Helsetilsynet

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Fitjar kommune den 12. juni 2014. Vi undersøkte om kommunen fører tilsyn med barnehagar og skular i samsvar med aktuelle lovkrav slik at inne- og utemiljø fremjar helse og trivsel og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skuleelevar. Tilsynet blei gjennomført som del av det landsomfattende tilsynet i 2019 initiert av Statens helsetilsyn.

Fylkesmannens konklusjon:

Fitjar kommune har ikkje lagt til rette for at det blir ført eit uavhengig tilsyn med skular og barnehagar på grunnlag av ei konkret og oppdatert risikovurdering.

Dette er brot på: Folkehelselova § 30, jf. § 9.

Vi ber om at kommunen nøye vurderer kva forhold som har medverka til brot på krav i folkehelselova og om at opplysningane som kjem fram, inngår i grunnlaget for planlegging og gjennomføring av tiltak for å rette avdekte lovbrot.

Innan 1. oktober 2019 ber vi om å få tilsendt ein konkret plan for retting der det òg går fram korleis leiinga vil følgje med på at tiltaka er eigna og fungerer.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med folkehelselova i 2019 er retta mot kommunens arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Føremålet med tilsynet er å medverke til at kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn med at inne- og utemiljø i barnehagar og skular fremjar helsa og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skular. Inne- og utemiljøet har mykje å seie for helse, trivsel og prestasjonar blant barn og unge. På landsbasis har det vist seg at mange barnehagar og skular til dømes har eit dårleg inneklima. Problema har hatt samanheng med svikt i drift og vedlikehald. Varierande og mangelfullt tilsyn kan også medverke til at barnehagar og skular utviklar eit dårleg inneklima og andre miljømessige problem over tid etter at barnehagen og skulen blei godkjent. Kartlegging av kommunane sine tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular har avdekt store skilnader med omsyn omfanget av tilsyn og oppfølginga av tilsyn i dei tilfella det er konkludert med/funne lovbrot.

Fylkesmannen har ført tilsyn med om kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn ved å sørgje for:

  • klar fordeling av mynde og oppgåver, at tilsynet er tilstrekkeleg uavhengig og har naudsynt kompetanse
  • oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular
  • at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehagen og skulen blir følgde opp og at det blir ført regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen
  • at tilsyn blir følgd opp systematisk der det er avdekt lovbrot

Vi har undersøkt og vurdert om det er klart kven som har delegert mynde til å føre tilsyn med tilhøyrande oppgåver og at dei som skal føre tilsyn, er tilstrekkeleg uavhengig av verksemdene som det skal førast tilsyn med. Dette er særleg aktuelt ved tilsyn med kommunale barnehagar og skular. Vi har òg undersøkt om kommunen sørgjer for at den instansen i kommunen som skal føre tilsyn med barnehagar og skular, har naudsynt kompetanse om miljøretta helsevern, tilsynsmetode og sakshandsaming. Undersøkinga vår omfatta også korleis kommunen har dokumentert at desse forholda er tekne i vare.

Kommunens tilsyn er eit viktig tiltak for å sikre at barnehagar og skular ikkje blir drivne utan godkjenning. Å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular og godkjenningsstatus er naudsynt ved prioritering av kva barnehagar og skular det er aktuelt å føre tilsyn med. Vi har undersøkt om kommunen har naudsynt oversikt over og opplysningar som viser godkjenningsstatus.

I kommunens tilsyn inngår både å følgje opp risikoforhold i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og fører regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen. Vi har undersøkt om kommunen sørgjer for at den instansen i kommunen som fører tilsyn, får tilstrekkeleg informasjon om risikoforhold ved miljøet i barnehagar og skular og at tilsynet er basert på risikovurderingar. Dette er naudsynt i samband med oppfølging av forhold med mogeleg helserisiko i miljøet i den einskilde barnehagen og skulen og i samband med det regelmessige tilsynet. Vi har også undersøkt om kommunen følgjer med på at tilsynsoppgåva blir utført slik som føresett, under dette at det er dokumentert korleis tilsynsoppgåva er planlagt og utført.

For å oppnå føremålet med tilsyn, må lovbrot tilsynet avdekkjer, bli retta. Då kan tilsynet avsluttast. Vi har undersøkt om kommunen følgjer opp tilsyn på ein systematisk måte, under dette korleis denne delen av arbeidet er dokumentert.

Mynde til å føre tilsyn med kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
På fagfeltet miljøretta helsevern er Fylkesmannens tilsyn avgrensa til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller sine plikter som tilsynsstyresmakt. Vi fører med andre ord «tilsyn med kommunens tilsyn». Dette tilsynet omfattar ikkje om kommunen som eigar sørgjer for å oppfylle krava til miljøretta helsevern i barnehagar og skular som kommunen eig.

Mange kommunar har delegert mynde og oppgåver til å føre tilsyn til eit interkommunalt selskap eller ein vertskommune. Kommunen kan også kjøpe tenester frå andre kommunar. Fylkesmannens tilsyn er retta mot kommunen, uavhengig av korleis miljøretta helseverntenesta er organisert.

Fylkesmannens tilsyn omfattar kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i private og offentlege barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular i kommunen, og som er omfatta av § 2 i forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler.

§ 2 Virkeområde
Forskriften kommer til anvendelse ved planlegging, tilrettelegging og drift av:

1. barnehager og andre virksomheter som mot godtgjøring gir tilsyn med og omsorg for barn under skolepliktig alder når:
  a. virksomheten er regelmessig, og
  b. tilbyr en ukentlig oppholdstid på mer enn ti timer, og
  c. antall barn som er tilstede samtidig, er tre eller flere
2. grunnskoler
3. videregående skoler

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Det inneber tilsyn med korleis korleis kommunen leier og styrer arbeidet med tilsyn og sørgjer for at aktuelle lovkrav blir oppfylte.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunens folkehelsearbeid etter lov av 24. juni 2011 om folkehelsearbeid (folkehelselova) § 31.

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Fylkesmannens tilsyn er lovlegkontroll, jf. kommunelova kapittel 10 A og omfattar folkehelselova §§ 8 og 9 og § 30 om internkontroll

I følgje kapittel 3 Miljøretta helsevern i folkehelselova skal kommunen ha merksemd på heile befolkninga, uavhengig av sektor. Kommunen har verkemiddel overfor privat og offentleg verksemd og eigedom, og har blant anna som oppgåve å føre tilsyn med faktorar i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Kommunens ansvar for tilsyn med miljøretta helsevern går fram av folkehelselova § 9.

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular mv. stiller ei rekkje krav, mellom anna til internkontroll, uteområde, inneklima, reinhald, vedlikehald, smittevern, måltid mv., som er retta mot eigar/leiar av verksemda. Kommunen skal føre tilsyn med at forskrift om miljøretta helsevern i barnhagar og skular blir oppfylt, jf. presisering i forskrifta § 25.

Krav i lov og forskrift om gjeld ved tilsynet med kommunen

Kommunens plikt til internkontroll
Kommunen har plikt til å føre internkontroll for å sikre at krav i fastsett folkehelselova eller i medhald av folkehelselova blir oppfylte, jf. folkehelselova § 30. Det er ikkje gitt eiga forskrift som utdjupar krava til internkontroll. Kommunens plikt til internkontroll med tilsynsoppgåva byggjer på det alminnelege systemet for internkontroll i lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova ) § 23 nr. 2.

Plikt til å dokumentere tilsyn med miljøretta helsevern
Det følgjer av folkehelselova § 30 andre ledd at kommunens tilsyn etter § 9 skal dokumenterast særskilt. Det er presisert i folkehelselova § 30 andre ledd at uavhengigheit og likebehandling i tilsynet skal vere dokumentert. Det forsterka dokumentasjonskravet gjeld generelt for tilsynsoppgåva etter § 9.

Ansvar, oppgåver og mynde
Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen må ha klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde. Kommunen kan delegere oppgåver og mynde innan miljøretta helsevern internt i kommunen eller til vertskommune etter dei alminnelege reglane om delegering i kommunelova eller til eit interkommunalt selskap (IKS), jf. folkehelselova § 9 første ledd andre punktum.

Tilsynet skal vere uavhengig
Kommunen må organisere seg slik at dei personane eller eininga som fører tilsyn med miljøretta helsevern, er tilstrekkeleg uavhengig av underliggjande verksemd som det skal førast tilsyn med. Kommunen må dokumentere at tilsynet er uavhengig, jf. folkehelselova § 30.

Kompetanse
Kommunens plikt til å føre tilsyn med miljøretta helsevern etter folkehelselova §9, føreset at kommunen har naudsynt kompetanse til å utføre tilsynsoppgåva forsvarleg, jf. kravet til interkontroll i folkehelselova § 30. Kommunen må dokumentere at dei som har ansvar for å føre tilsyn med miljøretta helsevern, har naudsynte føresetnader, under dette kompetanse.

Oversikt over godkjenningsstatus
Det inngår i kommunens tilsynsansvar etter folkehelselova § 9 å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular i kommunen. Å ha ei oppdatert oversikt over godkjenningsstatus for barnehagar og skular, er å rekne som del av det løpande arbeidet med oversikt over folkehelseutfordringane i kommunen, òg som kommunen skal ha etter § 4 i forskrift om oversikt over folkehelsen.

Risikobasert tilsyn
Kommunens tilsyn etter folkehelselova § 9 skal vere basert på risikovurderingar. Kommunen må følgje opp forhold som kan innebere at miljøet i barnehagar og skular er uforsvarleg, og føre regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen ut frå risikovurdering. Forskrift om miljøretta helsevern § 4 andre ledd presiserer at kommunen skal prioritere tilsyn ut frå vurdering av helserisiko. Kommunens risikovurderingar bør mellom anna byggje på kunnskap om folkehelseutfordringar som kommunen skal ha, jf. folkehelselova § 5.

Opplysnings- og informasjonsplikt
Kommunen må som del av kravet til internkontroll følgje med på at kommunens barnehagar og skular etterlever opplysningsplikta i forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular § 5 og sørgje for at dei som fører tilsyn, om myndet er delegert internt i kommunen eller til ekstern instans, får opplysningane.

Tilsynsmetode
Metodane som kommunen bruker ved tilsyn med miljøretta helsevern, må gi eit tilstrekkeleg faktagrunnlag til å kunne konkludere og sikre forsvarleg sakshandsaming. Når kommunen konkluderer med pålegg, må òg utgreiingsplikta i forvaltningslova § 17 bli halden.

Oppfølging og avslutting av tilsyn
Når kommunen har ført tilsyn med ein barnehage eller skule, uavhengig av utfall, skal tilsynet avsluttast, jf. forvaltningslova § 11 a. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen systematisk må følgje opp det einskilde tilsynet og alle tilsyn som ikkje er avslutta. Kommunen skal ha oversikt over fristar, rutinar for purring og ha ein plan for vidare oppfølging.

Krav til saksbehandling
Kommunen er i sitt tilsyn bunden av lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) og forvaltningsrettslege prinsipp. Kravet til internkontroll i folkehelselova § 30 inneber at kommunen ved si organisering og styring må sikre at krav til sakshandsaming i forvaltningslova blir oppfylte.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Verksemda i kommunen organisert med tre etatssjefar som rapporterer til rådmann. Leiarane for dei kommunale skulane og barnehagane og leiar for helsestasjonen rapporterer til etatssjef for oppvekst og kultur. Etatssjef for helse og sosial er leiar for helse- og omsorgstenestene og Nav. Kommuneoverlege er tilsett i 4 % stilling og rapporterer i denne stillinga til etatssjef helse og sosial.

Det går fram av stillingsomtalane som vi har fått lagt fram, at etatssjef helse og sosial har ansvaret for at det i første kvartal kvart år blir halde møte for planlegging av eventuelle tilsyn med miljøretta helsevern. Møtet i 2019 var ikkje gjennomført før tilsynsbesøket.

Etatssjef helse og sosial handsamar saker som gjeld miljøretta helsevern i etaten og andre tilsyn som ikkje gjeld barnehage og skule. Det går fram av stillingsomtalen til etatssjef oppvekst og kultur at han deltek i teamet for miljøretta helsevern, handsamar saker som gjeld miljøretta helsevern i eigen etat, informerer kommunestyret og ser til at avvik blir lukka.

Barnehagar og skular i kommunen
Det ein kommunal og fire private barnehagar, tre grunnskular og ein vidaregåande skule i kommunen. Siste tilsyn med barnehagar og skular etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler var i 2010 med ein barnehage, tre barnehager og alle skulane i 2011, ein barnehage i 2013 og ein i 2017, jf. vedlegg nr. 10 [1]. Ein barnehage har helseverngodkjenning frå 2013 og ein annan barnehage fekk helseverngodkjenning av skulesjef i februar 2018. Dei andre barnhagane og skulane blei godkjende av kommunestyret i 2012, jf. vedlegg nr. 11 [2].

Tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular – fordeling av ansvar og mynde, naudsynt kompetanse og uavhengig av verksemder det blir ført tilsyn med

Det går fram av administrativt delegeringsreglement frå 17. januar 2017 at kommuneoverlegen er delegert mynde til å føre tilsyn. Vi fekk opplyst at kommuneoverlegen ikkje har kapasitet til å utføre alle oppgåver som ligg til denne stillinga. Kommuneoverlegen har 4 % stilling. I samband med utarbeiding av smittevernplan er stillinga utvida med 16 % , i alt 20 % stilling, fram til 31.12.19.

Det blei ført tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagane og skulane i perioden 2010 og 2011. I sak 4/12 den 22. februar 2012 gav Fitjar kommunestyre ny godkjenning av barnehagane og skulane. Kommunestyret la til grunn at den vidare oppfølginga skulle gjerast gjennom årlege vernerundar og vedlikehaldsrutinar i verksemdene. Ved tilsyna i 2010 og 2011 blei det ikkje utført målingar av inneklima, lys, lyd og luftkvalitet. Dette var tenester kommunen måtte kjøpe. Det går fram av møtebok frå utval for oppvekst og kultur, sak 47/13, den 16. september 2013 at målingane var gjennomført med unntak av ein skule som då var under ombygging, og ved den vidaregåande skulen. Vi fekk opplyst at det ikkje er gjennomført målingar knytt til lys, luft og støy etter 2013. Tilråding som blei gitt i måleprotokoll frå 2013 om å gjere målingar av etterklang i skule/barnehagar, er ikkje gjennomført. Det var inneklimabefaring i enkelte rom ved den ein grunnskulen i mai 2016 etter at verneombod var kontakta om tørr luft i eit klasserom. Det var òg mistanke om muggsopp knytt til våtrom. I rapporten frå undersøkinga er det tilrådd å vurdere tiltak.

Det blir gjennomført vernerundar ved dei kommunale skulane og barnehagane. Det er frå kommunes side ikkje slikt opplegg overfor dei private barnehagane og den vidaregåande skulen. I vernerundane ved dei kommunale skulane og barnehagane deltek verneombod ved verksemda, rektor/styrar i barnehage og vaktmeister. Hovudverneombod deltek etter ønskje/invitasjon. Det går fram av dei tilsende dokumenta, og blei stadfesta i intervju, at vernerundane gjeld arbeidstilhøva for tilsette. jf. vedlegg nr. 15 til og med nr. 18 [3]. I dokumenta frå vernerundane er det tilvisingar til regelverk som gjeld helse, miljø og tryggleik og bygningsmessige tilhøve som gjeld arbeidet for tilsette. Det er ingen tilvisingar til regelverk som gjeld ute- og innemiljøet for barn i barnehage og skulelevar og omtale av forhold ved verksemdene som kan innverke på deira helse og trivsel.

Vi fekk ikkje opplysningar om at kommunen har kontrollert eller gitt tilbod om opplæring om regelverk som gjeld miljøretta helsevern i barnehagar og skular, sakshandsaming og tilsynsmetodar m.v. for å ivareta oppgåvene som tilsyn med barnehagar og skular inneber.

Risikovurdering som grunnlag for regelmessig tilsyn med barnehagar og skular
Det går fram av tilsende dokument at kommunen har oversikt over godkjenningsstatus og at det er laga ein risikomatrise. Kommuneoverlegen som er delegert mynde til å føre tilsyn med alle barnehagane og skulane i kommunen, har ikkje delteke i utarbeiding av risikomatrisen, men fått høve til å kommentere denne. Det går òg fram av dokumenta som vi har fått, at det med unntak av tilsyn med nye lokale med ein barnehage i 2017, ikkje har vore tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular etter 2011. Det ligg ikkje føre plan for tilsyn med kommunale og private barnehagar, kommunale skular og den vidaregåande skulen i 2019. Når det gjeld fagleg kompetanse, fekk vi fekk opplyst at dersom kommunen ikkje sjølv har tilgjengeleg personell med naudsynt fagleg kompetanse til å utføre oppgåver i samband med tilsyn, så blir naudsynte tenester kjøpt utanfrå.

Korleis leiinga i kommunen følgjer opp tilsynet med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
I intervju fekk vi opplyst at det korte kommunikasjonsliner og ofte kontakt mellom instansar som følgjer opp drifta i skular og barnehagar. Rådmannen og etatssjefane har faste møte, og annakvar veke er det møte mellom kommuneoverlege og etatssjef. Informasjon frå vernerundane i dei kommunale barnehagane og skulane blir meldt opp og inngår i dei årlege budsjettprosessane.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Opplysningar som vi fekk i intervju, er samanfallande med og utfyller opplysningane som går fram av dokumenta vi fekk tilsendt før tilsynsbesøket.

Vi er merksame på leiinga i kommunen meiner at vernerundane i dei kommunale barnehagane og skulane langt på veg også tek i vare krav som følgjer av regelverket om miljøretta helsevern i folkehelselova. Føremålet med eit risikobasert tilsyn med miljøretta helsevern i alle barnehagar og skular er å bidra til at miljøet for barn og unge er trygt og medverkar til å fremjehelse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggje sjukdom og skade. Vernerundane har eit anna føremål. Det blir utført av personell som ikkje er tilstrekkeleg uavhengige. Dei har ikkje fått opplæring om og har ikkje merksemd på reglane som gjeld miljøet i skule og barnhage for barn og unge. Opplegget frå kommunens side omfattar ikkje dei private barnehagane og vidaregåande skulen som er lokalisert i kommunen.

Det er avklart klart kven som er delegert mynde til å føre tilsyn med alle barnehagar og skular etter reglane i folkehelselova med tilhøyrande forskrift. Kommunen har oversikt over kva år barnehagar og skular blei godkjende. Med eitt unntak har det ikkje vore ført tilsyn med barnehagar og skular etter reglane i folkehelselova sidan 2010 – 2011. Det ligg ikkje føre risikovurdering av verksemdene og plan for tilsyn md barnehagane og skulane. Etter vår vurdering har kommunen ikkje sørgja for at tilsynsorganet har naudsynte føresetnader for å ivareta oppgåvene. Kommunen har ikkje sørgja for tilstrekkeleg styring med arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Fylkesmannens peiker på følgjande:
Fitjar kommune har ikkje lagt til rette for at det blir ført eit uavhengig tilsyn med skular og barnehagar på grunnlag av ei konkret og oppdatert risikovurdering

Dette er brot på: Folkehelselova § 30, jf. § 9.

6. Oppfølging av lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar kommunen skal gjere arbeidet med å rette lovbrot, slik at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Fylkesmannen ber om at Fitjar kommune vurderer kva forhold som har medverka til brot på folkehelselova og om at de brukar denne vurderinga som del av grunnlaget for å planleggje og gjennomføre tiltak for å rette avdekte lovbrot. Vi ber om at de innan 1. oktober 2019 sender oss ein konkret plan for retting der følgjande går fram:

  • kva tiltak som er planlagt sett i verk
  • korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka blir gjennomført
  • korleis leiinga vil følgje med på om tiltaka verkar som planlagt etter at dei har fungert ei tid
  • korleis leiinga vil følgje opp arbeidet med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
  • kommunens eigne tidsfristar for gjennomføring og evaluering av tiltaka

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Anne Grete Robøle
fagdirektør

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet blei sendt 02.04.2018.

Tilsynet blei innleia med eit kort informasjonsmøte 12.06.2018. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn blei halde 12.06.2018.

Ein del dokument blei tilsendt og gjennomgått på førehand. Andre dokument blei overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument blei gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  1. Organisasjonskart Fitjar kommune, vedlagt administrativt delegeringsreglement 17.01.17 og politisk delegering frå Fitjar kommunestyre til rådmannen 21.12.16
  2. Svar på eigenvurdering av kommunens tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular
  3. Stillingsomtale etatsjef oppvekst og kultur
  4. Stillingsomtale etatsjef helse og sosial
  5. Stillingsomtale kommuneoverlege
  6. Stillingsomtale einingsleiar barnehage
  7. Stillingsomtale einingsleiar skule
  8. Stillingsomtale helserådgjevar
  9. Stillingsomtale rådgjevar barnehage og skule
  10. Oversikt over godkjenningsstatus og tilsyn med skular og barnehagar i Fitjar kommune
  11. Kopi frå møtebok sak 4/12 Fitjar kommunestyre, møtedato 22.02.12 – godkjenning av barnehagar og skular etter forskrift om miljøretta helsevern
  12. Kopi frå møtebok sak 47/13 utval for oppvekst og omsorg, møtedato 16.09.13 – oppfylging av ulike målingar i skular og barnehagar
  13. Måleprotokoll
  14. Miljøretta helsevern – risikovurdering av tilhøve i skular og barnehagar
  15. Saksframlegg – gjennomgang av vernerundar. Arbeidsmiljøutvalet, møtedato 28.03.19
  16. Informasjon om vernerunde 2019 og risikoanalyse av arbeidsmiljø på einingsnivå tiltaksrapport Øvrebygda skule
  17. Risikoanalyse av arbeidsmiljø på einingsnivå – tiltaksrapport Rimbareid skule 2019
  18. Handlingsplan for arbeidsmiljøet i Fitjarstølane barnehage 2019 – 2021
  19. Notat frå inneklimabefaring Rimbareid skule 20.05.16
  20. Analyserapport på luftprøver – Rimbareid skule
  21. Oversikt over kontaktpersonar barnehagar og skular

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikke publisert her

Tre representantar frå barnehagar og skular blei intervjua i samband med tilsynet.

Frå Fylkesmannen deltok:

  • fylkeslege, Kristin Cotta Schønberg, revisor
  • seniorrådgjevar, Arne Erstad, revisor
  • fagdirektør, Anne Grete Robøle, revisjonsleiar

[1] Oversikt over godkjenningsstatus og tilsyn med skular og barnehagar i Fitjar kommune

[2] Kopi frå møtebok sak 4/12 Fitjar kommunestyre, møtedato 22.02.12 – godkjenning av barnehagar og skular etter forskrift om miljøretta helsevern

[3] Saksframlegg – gjennomgang av vernerundar - arbeidsmiljøutvalet, møtedato 28.03.19

Informasjon om vernerunde 2019 og risikoanalyse av arbeidsmiljø på einingsnivå -
tiltaksrapport Øvrebygda skule

Risikoanalyse av arbeidsmiljø på einingsnivå – tiltaksrapport Rimbareid skule 2019

Handlingsplan for arbeidsmiljøet i Fitjarstølane barnehage 2019 – 2021

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2019 Folkehelseloven. Kommunens tilsyn med miljørettet helsevern i barnehager og skoler

Søk