Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Aurland kommune 9. april 2019. Vi undersøkte om kommunen fører tilsyn med barnehagar og skular i samsvar med aktuelle lovkrav slik at inne- og utemiljø fremjar helse og trivsel og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skuleelevar.

Tilsynet blei gjennomført som del av det landsomfattende tilsynet i 2019 initiert av Statens helsetilsyn.

Fylkesmannens konklusjon:
Aurland kommune har ikkje iverksett naudsynte tiltak for å følgje med på arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Dette er brot på: Folkehelselova § 30, jf. § 9.

Vi ber om at kommunen vurderer kva forhold som har medverka til brot på krav i folkehelselova og brukar denne vurderinga som del av grunnlaget for iverksetting av tiltak for å rette lovbrot.

Innan 1. juli 2019 ber vi om å få tilsendt ein konkret plan for retting der det også går fram korleis leiinga i kommunen vil følgje med på at tiltaka er eigna og fungerer.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med folkehelselova i 2019 er retta mot kommunens arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Føremålet med tilsynet er å medverke til at kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn med at inne- og utemiljø i barnehagar og skular fremjar helsa og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skular. Inne- og utemiljøet har mykje å seie for helse, trivsel og prestasjonar blant barn og unge. På landsbasis har det vist seg at mange barnehagar og skular til dømes har eit dårleg inneklima. Problema har hatt samanheng med svikt i drift og vedlikehald. Varierande og mangelfullt tilsyn kan også medverke til at barnehagar og skular utviklar eit dårleg inneklima og andre miljømessige problem over tid etter at barnehagen og skulen blei godkjent. Kartlegging av kommunane sine tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular har avdekt store skilnader med omsyn omfanget av tilsyn og oppfølginga av tilsyn i dei tilfella det er konkludert med/funne lovbrot.

Fylkesmannen har ført tilsyn med om kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn ved å sørgje for:

  • klar fordeling av mynde og oppgåver, at tilsynet er tilstrekkeleg uavhengig og har naudsynt kompetanse
  • oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular
  • at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehagen og skulen blir følgde opp og at det blir ført regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen
  • at tilsyn blir følgd opp systematisk der det er avdekt lovbrot

Vi har undersøkt og vurdert om det er klart kven som har delegert mynde til å føre tilsyn med tilhøyrande oppgåver og at dei som skal føre tilsyn, er tilstrekkeleg uavhengig av verksemdene som det skal førast tilsyn med. Dette er særleg aktuelt ved tilsyn med kommunale barnehagar og skular. Vi har òg undersøkt om kommunen sørgjer for at den instansen i kommunen som skal føre tilsyn med barnehagar og skular, har naudsynt kompetanse om miljøretta helsevern, tilsynsmetode og sakshandsaming. Undersøkinga vår omfatta også korleis kommunen har dokumentert at desse forholda er tekne i vare.

Kommunens tilsyn er eit viktig tiltak for å sikre at barnehagar og skular ikkje blir drivne utan godkjenning. Å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular og godkjenningsstatus er naudsynt ved prioritering av kva barnehagar og skular det er aktuelt å føre tilsyn med. Vi har undersøkt om kommunen har naudsynt oversikt over og opplysningar som viser godkjennings- status.

I kommunens tilsyn inngår både å følgje opp risikoforhold i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og fører regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen. Vi har undersøkt om kommunen sørgjer for at den instansen i kommunen som fører tilsyn, får tilstrekkeleg informasjon om risikoforhold ved miljøet i barnehagar og skular og at tilsynet er basert på risikovurderingar.

Dette er naudsynt i samband med oppfølging av forhold med mogeleg helserisiko i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og i samband med det regelmessige tilsynet. Vi har også undersøkt om kommunen følgjer med på at tilsynsoppgåva blir utført slik som føresett, under dette at det er dokumentert korleis tilsynsoppgåva er planlagt og utført.

For å oppnå føremålet med tilsyn, må lovbrot tilsynet avdekkjer, bli retta. Då kan tilsynet avsluttast. Vi har undersøkt om kommunen følgjer opp tilsyn på ein systematisk måte, under dette korleis denne delen av arbeidet er dokumentert.

Mynde til å føre tilsyn med kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular

På fagfeltet miljøretta helsevern er Fylkesmannens tilsyn avgrensa til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller sine plikter som tilsynsstyresmakt. Vi fører med andre ord «tilsyn med kommunens tilsyn». Dette tilsynet omfattar ikkje om kommunen som eigar sørgjer for å oppfylle krava til miljøretta helsevern i barnehagar og skular som kommunen eig.

Mange kommunar har delegert mynde og oppgåver til å føre tilsyn til eit interkommunalt selskap eller ein vertskommune. Kommunen kan også kjøpe tenester frå andre kommunar. Fylkesmannens tilsyn er retta mot kommunen, uavhengig av korleis miljøretta helseverntenesta er organisert.

Fylkesmannens tilsyn omfattar kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i private og offentlege barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular i kommunen, og som er omfatta av § 2 i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler.

§ 2 Virkeområde
Forskriften kommer til anvendelse ved planlegging, tilrettelegging og drift av:

  1. barnehager og andre virksomheter som mot godtgjøring gir tilsyn med og omsorg for barn under skolepliktig alder når:
    a. virksomheten er regelmessig, og
    b. tilbyr en ukentlig oppholdstid på mer enn ti timer, og
    c. antall barn som er tilstede samtidig, er tre eller flere
  2. grunnskoler
  3. videregående skoler

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Det inneber tilsyn med korleis korleis kommunen leier og styrer arbeidet med tilsyn og sørgjer for at aktuelle lovkrav blir oppfylte.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunens folkehelsearbeid etter lov av 24. juni 2011 om folkehelsearbeid (folkehelselova) § 31.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Fylkesmannens tilsyn er lovlegkontroll, jf. kommunelova kapittel 10 A og omfattar folkehelselova §§ 8 og 9 og § 30 om internkontroll

I følgje kapittel 3 Miljøretta helsevern i folkehelselova skal kommunen ha merksemd på heile befolkninga, uavhengig av sektor. Kommunen har verkemiddel overfor privat og offentleg verksemd og eigedom, og har blant anna som oppgåve å føre tilsyn med faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Kommunens ansvar for tilsyn med miljøretta helsevern går fram av folkehelselova § 9.

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. stiller ei rekkje krav, mellom anna til internkontroll, uteområde, inneklima, reinhald, vedlikehald, smittevern, måltid mv., som er retta mot eigar/leiar av verksemda. Kommunen skal føre tilsyn med at forskrift om miljøretta helsevern i barnhagar og skular blir oppfylt, jf. presisering i forskrifta § 25.

Krav i lov og forskrift om gjeld ved tilsynet med kommunen

Kommunens plikt til internkontroll
mmunen har plikt til å føre internkontroll for å sikre at krav i fastsett folkehelselova eller i medhald av folkehelselova blir oppfylte, jf. folkehelselova § 30. Det er ikkje gitt eiga forskrift som utdjupar krava til internkontroll. Kommunens plikt til internkontroll med tilsynsoppgåva byggjer på det alminnelege systemet for internkontroll i lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova ) § 23 nr. 2.

Plikt til å dokumentere tilsyn med miljøretta helsevern
Det følgjer av folkehelselova § 30 andre ledd at kommunens tilsyn etter § 9 skal dokumenterast særskilt. Det er presisert i folkehelselova § 30 andre ledd at uavhengigheit og likebehandling i tilsynet skal vere dokumentert. Det forsterka dokumentasjonskravet gjeld generelt for tilsynsoppgåva etter § 9.

Ansvar, oppgåver og mynde
Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen må ha klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde. Kommunen kan delegere oppgåver og mynde innan miljøretta helsevern internt i kommunen eller til vertskommune etter dei alminnelege reglane om delegering i kommunelova eller til eit interkommunalt selskap (IKS), jf. folkehelselova § 9 første ledd andre punktum.

Tilsynet skal vere uavhengig
unen må organisere seg slik at dei personane eller eininga som fører tilsyn med miljøretta helsevern, er tilstrekkeleg uavhengig av underliggjande verksemd som det skal førast tilsyn med. Kommunen må dokumentere at tilsynet er uavhengig, jf. folkehelselova § 30.

Kompetanse
Kommunens plikt til å føre tilsyn med miljøretta helsevern etter folkehelselova §9, føreset at kommunen har naudsynt kompetanse til å utføre tilsynsoppgåva forsvarleg, jf. kravet til interkontroll i folkehelselova § 30. Kommunen må dokumentere at dei som har ansvar for å føre tilsyn med miljøretta helsevern, har naudsynte føresetnader, under dette kompetanse.

Oversikt over godkjenningsstatus
Det inngår i kommunens tilsynsansvar etter folkehelselova § 9 å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular i kommunen. Å ha ei oppdatert oversikt over godkjenningsstatus for barnehagar og skular, er å rekne som del av det løpande arbeidet med oversikt over folkehelseutfordringane i kommunen, òg som kommunen skal ha etter § 4 i forskrift om oversikt over folkehelsen.

Risikobasert tilsyn
Kommunens tilsyn etter folkehelselova § 9 skal vere basert på risikovurderingar. Kommunen må følgje opp forhold som kan innebere at miljøet i barnehagar og skular er uforsvarleg, og føre regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen ut frå risikovurdering. Forskrift om miljøretta helsevern § 4 andre ledd presiserer at kommunen skal prioritere tilsyn ut frå vurdering av helserisiko. Kommunens risikovurderingar bør mellom anna byggje på kunnskap om folkehelseutfordringar som kommunen skal ha, jf. folkehelselova § 5.

Opplysnings- og informasjonsplikt
Kommunen må som del av kravet til internkontroll følgje med på at kommunens barnehagar og skular etterlever opplysningsplikta i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular § 5 og sørgje for at dei som fører tilsyn, om myndet er delegert internt i kommunen eller til ekstern instans, får opplysningane.

Tilsynsmetode
Metodane som kommunen bruker ved tilsyn med miljøretta helsevern, må gi eit tilstrekkeleg faktagrunnlag til å kunne konkludere og sikre forsvarleg sakshandsaming. Når kommunen konkluderer med pålegg, må òg utgreiingsplikta i forvaltningslova § 17 bli halden.

Oppfølging og avslutting av tilsyn
Når kommunen har ført tilsyn med ein barnehage eller skule, uavhengig av utfall, skal tilsynet avsluttast, jf. forvaltningslova § 11 a. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen systematisk må følgje opp det einskilde tilsynet og alle tilsyn som ikkje er avslutta. Kommunen skal ha oversikt over fristar, rutinar for purring og ha ein plan for vidare oppfølging.

Krav til saksbehandling
Kommunen er i sitt tilsyn bunden av lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) og forvaltningsrettslege prinsipp. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen ved si organisering og styring må sikre at krav til sakshandsaming i forvaltningslova blir oppfylte.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular – fordeling av ansvar
og mynde, naudsynt kompetanse og uavhengig av verksemder det blir ført tilsyn med
Aurland kommune er ein av åtte medlemskommunar i Miljøretta helsevern for Indre Sogn (MHIS) der Sogndal kommune er vertskommune. Vertskommuneavtalen om miljøretta helsevern blei inngått i 2004. Føremålet med ordninga er å gje kommunane støtte til å ivareta oppgåvene innan miljøretta helsevern. Den faglege delen blir styrt av eit eige råd mellom dei som har ansvaret for miljøretta helsevern i den einskilde samarbeidande kommune. Rådet utarbeider årleg handlingsplan (innhald og omfang av tilsyn det enkelte året ). Vi fekk opplyst at vertskommuneavtalen blir teken opp til vurdering i samband med kommunereform og ny lov om kommunar og fylkeskommunar.

MHIS har ei stilling. Sogndal kommune er arbeidsgjevar. Miljøhygienikar i MHIS utfører tilsyn i barnehagane og skulane i lag med helsesjukepleiar på vegne av kommuneoverlegen i Aurland.

Det går fram av delegeringsreglementet frå november 2018 for Aurland kommune og i brev av 5. juli 2016 at kommuneoverlegen har ansvar for miljøretta helsevern. Tenesteleiar helse og førebygging er næraste overordna til kommuneoverlegen. Tenesteleiar har delegert rådmannens fullmakter innan sitt fagområde. Vi fekk opplyst at dette mellom anna omfattar oppfølging av samarbeidsavtalen. Miljøhygienikar har brei fagleg kompetanse og har ingen bindingar til barnehagane og skulane i kommunen.

Barnehagar og skular i kommunen
I Aurland kommune er det to kommunale og ein privat barnehage, to grunnskular og ein vidaregåande skule. Det går fram av opplysningar vi fekk tilsendt frå MHIS at fem av dei har helseverngodkjenning. Ved to av dei blei det ved siste tilsyn i 2016 avdekt brot på krav i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler mv., som ikkje er retta enno. Det går òg fram at det har vore tilsyn med barnehagane og dei kommunale skulane om lag kvart 4 - 6 år. Det har ikkje vore tilsyn med vidaregåande skule etter 2011. Skulen har ikkje helseverngodkjenning. Skulen bad om opplysningar for å søkje om slik godkjenning i 2017 og fekk svar i 2019. I 2019 er det planlagt tilsyn med fem av verksemdene i kommunen.

Risikovurdering som grunnlag for regelmessig tilsyn med barnehagar og skular
MHIS har utarbeidd forslag til risikogruppering av verksemder. Forslaget er sendt til medlemmene i fagrådet (det årlege møtet mellom MHIS og kommuneoverlegane i samarbeidskommunane) og blir behandla på det komande møtet i 2019.

Det går fram av mottekne tilsynsplanar og blei også opplyst i intervju, at planlagde tilsyn i 2017 og 2018 blei utsett grunna liten kapasitet hos MHIS. Kapasitet til å utføre oppgåvene var sak i møtet i fagrådet 2018 og er omtalt i årsmeldinga 2018 frå MHIS.

Vi fekk opplyst at MHIS og kommuneoverlegen ikkje får informasjon frå leiarar i barnehagar og skular og andre om risikoforhold i barnehagen og skulen på andre tidspunkt enn ved tilsyn. MHIS har erfart at informasjon om forhold ved skular og barnehagar som miljøretta helsevern burde vore gjort kjend med på tidlegare tidspunkt, ikkje er formidla. Dette er ikkje meldt til tenesteleiar for helse og førebygging. I samtalar med representantar frå foreldreutval kom det fram at dei var lite kjende med arbeidet som MHIS utfører. Vi fekk ikkje opplysningar om at kommunen har iverksett tiltak som kan bidra til at leiarar i barnehagar og skular etterlever opplysningsplikta jf. forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler § 5.

Gjennomføring og oppfølging av tilsyn
Det går fram av prosedyren for tilsyn i barnehagar og skular at tilsyn blir gjennomført som systemrevisjon, kontroll/målingar eller tematilsyn og at tilsynet blir utført av to personar med unntak av målingar av inneklima. I 2019 er det planlagt tilsyn med støy og etterklangtidsmåling frå tekniske installasjonar.

Kommuneoverlegen signerer på tilsynsrapportane som blir sende til verksemdene. Det går fram av dokument som blei overlevert 1 ved tilsynet at det går lang tid før forhold som blir avdekte ved tilsyn, blir utbetra. Det går vanlegvis lang tid før verksemdene gir tilbakemeldingar til miljøretta helsevern, også etter at det er sendt purring på svar og varsel om vedtak. Det går òg fram at tilsyn ikkje er følgde opp systematisk frå miljøretta helsevern si side, jf. vedlegg dokument 18 og 19 og dokument 23 og 24. Det er MHIS som purrar på svar. Verksemdene sender svara til vertskommunen ved MHIS. Vi fekk opplyst at kommuneoverlegen som har delegert ansvaret for miljøretta helsevern i Aurland, ikkje får direkte tilbakemelding frå verksemdene. Problemstillingar i samband med manglande og eller svært sein tilbakemelding til miljøretta helsevern, er ikkje tekne opp med leiinga i kommunen.

Korleis leiinga i kommunen følgjer opp tilsynet med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
Det går fram av tilsende opplysningar at MHIS har møte med kommuneoverlegane i dei åtte samarbeidskommunane ein gong kvart år. Status i arbeidet og framtidige prioriteringar blir drøfta i møtet. MHIS sender årsmelding kommunane ved rådmannen. Vi fekk opplyst at det utanom dette er lite oppfølging av miljøretta helsevern frå Aurland kommune si side. Det er ikkje faste møtepunkt mellom leiinga i kommunen og miljøretta helsevern eller iverksett rapporterings-/oppfølgingsrutinar for arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Kommunens tilsyn med miljøretta helsevern skal bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremjar helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggjer sjukdom og skade.

Delegering av mynde til å føre tilsyn med barnehagar og skular er avklart og kjent. Det ligg ikkje føre opplysningar om at det er bindingar mellom den som utfører tilsynet og verksemdene. MHIS og kommunen har oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular. Opplysningane som ligg føre, tilseier at kommunen ikkje har sett i verk tiltak som bidreg til at miljøretta helsevern får informasjon om risikoforhold frå leiarane i barnehagane og skulane eller frå andre etatar, råd, utval og enkeltpersonar.

Sjølv om kommunen kjøper tenester til å få utført tilsynet, er det likevel kommunen som har ansvaret for at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehagen og skulen blir følgd opp. Kommunen har også ansvar for at tilsyn der det er avdekt lovbrot, blir følgde opp systematisk og medverke til at forhold som kan innverke på miljøet i barnehagar og skular blir utbetra innan rimeleg tid. Dette er sentralt i tilsynsplikta i folkehelselova § 9. Kommunens praksis for å følgje opp det enkelte tilsynet er etter vår vurdering i strid med folkehelselova § 9. Kommunen har ikkje iverksett naudsynte ordningar for å følgje med på arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Det er etter vår vurdering i strid med krav til styring i folkehelselova § 30.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4. Fylkesmannens peiker på følgjande:

Aurland kommune har ikkje iverksett naudsynte tiltak for å følgje med på arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Dette er brot på: Folkehelselova § 30, jf, § 9.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie om kva vi ventar verksemda skal gjere i prosessen med å rette lovbrot, slik at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Fylkesmannen ber om at Aurland kommune vurderer kva forhold som har medverka til brot på folkehelselova og brukar denne vurderinga som del av grunnlaget for iverksetting av tiltak for å rette lovbrot.

Vi ber om at de innan 1. juli 2019 sender oss ein konkret plan for retting og at følgjande går fram av planen:

  • kva tiltak som er planlagt sett i verk
  • korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir sett i verk
  • korleis leiinga vil følgje med på om tiltaka fungerer som planlagt etter at dei har fungert ei tid
  • korleis leiinga vil følgje opp arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
  • kommunens eigne tidsfristar for gjennomføring og evaluering av tiltaka

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Anne Grete Robøle
fagdirektør

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Kopi med vedlegg: Statens helsetilsyn

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok. Varsel om tilsynet blei sendt 11. februar 2019.

Tilsynet blei innleia med eit kort informasjonsmøte 9. april2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn blei halde 9. april 2019.

Ein del dokument blei tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  1. Stillingsforklaring for tenesteleiar for helse og førebygging, datert januar 2018
  2. Brev til Sogndal kommune juli 2016, ansvarlig for miljøretta helsevern
  3. Brev av 8. mars 2019 frå Miljøretta helsevern – Indre Sogn (MHIS)med vedlegg
    a. Brev av desember 2013 til Sogndal kommune, melding om vedtak – delegasjon av miljøretta helsevern
    b. E-post februar 2019 frå MHIS til rådmannen i Aurland kommune
    c. Miljøretta helsevern vertskommuneavtale, datert 29. januar 2004
    d. Prosedyre for arbeidet til MHIS, i denne mellom anna om barnehagar og skular, oversikt og tilsynsobjekt og tilsynsfrekvens, risikodiagram
    e. MHIS – oversikt over saker som er under behandling
    f. MHIS – prosedyre saksgang ved tilsyn med barnehagar og skular
    g. Risikovurdering av tilsynsobjekt Indre Sogn
    g. Oversikt over meldepliktige institusjonar med informasjon om tidlegare tilsyn, godkjenningsstatus, neste planlagde tilsyn, om det er opne avvik og tidsfrist for oppfølging
  4. Brev av juli 2016 frå Aurland kommune til Sogndal kommune «Ansvarlig for miljøretta helsevern»
  5. Stillingsforklaring tenesteleiar helse og førebygging
  6. Organisasjonskart Aurland kommune
  7. Delegeringsreglement Aurland kommune, 8. november 2018
  8. Referat etter fellesmøte miljøretta helsevern 2018
  9. Årsmelding miljøretta helsevern 2018
  10. Tilsynsplan miljøretta helsevern 2016, 2017, 2018 og 2019
  1. Rapport tilsyn Flåm barnehage 2016
  2. Planuttale vedrørande «Ekstraordinært vedlikehald Sogn jord- og hagebruksskule», brev mars 2016
  3. E-postar i samband med søknad om godkjenning Sogn jord- og hagebruksskule oktober og november 2017
  4. Brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune februar 2019 om «Godkjenning av Sogn jord- og hagebruksskule etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler» - (rettleiing i høve til søknad om godkjenning)
  5. Varsel om systemrevisjon i Vangen barnehage, brev av september 2016
  6. Varsel om vedtak etter systemrevisjon Vangen barnehage, brev av oktober 2016
  7. Krav om grunngjeving - formelle krav til vedtak – systemrevisjon Vangen barnehage, brev av
  8. november 2016
  9. Svar – krav om grunngjeving – formelle krav til vedtak – systemrevisjon Vangen barnehage, brev av 8. desember 2016
  10. Etterlyser attendemelding etter tilsyn i Vangen barnehage, brev av februar 2019
  11. Varsel om systemrevisjon Flåm barnehage, brev av mai 2016
  12. Varsel om vedtak etter systemrevisjon Flåm barnehage, brev av oktober 2016
  13. Krav om grunngjeving – formelle krav til vedtak – systemrevisjon – Flåm barnehage, brev av
  14. november 2016
  15. Svar – krav om grunngjeving - formelle krav til vedtak – systemrevisjon Flåm barnehage, brev av 21. november 2016
  16. Manglande attendemelding etter tilsyn Flåm barnehage, brev av februar 2019
  17. E-postar februar – 7. mars om utbetring av forhold i barnehagen
  18. Utskrift - saksarkiv – varsel om tilsyn Vangen barnehage, varsel om vedtak og melding om vedtak i 2009 og avslutting av sak 2013
  19. Brev av mai 2013 – opne avvik overført til tilsyn i 2013
  20. Utskrift - saksarkiv – varsel om tilsyn Vangen barnehage, varsel om vedtak, meldingar om vedtak i 2013 og påminning om frist for utbetring i januar 2014
  21. Eigenvurderingsskjema

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikke publisert her

Tre representantar for foreldreutval blei intervjua i samband med tilsynet.

Frå Fylkesmannen deltok:

  • fylkeslege, Kristin Cotta Schønberg, revisor
  • seniorrådgjevar, Arne Erstad, revisor
  • fagdirektør, Anne Grete Robøle, revisjonsleiar

1 Sjå vedlegg dokument 6 til og med 22.


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2019 Folkehelseloven. Kommunens tilsyn med miljørettet helsevern i barnehager og skoler

Søk etter tilsynsrapporter

Søk