Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Fjell kommune frå 03.09.2019 til 05.09. 2019. Vi undersøkte om kommunen sikrar at unge som treng det får eit forsvarleg ettervern frå barnevernstenesta og forsvarlege sosiale tenester frå Nav. Vi har lagt vekt på brukarmedverknad, samarbeid og koordinering av tenester. Tilsynet er retta mot kommunens tenester til unge til og med 24 år, som har eller har hatt barnevernstiltak og som har eller kan ha behov for sosiale tenester frå Nav.

Tilsynet vart gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn.

Fylkesmannens konklusjon:

Kommunen sikrar ikkje at alle ungdomar som treng det, får forsvarleg ettervern frå barnevernstenesta.

Dette er brot på: Barnevernlova §§ 1-5, jf. 1-3, 1-6, 1-7, 6-3, 6-3a, jf. § 1-4, jf. § 2-3 og internkontrollforskrifta for barnevernstenesta.

Kommunen sikrar ikkje at alle ungdomar som treng det, får nødvendige, individuelt tilpassa sosiale tenester frå Nav.

Dette er brot på: Sosialtenestelova §§ 17, 18, 19, 20a og 42, jf. § 4, jf. § 5 og internkontrollforskrifta for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga.

Tilsynet har avdekt gjennomgåande svikt i kommunens arbeid med å sikre at ungdom som treng det får forsvarleg ettervern og/eller forsvarlege sosiale tenester frå Nav. Verken barnevernleiaren, sosialsjefen, Nav-leiaren eller rådmannen, har hatt god nok styring og kontroll med kva oppfølging og hjelp ungdomar får av barnevernstenesta og Nav.

Kommunens styringstiltak sikrar ikkje at alle ungdomar får medverke i spørsmål som gjeld kva hjelp dei treng og korleis dei skal få hjelpa. Styringstiltaka sikrar heller ikkje at barnevernstenesta og Nav opplyser alle saker godt nok til å vurdere ungdomens hjelpebehov og aktuelle tiltak, eller at dei to tenestene samarbeider om å få til heilskaplege, individuelt tilpassa tenester til ungdom som har eller har hatt tenester frå barnevernstenesta. Styringstiltaka fangar ikkje opp at det manglar dokumentasjon av medverknad og faglege vurderingar både i barneverntenesta og i Nav.

Manglande dokumentasjon av medverknad og faglege vurderingar i sakene, gjer at verken tenesteleiarane eller rådmannen kan vite sikkert om ungdomane har fått nødvendig hjelp av barnevernstenesta og/eller Nav. Kommunen har ikkje nok opplysningar om kvar enkelt ungdom til å kontrollere dette. Manglane ved kommunens styring kan føre til at ungdomar ikkje får den hjelpa dei treng og har rett til etter barnevernlova og/eller sosialtenestelova. Kommunen sikrar ikkje at ungdom som har eller har hatt tenester frå barnevernstenesta får den hjelpa dei treng frå barnevernstenesta og/eller Nav.

Vi ber om tilbakemelding om kommunens årsaksforklaring og plan for retting av lovbrotet innan 21.11.2019, sjå kapittel 6 om kva planen skal innehalde. Ta kontakt om de treng lenger tid.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Fylkesmannen har undersøkt og vurdert om kommunen ved si styring og leiing sikrar ungdomens medverknad i saker som gjeld barnevern og sosiale tenester frå Nav, samarbeid mellom barnevernet og Nav i kommunen eller i andre kommunar der det er nødvendig, og koordinering av dei tenestene som vert ytt, slik at ungdom som treng det, får forsvarleg ettervern frå barneverntenesta og forsvarlege sosiale tenester frå Nav.

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen legg til rette for og følgjer opp at ungdommane mottar individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege barneverntenester og sosiale tenester, ved at barneverntenesta og Nav

  • innhentar informasjon om ungdomens heilskaplege situasjon og moglege behov for tenester
  • legg til rette for og gjennomfører kontinuerleg samarbeid mellom kommunale einingar som yter barneverntenester og sosiale tenester, og andre kommunar
  • koordinerer tenestene ungdomen mottar frå kommunale einingar
  • tilbyr og yter individuelt tilpassa og forsvarlege barneverntenester og sosiale tenester i overgangen til vaksenlivet
  • legg til rette for og følgjer opp at brukarmedverknad blir ivaretatt ved alle tema som skal undersøkast

Fylkesmannens tilsyn er gjennomført som systemrevisjon. Det inneber at Fylkesmannen har ført tilsyn med korleis kommunen styrer og leder arbeidet med barnevern og sosiale tenester i Nav og oppfyller dei aktuelle lovkrava.

Ungdomane sine meiningar om, og erfaringar med, tenestetilbodet i kommunen, er viktig informasjon for oss som tilsynsorgan, både med tanke på kvaliteten på tenestene og korleis kommunen praktiserer brukarmedverknad. Vi har derfor hatt samtalar med eit utval ungdomar i samband med dette tilsynet.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Barnevernlova og sosialtenestelova regulerer den delen av kommunens arbeid som er tema i dette tilsynet. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld så langt det ikkje i barnevernlova eller sosialtenestelova er eigne reglar om saksbehandlinga.

Fylkesmannen fører tilsyn med heimel i barnevernlova § 2-3 b og sosialtenestelova § 9.

Rett til tiltak og tenester

Barnevernlova
Barnevernlova gjeld i utgangspunktet for barn under 18 år, jf. barnevernlova § 1-3 første ledd, men lova opnar for at barn som treng hjelp frå barnevernet, kan få hjelp til dei har fylt 23 år, jf. barnevernlova § 1-3 andre ledd. Barn og ungdom har rett til tiltak etter barnevernlova når vilkåra er oppfylte, jf. § 1-5.

Barnets beste
Prinsippet om barnets beste er nedfelt i barnevernlova § 4-1, der det går fram at barnets beste skal vere avgjerande ved val av tiltak etter barnevernlova. Prinsippet er òg nedfelt i Grunnlova § 104 andre ledd og FNs barnekonvensjon artikkel 3, som er gjort til norsk rett ved menneskerettslova § 3. Det betyr at prinsippet om barnets beste òg gjeld ved behandling av søknader om sosiale tenester til barn.

Det er nær samanheng mellom prinsippet om barnets beste og barnets rett til å bli høyrt og medverke. I barnevernlova er barnets rett til å medverke nedfelt i § 1-6 om brukarmedverknad, § 1-7 om barnevernets plikt til å samarbeide med barn og foreldre, § 6-3 om barns rettar under saksbehandlinga og § 6-3 a om krav til grunngjevinga.

Sosialtenestelova
Tenesta opplysning, råd og rettleiing følgjer av sosialtenestelova § 17. Tenesta skal vere tilpassa behovet til tenestemottakaren og basere seg på aktiv involvering og deltaking. For ungdom med barnevernserfaring vil overgangsfasen frå barn til vaksen, bustad, utdanning, arbeid, helse, økonomihandtering, støttepersonar og nettverk vere aktuelle tema for rettleiinga.

Rett til stønad til livsopphald er slått fast i § 18. Utmåling av stønad til forsvarleg livsopphald skal skje på bakgrunn av ei individuell behovsprøving. Dersom stønad vert gjeve etter sats, må det grunngjevast konkret for den aktuelle saka kvifor stønad etter sats er forsvarleg.

Kommunen kan i særlege tilfelle gje stønad etter § 19, for å fange opp ulike behov som ikkje blir dekt gjennom stønad etter § 18. For unge med barnevernserfaring kan det være aktuelt å dekkje bestemte utgifter i ein overgangsfase før anna inntekt er på plass.

Ved stønad til livsopphald til unge under 30 år, skal Nav stille vilkår om aktivitet, med mindre tungtvegande grunnar taler mot det, jf. § 20 a. Nav-kontoret må vurdere konkret og individuelt kva aktivitet som er formålstenleg. Nav skal ta ungdomens behov, synspunkt og ønske med i denne vurderinga.

Brukarmedverknad er ein føresetnad for individuelle vurderingar, jf. § 42.

Krav om forsvarlege tiltak og tenester
Barnevernlova § 1-4 og sosialtenestelova § 4 slår fast at kommunen pliktar å syte for at tiltak og tenester er forsvarlege. Tenestene må vere av tilfredsstillande kvalitet, og kommunen må yte tenestene til rett tid og i rett omfang. Kva som vert rekna som forsvarleg tenester og tiltak, kan endre seg over tid.

Forsvarlegkravet inneber òg krav til leiing, organisering og styring. Det er nær samanheng mellom forsvarlegkravet og kravet om internkontroll, jf. barnevernlova § 2-3 tredje ledd og sosialtenestelova § 5. Forsvarlegkravet vert tolka i samanheng med dei andre lovkrava som gjeld for tenestene.

Kommunen kan innafor lova organisere verksemda og tenestene ut frå lokale føresetnader og behov, så lenge tenester og tiltak er forsvarlege.

Krav om samarbeid og koordinering av tenester
Både barneverntenesta og sosialtenesta i Nav pliktar å samarbeide med andre einingar og sektorar. Samarbeid og koordinering av tenester er avgjerande for at ungdom i målgruppa skal få eit forsvarleg tenestetilbod. Kommunens generelle plikt til å samarbeide er presisert i barnevernlova § 3-2 og sosialtenestelova § 13. Plikta til å samarbeide på individnivå følgjer av reglane om tiltak og tenester, som til dømes i reglane om individuell plan i barnevernlova § 3-2 a og sosialtenestelova § 28.

Teieplikta er i utgangspunktet til hinder for at dei tilsette i tenestene kan vidareformidle opplysningar om ein ungdom. Reglane som regulerer samarbeid gjev ikkje heimel til å fråvike reglane om teieplikt i barnevernlova § 6-7 og sosialtenestelova § § 43 og 44, jf. forvaltningslova § 13 til § 13 e. Tenestene kan derfor berre utveksle informasjon i enkeltsaker etter samtykke frå den saka gjeld.

Krav til dokumentasjon
Etter forvaltningslova § 11 d skal den som tek i mot munnlege opplysningar av betydning for saka, så langt det er mogleg, skrive dei ned. Forvaltningslova §§ 17 og 18 slår fast at den som er part har rett til innsyn i saksopplysningar og dokument. Barneverntenesta og Nav-kontoret skal dokumentere sentrale og relevante opplysningar om ungdomen. Det skal være synleg kva tenestene har gjort for den enkelte og kvifor det er gjort. Dokumentasjonsplikta har nær samanheng med kravet til forsvarlege tenester og tiltak og plikta til internkontroll.

Krav til enkeltvedtak
Avgjerder om tiltak og tenester etter barnevernlova er rekna som enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf. barnevernlova § 6-1 andre ledd. Alle tildelingar, avslag og endringar av sosiale tenester, og fastsetting, endringar og konsekvensar av vilkår, er òg rekna som enkeltvedtak, jf. sosialtenestelova § 41 andre ledd.

I barnevernlova § 1-3 er det presisert at opphøyr av tiltak etter fylte 18 år og avslag på søknad om tiltak etter fylte 18 år, er rekna som enkeltvedtak, og at også slike vedtak skal vere grunngjevne ut frå omsynet til barnets beste.

Styring og leiing
Krav til leiing, organisering og styring er viktige element i kommunens ansvar for å tilby og yte forsvarlege tenester. Kommunens plikt til å ha internkontroll, følgjer av barnevernlova § 2-1 andre ledd, med forskrift om internkontroll etter barnevernlova, og av sosialtenestelova § 5, med forskrift om internkontroll i kommunalt Nav.

Internkontrollplikta inneber at kommunen gjennom systematiske tiltak skal sikre at aktiviteten i tenestene vert planlagt, organisert, utført og vedlikehalden i samsvar med gjeldande lovkrav.

Styringssystemet skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten til verksemda, og aktivitetane og risikoforholda i verksemda, og styringssystemet skal ha det omfanget som er nødvendig for å sikre etterleving av lovkrava.

Det følgjer av barnevernlova § 2-1 sjuande ledd og sosialtenestelova § 6 at kommunen skal syte for at tilsette som yter tenester etter lova har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen har ansvaret for å gje nødvendig opplæring ved behov.

Kontaktpersonar/rettleiarar som jobbar med ungdom må ha kunnskap om dei særlege utfordringane ungdom som har eller har hatt tenester etter barnevernlova kan ha. Dei tilsette vil òg ha behov for kunnskap om andre tenester som det vil være naturleg å samarbeide med ved bistand og oppfølging av unge.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Fjell kommune har om lag 26 200 innbyggarar. Kommunens administrasjon er delt i driftsfunksjonar og stab- og støttefunksjonar. Driftsfunksjonane er inndelt i seks einingar. Sosialsjefen leiar ei av einingane. Fjell barnevern høyrer under sosialsjefen, som er i rådmannens leiargruppe.

Barnevernleiar rapporterer til sosialsjefen. Nav er ei eiga eining, direkte under rådmannen. Nav- leiaren er ikkje i rådmannens leiargruppe, men deltek i rådmannens utvida leiarmøte ein gong i månaden. Sosialsjefen fungerer som kontaktperson for Nav i kommunikasjonen mellom Nav og rådmannen.

Kommunen har ei ung befolkning og ser ein stor auke i saker i barnevernstenesta og i saker som gjeld økonomisk stønad frå Nav til ungdom i alderen 18-24 år. I ein prosjektsøknad frå Nav Fjell for 2019, går det fram at kommunen ser at barnevernstenesta og Nav har ulik tilnærming i oppfølging av ungdomar, og at dei vurderer det som ei utfordring å få til gode oppfølgingsløp, der barnevernstenesta og Nav arbeider heilskapleg og samordna med kvar enkelt ungdomen.

Kommunen fekk ikkje prosjektmidlar til dette i 2019. Det er opp til barnevernstenesta og Nav å løyse utfordringane. Kommunens leiing har ingen føringar for samarbeidet mellom barnevernstenesta og Nav om gode oppfølgingsløp for ungdomar, og følgjer ikkje med på kva dei to tenestene gjer for å få dette til.

Barnevernstenesta
Under barnevernleiaren er det fem fagleiarar. Seksjon internkontroll og seksjon ungdom høyrer under den same fagleiaren. I seksjon internkontroll er det 1,5 stillingar, fordelt på to personar. I seksjon ungdom er det to grupperettleiarar og fem kontaktpersonar.

Arbeid med ettervern skjer primært i seksjon ungdom, men seksjon omsorg og EM følgjer òg opp ungdom som har rett til ettervern. Det er til vanleg ein av kontaktpersonane som har kontakt med ungdomen. Kontaktpersonen kan rådføre seg med ein grupperettleiar, og det er til vanleg grupperettleiaren som skriv under på vedtak om hjelpetiltak. Barnevernleiaren skriv under på tvangsvedtak.

Informasjon om ettervern i god tid før ungdomen fyller 18 år

Barnevernstenesta har ein skriftleg prosedyre der det står at ungdomen i god tid skal få informasjon om retten til å halde fram med tiltak etter fylte 18 år. Ved intervju har vi fått vite at ungdom får informasjon om ettervern, men at ungdomen kan få informasjon seint. I nokre saker vert det snakka med ungdomen om ettervern rett før ungdomen fyller 18 år. Ved mappegjennomgangen var det vanskeleg å sjå om det er snakka med ungdomen om ettervern, og eventuelt kva som er teke opp med ungdomen og kva informasjon ungdomen har fått. Vi finn ikkje dokumentasjon som viser korleis ungdomen sjølv ser sin eigen situasjon eller kva han/ho ønskjer av oppfølging og hjelp frå barnevernstenesta etter fylte 18 år. Kontoret har ingen kontrollrutinar som sikrar at ungdomen har fått informasjon om ettervern i god tid før han/ho fyller 18 år.

Forsvarleg utgreiing av ungdomens situasjon med tanke på ettervern
I den skriftlege prosedyren står det at barnevernstenesta i to år før myndigheitsalder skal kartleggje ungdomens behov og funksjonsnivå. Ved dokumentasjonsgjennomgangen såg vi at mange ungdomar har ettervern, og at barnevernstenesta har mange ungdomar som vert følgt opp med

ettervern til dei fyller 23 år, men vi ser i liten grad utgreiingar av ungdomens situasjon med tanke på ettervern. Kontoret har ingen kontrollrutinar som sikrar at leiinga følgjer med på at dei tilsette i barnevernstenesta i god tid før ungdomen fyller 18 år, gjennomfører forsvarleg kartlegging av ungdomens situasjon med tanke på ettervern.

Forsvarleg, individuell og konkret vurdering av om ungdomen treng ettervern

Vi har ved intervju fått vite at dei fleste ungdomane vel å halde fram med tiltak frå barnevernstenesta etter fylte 18 år. Ved mappegjennomgangen har vi i liten grad sett faglege vurderingar av om ungdomen treng hjelp etter fylte 18 år, eventuelt kva hjelp. Kontoret har ingen kontrollrutinar som sikrar at barnevernstenesta gjer forsvarlege, individuelle og konkrete vurderingar av kvar enkelt ungdoms behov for hjelp etter fylte 18 år.

Plan for ettervern
I den skriftlege prosedyren står det at barnevernstenesta skal lage planen for ettervern i samarbeid med ungdomen eitt til to år før ungdomen fyller 18 år, seinast eitt år før. Nesten alle ungdomane har tiltaksplan, men det går ikkje tydeleg fram at ungdomen har vore med på å lage planen. Ved intervju har vi fått vite at arbeidet med planen kan starte rett før ungdomen fyller 18 år. Vi har òg fått vite at barnevernstenesta lagar eit forslag til plan, som dei legg fram for ungdomen. Ved mappegjennomgangen såg vi ikkje spor av arbeid med planen. Vi fann ikkje informasjon om kva som er ungdomens synspunkt og ønske. Kontoret har ingen kontrollrutinar som sikrar at barnevernstenesta lagar planen i samarbeid med ungdomen, at det er samtalar med ungdomen om behovet for hjelp i overgangen til vaksenlivet, eller at dette arbeidet startar seinast eitt år før ungdomen fyller 18 år.

Evaluering av ettervernet
Kravet om tiltaksplan er slått fast i den skriftlege rutinen, men rutinene inneheld ikkje nærare informasjon om kva planen må innehalde for å vere eit godt verktøy i oppfølginga av ungdomen. Nesten alle ungdomane har tiltaksplan med oversikt over tiltak, men tiltaksplanane inneheld ikkje konkrete mål og kriterium for måloppnåing. Det går ikkje fram av planane kva som er bestemt om evaluering. Det er ikkje synlege vurderingar ved evalueringane. Det går heller ikkje fram av dokumentasjonen at ungdomen har uttalt seg om korleis tiltaka fungerer. Kontoret har ingen kontrollrutinar som sikrar at barnevernstenesta snakkar med ungdomen og tek omsyn til ungdomens synspunkt ved evaluering av planen.

Avslutting av ettervernet
slutting av ettervern er omtala i den skriftlege rutinen. Det går fram at avgjerda om å avslutte ettervernet skal vere grunngjeve ut frå omsynet til barnets beste. Vidare at barnevernstenesta må gjere ei grundig vurdering av om tiltaket skal oppretthaldast eller erstattast av nye, og synleggjere kva vurderingar som er gjort.

Vi har sett døme på at barnevernstenesta har avslutta ettervernet før ungdomen fyller 23 år, utan at det går fram korleis barnevernstenesta har vurdert ungdomens hjelpebehov ved avslutting av ettervernet. I saker som er avslutta før ungdomen har fylt 23 år, finn vi ikkje barnefaglege vurderingar knytt til at ettervernet er avslutta. Ungdomanes synspunkt er ikkje godt nok dokumentert. Barnevernstenesta har ikkje i alle saker opplyst om at ungdomen kan ta kontakt igjen om han/ho ombestemmer seg.

Vi har òg sett døme på avslutningsvedtak der ettervernet er avslutta fordi ungdomen fyller 23 år. I desse sakene er det ikkje dokumentasjon som viser at barnevernstenesta har førebudd ungdomen på at ettervernet skal opphøyre og kva det inneber.

Kontoret har ingen kontrollrutinar som sikrar at avgjerder om å avslutte ettervern er grunngjeve ut frå omsynet til barnets beste, eller at det er synleg kva vurderingar som er gjort.

Oppfølging av unge som takkar nei til ettervern
I den skriftlege rutinen går det fram at der ein ungdom takkar nei til ettervern, har barnevernstenesta ansvar for å ta kontakt igjen etter eit år, for å høyre om behovet er endra. Vi har fått vite at det er få ungdomar som takkar nei til ettervern i samband med at dei fyller 18 år. Ved mappegjenomgangen har vi sett døme på at det i saker der ungdomen har takka nei til ettervern, er sendt brev til ungdomen der barnevernstenesta informerer om at han/ho kan ombestemme seg.

Det vert ikkje alltid sendt eit slikt brev.

Det går ikkje fram av dokumentasjonen at barnevernstenesta har prøvd å få til ein avtale med ungdomen om kontakt det første året etter at ungdomen har takka nei til tiltak, eller kva avtale som er gjort om dette.

Det er kjent i tenesta at barnevernet skal ta kontakt etter eitt år for å høyre om ungdomen likevel ønskjer å ta i mot hjelp frå barnevernstenesta, men vi kan ikkje sjå at tenesta har ordningar som sikrar at ungdomen vert kontakta etter eit år. Kontoret har ikkje kontrollrutinar som sikrar at ungdomen vert kontakta etter eit år.

Nav
Nav Fjell er organisert i to avdelingar under Nav-leiaren. I den eine avdelinga er eit team for sosiale tenester og eit ungdomsteam. I den andre avdelinga er eit oppfølgingsteam og eit veiledningsteam. Teamet for sosiale tenester behandlar søknader om sosiale tenester og gjer vedtak om det.

Ungdomsteamet har kontakt med ungdomar både før og etter vedtak. Ein rådgjevar i veiledningsteamet kan òg gjennomføre kartlegging i saker som gjeld ungdom.

Navs generelle informasjon til kvar enkelt ungdom
Vi har ved intervju fått vite at ungdomen får munnleg informasjon om sosiale tenester i den første kartleggingssamtalen, eventuelt seinare. Det vert ikkje dokumentert kva informasjon ungdomen har fått om dei sosiale tenestene i Nav. Nav informerer ikkje om ettervern frå barnevernstenesta.

Kontoret har ikkje kontrollrutinar som sikrar at ungdomane får nødvendig informasjon om sosiale tenester og eventuelt andre aktuelle tenester.

Navs kartlegging av ungdomens situasjon og behov for tenester

Nav tilbyr og gjennomfører kartleggingssamtale, men det er ikkje synleg i sakene at Nav har kartlagt både for å avklare ungdomens rett til sosiale tenester, til dømes økonomisk stønad eller opplysning, råd og rettleiing, eller behov for andre tenester, til dømes tiltak frå barnevernstenesta.

Det går ikkje fram i dokumentasjonen om ungdomen har fått nok informasjon til å kunne medverke i kartlegginga av hjelpebehovet. Mappegjennomgangen viste at Nav innhentar faktiske opplysningar om ungdomens situasjon, men Nav dokumenterer ikkje sine faglege vurderingar av hjelpebehovet. Ungdomens ønske og mål på kort og lang sikt er ikkje synleg i kartlegginga.

Vi ser ikkje spor av koordinering av Nav og barnevern som sikrar at ungdomens samla hjelpebehov vert dekt, og at tenestetilbodet samla sett vert ytt slik at det er oversiktleg og greitt for ungdomen, så lagt det er mogleg.

Vi har sett døme på at Nav har fått nye opplysningar om ungdomens situasjon utan å følgje dette opp med tanke på om hjelpebehovet an ha endra seg, til dømes opplysningar om flytting frå fosterheim til leigd bustad.

Tenesta opplysning, råd og rettleiing
Ansvaret for å yte tenesta opplysning, råd og rettleiing, er ved Nav Fjell ikkje klart plassert for anna enn gjeldsrådgjeving, og vi har ved intervju fått vite at vedtak etter § 17 vert berre gjort for gjeldsrådgjeving. Vi har ved mappegjennomgangen ikkje sett spor av at tenesta opplysning, råd og rettleiing er ytt for andre formål enn gjeldsrådgjeving.

Utmåling av økonomisk stønad
Det går fram av dei skriftlege rutinane at stønad vert rekna ut etter rettleiande satsar, men at husleige/straum vert fastsett ved skjøn. Vi har ved mappegjennomgangen sett at utmåling av stønad skjer etter rettleiande satsar, med justering for dokumenterte inntekter og utgifter. Vi har òg sett døme på at det er gjeve juletillegg etter kommunale satsar. Kontoret har ikkje kontrollrutinar som sikrar at det vert utøvd forsvarleg skjøn i kvar enkelt sak.

Vilkår om aktivitet

Ved intervju kom det fram at hovudregelen ved Nav Fjell er bruk av vilkår om aktivitet, og at aktiviteten som hovudregel er frammøte på Muligheten. Alternativet er vilkårssamtalar med ein ungdomsrettleiar. Det er vanleg å gjere vedtak om aktivitet, utan å ha dialog med ungdomen eller barnevernstenesta om dette først. Det er ved fråvær eller sms om at det ikkje passar for ungdomen at Nav fangar opp at det vilkåret som er bestemt ikkje fungerer for ungdomen. Ungdomen kan da få fritak frå aktivitetskravet, eller innhaldet i kravet kan bli endra til vilkårssamtalar med ungdomsrettleiar. Ved mappegjennomgangen har vi ikkje sett spor av at spørsmålet om å stille vilkår om aktivitet, eller kva aktivitet eller kva omfang av aktivitet, som er tenleg for ungdomen, er teke opp med ungdomen før det er gjort vedtak med vilkår om aktivitet. Kommunen har ikkje kontrollrutinar som sikrar at vilkår om aktivitet vert bestemt på bakgrunn av opplysningar frå ungdomen og eventuelt barnevernstenesta.

Samarbeid mellom barnevernstenesta og Nav
Kommunen har ikkje klare rutinar for samarbeid mellom barneverntenesta og Nav. Den avtalen tenestene har, er ein avtale om korleis barnevernstenesta skal kome i kontakt med Nav om enkeltsaker. Det har vore forsøkt at ein Nav-tilsett har hatt fast kontortid hjå barnevernstenesta.

Kommunen har ingen avtale mellom tenestene om samarbeid eller ansvarsdeling i saker der begge kontora kan yte same type hjelp. Kommunen har ikkje rutinar som sikrar at barnevernstenesta og Nav vert samde om kva tenester ein ungdom skal ha, kva teneste som skal dekkje kva behov, og at tiltaka vert koordinerte.

Vi forstår det slik at leiinga ønskjer å styre praksis i retning av at alle ungdomar som treng økonomisk hjelp skal få det frå Nav og ikkje frå barnevernstenesta. Det vert ikkje gjort barnefaglege vurderingar av om det er til beste for ungdomen at økonomisk stønad vert ytt av Nav.

Barnevernstenesta gjev økonomisk stønad, der ungdomen ikkje får nødvendig hjelp av Nav.

Det er ikkje synleg i dokumentasjonen at ungdomane får tenesta opplysning, råd og rettleiing frå barnevernstenesta eller Nav.

Nav har ikkje rutinar som sikrar avklaring av behov for ettervern og kontakt med barnevernstenesta om dette.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Vi vurderer først barnevernstenesta sitt arbeid med ettervern, så Navs arbeid med sosiale tenester til ungdom som har eller har hatt barnevernstenester.

Ved vurderinga av om kommunen legg til rette for reell brukarmedverknad, har vi sett på om ungdomen vert involvert i alle val og vurderingar, om ungdomen får nok informasjon og i rett tid til å kunne delta i planlegging og utforming av tenestetilbodet sitt, om ungdomens synspunkt er synleg i alle vurderingar og avgjerder, og korleis ungdomens ønske og synspunkt vekta mot andre omsyn.

Barnevernstenesta sitt arbeid med ettervern
I barnevernstenesta har vi undersøkt om kommune sikrar at dei ungdomane som treng det, får forsvarleg ettervern. Som ledd i dette, har vi undersøkt om kommunen sikrar ungdomens rett til å medverke ved førebuing av ettervernet, ved evaluering av tiltak og ved avslutting av ettervernet, og om kommunen følgjer opp ungdom som har takka nei til ettervern. Vi har òg undersøkt om kommunen sikrar at barnevernstenesta har samarbeid med Nav, der det er nødvendig for å hjelpe ungdomen i overgangen til vaksenlivet.

Kommunen har i liten grad dokumentasjon som viser ungdomens medverknad ved førebuing av ettervernet, ved evaluering av tiltak eller ved avslutting av ettervernet. Manglande dokumentasjon gjer at det ikkje er mogleg å føre kontroll med kva informasjon ungdomen har fått om ettervernet, eller om retten til å medverke ved planlegging, gjennomføring og avslutting av tiltak.

Vi har ved tilsynet fått vite at nokre ungdomar får informasjon om ettervern seint, av og til rett før ungdomen fyller 18 år. Ved å ikkje gje informasjon og involvere ungdomen i planlegging av ettervernet i god tid før ungdomen fyller 18 år, har kommunen ikkje lagt til rette for reell medverknad om planen for ettervern.

Manglande dokumentasjon gjer at det heller ikkje er mogleg å sjå om barnevernstenesta ved planlegging, gjennomføring og avslutting av tiltak innhentar ungdomens synspunkt på eigen situasjon og hjelpebehov, eller korleis barnevernstenesta på ulike tidspunkt, vektlegg ungdomens synspunkt i vurderingane sine. Ved å ikkje dokumentere ungdomens synspunkt og vise korleis desse er vekta opp mot andre omsyn, har kommunen ikkje ivareteke ungdomens rett til å medverke i saka si.

Kommunen har ikkje ordningar som sikrar at ungdomar som har takka nei til ettervern vert følgt opp, dette er opp til kvar enkelt saksbehandlar. Vi har ikkje sett dokumentasjon som viser at desse ungdomane faktisk vert følgt opp etter at tiltaka frå barneverntenesta er avslutta. Manglande system for å følgje opp ungdomar som har takka nei til ettervern, medfører risiko for at ungdomar som har hatt tiltak frå barnevernstenesta, ikkje får nødvendig hjelp fram til dei er 23 år, slik dei har rett til.

Barnevernstenesta har kontakt med Nav om enkeltsaker, men det er etter det vi forstår ikkje ungdomens ønske eller barnefaglege vurderingar som ligg til grunn for at barnevernstenesta etablerer kontakt med Nav. Det betyr at det vert etablert kontakt med Nav, utan at det er vurdert nødvendig og hensiktsmessig for den ungdomen det gjeld. Etablert kontakt med Nav kan òg føre til bortfall av tenester frå barnevernstenesta, utan at det er nærare grunngjeve.

Barnevernstenesta koordinerer tiltak frå ulike tenester, men kommunen sikrar ikkje at barnevernstenesta og Nav vert samde om kva tenester ein ungdom skal ha, kven av dei som skal dekkje kva behov, eller at tiltaka vert koordinerte slik at dei samla sett dekkjer ungdomens hjelpebehov.

Vi vurderer at manglande tilrettelegging for medverknad om ettervern, og manglande dokumentasjon av dialogen med ungdomen om ettervern, medfører fare for svikt i tenesteytinga. Manglande ivaretaking av ungdomens rett til medverknad, medfører risiko for at ungdom som treng hjelp, ikkje får den hjelpa dei treng, til dømes fordi ungdomen har hjelpebehov som ikkje vert dekt, eller ikkje opplever den hjelpa han/ho får som relevant. Manglande dokumentasjon medfører dessutan fare for svikt i oppfølging av ungdomen i situasjonar der ein sakshandsamar sluttar, vert sjuk, eller av andre grunnar har langvarig fråvær. Rådmannen etterspør ikkje informasjon om dette frå barnevernleiaren.

Det er vår vurdering at manglande styring med ettervernsarbeidet, manglande tilrettelegging for ungdomens medverknad, manglande dokumentasjon av ungdomens medverknad og barnevernfaglege vurderingar i kvar enkelt sak, og manglande koordinering av barnevernstenester og sosiale tenester frå Nav i saker der det er aktuelt, medfører at kommunens arbeid med ettervern ikkje er i samsvar med lovkrava. Kommunen sikrar ikkje at alle ungdomar som treng det, får forsvarleg ettervern.

Navs arbeid med sosiale tenester til ungdom som har eller har hatt barnevernstenester
I Nav har vi undersøkt om kommunen sikrar at ungdomar som treng det får forsvarlege sosiale tenester frå Nav. Vi har som ledd i dette, undersøkt om kommunen sikrar ungdomens rett til å medverke ved førebuing av vedtak om økonomisk stønad og/eller tenesta opplysning, råd og

rettleiing. Vi har òg undersøkt om kommunen sikrar at Nav samarbeider med barnevernstenesta, der det er nødvendig for å hjelpe ungdomen i overgangen til vaksenlivet.

Tilsynet viser at kommunen ikkje sikrar at ungdomar får nødvendig informasjon om sosiale tenester. Ved utmåling av økonomisk stønad bruker Nav faste satsar, ikkje skjøn. Tilsynet viser òg at Nav ikkje dokumenterer at det er vurdert at ungdomen har behov for tenesta opplysning, råd og rettleiing, eller at denne tenesta er ytt.

Manglande dokumentasjon av kva informasjon som er gjeve, gjer det vanskeleg å vite om ungdomen har fått den informasjonen han/ho treng for å ivareta interessene sine i dialogen med Nav. Vi ser at Nav innhentar faktiske opplysningar om ungdomen, men Navs vurderingar av ungdomens hjelpebehov på bakgrunn av dei tilgjengelege opplysningane er ikkje dokumenterte. Ungdomens syn på eige hjelpebehov og korleis det bør dekkast, går heller ikkje fram av dokumentasjonen. Ved vedtak om økonomisk stønad, dokumenterer Nav ikkje kva informasjon som ligg til grunn for det vedtaket dei har gjort. Manglande dokumentasjon av kva informasjon som er lagt til grunn ved Navs vurderingar i ei sak, gjer det vanskeleg å vite om Nav har teke omsyn til tilgjengeleg og relevant informasjon om ungdomen. Dette gjer det vanskeleg for ungdomen å ivareta sine rettar i møte med Nav. Vi meiner på bakgrunn av dette at Nav ikkje sikrar ungdomens rett til medverknad i saksførebuinga, og at Nav dermed heller ikkje sikrar at sakene er tilstrekkeleg opplyst før det vert teke avgjerd. Dette kan føre til at ungdomen ikkje får nødvendig hjelp.

Nav-leiaren har ikkje sett i verk tiltak for å sikre at ungdom som har eller har hatt barnevernstiltak får medverke i møte med Nav, slik at dei får dei tenestene dei har behov for. Nav-leiaren sikrar ikkje at ungdomens situasjon vert godt nok opplyst med tanke på kva som er rett tiltak, kva som er rett utmåling av stønad, om det er rett å stille vilkår for økonomisk stønad, og eventuelt kva som er dei rette vilkåra. Nav-leiaren sikrar ikkje ar det vert vurdert om ungdomen har behov for tenesta opplysning råd og rettleiing. Nav-leiaren sikrar heller ikkje at Nav fangar opp eventuelt behov for ettervern, gjev ungdomen informasjon om ettervern eller jobber for å motivere ungdomen til ettervern. Rådmannen etterspør ikkje informasjon om dette frå Nav-leiaren.

Det er vår vurdering at manglande styring med sosiale tenester frå Nav til ungdomar, manglande tilrettelegging for ungdomens medverknad, manglande dokumentasjon av ungdomens medverknad og sosialfaglege vurderingar i kvar enkelt sak, og manglande koordinering av sosiale tenester frå Nav og barnevern i saker der det er aktuelt, medfører at kommunens arbeid med sosiale tenester frå Nav til ungdom som har eller har hatt kontakt med barnevernet, ikkje er i samsvar med lovkrava.

Kommunen sikrar ikkje at alle ungdomar som treng det, får nødvendige, individuelt tilpassa sosiale tenester frå Nav.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Fylkesmannens konklusjon:
Kommunen sikrar ikkje at alle ungdomar som treng det, får forsvarleg ettervern frå barnevernstenesta.

Dette er brot på: Barnevernlova §§ 1-5, jf. 1-3, 1-6, 1-7, 6-3, 6-3a, jf. § 1-4, jf. § 2-3 og internkontrollforskrifta for barnevernstenesta.

Kommunen sikrar ikkje at alle ungdomar som treng det, får nødvendige, individuelt tilpassa sosiale tenester frå Nav.

Dette er brot på: Sosialtenestelova §§ 17, 18, 19, 20a og 42, jf. § 4, jf. § 5 og internkontrollforskrifta for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga.

6.  Oppfølging av påpeikte lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at verksemda skal gjere i prosessen med å rette påpeikte lovbrot, slik at tenesta ivaretek krava til kvalitet og rettstryggleik for tenestemottakarane.

Fylkesmannen ber Fjell kommune om å vurdere kva forhold som har ført til det påpeikte lovbrotet, og på bakgrunn av dette lage ein plan for retting.

Planen må innehalde opplysningar om

  • Kva tiltak kommunen vil setje i verk for å rette lovbrotet
  • Korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka er sett i verk
  • Korleis leiinga vil gjennomgå om tiltaka har verka som planlagt etter at dei har fått verke ei stund
  • Kommunens eigne fristar for å sikre framdrift

Frist 21.11.2019

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Turid Måseide
seniorrådgjevar

 

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok. Varsel om tilsynet vart sendt 08.03.2019.

Før tilsynet hadde vi samtalar med seks ungdomar om deira erfaringar med barnevernstenestene i Fjell kommune.

Tilsynet vart gjennomført ved Fjell barnevern og Nav Fjell. Tilsynet vart innleia med eit kort informasjonsmøte 03.09.2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 05.09.2019.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, medan andre dokument vart overleverte og vurderte i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument er vurderte som relevante for tilsynet:

  • Overordna organisasjonskart for Fjell kommune
  • Delegasjonsreglement for Fjell kommune
  • Organisasjonskart for barnevernstenesta og Nav
  • Oversikt over leiarar og tilsette i barnevernstenesta og Nav
  • Stillingsomtalar barnevern
  • Stillingsomtale teamkoordinator sosiale tenester i Nav
  • Stillingsomtale teamkoordinator ungdom i Nav
  • Stillingsomtale ungdomsrettleiar i Nav
  • Oversikt over oppgåver i rådgjevarstillingar i Nav
  • Skriftlege rutinar for ettervern
  • Internkontroll for barnevernstensta
  • Underskriftsreglement for barnevernstensta
  • Årshjul for barnevernstensta
  • SiF-posten januar-juni 2019
  • Plan for leiarmøte barnevern 2018
  • Referat frå tre siste leiarmøte barnevern (09.05.2018. 12.09.2018 og 22.08.2019)
  • Plan for personalmøte barnevern
  • Referat frå to personalmøte barnevern (13.03.2019 og 27.04.2019)
  • Kompetanseplan for barnevernstensta
  • Prosjektrapport om rusutfordringar blant ungdom i Fjell kommune
  • Sosialsjefens årsmelding 2016, 2017, 2018
  • Informasjon om EM-tiltak
  • Handlingsplan for rusomsorg 2015-2020
  • Handlingsplan for betre samordning mellom tenestene i akuttsituasjonar 2015-2020
  • Nominasjon til årets ungdomskommune 2019
  • Samarbeidsavtale mellom Fjell kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Hordaland, gjeldande frå januar 2017
  • Rutineskriv kommunale tenester – sosialhjelp i Nav
  • Kartleggingsskjema Nav
  • Opplæringsplan for saksbehandling økonomisk sosialhjelp i Nav
  • Sjekkliste for godkjenning av saker i Nav
  • Referat frå samarbeidsmøte mellom Nav, bustadkontoret og barnevernstenesta 04.2018
  • Prosjektsøknad for Nav 2019
  • Risikoskjema HMS i Nav
  • Avviksskjema for Nav

Vi gjekk gjennom 21 mapper i barnevernstenesta og 10 mapper i Nav. Vi har etter tilsynsbesøket fått tilsendt arbeidsevnevurderingar og notat for to ungdomar. Vi kan ikkje sjå at denne tilleggsdokumentasjonen inneheld opplysningar som tilseier endringar i rapporten.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikkje publisert her

Desse deltok frå Fylkesmannen:

  • Seniorrådgjevar, Eva Ekblom, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • Seniorrådgjevar, Elisabeth Lund-Iveren, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • Seniorrådgjevar, Turid Måseide, Fylkesmannen i Vestland, revisjonsleiar

 


Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2019 Barneverntjenestens tilbud om ettervern og samhandling med sosiale tjenester i Nav

Søk etter tilsynsrapporter

Søk