Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Fitjar kommune og besøkte i den forbindelse Nav Fitjar frå 16.10.2019 til 17.10.2019. Vi undersøkte om Fitjar kommune sørgjer for at Navs vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Som ledd i førebuinga til tilsynet snakka vi med fem personar med forsytaransvar for barn, som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Fitjar.

Tilsynet vart gjennomført som del av årets planlagde tilsyn initiert av Fylkesmannen.

Fylkesmannens konklusjon:

  • Fitjar kommune sikrar ikkje at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar.

Dette er brot på:
Sosialtenestelova §§ 18 og 19, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollforskrifta § 4 om innhaldet i internkontrollen.

Kommunens internkontroll (styring) sikrar ikkje at det vert gjennomført forsvarleg kartlegging og utøvd forsvarleg skjøn i saker som gjeld økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn. Internkontrollen (styringa) sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste før det vert gjort vedtak, og internkontrollen (styringa) sikrar heller ikkje alle vedtak byggjer på konkrete individuelle vurderingar ved utmåling av stønaden. Manglande dokumentasjon av søkjarens situasjon på søknadstidspunktet, gjer at kommunens leiing ikkje kan vite sikkert om søkjarane har fått nødvendig hjelp av Nav.

Desse manglane ved kommunens internkontroll (styring) kan føre til at søkjarar med forsytaransvar for barn ikkje får den økonomiske stønaden dei har rett til etter sosialtenestelova. Kommunens internkontroll (styring) sikrar ikkje at barn i familiar med låg inntekt får den hjelpa dei treng.

Vi ber om tilbakemelding om kommunens årsaksforklaring og plan for retting av lovbrotet innan 01.03.2020, sjå kapittel 6 om kva planen skal innehalde.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Temaet for tilsynet var om kommunen sikrar forsvarleg behandling av søknader om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn. Fylkesmannen har undersøkt og vurdert om kommunen gjennom styring og leiing sikrar at alle vedtak byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Som ledd i førebuing til tilsynet snakka vi med fem personar med forsytaransvar for barn, som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Fitjar.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med sosiale tenester i Nav, etter sosialtenestelova § 9. Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Tenesta økonomisk stønad er regulert i sosialtenestelova kapittel 4. Sosialtenestelova inneheld òg saksbehandlingsreglar, og fastset at saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld der ikkje anna er bestemt. Ved dette tilsynet er krava i forvaltningslova § 17 om opplysning av saka og § 25 om innhaldet i grunngjevinga for vedtaket sentrale. I menneskerettslova § 2 punkt 4 er det fastsett at FNs barnekonvensjon gjeld som norsk lov. Barnekonvensjonens artikkel 3 om barnets beste inngår dermed i det rettslege grunnlaget ved dette tilsynet.

Retten til stønad til livsopphald er slått fast i sosialtenestelova § 18. Nav skal yte forsvarleg livsopphald etter individuell behovsprøving. Dersom Nav tildeler stønad etter ein bestemt sats, må det gå fram at det er vurdert individuelt, for den konkrete saka, at stønaden vil sikre søkjaren og søkjarens barn forsvarleg livsopphald. I særlege tilfelle kan Nav gje stønad etter sosialtenestelova § 19 for å fange opp ulike behov som ikkje vert dekt gjennom stønad etter § 18.

Det er eit sentralt prinsipp at Nav ved behandling av søknader om økonomisk stønad må vurdere konkret og individuelt om det er grunnlag for stønad, og eventuelt kva sum. Kartlegging av behov og individuell vurdering dannar nødvendig grunnlag for avslag eller tildeling av stønad, og for utmåling av stønaden. Viss saka ikkje er godt nok opplyst, vil det vere stor risiko for at Navs vurdering av om kriteria for å gje økonomisk stønad er oppfylt og eventuelt utmålinga av stønaden ikkje vert rett.

Det vil kunne variere noko etter søkjarens situasjon kva Nav skal ha med i kartlegginga. Nav skal alltid undersøkje om søkjaren har barn. Dersom søkjaren har barn, må Nav ved kartlegginga av søkjarens behov også kartleggje barnas behov og ta omsyn til barnas behov når dei vurderer om det er grunnlag for stønad. Nav må òg ta omsyn til barnas behov ved utmåling av stønaden. FNs barnekonvensjon artikkel 3 inneber at Nav ved behandling av søknader om stønad til livsopphald frå ein søkjar som har omsorg for barn, pliktar å vurdere omsynet til barnets beste. Ved behov skal Nav sikre barnet materiell hjelp og nødvendige støttetiltak, særleg med omsyn til mat, klede, fritidsaktivitetar og bustad.

Kommunen kan ha ordningar som kjem barn i låginntektsfamiliar til gode. Slike ordningar kan føre til at barnets behov vert heilt eller delvis dekte. Når Nav behandlar familiens sosialhjelpssøknad, må Nav klarleggje om barnet/barna i familien faktisk får dekt behova sine gjennom slike ordningar. Det må gå fram i Navs saksutgreiing korleis kvart enkelt barns behov er vurdert, og kva faktiske opplysningar som er lagt til grunn ved vurderinga.

Ved fastsetting av stønad, kan kommunen ta utgangspunkt i statleg rettleiande satsar eller lokale normer. Slike satsar og normer kan berre vere rettleiande. Det betyr at Nav uavhengig av satsar og normer må vurdere kvar søknad konkret og individuelt, og at Nav må fråvike den satsen eller norma som vert lagt til grunn som eit utgangspunkt for skjønet, dersom forholda i den familien saka gjeld tilseier det.

Kravet om forsvarleg teneste gjeld som eit overordna krav, jf. sosialtenestelova § 4. Reglane i sosialtenestelova og forvaltningslova bidreg til å gje forsvarlegkravet innhald. Kvaliteten på tenestene må vere tilfredsstillande, og brukarane må få tenestene til rett tid og i tilstrekkeleg omfang.

Kommunen må gjennom organisering og styring av tenestene sikre at både tenester og tiltak er forsvarlege, jf. internkontrollplikta som er fastsett i sosialtenestelova § 5. Kravet om internkontroll er nærare regulert i forskrift (forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltninga).

Med internkontroll meiner vi systematiske tiltak som sikrar at kommunen etterlever gjeldande lov- og forskriftskrav for den aktuelle typen teneste, jf. internkontrollforskrifta § 3. Internkontrollen skal vere tilpassa verksemda, slik at kommunen til ei kvar tid sikrar nødvendig styring med tenestene.

Kommunens organisasjon, ansvarsplassering og oppgåvefordeling, vurdering av kompetansebehov og tilrettelegging for at dei tilsette kan utføre oppgåvene sine, oversikt over område med risiko for svikt og bruk av erfaringar frå tilsette og brukarar i forbetringsarbeidet, er viktige element i internkontrollen. Kommunen skal dokumentere internkontrollen i den grad det er nødvendig, jf. internkontrollforskrifta § 5.

Det følgjer av sosialtenestelova § 6 at kommunen skal sjå til at tilsette som yter tenester etter lova har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen pliktar å gi dei tilsette nødvendig opplæring ved behov. Tilsette i Nav som jobbar med økonomisk stønad til barnefamiliar, må ha kunnskap om dei særlege utfordringane barn i slike familiar kan ha. Dei tilsette vil òg ha behov for kunnskap om andre instansar som det vil være naturleg å samarbeide med ved økonomisk stønad eller anna hjelp til barnefamiliar.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane vert etterlevde.

Fitjar kommune har ca. 3200 innbyggarar per andre kvartal 2019. Kommunens administrasjon er organisert i tre etatar. Dei tre etatssjefane er i rådmannens leiargruppe. Nav ligg under etatssjef for helse, sosial og omsorg. Etatssjefen har faste statussamtalar med Nav-leiaren ein gong i månaden.

Nav-leiaren har delegert ansvar for dei kommunale oppgåvene i Nav. Dei kommunale oppgåvene i Nav omfattar mellom anna økonomisk stønad etter sosialtenestelova. Nav-leiarens ansvar går elles fram av samarbeidsavtalen mellom Fitjar kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Hordaland.

Det er ti tilsette ved Nav-kontoret. Kontoret er organisert i tre team, utan formelle teamleiarar. Ein tilsett kan tilhøyre fleire team. Saksbehandling av søknader om økonomisk stønad skjer i oppfølgingsteamet. Nav Fitjar har skriftlege rutinar for behandling av søknader om økonomisk sosialhjelp. Dei har òg ein skriftleg rutine for korleis Nav Fitjar skal ivareta barneperspektivet når foreldre/omsorgspersonar kontaktar Nav, og eit eige skjema for kartlegging av barns behov som dei har brukt sidan 01.09.2019. Rutinane vert oppdaterte ved behov for endringar i kontorets praksis.

Kontoret har hatt ein del klagesaker på tilsynsområdet. Desse går dei gjennom, og dei evaluerer rutinane etter desse. Dei tilsette sjekkar utkast til vedtak for kvarandre, før leiar godkjenner vedtaka. Dei tilsette i Nav-kontoret har fagmøte kvar veke, der dei drøftar saker. Dei tilsette som jobbar med økonomisk sosialhjelp har oversikt over kven som har sosialhjelp som hovudyting og om dei har barn eller ikkje. Kontoret har statussamtalar om alle fagfelt annakvar månad, slik at Nav-leiar får status for dei ulike fagfelta til ei kvar tid.

Tiltak som heimekonsulent, Laget og Nav i vidaregåande skule, er prosjekt kontoret har starta for å auke fokus på barnefattigdom og korleis dei kan betre kvardagen for barna ved at fleire av foreldra får jobb eller tek til i utdanning eller arbeidsretta aktivitet.

Dei tilsette ved Nav Fitjar er opptekne av barneperspektivet, og kontoret har ein heimekonsulent tilknytta Laget. Kommunen er oppteken av å førebyggje sosial naud, og dei tilsette tenkjer heilskapleg om korleis andre tenester og tiltak kan bidra til å hjelpe familiar med låg inntekt. Kommunen har hatt eit eige fattigdomsprosjekt og har no eit prosjekt for brukarretta tverrfagleg innsats (BTI). Dei tilsette i Nav er opptekne av å gjere rett vedtak om økonomisk stønad, og kontoret har til vanleg kort saksbehandlingstid.

Kartlegging ved søknad
Det går ikkje fram av dei skriftlege rutinane korleis kartlegginga skal gjennomførast, men det er ei felles forståing at formålet med kartlegginga er å finne ut om søkjaren har livsopphaldsutgifter som han/ho ikkje klarer å dekkje sjølv, eller om søkjaren treng økonomisk stønad for å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. Ved elektronisk søknad startar kartlegginga ved at den tilsette finn fram relevante opplysningar i Navs system før søkjaren vert kalla inn til kartleggings-samtale. Der søkjaren leverer søknaden personleg, kan kartlegginga starte med ein samtale.

Kartlegginga inneber ein gjennomgang av heile søkjarens situasjon. Barnas situasjon, utgifter med å ha barn, aktivitetar og liknande er da ein del av bildet. Opplysningane frå kartlegginga vert dokumenterte i vedtaket eller i eigne notat.

På bakgrunn av det vi har fått opplyst i brukarsamtalar, ved intervju av tilsette og det som går fram i saksmapper, legg vi til grunn at det som ledd i saksutgreiinga kan vere kontakt mellom Nav og søkjaren mellom søknaden og vedtaket, men at det ikkje alltid er kontakt mellom søknad og vedtak.

I rutineskrivet står det at saksbehandlarane skal skrive i opplysningsfeltet i vedtaket kor mange barn søkjaren har, og i den økonomiske oversikta skal det gå fram kva inntekter og utgifter som omfattar barn. Som døme er nemnt at barnetrygd og kontantstøtte skal stå på inntektssida, medan dei statlege rettleiande sosialhjelpssatsane for barn og barnehageutgifter skal stå på utgiftssida. I forklaringa til den økonomiske oversikta, skal det stå kva utgiftene til barna omfattar. Ved mappegjennomgangen har vi sett at det er slik det vert gjort.

Om livsopphaldet, er det i rutineskrivet lista opp utgifter som inngår i livsopphaldet som kjem innunder ein felles livsopphaldssats. Dette er utgifter til klede, sko, hushaldningsartiklar, hygieneartiklar mm, TV-lisens, internett, avis, telefon, alminnelege fritidsaktivitetar, fritidsutstyr til barn, og reiseutgifter (bruk av offentleg kommunikasjon i samband med daglege gjeremål, arbeid og fritid).

Vi har ved intervju og mappegjennomgang fått vite at Nav Fitjar ikkje alltid innhentar opplysningar om søkjarens faktiske utgifter til denne typen varer og tenester. Det vert til vanleg lagt til grunn at søkjaren skal ha tilsvarande livsopphaldsatsen til dette, jf. også rutinen som seier at dei statlege rettleiande sosialhjelpssatsane for barn skal førast som utgifter.

I rutineskrivet er det vidare lista opp utgifter som inngår eller kan inngå i livsopphaldet, som ikkje er rekna med i livsopphaldssatsen, og det er understreka at desse utgiftene skal stå for seg sjølv i den økonomiske oversikten. Dette gjeld til dømes utgifter til vedlikehald av eigen bustad, husleige, straum, forsikring, bilhald, barnehage og SFO. Vi har ved mappegjennomgangen sett at slike utgifter er identifiserte og står for seg sjølv i utrekninga.

I den skriftlege rutinen for Nav Fitjars ivaretaking av barneperspektivet står det at når foreldre/omsorgspersonar er i kontakt med Nav, skal Nav ta særleg omsyn til barnas behov ved kartlegging/vurdering. Vidare står det at barnas behov alltid skal drøftast med foreldra /omsorgspersonane, og det er viktig å spørje foreldra om korleis dei trur situasjonen verkar inn på barna.

Ved mappegjennomgangen har vi sett døme på vedtak der Nav har gjeve ekstra stønad for å dekkje barns behov, men det var ikkje i alle saker dokumentasjon som viste at Nav hadde hatt samtale med foreldra/omsorgspersonane om barnas behov og korleis den økonomiske situasjonen til familien verkar inn på barna. Ved brukarsamtalar og intervju av tilsette har vi høyrt at det kan variere om Nav har kontakt med søkjaren under saksførebuinga. På bakgrunn av dei opplysningane vi har om dette, legg vi til grunn at Nav ikkje alltid har ein samtale med foreldra/omsorgspersonane om barnas behov og korleis dei trur situasjonen verkar inn på barna.

Dei vurderingane som vedtaket byggjer på
Det går fram i den skriftlege rutinen at kontoret følgjer satsane i dei statlege rettleiande retningslinjene for økonomisk stønad frå Arbeids- og sosialdepartementet. Kontoret har òg lokale kommunale satsar som dei følgjer, til dømes for krisehjelp, og stønad til jul, dåp og konfirmasjon. Satsane er tekne inn i vedlegg til rutinen.

Ved mappegjennomgangen såg vi at vedtaka om stønad til livsopphald byggjer på ei utrekning som viser om søkjaren har disponible inntekter etter frådrag for livsopphald etter statlege satsar og faktiske livsopphaldsutgifter som ikkje inngår i satsen, til dømes husleige, straum og barnehage/SFO. Utrekninga er avgjerande for om søkjaren vert vurdert å fylle kriteria for å få stønad. Der utrekninga viser at søkjaren ikkje har disponible inntekter til livsopphald, vert stønaden tilsvarande under-dekninga. Der utrekninga viser at søkjarar har eit overskot, får søkjaren avslag. Søkjaren kan få beskjed om å kome tilbake viss det viser seg at han/ho ikkje har nok til å dekkje barnas behov. Vi har ved mappegjennomgangen sett døme på at søkjaren har kome tilbake og fått ekstra stønad, fordi det viste seg å vere behov for det.

Krisehjelp (nødhjelp) vert ytt der søkjaren dokumenterer å vere heilt eller nesten heilt utan pengar til mat. Krisehjelp vert ytt etter bestemte satsar etter kor mange vaksne og barn det er i husstanden, og etter kor mange dagar krisehjelpa skal dekkje. Vi har sett døme på at Nav ved behandling av søknad om krisehjelp har fanga opp utgifter knytt til barnet, og at det er ytt krisehjelp utover satsen som følgje av dette. Elles er den kommunale satsen for krisehjelp brukt.

I rutinen for Nav Fitjars ivaretaking av barneperspektivet står det at det skal gå fram av journalnotat og vedtak at barnas behov er vurdert. Vi har ved mappegjennomgangen sett døme på at Nav har gjeve ekstra for å dekkje barns behov, men vi har ikkje sett sosialfaglege vurderingar av barnas situasjon og behov.

Leiinga si oppfølging og kontroll
Ved intervju har vi fått vite at Nav-leiaren er tett på saksbehandlinga. Saksbehandlarane kvalitetssikrar vedtak for kvarandre, før dei går til Nav-leiaren for godkjenning. I Nav-leiarens fråvær er det Nav-leiarens stedfortreder som godkjenner vedtak.

Kontoret fører ikkje kontroll med at det i alle saker er kontakt med foreldre/omsorgspersonar om barnas situasjon og behov, slik det står i kontorets skriftlege rutine for ivaretaking av barneperspektivet. Kontoret har heller ikkje kontroll med at det i alle saker vert dokumentert i journalnotat og vedtak at barnas behov er vurdert, slik det står i den same skriftlege rutinen.

Leiinga har ikkje gjeve klare signal om at Navs kartlegging skal omfatte alle utgifter, ikkje berre utgifter som er haldne utanfor satsane i dei statlege rettleiande retningslinjene, og internkontrollen har ikkje fanga opp at det er behov for dette. Kontorrutinane sikrar ikkje at Nav dokumenterer i vedtaket alle faktiske opplysningar som vedtaket byggjer på.

Kontorets skriftlege rutinar for behandling av søknader om økonomisk sosialhjelp inneheld informasjon om bruk av dei statlege rettleiande retningslinjene, som kan føre til at satsen i desse retningslinjene vert brukt i staden for faktiske utgifter, jf. det som står om å føre dei statlege rettleiande satsane på utgiftssida i den økonomiske oversikta. Kontorets kontrollrutinar fangar ikkje opp at det i grunngjevinga for vedtak om økonomisk stønad manglar konkrete, individuelle vurderingar av søkjarens behov, basert på opplysningar om søkjarens situasjon på søknadstidspunktet.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Fylkesmannen har ved dette tilsynet undersøkt om Fitjar kommune sikrar at Nav-kontoret ved behandling av søknader om økonomisk stønad, skaffar seg nødvendig informasjon om søkjarens livssituasjon og behov, og om saksutgreiinga sikrar at også barnas situasjon og behov vert opplyst og individuelt vurdert.

Hovudprinsippet for behandling av søknader om økonomisk stønad er at Nav skal gjere konkrete og individuelle vurderingar av hjelpebehov, stønadsbeløp og stønadsform. NAV-kontoret har både rett og plikt til å utøve skjøn i kvar enkelt sak. I alle vurderingar skal Nav leggje vekt på å fremje formålet med lova best mogleg. Nav skal så langt som mogleg gjere sine vurderingar i samarbeid med tjenestemottakeren.

Kravet om individuelle vurderingar gjeld for heile søknadsprosessen, frå identifisering av søknader, innhenting av nødvendige opplysningar og vurdering av kva som er forsvarleg saksbehandlingstid, til avgjerder om hjelpebehov, stønadsnivå, vilkårsetting, stønadsform og utbetaling.

Utgangspunktet for den konkrete, individuelle vurderinga i kvar enkelt sak, er søkjarens behov på søknadstidspunktet. Ved tildeling av økonomisk stønad skal kommunen mellom anna ta omsyn til barnas behov for klede og utstyr til fritidsaktivitetar, skuleutstyr og trygge bustadforhold. Ved behandling av søknader om økonomisk stønad frå søkjarar som har forsytaransvar for barn, er det derfor viktig at kommunen utgreier familiens situasjon godt nok til at Nav kan gjere konkrete, individuelle vurderingar av kva som skal til for å sikre barna ein verdig barndom.

Vi har ikkje høyrt og ser ikkje dokumentert at Nav i alle saker som gjeld økonomisk sosialhjelp undersøkjer kva utgifter familien faktisk har. Nav innhentar opplysningar om tal barn, barnetrygd, barnebidrag og utgifter til barnehage/SFO, men det går ikkje fram at Nav utover dette opplyser saka med tanke på barnas situasjon og behov, og tek stilling til kva kostnader som er nødvendige for å dekkje både søkjarens og barnas behov.

Nav Fitjar har ved skriftleg rutine bestemt at det i alle saker skal vere kontakt med foreldre/ omsorgspersonar om barnas situasjon og behov, og at det i alle saker skal dokumenterast i journalnotat og vedtak at barnas behov er vurdert, men kontorets praksis er ikkje i samsvar med det som står i den skriftlege prosedyren om dette. Vi ser at Nav i enkelte saker har gjeve ekstra for dekkje barns behov, men det verkar tilfeldig om Nav fangar opp behov utover det som er opplyst i søknaden.

Vi er på bakgrunn av det vi har fått vite ved dette tilsynet, ikkje trygge på at Nav har ei open kartlegging av søkjarens utgifter som ledd i si saksbehandling. Det verkar for oss som om Nav Fitjar i staden for å kartleggje alle utgiftene til søkjaren, legg satsen i dei statlege rettleiande retningslinjene til grunn som faktum for delar av søkjarens utgifter. Nav Fitjar har ikkje dokumentasjon som viser at søkjarens behov er så godt opplyst at det er mogleg å vurdere søkjarens rett til økonomisk stønad. Det er derfor heller ikkje mogleg å kontrollere om søkjaren har fått nødvendig hjelp.

Nav Fitjar bruker satsane i dei statlege rettleiande retningslinjene utan å gjere nærare greie for konkrete, individuelle vurderingar i vedtaket eller andre stader. Dei statlege rettleiande satsane for livsopphald vert dermed brukte som norm, ikkje som utgangspunkt for Navs skjøn. Det same gjeld ved bruk av lokale satsar for krisehjelp. Ved å bruke satsar for økonomisk stønad slik Nav Fitjar gjer, vert det i realiteten lagt til grunn at det ikkje er individuelle forskjellar i behov frå søkjar til søkjar.

Når manglande kartlegging og manglande individuelle vurderingar ikkje vert fanga opp av kontorets kvalitetskontroll, kan vedtak bli godkjent utan at det er vurdert om disponibel inntekt til livsopphald, eventuelt med stønaden frå Nav, er nok til å dekkje både søkjarens og barnas behov.

Fitjar kommune vurderer sjølve at dei har relevant og tilstrekkeleg kompetanse på dette fagområdet, men kommunens internkontroll (styring) sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste før det vert gjort vedtak. Internkontrollen (styringa) sikrar heller ikkje at vedtaka byggjer på konkrete, individuelle vurderingar, slik at det ikkje vert tilfeldig om søkjaren får dei tenestene han/ho har behov for og i nødvendig omfang.

Konsekvensen av at kommunen ikkje sikrar at Nav-kontoret innhentar tilstrekkeleg informasjon om, og gjer forsvarlege vurderingar av, behova til barn i familiar som søkjer om økonomisk stønad, er at det vert usikkert om barnas behov vert dekt. Kommunen sikrar dermed ikkje at barnas behov alltid vert dekt.

Konklusjonen ved tilsynet er at kommunen ikkje etterlever lovkrava som skal sikre at vedtak om økonomisk stønad byggjer på forsvarleg saksutgreiing og konkrete, individuelle vurderingar.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Fylkesmannens peikar på følgjande:

  • Fitjar kommune sikrar ikkje at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar.

Dette er brot på:

Sosialtenestelova §§ 18 og 19, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollforskrifta § 4 om innhaldet i internkontrollen.

6. Oppfølging av påpeikte lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at verksemda skal gjere i prosessen med å rette påpeikte lovbrot, slik at tenesta ivaretek krava til kvalitet og rettstryggleik for tenestemottakarane.

Fylkesmannen ber Fitjar kommune om å vurdere kva forhold som har ført til det påpeikte lovbrotet, og på bakgrunn av dette lage ein plan for retting.

Planen må innehalde opplysningar om

  • Kva tiltak kommunen vil setje i verk for å rette lovbrotet
  • Korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka er sett i verk
  • Korleis leiinga vil gjennomgå om tiltaka har verka som planlagt etter at
    dei har fått verke ei stund
  • Kommunens eigne fristar for gjennomføring av tiltak og evalueringar

Frist: 01.03.2020

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Turid Måseide
tilsynsleiar/seniorrådgjevar

 

Dokumentet er godkjent elektronisk.

Vedlegg

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 26.06.2019.

Før tilsynsbesøket, hadde vi samtale med fem søkjarar om deira erfaring med Nav Fitjars behandling av søknader om økonomisk stønad.

Tilsynet vart gjennomført ved Nav Fitjar, og innleia med eit kort informasjonsmøte 16.10.2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 17.10.2019.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart for Fitjar kommune
  • Organisasjonskart for Nav Fitjar
  • Delegasjonsreglement
  • Delegering av mynde frå rådmannen til leiar av Nav Fitjar
  • Stillingsomtale for einingsleiar ved Nav Fitjar
  • Samarbeidsavtale mellom kommunen og Nav fylke
  • Oversikt over tilsette som jobbar med økonomisk sosialhjelp
  • Generell opplæringsplan for nytilsett ved Nav Fitjar
  • Vurdering av kompetansebehov ved Nav Fitjar
  • Nav Fitjar sine fokusområde for å forhindre barnefattigdom
  • Prosjekt Barnefattigdom i Fitjar kommune 2015-2019
  • Nav-rådgjevar i skulen, eit samarbeidsprosjekt mellom Nav Fitjar og Fitjar vgs
  • Generell rutinebeskrivelse for sosialhjelp
  • Rutine for kontoret
  • Kartleggingsskjema for kartlegging av barns behov
  • Rutine midlertidig bustad
  • Rutine for å dokumentere vedtak, tenesteyting og vurderingar i den kommunale delen av Nav Fitjar
  • Nav Fitjar og barneperspektivet
  • Rutine for melding til barnevernet
  • Informasjon i mottak til sosialhjelpssøkjarar
  • Informasjon om BTI – betre tverrfagleg innsats
  • Nav i arbeidet med barn som pårørande

Vi gjekk gjennom ti saksmapper. Desse var utvalde etter følgjande kriterium:

  • Vi bad om å tilsendt dei siste 20 vedtak, med tilhøyrande søknader, frå personar med forsyteransvar for barn. Vi fekk til saman 25 vedtak for dei ti søkjarane. Vi valde å gå gjennom alle dei 25 vedtaka. 11 av dei 25 vedtaka gjeld krisehjelp. Seks av dei 25 vedtaka er avslag, eitt av desse er avslag på søknad om krisehjelp.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikke publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • seniorrådgjevar, Elisabeth Lund-Iversen, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • seniorrådgjevar, Linda Kråkenes, Fylkesmannen i Vestland, revisor
  • seniorrådgjevar, Turid Måseide, Fylkesmannen i Vestland, revisjonsleiar