Hopp til hovedinnhold

Tema: Helsehjelp gitt etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A til pasientar i sjukeheim.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Askvoll kommune, Askvollheimen 21. og 22. mai 2019. Vi undersøkte om leiinga i kommunen har lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

Dette er eit av tilsyna Fylkesmannen i Vestland gjennomfører i 2019. Fylkesmannens konklusjon:

Det vart ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstemaet. Tilsynet er avslutta.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Vi undersøkte om leiinga i kommunen har lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A (heretter 4A) gir heimel til å kunne gi nødvendig somatisk helsehjelp med tvang til pasientar som ikkje forstår konsekvensane av å motsette seg helsehjelpa. Nødvendig helsehjelp gitt med tvang er eit særleg risikoområde fordi konsekvensane av vurderingar, avgjerder og gjennomføring av helsehjelp med tvang, kan vere store for pasienten. Det kan føre til at det vert utøvd ulovleg tvang eller at pasienten ikkje får nødvendig helsehjelp.

Vi har spesielt undersøkt om:

  • pasientens motstand mot helsehjelp vert fanga opp
  • pasientens samtykkekompetanse vert vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert forsøkt før nødvendig helsehjelp vert gitt med tvang
  • helsefaglege vurderingar vert gjort før den aktuelle helsehjelpa kan verte gitt med tvang

Tilsynet var avgrensa til å gjelde pasientar i sjukeheim.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunal helse- og omsorgstenester, etter helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4.

Tilsynet inneber at Fylkesmannen kontrollerer om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Nedanfor er ei oversikt over lovgrunnlag og krava som vart lagt til grunn i tilsynet:.

  • Lov om pasient- og brukarrettar
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstenester
  • Pasientjournallova
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta

Systematisk styring og kvalitetsforbetring
Etter helse- og omsorgstenestelova § 4-2 skal kommunen drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Dette skal inngå som ein del av styringssystemet, jf. helsetilsynslova § 5. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta, under dette systematisk arbeid for å ivareta pasienttryggleiken. Krava i forskrifta §§ 6 til 9 er minimumskrav.

Den som har det overordna ansvaret for verksemda, har også det overordna ansvaret for styringssystemet og for korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krava i helse- og omsorgstenestelovgjevinga.

Kravet til omfang og innhald i styringssystemet og kravet til dokumentasjon, skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten, aktivitetar og risikoforhold og ha nødvendig omfang. Den skriftlege dokumentasjonen skal bidra til at praksis er i samsvar med føringar som er gitt og at lovpålagte krav vert oppfylte. Ved særleg risikofylte oppgåver og oppgåver som sjeldan vert utførte er det større krav til skriftlege rutinar. Rutinane skal vere oppdaterte og kjende for helsepersonellet i verksemda.

Krav til dokumentasjon
Journalen ein reiskap for helsepersonellet for å sikre at pasienten får forsvarleg helsehjelp. Journalen skal også gi tilsynsmyndigheiter og andre instansar mogelegheit for å etterprøve helsehjelpa som er gitt. Helsepersonell skal dokumentere nødvendige og relevante opplysningar, jf. pasientjournalforskrifta.

Nødvendig helsehjelp
Pasientar har rett til nødvendige helsetenester frå kommunen, jf. pasient- og brukarrettslova § 2-1a andre ledd. Kommunen har plikt til å gi nødvendig helsehjelp, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c.

Forsvarleg helsehjelp
Helsehjelpa skal vere forsvarleg, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er leiinga i kommunen sitt ansvar å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene er forsvarlege i sitt innhald og omfang. For å oppfylle kravet til forsvarleg teneste må kommunen organisere og legge til rette for at helsepersonell kan utøve helsehjelpa på ein forsvarleg måte. Det inneber mellom anna å sørge for tilstrekkeleg bemanning, at helsepersonell har nødvendig kunnskap og ferdigheiter, og at dei har fått tilstrekkeleg opplæring. Det skal også vere tilrettelagt for samarbeid med anna relevant helsepersonell.

Samtykke til helsehjelp
Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelp, jf. pasient- og brukarrettslova § 4 -1. Dersom pasienten er vurdert til å vere samtykkekompetent, må helsepersonell respektere pasientens avgjerd om å ikkje ta imot helsehjelpa. Helsepersonell må i slike tilfelle forsikre seg om at pasienten har fått tilstrekkeleg informasjon om kva konsekvensar det kan få å takke nei.

Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse og ikkje gjer motstand, vil det vere pasient- og brukarrettslova kapittel 4-6 som gir heimel for å yte helsehjelpa.

Det er først når pasienten ikkje har samtykkekompetanse og gjer motstand mot helsehjelpa at helsepersonell må vurdere om vilkåra for å kunne gi helsehjelp med tvang med heimel i 4A, er oppfylt.

For å kunne gi nødvendig helsehjelp med tvang må helsepersonell gjere ei forsvarleg vurdering av pasientens samtykkekompetanse opp mot den konkrete helsehjelpa. Krava er gitt i pasient- og brukarrettslova § 4-3. Det er helsepersonellet som yter helsehjelpa som skal avgjere om pasienten har samtykkekompetanse. Den som er ansvarleg for helsehjelpa skal eventuelt gjere vedtak om tvang etter 4A.

Leiinga i kommunen skal sørge for at tilsette får nødvendig opplæring om vurdering av samtykkekompetanse. Det skal vere avklart og kjent kven som har mynde til å avgjere om pasienten har samtykkekompetanse. Sjå nærare omtale om dette i Helsedirektoratets rundskriv IS-8/2015 og kommentarar til pasient- og brukarrettslova § 4-3.

Helsepersonell skal legge fram avgjerda om manglande samtykkekompetanse for pasienten og pårørande, jf. pasient- og brukarrettslova § 4-3, fjerde ledd. Dersom pasienten ikkje har pårørande, skal anna kvalifisert helsepersonell bli førelagt avgjerda. Avgjerd om manglande samtykkekompetanse og vurderingar og observasjonar som ligg til grunn for denne, skal gå fram av pasientjournalen.

Motstand mot helsehjelp
Pasientar kan uttrykke motstand ulikt. Motstand kan kome til uttrykk både munnleg og fysisk, til dømes ved blikk, fysisk utagering, tilbaketrekking eller ved å snu seg vekk. Det vert stilt krav til helsepersonell for å kunne tolke eventuell motstand hos pasienten. Leiinga skal sørge for at helsepersonell får opplæring i å avdekke motstand, og gjere dei kjent med rutinane for korleis dei skal følgje opp motstand. Oppfølging av motstand handlar mellom anna om å vurdere behovet for helsehjelp, om at motstanden vert rapportert til leiar og om samarbeid med til dømes pårørande og sjukeheimslege. Helsepersonell skal dokumentere motstand og oppfølginga av denne i pasientjournalen.

Tillitsskapande tiltak
Sjølv om pasienten set seg imot helsehjelpa og helsepersonell vurderer at pasienten ikkje har samtykkekompetanse, skal tillitsskapande tiltak vere prøvd før helsehjelpa kan bli gitt med tvang, med mindre dette er openbert formålslaust, jf. pasient- og brukarrettslova § 4A-3. Formålet med tillitsskapande tiltak er å førebygge og redusere bruk av tvang. Leiinga må sørge for at helsepersonell har høve til å bli godt kjent med pasienten, har tid til å kartlegge årsakene til motstanden og til å prøve ut forskjellige tillitsskapande tiltak. Helsepersonell skal ha fått opplæring i kva tillitsskapande tiltak inneber. Verksemda skal ha rutinar for arbeidet med tillitsskapande tiltak. Tillitsskapande tiltak som er prøvd og effekten av desse skal gå fram av pasientjournalen.

Helsefaglege vurderingar
Etter pasient- og brukarrettslova 4A-3 kan helsepersonell berre gi helsehjelp med tvang dersom manglande helsehjelp kan føre til vesentleg helseskade hos pasienten. Helsepersonellet må gjere ei vurdering av kva konsekvensar det kan få for pasienten dersom helsehjelpa ikkje vert gjennomført. Det er også eit krav om at helsehjelpa må vere nødvendig for å unngå vesentleg helseskade og at dei negative verknadane av tvangstiltaket for pasienten vert vega opp mot dei positive verknadane av helsehjelpa.

Når alle vurderingane ovanfor er gjort skal helsepersonell gjere ei heilskapleg vurdering av om helsehjelpa klårt er det beste for pasienten. I denne vurderinga må pasientens grad av motstand kome fram, og om det er grunn til å tru at pasienten kan få tilbake samtykkekompetansen i nær framtid. Når pasienten gjer motstand mot helsehjelp, ligg terskelen for å gi helsehjelpa mot pasientens vilje høgt. Helsepersonell må dokumentere vurderingar og konklusjonar i pasientjournalen slik at dei er tilgjengelege og kan verte etterprøvd.

4A – vedtak
Dersom pasienten openbart ikkje kan samtykke og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram eller er openbart formålslause, må følgjande vilkår vere oppfylt før helsehjelpa kan bli gitt med tvang:

  • å unnlate å gi helsehjelp kan gi vesentleg helseskade
  • helsehjelpa er nødvendig
  • tvangen står i forhold til behovet for helsehjelp
  • ei heilskapleg vurdering av at helsehjelpa er den klårt beste løysinga for pasienten

Det må vere avklart og kjent kven som har mynde til å gjere vurderingane og kven som kan gjere vedtak om tvungen helsehjelp etter 4A. Ved tvang som inneber eit alvorleg inngrep for pasienten skal helsepersonell gjere vedtak i samråd med anna kvalifisert helsepersonell.

Det er leiar for dei enkelte einingane sitt ansvar å sørge for at tilsette får opplæring og nødvendig kjennskap til regelverket og kva dette betyr for praksis i den daglege kontakten med pasientane. Leiinga skal sørge for at det er utarbeidd rutinar og skal følgje med på at rutinane vert etterlevd i praksis. Einingsleiar skal også legge til rette for samarbeid mellom legar, leiarar og anna helsepersonell og for rapportering og dokumentasjon.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis dei aktuelle tenestene til verksemda fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørge for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane vert haldne.

Askvoll kommune ligg i Sogn og Fjordane og har om lag 3045 innbyggjarar. Askvollheimen har 29 plassar, men i tidsrommet for gjennomføring av tilsynet var det ein omfattande om- og påbygging av lokala og det var derfor 22 pasientar på sjukeheimen. Askvollheimen består av to seksjonar som er delt inn i fløyer. Tilsynet var avgrensa til Kårstova og Smia/Fløyen. Sjukeheimen er samlokalisert med eit bufellesskap.

Organisering
Styringslina for sjukeheimsavdelingane på Askvollheimen går frå kommunalsjef for helse- og omsorg til to seksjonsleiarar. Dei har ansvar for kvar sin seksjon ved sjukeheimen. Seksjonsleiarane har tett samarbeid og eit felles leiaransvar for sjukeheimen. Det er ein gruppeleiar på kvar fløy som rapporterer til seksjonsleiarane. Primær- og sekundærkontakt er utpeikt for kvar pasient. Det er tilsett fagutviklingssjukepleiar som er underlagt den eine seksjonsleiaren.

Sjukeheimslegen har om lag 20 % stilling på sjukeheimen. Turnuslege er på sjukeheimen enkelte dagar. Vedtak etter 4A vert gjort i samråd med sjukeheimslegen. Ho har fått opplæring om 4A gjennom å ha delteke på kurs.

Styring
Seksjonsleiarane har mellom anna det faglege ansvaret, ansvar for utarbeiding av rutinar og implementering og oppfølging av desse. Dei har faste møte med kommunalsjefen. Faglege tema og administrative prosjekt vert mellom anna tatt opp her. Avvik vert ikkje tatt opp systematisk, men vert diskutert på møta når det er relevant.

Seksjonsleiarane deltek i rapporten på avdelingane kvar veke og er til stades på gruppemøte og på refleksjonsmøte. Det er kontakt mellom gruppeleiarane og seksjonsleiarane fleire gonger kvar veke. I denne kontakten vert det mellom anna tatt opp problemstillingar rundt einskilde pasientar etter behov.

Fagutviklingssjukepleiar skal jobbe pasientretta og delta i utarbeiding av prosedyrar og følgje desse opp i praksis.

Sjukeheimen har risikotavler på vaktrommet. Melde avvik gir grunnlag for satsingsområde for risikotavlene.

Leiinga har sørga for at det er utarbeidd skriftelege prosedyrar for arbeidet med kapittel 4A. prosedyrane er gjort kjent for dei tilsette, og dei har fått opplæring i kva regelverk og rutinar betyr for praksis. Dette gjeld også for ferievikarar. Det er gjennomført kompetansekartlegging og utarbeidd ein opplæringsplan.

Det er faste månadlege refleksjonsmøte der avvik vert diskutert og effekt av tillitsskapande vert evaluert. Dette er også tema på rapporten. Fagutviklingssjukepleiar deltek på møta. Utfordrande problemstillingar relatert til pasientar vert alltid diskutert i personalgruppa. Det vert skrive referat frå møta som dei tilsette må kvittere på at dei har lese. Både primær- og sekundærkontakt skal vere med å vurdere pasientens samtykkekompetanse ilag med sjukeheimslegen.

Det er kjent for dei tilsette at dei kan melde avvik i RISK og i CosDoc, men dei er usikre på kva dei skal melde som avvik på området 4A. Dersom det vert meld avvik, vert desse tatt opp på gruppemøte.

Seksjonsleiarane følgjer med på praksis ved å lese i pasientjournalane. Det er avdekka område der det kan vere risiko for svikt i tenestene til pasientane. Dei tilsette og leiinga har peika på dokumentasjon som eit område for forbetring. Det var sett i verk tiltak for å rette opp dette.

Det går fram av dokumentasjonen at seksjonsleiarane er overordna fagleg ansvarleg for 4A-vedtak, men under intervju fekk vi ulike svar på kven dette var. Dette var ikkje klårt verken for tilsette eller leiinga.

Det er små forhold i kommunen og helsepersonell kjenner som regel bakgrunnen til pasientane og deira pårørande før innlegginga på sjukeheimen. Det er tett samarbeid med pårørande.

Motstand
Motstand mot helsehjelp er tema på møte i avdelingane og på rapporten, og motstand vert dokumentert i journalen. Opplysningar vi får i intervju tilseier at dei tilsette har lik oppfatning av kva motstand og tvang er. Dersom ein pasient gjer motstand, er praksis å ta dette opp på legevisitt, med gruppeleiar og eventuelt seksjonsleiar. Det ligg føre skriftleg prosedyre om oppfølging av motstand. På skjerma avdeling er det låst dør ut frå avdelinga og nokre pasientar gir uttrykk for at dei vil ut. Dei får gå ut i hagen og på tur når det er mogleg. Som regel har tillitsskapande tiltak effekt.

Samtykkekompetansevurdering
Det er utarbeidd skrifteleg prosedyre for samtykkekompetansevurdering. Dei tilsette har fått opplæring om temaet. To helsepersonell skal vere med i vurderinga av samtykkekompetansen. Ved mistanke om at pasienten ikkje har samtykkekompetanse vert dette journalført og meldt til overordna. Dette er kjent for dei tilsette. Ved journalgjennomgang finn vi ikkje dette alltid dokumentert. Ved legemiddelgjennomgang to gonger årleg vert den generelle samtykkekompetansen til pasienten vurdert.

Dersom helsepersonell vurderer å gjere vedtak etter 4A, vert sjukeheimslegen involvert i samtykkekompetansevurderinga.

Tillitsskapande tiltak
Det er utarbeidd skriftleg prosedyre for bruk av tillitsskapande tiltak som er kjent og vert praktisert av dei tilsette. Det er gjennomgåande i intervjua at dei tilsette legg stor vekt på bruk av tillitsskapande tiltak for å unngå bruk av tvang, og at erfaringa er at bruk av tillitsskapande tiltak som regel fører fram. Dei tilsette har god kjennskap til pasientane og opplyser at dei samarbeider tett med pårørande om tillitsskapande tiltak.

Helsefagleg vurdering
Dei tilsette er kjende med kven som skal gjere dei helsefaglege vurderingane når pasienten gjer motstand mot helsehjelpa. Legen gjer vurdering av pasientar som er i grenseland mellom somatikk og psykiatri.

Askvollheimen hadde frå oktober 2018 til tidspunktet for tilsynet sendt oss kopi av eitt 4A-vedtak. Oppsummering av funn etter journalgjennomgang

Vi gjekk gjennom 19 journalar for siste halvåret før tilsynet frå fløyene der tilsynet blei gjennomført.

Ein pasient hadde 4A-vedtak. Vi fann at 10 av dei 19 pasientane hadde kognitiv svikt. Det var dokumentert motstand mot helsehjelpa hos 8 av dei 10 pasientane. For dei 8 pasientane som gjorde motstand, fann vi at samtykkekompetansevurdering var dokumentert hos 1 pasient. I 7 av dei 10 journalane der pasienten hadde gjort motstand mot helsehjelp, var det dokumentert forsøk på tillitsskapande tiltak for å unngå å gi helsehjelpa med tvang. Det var dokumentert helsefagleg vurdering av om helsehjelpa skulle bli gitt med tvang hos 1 av dei 10 pasientane som gjorde motstand.

I forkant av tilsynet vart det sendt brev til pasientar og pårørande på avdelinga med tilbod om å komme med innspel til tilsynstema. Vi fekk ingen tilbakemeldingar.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til systematisk leiing og styring for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga i kommunen har eit overordna ansvar for styringssystemet, for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er egna til å ivareta dette. Formålet med kapittel 4A er å gi nødvendig somatisk helsehjelp og førebygge unødig bruk av tvang. Dette stiller krav til at helsepersonellet kjenner til reglane som gjeld og kva desse betyr i praksis. Leiar for sjukeheimen har ansvar for å følgje dette opp.

Leiinga ved Askvollheimen har sørga for og følgjer med på at dei tilsette har fått opplæring om 4A og om korleis praksis skal vere. Det er utarbeidd skriftlege prosedyrar som dei tilsette er kjent med.

Leiinga følgjer med på at praksis er i tråd med rutinane.

Helsepersonell skildra i intervjua praksis tilnærma likt, og dei veit kva oppgåver den enkelte har når pasientar gjer motstand mot helsehjelp. Det er klårt kven som kan gjere vedtak etter 4A.

Vi meiner at pasientar som gjer motstand mot helsehjelp vert følgd opp i tråd med krava i regelverket, men ikkje alle vurderingar og avgjerder vert dokumentert i journalen. Dette kan medføre at nødvendige og relevante opplysningar som skal bidra til at pasienten får forsvarlege og trygge helsetenester, ikkje er tilgjengelege for dei som skal følgje opp pasienten. Dette hadde leiinga avdekka og sett i verk tiltak for å forbetre.

Når dei tilsette er usikre på kva som er å rekne som avvik på området 4A, kan dette føre til at leiinga ikkje får informasjon om manglar ved praksis gjennom meldingar i dei etablerte avvikssystema.

Med bakgrunn i dei undersøkingane vi har gjort, meiner vi at leiinga har sørga for at det er rammer ved Askvollheimen som gjer at det ikkje er tilfeldig og opp til kvart helsepersonell korleis helsehjelpa vert utført, men at gjeldande prosedyrar og praksis vert følg. Det er dermed lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4. Konklusjon:

Det vart ikkje avdekka lovbrot under tilsynet. Tilsynet er avslutta.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Beate Tollefsen
seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok. Varsel om tilsynet vart sendt 20.03.2019.

Tilsynet vart gjennomført ved Askvollheimen på Smia/Fløyen og Kårstova. Fylkesmannen innleia tilsynet med eit informasjonsmøte 21.05.2019. Funn frå tilsynet vart presentert på oppsummeringsmøtet 22.05.2019.

Fylkesmannen har gått gjennom følgjande dokument:

  • Rutine:
    • Vurdering av samtykkekompetanse i helse- og omsorgsteneste
    • Gjennomføring av tvungen somatisk helsehjelp
  • Retningslinje:
    • Internkontroll
    • Avvik
    • Elektronisk journalsystem
    • Innkomstjournal og årskontroll – Askvoll omsorgssenter
  • Velkomen til Askvoll omsorgssenter
  • Oversikt over tilsette, med kommentarar
  • Organisasjonskart
  • Samtykke til skjema tannlege
  • Kartleggingsskjema for LMG i sykehjem og hjemmetjenesten
  • Referat frå refleksjonsmøter (bok 1 og 2)
  • Gruppemøte Kår – referat
  • Møtebok Smia/Fløyen og gruppe 2
  • Felles Personalmøte
  • Årsrapport 2018 Askvoll kommune (inkludert Askvollheimen)
  • Stillingsomtale:
    • Kommunalsjef for helse- og omsorg
    • Seksjonsleiar
    • Kommunelege
    • Turnuslege
    • Fagutviklingssjukepleiar
    • Gruppeleiar
    • Sjukepleiar
    • Psykiatrisk sjukepleiar
    • Kreftkoordinator
    • Vernepleiar
    • Fysioterapeut
    • Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar/hjelpepleiar
    • Assistent pleie
    • Aktivitør

Under tilsynet fekk vi sjå:

  • Kvalitetshandboka
  • Riskmanager
  • Årsrapport 2018
  • Risikotavler
  • Pasientjournalar

Revisjonsleiar fekk omvising ved Askvollheimen.

I tabellen under gir vi eit oversyn over dei som vart intervjua, og deltakarane på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen i Vestland deltok:

  • Seniorrådgjevar, Astrid Tveit, revisor
  • Assisterande fylkeslege Ingunn Watsend Erichsen, revisor
  • Seniorrådgjevar Beate Tollefsen, revisjonsleiar