Helsetilsynet

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand frå 01.10.2019 til 04.10.2019. Vi undersøkte om kommunane ved den måten dei leiar og arbeider på, sikrar at unge som treng det får eit forsvarleg ettervern frå barnevernstenesta og forsvarlege sosiale tenester frå Nav. Vi har lagt vekt på brukarmedverknad, samarbeid og koordinering av tenester. Tilsynet er retta mot kommunens tenester til unge til og med 24 år, som har eller har hatt barnevernstiltak og som har eller kan ha behov for sosiale tenester frå Nav.

Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Denne delrapporten gjeld Nav Balestrand. Nav Balestrand hadde før tilsynet opplyst til Fylkesmannen at dei ikkje har hatt søkjarar under 24 år, som har eller har hatt barnevernstiltak. Tilsynet har derfor undersøkt om Nav Balestrand i sitt arbeid med ungdomar er merksame på at kontakt med barnevernet kan ha betydning for retten til sosiale tenester frå Nav, at dei i dialogen med ungdomar får dette fram, slik at ungdomen kan velje å gje relevant informasjon til Nav, og at Nav tek omsyn til informasjonen når dei gjer vedtak om sosiale tenester. Vidare har vi undersøkt om Nav Balestrands søknadsbehandling er innretta slik at alle ungdomar som søkjer om sosiale tenester, får dei tenestene dei har rett til etter sosialtenestelova.

Tilsynet har vist at kommunens internkontroll ikkje sikrar at Nav Balestrand har god nok dokumentasjon i saker som gjeld sosiale tenester til ungdomar. Manglande dokumentasjon av ungdomens medverknad ved opplysning av saka, Navs faglege vurderingar, tenesta opplysning, råd og rettleiing frå Nav, og Navs utmåling av stønad, gjer at verken Nav-leiaren, rådmannen eller andre kan vite sikkert om ungdomane får nødvendig hjelp av Nav. Kommunen har ikkje nok opplysningar om kvar enkelt ungdom til å ha kontroll med dette.

Kommunens internkontroll har ikkje fanga opp at dokumentasjonen er mangelfull. Manglande styring og kontroll med søknadsbehandlinga representerer ein risiko for at søkjarane ikkje får dei tenestene dei har rett til. Nav kan ha lovstridig praksis, utan at kommunen oppdagar dette og rettar opp i det. Internkontrollen er såleis ikkje i tråd med kravet i sosialtenestelova § 5.

Ved dette tilsynet har vi undersøkt Navs søknadsbehandling med tanke på tildeling av tenestene opplysning, råd og rettleiing, jf. sosialtenestelova § 17, og økonomisk stønad med og utan vilkår om aktivitet, jf. sosialtenestelova §§ 18, 19 og 20a. Det er for desse tenestene vi har sett at dokumentasjonen er for dårleg. Svikten omfattar òg dokumentasjon av ungdomens medverknad i samband med Navs saksutgreiing i saker som gjeld desse tenestene, jf. sosialtenestelova § 42.

Det som manglar i dokumentasjonen, er ein så vesentleg del av Navs arbeid med saker som gjeld tenestene opplysning, råd og rettleiing, og/eller økonomisk stønad, at verksemda på desse områda ikkje er i samsvar med forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4. Tilsynet har såleis vist at kommunens internkontroll på tilsynstidspunktet ikkje er innretta slik at han sikrar at tenestene etter sosialtenestelova §§ 17, 18, 19 og 20a er i samsvar med gjeldande lovkrav, jf. kravet om internkontroll som går fram i sosialtenestelova § 5, med forskrift.

Det er etter dette vår konklusjon at kommunens internkontroll på tilsynstidspunktet ikkje er innretta slik at han sikrar at alle ungdomar som er i kontakt med Nav, får nødvendige sosiale tenester i form av opplysning, råd og rettleiing, jf. sosialtenestelova § 17, og/eller økonomisk stønad med eller utan vilkår om aktivitet, jf. sosialtenestelova §§ 18, 19 og 20a. 

Dette er brot på: Sosialtenestelova §§ 17, 18, 19, 20a og 42, jf. § 4, jf. § 5 og internkontrollforskrifta for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga.

Vi ventar at kommunen vurderer styringa med tanke på kva som kan vere årsak til lovbrotet, og at de følgjer dette opp med ein plan for korleis de skal leggje til rette for at unge som treng det får nødvendige sosiale tenester i form av opplysning, råd og rettleiing, jf. sosialtenestelova § 17, og/eller økonomisk stønad med eller utan vilkår om aktivitet, jf. sosialtenestelova §§ 18, 19 og 20a, og at kommunen etablerer kontrolltiltak som sikrar dette. Sjå kapittel 6 om kva planen for retting skal innehalde.

Sidan kommunen frå 01.01.2020 vert slått saman med kommunane Sogndal og Leikanger, til Sogndal kommune, må den nye kommunen følgje dette opp innan 01.02.2020.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Fylkesmannen har undersøkt og vurdert om kommunen ved si styring og leiing sikrar ungdomens medverknad i saker som gjeld barnevern og sosiale tenester frå Nav, samarbeid mellom barnevernet og Nav i kommunen eller i andre kommunar der det er nødvendig, og koordinering av dei tenestene som vert ytt, slik at ungdom som treng det, får forsvarleg ettervern frå barneverntenesta og forsvarlege sosiale tenester frå Nav.

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen legg til rette for og følgjer opp at ungdommane får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege barneverntenester og sosiale tenester, ved at barneverntenesta og Nav:

  • innhentar informasjon om ungdomens heilskaplege situasjon og moglege behov for tenester
  • legg til rette for og gjennomfører kontinuerleg samarbeid mellom kommunale einingar som yter barneverntenester og sosiale tenester, og andre kommunar
  • koordinerer tenestene ungdomen mottar frå kommunale einingar
  • tilbyr og yter individuelt tilpassa og forsvarlege barneverntenester og sosiale tenester i overgangen til vaksenlivet
  • legg til rette for og følgjer opp at brukarmedverknad blir ivaretatt ved alle tema som skal undersøkast

Fylkesmannens tilsyn er gjennomført som systemrevisjon. Det inneber at Fylkesmannen har ført tilsyn med korleis kommunen styrer og leier arbeidet med barnevern og sosiale tenester i Nav og oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Ungdomane sine meiningar om, og erfaringar med, tenestetilbodet i kommunen, er viktig informasjon for oss som tilsynsorgan, både med tanke på kvaliteten på tenestene og korleis kommunen praktiserer brukarmedverknad. Vi har i samband med dette tilsynet hatt samtalar med eit utval ungdomar som har eller har hatt tenester frå Sogn barnevern. Ingen av desse har tenester frå Nav Balestrand. Vi har derfor ikkje informasjon om Nav Balestrand frå dei ungdomane vi har snakka med.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Sosialtenestelova regulerer den delen av kommunens arbeid som er tema i dette tilsynet med Nav. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld så langt det ikkje i sosialtenestelova er eigne reglar om saksbehandlinga.

Fylkesmannen fører tilsyn med Nav med heimel i sosialtenestelova § 9.

Rett til tiltak og tenester
Prinsippet om barnets beste gjeld ved behandling av søknader om sosiale tenester til alle under 18 år, jf. Grunnlova § 104 andre ledd og FNs barnekonvensjon artikkel 3, som er gjort til norsk rett ved menneskerettslova § 3.

Det er nær samanheng mellom prinsippet om barnets beste og barnets rett til å bli høyrt og medverke. Brukarmedverknad er ein føresetnad for individuelle vurderingar, jf. sosialtenestelova § 42.

Tenesta opplysning, råd og rettleiing følgjer av sosialtenestelova § 17. Tenesta skal vere tilpassa behovet til tenestemottakaren og basere seg på aktiv involvering og deltaking. For ungdom med barnevernserfaring vil overgangsfasen frå barn til vaksen, bustad, utdanning, arbeid, helse, økonomihandtering, støttepersonar og nettverk vere aktuelle tema for rettleiinga.

Rett til stønad til livsopphald er slått fast i § 18. Utmåling av stønad til forsvarleg livsopphald skal skje på bakgrunn av ei individuell behovsprøving. Dersom stønad vert gjeve etter sats, må det grunngjevast konkret for den aktuelle saka kvifor stønad etter sats er forsvarleg.

Kommunen kan i særlege tilfelle gje stønad etter § 19, for å fange opp ulike behov som ikkje blir dekt gjennom stønad etter § 18. For unge med barnevernserfaring kan det til dømes vere aktuelt å dekkje bestemte utgifter i ein overgangsfase før anna inntekt er på plass.

Ved stønad til livsopphald til unge under 30 år, skal Nav stille vilkår om aktivitet, med mindre tungtvegande grunnar taler mot det, jf. § 20 a. Nav-kontoret må vurdere konkret og individuelt kva aktivitet som er formålstenleg. Nav skal ta ungdomens behov, synspunkt og ønske med i denne vurderinga.

Krav om forsvarlege tiltak og tenester
Sosialtenestelova § 4 slår fast at kommunen pliktar å syte for at tiltak og tenester er forsvarlege. Tenestene må vere av tilfredsstillande kvalitet, og kommunen må yte tenestene til rett tid og i rett omfang. Kva som vert rekna som forsvarlege tenester og tiltak, kan endre seg over tid.

Forsvarlegkravet inneber òg krav til leiing, organisering og styring. Det er nær samanheng mellom forsvarlegkravet og kravet om internkontroll, jf. sosialtenestelova § 5. Forsvarlegkravet vert tolka i samanheng med dei andre lovkrava som gjeld for tenestene.

Kommunen kan innafor lova organisere verksemda og tenestene ut frå lokale føresetnader og behov, så lenge tenester og tiltak er forsvarlege.

Krav om samarbeid og koordinering av tenester
Sosialtenesta i Nav pliktar å samarbeide med andre einingar og sektorar. Samarbeid og koordinering av tenester er avgjerande for at ungdom i målgruppa skal få eit forsvarleg tenestetilbod. Kommunens generelle plikt til å sikre samarbeide mellom dei sosiale tenestene i Nav og andre sektorar og forvaltningsnivå er presisert i sosialtenestelova § 13. Plikta til å samarbeide på individnivå følgjer av reglane om tiltak og tenester, som til dømes i reglane om individuell plan i sosialtenestelova § 28.

Teieplikta er i utgangspunktet til hinder for at dei tilsette i tenestene kan vidareformidle opplysningar om ein ungdom. Reglane som regulerer samarbeid gjev ikkje heimel til å fråvike reglane om teieplikt i sosialtenestelova § § 43 og 44, jf. forvaltningslova § 13 til § 13 e. Tenestene kan derfor berre utveksle informasjon i enkeltsaker etter samtykke frå den saka gjeld.

Krav til dokumentasjon
Etter forvaltningslova § 11 d skal den som tek i mot munnlege opplysningar av betydning for saka, så langt det er mogleg, skrive dei ned. Forvaltningslova §§ 17 og 18 slår fast at den som er part har rett til innsyn i saksopplysningar og dokument. Nav-kontoret skal dokumentere sentrale og relevante opplysningar om ungdomen. Det skal være synleg kva tenestene har gjort for den enkelte og kvifor det er gjort. Dokumentasjonsplikta har nær samanheng med kravet til forsvarlege tenester og tiltak og plikta til internkontroll.

Alle tildelingar, avslag og endringar av sosiale tenester, og fastsetting, endringar og konsekvensar av vilkår, er rekna som enkeltvedtak, jf. sosialtenestelova § 41 andre ledd.

Styring og leiing
Krav til leiing, organisering og styring er viktige element i kommunens ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. Kommunens plikt til å ha internkontroll, følgjer av sosialtenestelova § 5, med forskrift om internkontroll i kommunalt Nav.

Internkontrollplikta inneber at kommunen gjennom systematiske tiltak skal sikre at aktiviteten i tenestene vert planlagt, organisert, utført og vedlikehalden i samsvar med gjeldande lovkrav. Styringssystemet skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten til verksemda, og aktivitetane og risikoforholda i verksemda, og styringssystemet skal ha det omfanget som er nødvendig for å sikre etterleving av lovkrava.

Det følgjer av sosialtenestelova § 6 at kommunen skal syte for at tilsette som yter tenester etter lova har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen har ansvaret for å gje nødvendig opplæring ved behov.

Kontaktpersonar/rettleiarar som jobbar med ungdom må ha kunnskap om dei særlege utfordringane ungdom som har eller har hatt tenester etter barnevernlova kan ha. Dei tilsette vil òg ha behov for kunnskap om andre tenester som det vil være naturleg å samarbeide med ved bistand og oppfølging av unge.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Balestrand kommune har om lag 1300 innbyggjarar. Under rådmannen er det tre kommunalsjefar. Nav høyrer under kommunalsjefen for helse og omsorg. Frå hausten 2018 har Nav-leiar rapportert direkte til rådmannen, fordi kommunalsjefen for helse og omsorg har permisjon.

Frå 01.01.2019 vart Nav Sogn og Fjordane og Nav Hordaland slått saman til Nav Vestland. Nav Vestland vart delt i ni regionar. Nav Balestrand tilhøyrer region Sogn, saman med Nav i kommunane Sogndal, Leikanger, Vik, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal.

Frå 2012 til 31.12.2018 hadde Nav Balestrand og Nav Høyanger felles leiing. Samanslåing av kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand frå 01.01.2020, medfører at Nav Sogndal, Nav Leikanger og Nav Balestrand, vert eitt Nav-kontor frå 01.01.2020. Organiseringa av Nav Balestrand slik kontoret er organisert på tilsynstidspunktet, er såleis mellombels og gjeld berre for 2019.

Under Nav-leiaren er det to rådgjevarar som behandlar søknader om sosiale tenester og gjer vedtak om det. Nav-leiaren har delegert vedtaksmynde til den eine. Det er rådgjevarane som har kontakt med ungdomane fram til vedtak og som gjennomfører kartlegging i saker der ein ungdom har søkt om sosiale tenester.

Navs generelle informasjon til kvar enkelt ungdom
Ungdomen får informasjon om sosiale tenester av sin rådgjevar. Det vert ikkje dokumentert i mappene kva informasjon ungdomen har fått om dei sosiale tenestene.

Navs kartlegging av ungdomens situasjon og behov for tenester
Vi har ved intervju og mappegjennomgang fått vite at Nav Balestrand tilbyr og gjennomfører kartleggingssamtale. Dei er opptekne av å få fram kva hjelp ungdomen ønskjer. Nav har eit kartleggingsskjema dei bruker ved kartleggingssamtalane. Kartlegginga omfattar heile situasjonen til ungdomen. I kartlegginga spør Nav mellom anna om ungdomen har kontakt med andre instansar. Dersom ungdomen fortel at han har eller har hatt kontakt med barnevernstenesta, vil Nav ta denne informasjonen med ved søknadsbehandlinga. Dersom det kjem fram informasjon om at ungdomen kan ha behov for hjelp frå barnevernstenesta, vil Nav hjelpe ungdomen til å få nødvendig hjelp frå barnevernstenesta.

Tenesta opplysning, råd og rettleiing
Nav Balestrand har skriftleg rutine for tenesta opplysning, råd og rettleiing. Der går det blant anna fram at rådgjevar skal stille relevante og oppklarande spørsmål, at dei skal vurdere bistand ut frå gjennomført kartlegging av behov og nytte metoden motiverande intervju i oppfølgingsarbeidet. Vi har i intervju høyrt at Nav Balestrand yter tenesta opplysning, råd og rettleiing, og vi har høyrt at dei gjer vedtak etter § 17 for gjeldsrådgjeving. Vi har ved mappegjennomgangen sett døme på at det er vist til § 17 i vedtak som gjeld økonomisk stønad, men vi har ikkje sett vedtak om tildeling av tenesta opplysning, råd og rettleiing. Vi har heller ikkje sett dokumentasjon som viser at Nav har ytt tenesta opplysning, råd og rettleiing.

Utmåling av økonomisk stønad
Vi har ved mappegjennomgangen funne at grunnlaget for utmåling av stønad eller utrekningar som viser korleis Nav har kome fram til summen for livsopphald ikkje alltid går fram av vedtaket eller annan dokumentasjon.

Vilkår om aktivitet
Vi har sett berre eitt døme på at det er stilt vilkår om aktivitet, og då var det snakka om det på førehand og vilkåret var individuelt innretta. I dei andre sakene forstod vi at Nav hadde vurdert at det ikkje var aktuelt å stille vilkår om aktivitet, men dette gjekk ikkje tydeleg fram i vedtaket. Vi har for desse sakene fått munnleg forklaring på kvifor det ikkje vart stilt vilkår om aktivitet.

Samarbeid mellom barnevernstenesta og Nav
Kommunen har ulike samarbeidsforum som gjev tenestene tilbod om kontakt med kvarandre. I BU-teamet er både barnevernstenesta og Nav med, saman med andre instansar.

Nav har ikkje ein skriftleg rutine for samarbeidet med barnevernstenesta. Det kan vere samarbeid mellom barnevernstenesta og Nav om enkeltsaker, men vi har ved dette tilsynet ikkje sett døme på dette.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Spørsmålet ved dette tilsynet er om kommunen sikrar at unge som treng det får forsvarlege sosiale tenester frå Nav, med vekt på brukarmedverknad, samarbeid og koordinering av tenester av tenester frå Nav og barnevernet.

Vi har fått vite at det ikkje er nokon avtale om samarbeid mellom Sogn barnevern og Nav Balestrand på systemnivå. Vidare har vi høyrt at Nav og barnevernstenesta kan ha samarbeid i enkeltsaker, men at dette ikkje har vore aktuelt for dei ungdomane som har vore i kontakt med Nav Balestrand i perioden 01.01.2018 til 29.08.2019.

På bakgrunn av munnleg informasjon frå Nav-leiaren og dei tilsette, legg vi til grunn at Nav Balestrand i arbeidet med ungdomar er merksame på at kontakt med barnevernet kan ha betydning for retten til sosiale tenester frå Nav, at dei i dialogen med ungdomar får dette fram, slik at ungdomen kan velje å gje informasjonen om kontakt med barnevernet til Nav, og at Nav vil ta omsyn til den informasjon dei har fått om dette når dei gjer vedtak om sosiale tenester til ein ungdom som har eller har hatt kontakt med barnevernstenesta. Vi legg òg til grunn at Nav vil hjelpe ungdomar som treng det, til å få nødvendig hjelp frå barnevernstenesta.

Ved dette tilsynet har vi sett på tenestene opplysning, råd og rettleiing, jf. sosialtenestelova § 17, og økonomisk stønad med og utan vilkår om aktivitet, jf. sosialtenestelova §§ 18, 19 og 20a. For desse tenestene har vi sett at dokumentasjonen er mangelfull. Svikten omfattar òg dokumentasjon av ungdomens medverknad i samband med Navs saksutgreiing i saker som gjeld desse tenestene, jf. sosialtenestelova § 42.

Manglande dokumentasjon av tenesta opplysning, råd og rettleiing, fører til at det ikkje er mogleg å sjå om det er vurdert at ungdomen har behov for denne typen teneste, har fått tilbod om denne tenesta, har teke i mot tenesta og eventuelt om behovet for denne typen hjelp er dekt. Manglande dokumentasjon av grunnlaget for utmåling av stønad, fører til at det ikkje er mogleg å sjå om ungdomen har fått nok stønad til å dekkje nødvendige levekostnader. Det er vår vurdering at dokumentasjonen ved søknadsbehandling og vedtak er så mangelfull at Navs arbeid med desse sakene ikkje er i samsvar med forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4.

Nav-leiaren har ikkje fanga opp at det manglar dokumentasjon av det faglege arbeidet. Manglande styring og kontroll med søknadsbehandlinga representerer ein risiko for at søkjarane ikkje får dei tenestene dei har rett til. Nav kan ha lovstridig praksis, utan at kommunen oppdagar dette og rettar opp i det. Manglande styring og kontroll med Navs søknadsbehandling og vedtak, er i strid med kravet om internkontroll i sosialtenestelova § 5, jf. internkontrollforskrifta.

Tilsynet har såleis vist at kommunens internkontroll ikkje har sikra at Navs søknadsbehandling og vedtak for tenestene etter sosialtenestelova §§ 17, 18, 19 og 20a er i samsvar med gjeldande lovkrav, jf. kravet om internkontroll som går fram i sosialtenestelova § 5, med forskrift.

Vi har på bakgrunn av dette slått fast lovbrot i Nav Balestrands behandling av saker som gjeld tenestene opplysning, råd og rettleiing, jf. sosialtenestelova § 17, og økonomisk stønad med og utan vilkår om aktivitet, jf. sosialtenestelova §§ 18, 19 og 20a, til ungdom.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Kommunens internkontroll sikrar ikkje at alle ungdomar som er i kontakt med Nav, får nødvendige sosiale tenester i form av opplysning, råd og rettleiing, jf. sosialtenestelova § 17, og økonomisk stønad med eller utan vilkår om aktivitet, jf. sosialtenestelova §§ 18, 19 og 20a.

Dette er brot på: Sosialtenestelova §§ 17, 18, 19, 20a og 42, jf. § 4, jf. § 5 og internkontrollforskrifta for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga.

6. Oppfølging av påpeikte lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at verksemda skal gjere i prosessen med å rette påpeikte lovbrot, slik at tenesta ivaretek krava til kvalitet og rettstryggleik for tenestemottakarane.

Fylkesmannen ber kommunen om å vurdere kva forhold som har ført til det påpeikte lovbrotet, og på bakgrunn av dette lage ein plan for retting (Balestrand kommune fram til 31.12.2019, Sogndal kommune frå 01.01.2020).

Planen må innehalde opplysningar om

  • Kva tiltak kommunen vil setje i verk for å rette lovbrotet
  • Korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka er sett i verk
  • Korleis leiinga vil gjennomgå om tiltaka har verka som planlagt etter at dei har fått verke ei stund
  • Kommunens eigne fristar for å sikre framdrift

Frist 01.02.2020.

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Turid Måseide
seniorrådgjevar

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 08.07.2019.

Før tilsynet hadde vi samtalar med seks ungdomar om deira erfaringar med Sogn barnevern. Ingen av dei hadde erfaring med Nav Balestrand.

Tilsynet med Nav Balestrand, vart innleia med eit kort informasjonsmøte 03.10.2019, med oppsummerande møte med gjennomgang av funn seinare same dag.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart Balestrand kommune
  • Delegasjon av mynde frå rådmannen til Nav-leiar
  • Intern delegasjon frå Nav-leiar til tilsette i Nav Balestrand
  • Kartleggings- og hjelpeskjema for økonomisk sosialhjelp i Balestrand kommune
  • Krav til dokumentasjon til søknad om økonomisk sosialhjelp i Balestrand kommune
  • Rutinar for behandling av søknader om økonomisk sosialhjelp
  • Rutine for råd og rettleiing ved Nav-kontoret
  • Tiltak for å sikre drift ved Nav-kontoret sommaren 2019

Vi gjekk gjennom 8 mapper (>15 vedtak) i Nav Balestrand.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • Rådgjevar, Inga Henjum Halsnes, Fylkesmannen i Vestland, revisor  
  • Seniorrådgjevar, Elisabeth Lund-Iversen, Fylkesmannen i Vestland, revisor  
  • Seniorrådgjevar, Turid Måseide, Fylkesmannen i Vestland, revisjonsleiar  

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2019 Barneverntjenestens tilbud om ettervern og samhandling med sosiale tjenester i Nav

Søk