i tilsynet skal vere dokumentert. Det forsterka dokumentasjonskravet gjeld generelt for tilsynsoppgåva etter § 9.

Ansvar, oppgåver og mynde
Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen må ha klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde. Kommunen kan delegere oppgåver og mynde innan miljøretta helsevern internt i kommunen eller til vertskommune etter dei alminnelege reglane om delegering i kommunelova eller til eit interkommunalt selskap (IKS), jf. folkehelselova § 9 første ledd andre punktum.

Tilsynet skal vere uavhengig
Kommunen må organisere seg slik at dei personane eller eininga som fører tilsyn med miljøretta helsevern, er tilstrekkeleg uavhengig av underliggjande verksemd som det skal førast tilsyn med. Kommunen må dokumentere at tilsynet er uavhengig, jf. folkehelselova § 30.

Kompetanse
Kommunens plikt til å føre tilsyn med miljøretta helsevern etter folkehelselova §9, føreset at kommunen har naudsynt kompetanse til å utføre tilsynsoppgåva forsvarleg, jf. kravet til internkontroll i folkehelselova § 30. Kommunen må dokumentere at dei som har ansvar for å føre tilsyn med miljøretta helsevern, har naudsynte føresetnader, under dette kompetanse.

Oversikt over godkjenningsstatus
Det inngår i kommunens tilsynsansvar etter folkehelselova § 9 å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular i kommunen. Å ha ei oppdatert oversikt over godkjenningsstatus for barnehagar og skular, er å rekne som del av det løpande arbeidet med oversikt over folkehelseutfordringane i kommunen, òg som kommunen skal ha etter § 4 i forskrift om oversikt over folkehelsen.

Risikobasert tilsyn
Kommunens tilsyn etter folkehelselova § 9 skal vere basert på risikovurderingar. Kommunen må følgje opp forhold som kan innebere at miljøet i barnehagar og skular er uforsvarleg, og føre regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen ut frå risikovurdering. Forskrift om miljøretta helsevern § 4 andre ledd andre punktum presiserer at kommunen skal prioritere tilsyn ut frå vurdering av helserisiko. Kommunens risikovurderingar bør mellom anna byggje på kunnskap om folkehelseutfordringar som kommunen skal ha, jf. folkehelselova § 5.

Opplysnings- og informasjonsplikt
Kommunen må som del av kravet til internkontroll følgje med på at kommunens barnehagar og skular etterlever opplysningsplikta i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular § 5 og sørgje for at dei som fører tilsyn, om myndet er delegert internt i kommunen eller til ekstern instans, får opplysningane.

Tilsynsmetode
Metodane som kommunen bruker ved tilsyn med miljøretta helsevern, må gi eit tilstrekkeleg faktagrunnlag til å kunne konkludere og sikre forsvarleg sakshandsaming. Når kommunen konkluderer med pålegg, må òg utgreiingsplikta i forvaltningslova § 17 bli halden.

Oppfølging og avslutting av tilsyn
Når kommunen har ført tilsyn med ein barnehage eller skule, uavhengig av utfall, skal tilsynet avsluttast, jf. forvaltningslova § 11 a. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen systematisk må følgje opp det einskilde tilsynet og alle tilsyn som ikkje er avslutta. Kommunen skal ha oversikt over fristar, rutinar for purring og ha ein plan for vidare oppfølging.

Krav til saksbehandling
Kommunen er i sitt tilsyn bunden av lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) og forvaltningsrettslege prinsipp. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen ved si organisering og styring må sikre at krav til sakshandsaming i forvaltningslova blir oppfylte.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her gjer vi greie for arbeidet med miljøretta helsevern i barnehagar og skular i kommunen og tiltaka for å sørgje for at lovpålagte krav blir haldne.

Tilsyn med miljøretta helsevern – fordeling av ansvar og mynde, naudsynt kompetanse og uavhengig av verksemder det blir ført tilsyn med

Det administrative og faglege ansvaret for miljøretta helsevern er delt. Kommuneoverlegen har det faglege ansvaret for legetenesta og miljøretta helsevern, jf. notat dagsett 21. juni 2016

«Videredelegasjon fra kommunalsjef levekår til kommuneoverlege». Stillinga for kommuneoverlege er plassert i stab hos kommunalsjef Levekår.

Avdeling miljøretta helsevern har 1 ½ stilling, av dette blir om lag ½ stilling nytta til administrative oppgåver og kontroll av drikkevatn. Tilsette i avdelinga har utdanning på masternivå og mange års arbeidserfaring frå fagfeltet miljøretta helsevern.

Avdeling miljøretta helsevern er den eina av to avdelingar i fagavdeling Samfunnsmedisin og administrativt underlagt fagsjef for Samfunnsmedisin. Legetenesta er den andre avdelinga i fagavdeling Samfunnsmedisin.

Barnehagar og skular er organisert i kommunalavdeling oppvekst.

Barnehagar og skular i kommunen
I Askøy kommune er det 17 barne- og ungdomsskular og to vidaregåande skular. Det er 28 barnehagar i kommunen, 17 av dei er private. Godkjenningsstatus er oppført i brev av 6. februar 2019 til Fylkesmannen. Ein barnehage og 10 skular har ikkje helseverngodkjenning. Det går fram at det ved tilsyn med skular før 2016 blei avdekt brot på krav i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v., som framleis ikkje er retta. I perioden frå 2016 til 11. februar 1 2019 er det ført tilsyn med sju skular, fire private og to kommunale barnehagar. Ved sju av desse tilsyna er det avdekt brot på krav i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v., som ikkje er retta. Tre av tilsyna blei gjennomført i januar og februar 2019.

Risikovurdering som grunnlag for regelmessig tilsyn med barnehagar og skular
Det kom fram i intervju at kommunens tilsyn med barnehagar og skular ikkje har vore basert på risikovurdering og at det ikkje har vore ført regelmessig tilsyn. Opplysingane samsvarer med opplysningar i brev av 8. februar 2019. Tilsynsplan for åra 2016 til 2018 kunne ikkje leggjast fram.

Avdeling miljøretta helsevern har i 2019 utarbeidd og oversendt framlegg til risikokategorisering av barnehagar og skular der rekkefølgje på tilsyn frametter i tid er oppført. Fagleg ansvarleg for miljøretta helsevern har fått orientering, men har ikkje delteke i utarbeiding av risikokategoriseringa av barnehagane og skulane. I 2019 har avdeling miljøretta helsevern som målsetting å gjennomføre 15 – 16 tilsyn med skular og barnehagar.

I kategori «raud 2» er det ein av åtte barnehagar som ikkje er godkjent. Siste tilsyn med den enkelte av dei åtte barnehagen er gjennomført i tida 2007 – 2015.

To av ti skular i kategori «raud» er godkjende på vilkår. Åtte av skulane er ikkje godkjende. Siste tilsyn med den enkelte av desse skulane er gjennomført i tida 2012 – 2019: tilsyn med to av dei var i 2012, to i 2013, eitt i 2015, eitt i 2016, to i 2017 og to i 2019.

Gjennomføring og oppfølging av tilsyn
Dei planlagde tilsyna omfattar som hovudregel heile forskrifta om miljørettet helsevern i barnehager og skoler og blir gjennomført som inspeksjon og samtale med leiar og eventuelt verneombod.

Rapport blir sendt til styrar i barnehagar og rektor ved skulane. I opplysningane vi fekk tilsendt før tilsynsbesøket, går det fram at Miljøretta helsevern har erfart at verksemdene sjeldan har gitt tilbakemelding innan oppgitte fristar og at vidare oppfølging med vedtak og purringar har hatt liten effekt. Tilsyna har ikkje blitt følgde opp med unntak av tilfelle som gjeld alvorlege brot på krav til tryggleik og alvorlege helsemessige forhold. Miljøretta helsevern gir rettleiing i tilfelle verksemdsleiar kan rette manglane. Størstedelen av manglane gjeld forhold som krev tiltak frå eigar. Det går fram av tilsynsrapportar og den etterfølgjande korrespondansen som vi har fått, at det kan ta fleire år før avdekte brot på krav i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v., blir retta. I dei tilsende dokumenta var det i to saker meir enn fem år mellom tilsynsrapporten og neste kontakt frå miljøretta helsevern. Opplysningar i brev av 8. februar 2019 om at flytdiagram for tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular sjeldan blir brukt, samsvarer med informasjon i intervju og andre dokument vi har motteke.

Ved tilsynet fekk vi informasjon om og vist oversikta som Miljøretta helsevern har over godkjenningspliktige skular og barnehagar. Vi blei også vist oversikta over verksemder der påviste brot på krav i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler ikkje er retta.

Miljøretta helsevern, fagavdeling skule og eigedomsavdelinga har dialogmøte fire gonger i året for deling av informasjon om forhold som gjeld helsevernstatus i skulane. Det er ikkje ein tilsvarande møteplass for kommunale og private barnehagar 3.

Byggtekniske manglar ved dei kommunale verksemdene skal registrerast i bygningsforvaltnings- systemet til eigedomsavdelinga. Det er i seinare tid lagt til rette for at Miljøretta helsevern har lesetilgang og kan følgje med på når og kva som blir gjort for å rette bygningsmessige forhold. Det er verksemdsleiar (styrar i barnehage eller rektor ved skule) som skal registrere slike manglar i dette systemet, jf. referat frå dialogmøtet 17. januar 2019.

I 2019 har Miljøretta helsevern endra praksis slik at det i tilsynsrapporten blir gitt førehandsvarsel om at vedtak om retting vil bli vurdert om verksemda ikkje svarar innan fristen. Då tilsynet blei gjennomført fekk vi opplyst at det ikkje var teke endeleg stilling korleis den nyleg innførte ordninga med å varsle om at pålegg ville bli vurdert, skal følgjast opp dersom miljøretta helsevern ikkje får tilbakemelding slik dei ber om 4.

Opplysningar i intervju om at Miljøretta helsevern ikkje får meldingar frå barnehagestyrar eller rektor om ev risikoforhold er i samsvar med opplysningar eigenvurderinga. I samtalar med representantar for brukarane kom det òg fram at dei ikkje kjenner til Miljøretta helsevern og til dømes om skulen har helseverngodkjenning eller ikkje.

Korleis leiinga i kommunen følgjer opp tilsynet med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
I brev av 6. februar 2019 til Fylkesmannen går det fram at kommunen inntil no (februar 2019) ikkje har informert leiinga (rådmann eller kommunalsjef) om tilsynsarbeidet med unntak av særskilte tilfelle. Vidare går det fram at leiinga ikkje har hatt ei klar følgje-med rolle. Det er også omtalt forslag om å innføre ein rutine for at Miljøretta helsevern, kommuneoverlege og kommunalsjef møtest to gonger i året. Ved tilsynet fekk vi opplyst at informasjon om prioriteringar av tilsyn, gjennomføring og oppfølging av tilsyn frå Miljøretta helsevern ikkje har vore etterspurt frå leiinga. Med unntak av spesielle enkeltsaker har Miljøretta helsevern heller ikkje informert leiinga. Leiinga har ikkje kjent til at Miljøretta helsevern over tid ikkje har fått tilbakemeldingar med plan for retting innan oppgitte fristar og at mange tilsyn ikkje er avslutta.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Kommunens tilsyn skal bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremjar helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggjer sjukdom og skade.

Vi finn at kommunens avdeling miljøretta helsevern har naudsynt fagleg kompetanse. Avdelinga har oversikt over barnehagar og skular. Vi har ikkje fått opplysningar som tyder på at dei som gjennomfører tilsynet, ikkje er tilstrekkeleg uavhengig av verksemdene det blir ført tilsyn med.

Opplysningane om gjennomføringa av tilsynet med barnehagar og skular, tilseier at det hittil ikkje er ført regelmessig tilsyn på grunnlag av ei oppdatert og tilgjengeleg vurdering av forhold som kan ha negativ innverknad på helsa til barn i barnehagar og skuleelevar. Gjennomførte tilsyn er med enkelte unntak som omtalt i kapittel 3, ikkje følgde opp frå Miljøretta helsevern. Sjølv om det ligg til andre å rette brot på krav som gjeld ute- og innemiljøet i barnehagar og skular, kan manglande oppfølging frå Miljøretta helsevern si side medverke til at det går lang tid før manglane blir retta. Det ligg ikkje føre opplysningar om at det frå kommunens side er sett i verk tiltak slik at leiarar i barnehagane og skulane etterlever plikta til å informere avdeling miljøretta helsevern om eventuelle manglar eller forhold ved ute- og innemiljøet som kan uheldig innverknad på helsa og trivselen til dei unge. Leiinga i kommunen har med unntak av særskilte saker, ikkje fått eller etterspurt informasjon om arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Etter vår vurdering er kommunens styring med arbeidet med miljøretta helsevern i barnehagar og skular i strid med folkehelselova § 30, jf. § 9.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Askøy kommune sørgjer ikkje for at det på grunnlag av risikovurdering blir ført regelmessig tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Askøy kommune sørgjer ikkje for at gjennomførte tilsyn blir følgde opp og avslutta.

Dette er brot på Folkehelselova § 30, jf. § 9.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie om kva vi ventar verksemda skal gjere i prosessen med å rette lovbrot, slik at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Fylkesmannen ber om at Askøy kommune vurderer kva forhold som har medverka til brot på folkehelselova og brukar brukar denne vurderinga som del av grunnlaget for iverksetting av tiltak for

å rette avdekte lovbrot . Vi ber om at de innan 1. juli 2019 sender oss ein konkret plan for retting og at følgjande går fram av planen:

  • kva tiltak som er planlagt sett i verk
  • korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir sett i verk
  • korleis leiinga vil følgje med på om tiltaka fungerer som planlagt etter at dei har fungert ei tid
  • korleis leiinga vil følgje opp arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
  • kommunens eigne tidsfristar for gjennomføring og evaluering av tiltaka

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Anne Grete Robøle
fagdirektør

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Kopi med vedlegg til:

Statens helsetilsyn Postboks 231 Skøyen 0213 OSLO

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet blei sendt 15. januar 2019.

Tilsynet med Askøy kommune blei innleia med eit kort informasjonsmøte 21. mars 2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn blei halde 22. mars 2019.

Ein del dokument blei tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument blei overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument blei gjennomgått:

  • Brev av 8. februar 2019 frå Askøy kommune med informasjon om organisasjonskart,
  • organiseringa av tilsynet med miljøretta helsevern i skular og barnehagar, stillingsomtale, oversikt over godkjenningsstatus for barnehagar og skular, informasjon risikovurdering, om tilsyn 2016 – 2019, informasjonsutveksling mellom miljøretta helsevern og andre, oppfølging ved avdekte lovbrot, og forslag til rutine for leiinga si oppfølging av tilsynet.
  • Informasjon om aktuelle kontaktpersonar
  • Utfylt eigenvurderingsskjema
  • Funksjonsbeskrivelse kommuneoverlege
  • Notat dagsett 21. juni 2016 «Videredelegasjon fra kommunalsjef levekår til kommuneoverlege»
  • Referat frå dialogmøte helseverngodkjenning skular
  • Om helseverngodkjenning – Askøy VGS, brev av 29. desember 2015
  • Radonmåling – Askøy VGS, vinter 2014 – 2015
  • Tilsynsrapport Hop VGS, datert 4. januar 2018
  • Korrespondanse mellom miljørettet helsevern og Hop VGS i perioden 8. september 2017 – 27. februar 2018
  • Korrespondanse mellom miljørettet helsevern og Hop VGS i perioden 16. april – 25. april 2018
  • Hop VGS - ny utsetjing av frist for retting til 1. mai 2018
  • Korrespondanse mellom miljørettet helsevern og Hop VGS i perioden 9. mai 2018 – 29. januar 2019
  • Korrespondanse mellom miljørettet helsevern og Hop VGS i perioden 9. mai 2018 – 29. januar 2019
  • Hop VGS – pålegg om utarbeiding av tiltaksplan, brev av 29. januar 2019
  • Ravnanger ungdomsskole – om helseverngodkjenning, brev av 12. februar 2016
  • Ravnanger ungdomsskole – e-postkorrespondanse med verneombod 15.- 16. februar 2016
  • Ravnanger ungdomsskole – brev frå 2016
  • Ravnanger ungdomsskole – rektors svar på brev av 12. februar 2016, datert 8. april 2016
  • Om retting av avvik i tilsynsrapport Ravnanger ungdomsskole, e-post 24. april 2018 frå miljøretta helsevern
  • Ny belysning ved Ravnanger ungdomsskole, e-post 4. januar 2019 frå driftsforvaltning bygg, Eigedomsavdelinga
  • Kleppe skole – om godkjenning, brev av 28. desember 2012
  • Kleppe skole – om godkjenning, brev av 28. desember 2012
  • Kleppe skole – e-postkorrespondanse mellom miljøretta helsevern og eigedomssjef, 24. juni 2016
  • Kleppe skole – e-postkorrespondanse mellom miljøretta helsevern og eigedomssjef, 24. juni 2016
  • Kleppe skole – kontroll av uteareal og leikeapparat, rapport datert 13. februar 2017 fra sertifisert inspektør lekeapparater
  • Kleppe skole – om retting av avvik i tilsynsrapport frå miljøretta helsevern, e-post datert 26. april 2018
  • Erdal skole – rapport etter tilsyn 25. januar 2013
  • Erdal skole – internkontrollsystem, revidert november 2012
  • Erdal skole – informasjon om inneklimamåling 22. – 29. september 2015
  • Erdal skole – inneklimarapport to klasserom, datert 1. oktober 2014
  • Erdal skole – om retting av avvik i tilsynsrapport fra miljørettet helsevern, e-post datert 24. april 2018
  • Erdal skole – om retting av avvik i tilsynsrapport fra miljørettet helsevern, e-post datert 24. april 2018
  • Træet skole – om helseverngodkjenning, datert 25. januar 2017
  • Træet skole – om retting av avvik i tilsynsrapport fra miljørettet helsevern, e-post datert 24. april 2018
  • Træet skole – om retting av avvik i tilsynsrapport fra miljørettet helsevern, e-post datert 24. april 2018
  • Tveit barnehage – om helseverngodkjenning, datert 19. november 2015
  • Tveit barnehage – korrespondanse om radonmåling september – november 2015
  • Tveit barnehage – e-post om radonmåling, datert 23. januar 2019
  • Erdal ungdomsskole – tilsynsrapport og varsel om vedtak – pålegg om retting, datert 21. februar 2019
  • Hanøy skole - tilsynsrapport og varsel om vedtak, datert 28. januar 2019
  • Referat frå dialogmøte 17. januar 2019

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Fem representantar for brukar blei intervjua i samband med tilsynet.

Frå Fylkesmannen i Vestland:

  • seniorrådgjevar, Arne Erstad, revisor
  • fagdirektør, Anne Grete Robøle, revisjonsleiar

1 Vi fekk tilsendt opplysningane frå Askøy kommune 11. februar 2019.

2Kriterium raud: «Tilsyn innan to år dersom: Ikkje godkjent, 10 år eller meir sidan siste tilsyn, fleire og eller alvorlege avvik ved sist tilsyn, ikkje fungerande eller framleis manglande forståing for internkontroll, varsel om at alvorlege avvik kan liggje føre.»

3 I tilbakemeldinga på utkast til rapport opplyser kommunen at representant frå fagavdeling barnehage no er invitert til dialogmøte og vil vere fast deltakar frå og med neste møte.

4 I tilbakemeldinga på utkast til rapport frå tilsynet, opplyser kommunen at alle varsel om pålegg no blir følgde opp med vedtak. Dersom tilfredsstillande tilbakemelding ikkje er sendt miljøretta helsevern innan fristen for varsel om vedtak, så blir det no gjort ei vurdering av om det samtidig med vedtaket skal gjevast varsel om oppheving av helseverngodkjenning. Så langt i 2019 har ein skule fått varsel om at helseverngodkjenning blir trekt dersom pålegg ikkje blir etterkome.

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2019 Folkehelseloven. Kommunens tilsyn med miljørettet helsevern i barnehager og skoler

Søk etter tilsynsrapporter

Søk