Helsetilsynet

Tema: Helsehjelp gitt med tvang etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A til pasientar i sjukeheim

Fylkesmannen i Vestland gjennomførte tilsyn med Tysnes kommune, Tysnes omsorgssenter 22. og 23. oktober 2019. Vi undersøkte om leiinga i kommunen har lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse, som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang. Vidare har vi undersøkt om leiinga sikrar at helsehjelpa til denne pasientgruppa vert vurdert slik det er bestemt i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A, slik at pasienten får trygge og forsvarlege helsetenester.

Dette er eit av tilsyna Fylkesmannen i Vestland har planlagt for 2019.

Konklusjon:

Det vart ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstemaet.

Tilsynet er avslutta. 

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Vi undersøkte om leiinga i kommunen har lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A.

Pasient- og brukarrettslova kapittel 4A gir heimel til å kunne gi nødvendig somatisk helsehjelp med tvang til pasientar som ikkje forstår konsekvensane av å motsette seg helsehjelpa. Nødvendig helsehjelp gitt med tvang er eit særleg risikoområde fordi konsekvensane av vurderingar, avgjerder og gjennomføring av helsehjelp med tvang, kan vere store for pasienten. Det kan føre til at det vert utøvd ulovleg tvang eller at pasienten ikkje får nødvendig helsehjelp. 

Vi har spesielt undersøkt om:

  • pasientens motstand mot helsehjelp vert fanga opp
  • pasientens samtykkekompetanse vert vurdert
  • tillitsskapande tiltak vert forsøkt før nødvendig helsehjelp vert gitt med tvang
  • helsefaglege vurderingar vert gjort før den aktuelle helsehjelpa kan bli gitt med tvang

Tilsynet var avgrensa til å gjelde pasientar i sjukeheim.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Fylkesmannen er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester, etter helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4.

Tilsyn inneber at Fylkesmannen kontrollerer om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Nedanfor er ei oversikt over lovgrunnlag og krava som vart lagt til grunn i tilsynet:

  • Lov om pasient- og brukerrettigheter
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Pasientjournalloven
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten

Systematisk styring og kvalitetsforbetring
Etter helse- og omsorgstenestelova § 4-2 skal kommunen drive systematisk arbeid for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Dette skal inngå som ein del av styringssystemet, jf. helsetilsynslova § 5. Kravet til forsvarleg verksemd omfattar fleire forhold som fell saman med kravet til leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta, under dette systematisk arbeid for å ivareta pasienttryggleiken. Krava i forskrifta §§ 6 til 9 er minimumskrav.

Den som har det overordna ansvaret for verksemda, har også det overordna ansvaret for styringssystemet og for korleis aktivitetar i verksemda er planlagt, gjennomført, evaluert og korrigert i samsvar med krava i helse- og omsorgslovgjevinga.

Kravet til omfang og innhald i styringssystemet og kravet til dokumentasjon, skal vere tilpassa storleiken på verksemda, eigenarten, aktivitetar og risikoforhold og ha nødvendig omfang. Den skriftlege dokumentasjonen skal bidra til at praksis er i samsvar med føringar som er gitt og at lovpålagte krav vert oppfylte. Ved særleg risikofylte oppgåver og oppgåver som sjeldan vert utførte er det større krav til skriftlege rutinar. Rutinane skal vere oppdaterte og kjende for helsepersonellet i verksemda.

Krav til dokumentasjon
Journalen ein reiskap for helsepersonellet for å sikre at pasienten får forsvarleg helsehjelp. Journalen skal også gi tilsynsmyndigheiter og andre instansar mogelegheit for å etterprøve helsehjelpa som er gitt. Helsepersonell skal dokumentere nødvendige og relevante opplysningar, jf. pasientjournalforskrifta § 4.

Nødvendig helsehjelp
Pasientar har rett til nødvendige helsetenester frå kommunen, jf. pasient- og brukarrettslova § 2-1a andre ledd. Kommunen har plikt til å gi nødvendig helsehjelp, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c. 

Forsvarleg helsehjelp
Helsehjelpa skal vere forsvarleg, jf. helse- og omsorgstenestelova § 4-1. Det er leiinga i kommunen sitt ansvar å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenestene er forsvarlege i sitt innhald og omfang. For å oppfylle kravet til forsvarleg teneste må kommunen organisere og legge til rette for at helsepersonell kan utøve helsehjelpa på ein forsvarleg måte. Det inneber mellom anna å sørge for tilstrekkeleg bemanning, at helsepersonell har nødvendig kunnskap og ferdigheiter, og at dei har fått tilstrekkeleg opplæring. Det skal også vere tilrettelagt for samarbeid med anna relevant helsepersonell.

Samtykke til helsehjelp
Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelp, jf. pasient- og brukarrettslova § 4 -1. Dersom pasienten er vurdert til å vere samtykkekompetent, må helsepersonell respektere pasientens avgjerd om å ikkje ta imot helsehjelpa. Helsepersonell må i slike tilfelle forsikre seg om at pasienten har fått tilstrekkeleg informasjon om kva konsekvensar det kan få å takke nei.

Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse og ikkje gjer motstand, vil det vere pasient- og brukarrettslova kapittel 4-6 som gir heimel for å yte helsehjelpa.

Det er først når pasienten ikkje har samtykkekompetanse og gjer motstand mot helsehjelpa at helsepersonell må vurdere om vilkåra for å kunne gi helsehjelp med tvang med heimel i 4A, er oppfylt.

For å kunne gi nødvendig helsehjelp med tvang må helsepersonell gjere ei forsvarleg vurdering av pasientens samtykkekompetanse opp mot den konkrete helsehjelpa. Krava er gitt i pasient- og brukarrettslova § 4-3. Det er helsepersonellet som yter helsehjelpa som skal avgjere om pasienten har samtykkekompetanse. Den som er ansvarleg for helsehjelpa skal eventuelt gjere vedtak om tvang etter kapittel 4A.

Leiinga i kommunen skal sørge for at tilsette får nødvendig opplæring om vurdering av samtykkekompetanse. Det skal vere avklart og kjent kven som har mynde til å avgjere om pasienten har samtykkekompetanse. Sjå nærare omtale om dette i Helsedirektoratets rundskriv IS-8/2015 og kommentar til pasient- og brukarrettslova § 4-3.

Helsepersonell skal legge fram avgjerda om manglande samtykkekompetanse for pasienten og pårørande, jf. pasient- og brukarrettslova § 4-3, fjerde ledd. Dersom pasienten ikkje har pårørande, skal anna kvalifisert helsepersonell bli førelagt avgjerda. Avgjerd om manglande samtykkekompetanse og vurderingar og observasjonar som ligg til grunn for denne, skal gå fram av pasientjournalen.

Motstand mot helsehjelp
Pasientar kan uttrykke motstand ulikt. Motstand kan kome til uttrykk både munnleg og fysisk, til dømes ved blikk, fysisk utagering, tilbaketrekking eller ved å snu seg vekk. Det vert stilt krav til helsepersonell for å kunne tolke eventuell motstand hos pasienten. Leiinga skal sørge for at helsepersonell får opplæring i å avdekke motstand, og gjere dei kjent med rutinane for korleis dei skal følgje opp motstand. Oppfølging av motstand handlar mellom anna om å vurdere behovet for helsehjelp, om at motstanden vert rapportert til leiar og om samarbeid med til dømes pårørande og sjukeheimslege. Helsepersonell skal dokumentere motstand og oppfølginga av denne i pasientjournalen.

Tillitsskapande tiltak
Sjølv om pasienten set seg imot helsehjelpa og helsepersonell vurderer at pasienten ikkje har samtykkekompetanse, skal tillitsskapande tiltak vere prøvd før helsehjelpa kan bli gitt med tvang, med mindre dette er openbert formålslaust, jf. pasient- og brukarrettslova § 4A-3. Formålet med tillitsskapande tiltak er å førebygge og redusere bruk av tvang. Leiinga må sørge for at helsepersonell har høve til å bli godt kjent med pasienten, har tid til å kartlegge årsakene til motstanden og til å prøve ut forskjellige tillitsskapande tiltak. Helsepersonell skal ha fått opplæring i kva tillitsskapande tiltak inneber. Verksemda skal ha rutinar for arbeidet med tillitsskapande tiltak. Tillitsskapande tiltak som er prøvd og effekten av desse skal gå fram av pasientjournalen.

Helsefaglege vurderingar
Etter pasient- og brukarrettslova 4A-3 kan helsepersonell berre gi helsehjelp med tvang dersom manglande helsehjelp kan føre til vesentleg helseskade hos pasienten. Helsepersonellet må gjere ei vurdering av kva konsekvensar det kan få for pasienten dersom helsehjelpa ikkje vert gjennomført. Det er også eit krav om at helsehjelpa må vere nødvendig for å unngå vesentleg helseskade og at dei negative verknadane av tvangstiltaket får for pasienten vert vega opp mot dei positive verknadane av helsehjelpa.

Når alle vurderingane ovanfor er gjort skal helsepersonell gjere ei heilskapleg vurdering av om helsehjelpa klårt er det beste for pasienten. I denne vurderinga må pasientens grad av motstand kome fram, og om det er grunn til å tru at pasienten kan få tilbake samtykkekompetansen i nær framtid. Når pasienten gjer motstand mot helsehjelp, ligg terskelen for å gi helsehjelpa mot pasientens vilje høgt. Helsepersonell må dokumentere vurderingar og konklusjonar i pasientjournalen slik at dei er tilgjengelege og kan verte etterprøvd.

4A – vedtak
Dersom pasienten openbart ikkje kan samtykke og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram eller er openbart formålslause, må følgjande vilkår vere oppfylt før helsehjelpa kan bli gitt med tvang:

  • å unnlate å gi helsehjelp kan gi vesentleg helseskade
  • helsehjelpa er nødvendig
  • tvangen står i forhold til behovet for helsehjelp
  • ei heilskapleg vurdering av at helsehjelpa er den klårt beste løysinga for pasienten

Det må vere avklart og kjent kven som har mynde til å gjere vurderingane og kven som kan gjere vedtak om tvungen helsehjelp etter 4A. Ved tvang som inneber eit alvorleg inngrep for pasienten skal helsepersonell gjere vedtak i samråd med anna kvalifisert helsepersonell.

Det er leiar for dei enkelte einingane sitt ansvar å sørge for at tilsette får opplæring og nødvendig kjennskap til regelverket og kva dette betyr for praksis i den daglege kontakten med pasientane. Leiinga skal sørge for at det er utarbeidd rutinar og skal følgje med på at dei vert etterlevd i praksis. Einingsleiar skal også legge til rette for samarbeid mellom legar, leiarar og anna helsepersonell og for rapportering og dokumentasjon.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane vert haldne.

Tysnes kommune har om lag 2800 innbyggarar. Tysnes omsorgssenter er organisert under kommunalsjef helse- og sosial i Tysnes kommune.

Organisering av tenestene
Tysnes omsorgssenter har tre avdelingar med 10 sengerom på kvar avdeling. Dei tre avdelingane er organisert som sjølvstendige einingar. Tysnes omsorgssenter har òg eit dagsenter for demente som er fagleg organisert med demensavdelinga.

I 1. høgda ligg avdeling for demente og dagavdeling for demente.  I 2. høgda ligg ei avdeling for langtidsopphald/korttidsopphald og ei avdeling for korttid/langtid og rehabilitering/augeblikkeleg hjelp. På kvar eining er det en avdelingssjukepleiar som er fagleg ansvarleg. Fylkesmannen har fått opplyst at kvar pasient har ein primærkontakt. Tilsynet var retta mot dei to avdelingane i 2. høgda, Såto og Nuten.

Kommunalsjef helse- og sosial er overordna fagleg ansvarleg for vedtak etter 4A og har oversikt over tal 4A-vedtak. Ho har også ansvar for å utarbeide og iverksette rutinar for internkontroll.

Einingsleiar har ansvar for prosedyreutarbeiding i samråd med avdelingssjukepleiarane. Prosedyrane vert gjennomgått med avdelingsleiarane og i kvalitetsutvalet. I kvalitetsutvalet deltek mellom anna einingsleiar, tillitsvalde og verneombod. Prosedyrar som gjeld tvangsbruk vert utarbeidd i samråd med avdelingsleiarane og lege.

Kommunalsjef helse- og sosial skal godkjenne prosedyrane.

Leiinga ved omsorgssenteret sørgjer for at dei tilsette har ulike plattformar der dei kan diskutere observasjonar av motstand og bruk av tvang. På morgonmøte vert det dagleg rapportert på kvar pasient. Dersom pasienten viser motstand mot helsehjelp vert dette reflektert rundt i gruppemøte/refleksjonsmøte på avdelinga og det vert utarbeidd plan for tillitsskapande tiltak. Eventuelle avvik vert tekne opp i kvalitetsutvalet. Dei tilsette har fast personalmøte ein gong i månaden der personalsaker og praktiske gjeremål vert tekne opp.

Leiinga har ansvar for dei nytilsette og for å kvalitetssikre opplæring, rettleiing og ivaretaking av desse. Dei nytilsette får ved oppstart utdelt ein kvalitetsperm med aktuelle rutinar og prosedyrar. Dei må kvittere på at dei har gjennomgått kvalitetspermen. Dei tilsette får også tilbod om e-læringskurs. Nokre av dei tilsette har tatt ABC-kurs der også 4A er tema. Leiinga har oversikt over kven som har tatt dei ulike kursa og kven som har gjennomgått kvalitetsperm.

Sjukeheimslegen sin stilling er delt mellom Tysnes kommune og Tysnes omsorgssenter. Einingsleiar har ansvar for opplæringa av sjukeheimslegen. Sjukeheimslege får utdelt kvalitetsperm og prosedyre for ansvarsområde og arbeidsoppgåver. Dei tilsette diskuterer bruk av tvang saman med sjukeheimslege, men har også høve til å ta kontakt med legevakta i Tysnes kommune.

Motstand
Det er utarbeidd skriftelege rutinar for helsehjelp gitt med tvang etter 4A. I intervjua får vi vite at helsepersonell er kjent med rutinane, korleis praksis skal vere og kven som har ansvar for å avdekke eventuell motstand mot helsehjelpa. Helsepersonell er også kjent med at motstand kan vert uttrykt forskjellig, og dette reflekterer helsepersonell rundt mellom anna på morgonmøte og gruppemøte. Dersom det er avdekka teikn på motstand, lagar helsepersonell ein plan for tillitsskapande arbeid. Planen vert nedfelt i CosDoc og dei tilsette får og opplysningar om iverksette tiltak på morgonmøte og gruppemøte.

Under intervju høyrer vi at det er tilnærma lik oppfatning av kva som vert tolka som motstand og kva helsepersonellet meiner er tvang. Det er også klart for dei tilsette at alle skal melde observasjonar om motstand til sjukepleiar, avdelingssjukepleiar og lege. Motstand mot helsehjelp vert dokumentert i pasientjournalen. I intervju går det fram at det er sjukeheimslege i samråd med sjukepleiarar som kan gjere vedtak etter 4A. 

Samtykkekompetanse
Det er utarbeidd skriftlege rutinar for vurdering av samtykkekompetanse. Det går fram av rutinen at det er sjukeheimslege som har ansvar for å gjere vurderingane. Dei som har vore til intervju kjenner rutinane og ansvarsdelinga. Sjukeheimslegen har fått opplæring i form av skriftlege prosedyrar med vedlegg til eige skjema for samtykkekompetansevurdering. Samtykkekompetansen vert vurdert fortløpande ved motstand mot helsehjelp. 

Tillitsskapande tiltak
Det er utarbeidd skriftlege rutinar for tillitsskapande tiltak og desse er kjent for helsepersonellet. Dei opplyser på intervju at dei har fått opplæring om bruk av tillitsskapande tiltak. Praksis er at det alltid vert nytta tillitsskapande tiltak viss pasienten gjer motstand mot helsehjelpa, før det vert vurdert å bruke tvang. Det vert også opplyst at dei tilsette kjenner pasientane godt då Tysnes kommune er eit lite samfunn.

Det vert innhenta informasjon frå pårørande ved innkomst om kva pasienten likar, slik at tillitsskapande tiltak vert målretta. Pårørande vert også aktivt involvert dersom pasienten viser motstand mot helsehjelp. Effekten av tillitsskapande tiltak vert evaluert i gruppemøta/refleksjonsmøta på avdelingane og fortløpande.

Helsepersonellet opplyser at dei er kjent med plikta til journalføring. Dei dokumenterer ikkje alltid utfallet eller effekten av tillitsskapande tiltak i journalen. Dette er i tråd med funna ved våre ved gjennomgang av journalar. 

Helsefagleg vurdering
Det ligg føre skriftlege rutinar som er kjent blant dei tilsette. Dei tilsette gir i intervju uttrykk for at dei i minst mogeleg grad ønskjer å nytte tvang, og berre når det er nødvendig for å hindre vesentleg helseskade. Det kom fram i intervju at det er lite tvangsbruk på omsorgssenteret. Det knytte seg noko usikkerheit til om sjukepleiarane kan gjere vedtak om tvang. Det er likevel tydeleg for alle at observasjonar skal meldast til sjukepleiar som rapportera vidare til lege. Det er lege som gjer dei helsefaglege vurderingane og vurdera vilkåra som må ligge til grunn for å kunne nytte tvang.  Dei tilsette har fått opplæring om dette.

Det er opplyst at helsefaglege vurderingar vert gjort av lege. Ved gjennomgang av journalar finn vi at den helsefaglege vurderinga er dokumentert når pasienten har gjort motstand mot helsehjelpa. Forskjellen mellom bruk av tvang etter psykisk helsevernlova og pasient- og brukarrettslova kapittel 4A er kjent for sjukeheimslege som skal gjere dei helsefaglege vurderingane.

Leiing og styring
Før tilsynet fekk vi tilsendt styrande dokument for Tysnes omsorgssenter. Under intervju fekk vi vite at leiinga følgjer med på praksis ved rutinemessig å lese journalnotat. Leiinga er også tett på i avdelinga. 

Avdelingssjukepleiar deltek på rapporten om morgonen samt gruppemøte og rapporterer til einingsleiar. Einingsleiar deltek på møte i kvalitetsutvalet og avdelingsmøte. Ved å vere tett på personalet, lese journalar kvar dag og delta i kvalitetsutvalet kan leiinga avdekke eventuelle risikoområde og klare opp eventuelle mistydingar som kan oppstå.

I gruppemøta på avdelingane vert tema som til dømes tillitsskapande tiltak, tvang og enkeltpasientar tekne opp. Dette vart opplyst under intervjua. Leiinga har oversikt over kven som har gjennomført opplæring og sørger for at dei tilsette har plattformer der dei kan diskutere enkeltpasientar og utfordringar dei møter i det daglege.

Det er dagleg kontakt mellom avdelingssjukepleiarar og einingsleiar. Einingsleiar har også jamleg kontakt med kommunalsjef helse- og sosialsjef blant anna gjennom leiarmøta. På leiarmøta deltek dei ulike einingsleiarane i kommunen og Nav-leiar.

Omsorgssenteret brukar journalsystem CosDoc. Det er utarbeidd skriftlege rutinar for journalføring i Cos Doc og desse er kjende for dei tilsette. Dei tilsette kan også melde avvik i CosDoc. Under intervju høyrde vi at dei tilsette er kjende med avvikssystema og kva som dei skal melde som avvik på 4A- området. Leiinga følgjer opp avvika, og dei som har meldt avvik får tilbakemelding. Avvika vert også sendt til kommunalsjef helse- og sosial og vert mellom anna brukt for å avdekke område som kan svikte. Kommunal helse- og sosial tek i tillegg  jamlege stikkprøvar i journalar.

Fylkesmannen hadde i 2019 fram til dato for tilsynet ikkje fått kopi av 4A-vedtak. I intervju vert betre dokumentasjon og vegring for å bruke tvang trekt fram som forbetringspunkt av dei tilsette og leiar.

Vi gjekk gjennom 17 pasientjournalar for siste halvåret før tilsynet ved avdelinga der tilsynet vart gjennomført. Ingen av pasientane hadde vedtak etter 4A.

Av dei 17 journalane vi gjekk gjennom var det dokumentert at seks pasientar hadde kognitiv svikt og at seks pasientar hadde vist motstand mot helsehjelp. I to journalar fann vi det dokumentert at det var gitt somatisk helsehjelp med tvang. For dei seks pasientane som gjorde motstand mot helsehjelp, fann vi at samtykkekompetansevurdering var dokumentert i to tilfelle. I fem av dei seks  journalane der pasienten hadde gjort motstand mot helsehjelp, var det dokumentert forsøk på tillitsskapande tiltak for å unngå å gi helsehjelpa med tvang. Det var dokumentert at det var gjort helsefagleg vurdering av om helsehjelpa skulle verte gitt med tvang hos fire av dei seks pasientane som gjorde motstand.

I forkant av tilsynet vart det sendt brev til pasientar og pårørande med tilbod om å komme med innspel innanfor tilsynstema til Fylkesmannen. Vi fekk ingen tilbakemelding frå pårørande.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til systematisk leiing og styring for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga i kommunen har eit overordna ansvar for styringssystemet og for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er egna til å ivareta dette.

Formålet med 4A om å gi nødvendig somatisk helsehjelp og førebygge og redusere bruk av unødig tvang stiller store krav til at helsepersonellet kjenner reglane som gjeld og kva desse betyr i praksis.

Undersøkingane våre viser at dei tilsette har fått opplæring om regelverket og i rutinar for 4A. Det er frå leiinga si side lagt vekt på at helsepersonell skal ha ein så lik praksis som mogeleg overfor pasientane. Helsepersonell skildra i intervjua praksis tilnærma likt, og dei veit kva oppgåver den enkelte har når pasientar gjer motstand mot helsehjelp. Det er klart kven som kan gjere vedtak etter 4A.

Vi vurderer at pasientar som gjer motstand mot helsehjelp vert følgd opp i tråd med krava i regelverket, men sjølv om vurderingar vert gjort, er delar av kommunikasjonen om pasienten munnleg, utan at vurderingar og avgjerder vert dokumentert i journalen. Vi meiner at det er rom for forbetring på dette området.

Einingsleiar og avdelingssjukepleiarar er tett på helsepersonellet, følgjer rutinemessig med på refleksjonar og diskusjonar som gjeld enkeltpasientar, gjer stikkprøver i journal og undersøker om det er samsvar i praksis på 4A-området. Kommunalsjef helse- og sosial er også tett på og gjer stikkprøver journalar. Vår vurdering er at leiinga har sørga for at det er rammer som gjer at det ikkje er tilfeldig og opp til kvart helsepersonell korleis helsehjelpa vert utført.

Leiinga sikrar at gjeldande retningslinjer og praksis vert følgd, slik at pasientar utan samtykkekompetanse, som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig somatisk helsehjelp utan unødig bruk av tvang.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Konklusjon:

Det vart ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstemaet.

 

Med hilsen

Helga Arianson
fylkeslege

Beate Tollefsen
seniorrådgjevar

 

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

 

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet vart sendt 16.08.2019. Tilsynet vart gjennomført ved Tysnes omsorgssenter.

Fylkesmannen innleia tilsynet med eit informasjonsmøte 22.10.2019. Funn som vart gjort under tilsynet vart presentert på oppsummeringsmøtet 23.10.2019.

Vi har gått gjennom dokument vi fekk tilsendt på førehand, og dokument vi fekk utdelt under tilsynet. 

Desse dokumenta vart gjennomgått:

  • Organisasjonskart Tysnes Omsorgssenter
  • Organisering Tysnes omsorgssenter
  • Oversikt over tilsette pr. 01.09.19
  • Stillingsomtale einingsleiar institusjon
  • Stillingsomtale avdelingsleiar miljøeining
  • Stillingsomtale avdelingsleiar 2. Høgda
  • Stillingsomtale sjukepleiar
  • Stillingsomtale helsefagarbeidar
  • Stillingsomtale tilsynslege
  • Visjon
  • Målsetjing
  • Journalføring
  • Avvikshandtering
  • Døgnrytme Fjorden
  • Døgnrytme Såto og Nuten
  • Prosedyre sikre naudsynte ressursar
  • Plan Interkontrollmøter vår 2019
  • Referat Møte IK Kvalitet 17.09.18
  • Opplærings og kompetanseplanar og oversikt
  • Gjennomført opplæring om Kap. 4A
  • Kunnskap Haldning - Handling
  • NHI.no Gjennomførte kurs
  • Prosedyre brukarmedverknad
  • Prosedyre Tvang/Avgrensing av bebuar sine rettar
  • Prosedyre vurdering av samtykkekompetanse
  • Prosedyre helsehjelp ved tvang datert 2017
  • Vedlegg til vurdering av samtykkekompetanse
  • Vedtaksmal for somatisk helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse som motsette seg helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova kap. 4a.

Det vart gjennomgått 17 journalar for pasientar som var innlagt i 2. høgda.

Assisterande fylkeslege fekk omvising i Tysnes omsorgssenter sine lokalar.

I tabellen under er det ein oversikt over dei som var til intervju og deltakarane på oppsummerande møte under tilsynet

Ikkje publisert her

Desse deltok frå Fylkesmannen i Vestland:

  • Rådgjevar, Mariken Wedervang, revisor
  • Assisterande fylkeslege Ingunn Watsend Erichsen, revisor
  • Seniorrådgjevar, Beate Tollefsen, revisjonsleiar