Hopp til hovedinnhold

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med Vaksdal kommune 04.06.2019 til 05.06.2019. Vi undersøkte om kommunen sikrar at Nav Vaksdals vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Som ledd i førebuing til tilsynet har vi snakka med tre personar med forsytaransvar for barn, som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Vaksdal.

Tilsynet vart gjennomført som del av årets planlagte tilsyn initiert av Fylkesmannen.

Fylkesmannens konklusjon:

  • Vaksdal kommune sikrar ikkje at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar.

    Dette er brot på:
    Sosialtenestelova §§ 18 og 19, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollforskrifta § 4 om innhaldet i internkontrollen.

Kommunens styringstiltak sikrar ikkje at det vert utøvd forsvarleg skjøn i saker som gjeld økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn. Leiinga sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste før det vert gjort vedtak og fangar ikkje opp at det manglar individuelle vurderingar. Manglande dokumentasjon i sakene, gjer at leiinga i kommunen ikkje kan vite sikkert om søkjarane har fått nødvendig hjelp av Nav. Kommunen har ikkje nok opplysningar om kvar enkelt søkjar til å kontrollere dette. Desse manglane ved kommunens styring kan føre til at søkjarar med forsytaransvar for barn ikkje får den økonomiske stønaden dei har rett til etter sosialtenestelova.

Kommunen sikrar ikkje at barn i familiar med låg inntekt får det dei treng.

Vi ber om at tilbakemelding om kommunens årsakforklaring og plan for retting av lovbrotet innan 25.10.2019.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Tema for tilsynet var om kommunen sikrar forsvarleg behandling av søknader om økonomisk sosialhjelp til personar med forsytaransvar for barn. Fylkesmannen har undersøkt og vurdert om kommunen gjennom si styring og leiing sikrar at alle vedtak byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar. Som eit ledd i førebuinga snakka vi med tre brukarar med forsytaransvar for barn, som har fått minst ein søknad om økonomisk stønad behandla av Nav Vaksdal.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Eit tilsyn er kontroll av om verksemda sin praksis er i samsvar med gjeldande reglar i lov- og forskrift. Vi gir derfor her ei oversikt over krava som vart lagt til grunn i tilsynet.

Tenesta økonomisk stønad er regulert i sosialtenestelova kapittel 4. Sosialtenestelova inneheld eigne saksbehandlingsreglar, men slår fast at saksbehandlingsreglane i forvaltningslova gjeld der ikkje anna er bestemt. Ved dette tilsynet er krava i forvaltningslova § 17 om opplysning av saka og § 25 om innhaldet i grunngjevinga for vedtaket sentrale. I menneskerettslova § 2 punkt 4 er det fastsett at FNs barnekonvensjon gjeld som norsk lov. Barnekonvensjonens artikkel 3 om barnets beste inngår dermed i det rettslege grunnlaget ved dette tilsynet.

Kommunens forvaltning av tenesta økonomisk stønad skal skje i Nav-kontor, jf. Nav-lova §§ 13 og 14. Fylkesmannen fører tilsyn med Navs forvaltning av denne tenesta med heimel i sosialtenestelova § 9.

Retten til stønad til livsopphald er slått fast i sosialtenestelova § 18. Nav skal yte forsvarleg livsopphald etter individuell behovsprøving. Dersom Nav tildeler stønad etter ein bestemt sats, må det gå fram at det er vurdert individuelt, for den konkrete saka, at stønaden vil sikre søkjaren og søkjarens barn forsvarleg livsopphald. I særlege tilfelle kan Nav gje stønad etter sosialtenestelova § 19 for å fange opp ulike behov som ikkje vert dekt gjennom stønad etter § 18.

Det er eit sentralt prinsipp at Nav ved behandling av søknader om økonomisk stønad må vurdere konkret og individuelt om det er grunnlag for stønad, og eventuelt kva sum. Kartlegging av behov og individuell vurdering dannar nødvendig grunnlag for avslag eller tildeling av stønad, og for utmåling av stønaden. Viss saka ikkje er godt nok opplyst, vil det vere stor risiko for at Navs vurdering av om vilkåra for å gje økonomisk stønad er oppfylt og eventuelt utmålinga av stønaden ikkje vert rett.

Det vil kunne variere noko etter søkjarens situasjon kva Nav skal ha med i kartlegginga. Nav skal alltid undersøkje om søkjaren har barn. Dersom søkjaren har barn, må Nav ved kartlegginga av søkjarens behov også kartleggje barnas behov og ta omsyn til barnas behov når dei vurderer om det er grunnlag for stønad. Nav må òg ta omsyn til barnas behov ved utmåling av stønaden. FNs barnekonvensjon artikkel 3 inneber at Nav ved behandling av søknader om stønad til livsopphald frå ein søkjar som har omsorg for barn, pliktar å vurdere omsynet til barnets beste. Ved behov skal Nav sikre barnet materiell hjelp og nødvendige støttetiltak, særleg med omsyn til mat, klede, fritidsaktivitetar og bustad.

Kommunen kan ha ordningar som kjem barn i låginntektsfamiliar til gode. Slike ordningar kan føre til at barnets behov vert heilt eller delvis dekte. Når Nav behandlar familiens sosialhjelpssøknad, må Nav klarleggje om barnet/barna i familien faktisk får dekt behova sine gjennom slike ordningar. Det må gå fram i Navs saksutgreiing korleis kvart enkelt barns behov er vurdert, og kva faktiske opplysningar som er lagt til grunn ved vurderinga.

Ved fastsetting av stønad, kan kommunen ta utgangspunkt i statleg rettleiande satsar eller lokale normer. Slike satsar og normer kan berre vere rettleiande. Det betyr at Nav uavhengig av satsar og normer må vurdere kvar søknad konkret og individuelt, og at Nav må fråvike den satsen eller norma som vert lagt til grunn som eit utgangspunkt for skjønet, dersom forholda i den familien saka gjeld tilseier det.

Det går fram av rundskrivet til sosialtenestelova at Nav ved fastsetting av stønad kan ta barnetrygda med som inntekt. I brev frå Arbeids- og sosialdepartementet 22.06.2015 uttalte departementet dette om behandling av barnetrygd ved utrekning av økonomisk stønad:

«Hvordan kommunene behandler barnetrygden ved beregning av stønad til barnefamilier, skal i prinspippet ikkje har betydning for størrelsen på utmålt stønad. Viss barnetrygden medregnes som inntekt, skal det tilsvarende tas hensyn til utgifter knyttet til barnet på utgiftssiden. Kommunene må, uavhengig av beregningsmåte, foreta en vurdering av kva som er et forsvarlig livsopphold i det enkelte tilfelle. Viss tjenestemottaker har barn skal det etter gjeldende regelverk tas særlige hensyn til deres behov i disse vurderingene».

Kravet om forsvarleg teneste gjeld som eit overordna krav til tenesta, jf. sosialtenestelova § 4. Reglane i sosialtenestelova og forvaltningslova bidreg til å gje forsvarlegkravet innhald. Kvaliteten på tenestene må vere tilfredsstillande, og brukarane må få tenestene til rett tid og i tilstrekkeleg omfang.

Kommunen må gjennom organisering og styring av tenestene sikre at både tenester og tiltak er forsvarlege, jf. internkontrollplikta som er fastsett i sosialtenestelova § 5. Kravet om internkontroll er nærare regulert i forskrift (forskrift om internkontroll i arbeids- og velferdsforvaltninga).

Med internkontroll meiner vi systematiske tiltak som sikrar at kommunen etterlever gjeldande lov- og forskriftskrav for den aktuelle typen teneste, jf. internkontrollforskrifta § 3. Internkontrollen skal vere tilpassa verksemda, slik at kommunen til ei kvar tid sikrar nødvendig styring med tenestene.

Kommunens organisasjon, ansvarsplassering og oppgåvefordeling, vurdering av kompetansebehov og tilrettelegging for at dei tilsette kan utføre oppgåvene sine, oversikt over område med risiko for svikt og bruk av erfaringar frå tilsette og brukarar i forbetringsarbeidet, er viktige element i internkontrollen. Kommunen skal dokumentere internkontrollen i den grad det er nødvendig, jf. internkontrollforskrifta § 5.

Det følgjer av sosialtenestelova § 6 at kommunen skal sjå til at tilsette som yter tenester etter lova har tilstrekkeleg kompetanse til å utføre arbeidet på ein forsvarleg måte. Kommunen pliktar å gi dei tilsette nødvendig opplæring ved behov. Tilsette i Nav som jobbar med økonomisk stønad til barnefamiliar, må ha kunnskap om dei særlege utfordringane barn i slike familiar kan ha. Dei tilsette vil òg ha behov for kunnskap om andre instansar som det vil være naturleg å samarbeide med ved økonomisk stønad eller anna hjelp til barnefamiliar.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Vaksdal kommune har 4 041 innbyggarar per første kvartal 2019. Kommunens administrasjon er organisert i tre avdelingar som er direkte underlagt rådmannen. Kvar avdeling er leia av ein kommunalsjef, som saman med ein stab og assisterande rådmann utgjer leiargruppa til rådmannen. Kvar avdeling er organisert med einingsleiarar som mellom anna rapporterer på fag til kommunalsjefen, og som er det operative nivået i kommunen.

Nav Vaksdal er organisert under kommunalavdeling for oppvekst. Nav-leiaren er i ein særstilling, sidan Nav har både statlege og kommunale oppgåver. Ansvaret for dei kommunale oppgåvene i Nav er delegert frå kommunestyret til Nav-leiaren gjennom kommunalsjefen for oppvekst. Nav-leiars ansvar går elles fram av samarbeidsavtalen mellom Vaksdal kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Hordaland.

Det er fem tilsette ved kontoret. Av desse er det to som behandlar søknader om økonomisk sosialhjelp til personar med forsytaransvar for barn. Tilsette i mottaket kan òg vere ein del av søknadsprosessen, til dømes ved at dei kan informere om kva informasjon som skal vere med ein søknad, eller sjekke at relevant dokumentasjon er vedlagt før søknaden går vidare til saksbehandlar. Saksbehandlaren innhentar nødvendige opplysningar, gjer vurderingar og skriv utkast til vedtak. I følgje rutine for intern kontroll og kvalitetssikring av vedtak på dei sosiale tenestene, skal Nav-leiaren kontrollere og kvalitetssikre alle vedtak før dei vert godkjende. Rutinen inneheld også ei sjekkliste for kontroll ved godkjenning av vedtak. Nav Vaksdal har skriftlege rutinar for saksbehandlinga. Som vedlegg til desse, har dei mal for saksbehandling i Acos (kommunalt saksbehandlingsverktøy), som viser at til dømes familiehøve er ein del av kartlegginga. Dei har òg sjekklister til bruk ved oppsett av oversikt over inntekter og utgifter/budsjett. Sjekklistene finst på norsk, tigrinja og arabisk.

Dei to tilsette har fagmøte to gonger i veka der dei tek opp enkeltsaker, til dømes spørsmål rundt kartlegging eller vurderingar. Andre saker kan være endringar i rundskriv. Leiaren deltek ved behov, i alle fall ein gong i månaden. Det vert ikkje skrive referat frå møta. Leiaren har kontormøte kvar onsdag, der alle dei tilsette deltek. Døme på saker i kontormøtet er personalnytt og informasjon om fag og anna som kjem gjennom Vestlandsnytt frå Nav Vestland.

Kontoret gjer ikkje systematiske risikovurderingar med tanke på saksbehandlinga. Dei har eit risikostyringsverktøy for Nav, der dei har risikovurdert HMS. Under intervju fekk vi vite at dei ikkje har nytta dette verktøyet eller anna verktøy for å gjere ein risikovurdering av saksbehandling eller anna fagleg arbeid. Det kjem ved intervju fram at Nav-leiaren er kjend med manglande dokumentasjon og individuelle vurderingar, og at dette vil vere tema for intern opplæring framover. Det er ikkje rapportert særskilt om dette til kommunalsjefen.

Dei tilsette ved Nav Vaksdal er opptekne av barneperspektivet og det er omtala i rutineskrivet deira for kommunale tenester – sosialhjelp. I rutineskrivet punkt 1.2 går det fram at Nav Vaksdal skal ta særleg omsyn til barn som lever i familiar som er i en vanskeleg økonomisk/sosial situasjon. Vedtak som har innverknad på barna sin situasjon, skal alltid innehalde vurderingar av kva konsekvensar vedtaket får for barna. Ved kartlegging av tenestemottakarens situasjon, skal barnas situasjon opplysast særskilt og vektleggast. Det går òg fram under intervju at Nav Vaksdal har mykje kontakt med idrettslag og frivillige organisasjonar. Leiaren opplyser at dei har fokus på barneperspektivet, men seier samtidig at dei kan bli betre på dette og vil arbeide vidare med dette i fagmøta.

Kartlegging ved søknad

Det står i rutineskrivet at Nav ved kartlegging av tenestemottakarar, skal opplyse og vektleggje barnas situasjon særskilt. Under intervju kjem det fram at dei alltid skal gjennomføre samtale med nye søkjarar eller med søkjarar som ikkje har vore i kontakt med Nav på ei stund. Tema i samtalen kan vere økonomi, helseforhold i familien, om barna går i barnehage, har fritidsaktivitetar eller har særskilte behov. Det vart i intervju opplyst at Nav ofte samarbeider med andre instansar om kartlegginga, fordi familiane ofte tek kontakt med andre instansar først. Dei bruker rutineskrivet og sjekklistene. Dei tilsette går gjennom sjekklista saman med søkjaren, og søkjaren får med seg den utfylte sjekklista. Dei tilsette seier at dei kartlegg godt, men under intervju kjem det fram at dei ikkje er gode på å dokumentere kartleggingane. Dersom kartlegginga vert dokumentert, ligg dokumentasjonen i Acos.

Vi gjekk gjennom 20 vedtak med tilhøyrande søknader. Under tilsynet fekk vi tilgang til saksmappene og journalnotata som ligg i det kommunale sakshandshandsamingsverktøyet Acos. Gjennom stikkprøvene fann vi nokre vedtak der det er innvilga hjelp til barns behov, utan at det går fram kva som er grunnlaget for hjelpa. Det vert innhenta opplysningar om tal barn, barnetrygd, barnebidrag og utgifter til barnehage/SFO. I rutinen «Intern kontroll og kvalitetssikring av vedtak på de sosiale tjenestene» står det at i barnefamiliar med forsytaransvar skal det sjekkast om dei har individuelle behov utover det dei konkret har søkt om. Ved stikkprøvene er familiens situasjon i dei fleste av sakene ikkje godt nok utgreidd til at Nav kan gjere konkrete, individuelle vurderingar av kva som skal til for å sikre barna ein verdig barndom. Vi har ikkje sett døme på at utgifter til kostnader knytt til dekking av sosiale behov/fritid /fritidsaktiveter er kartlagt. Det er mogleg å søkje særskilt om å få dekt ekstra utgifter ved skulestart, eller til klede, ferie, jul og konfirmasjon. Nav Vaksdal har lokale satsar for slike utgifter. Ved brukarsamtalane før tilsynet sa minst ein av dei at dei hadde fått informasjon om at dei kan søkje om ekstra stønad dersom dei treng noko til ungane. Minst ein sa at Nav ikkje spør om barnas behov.

Vi legg på bakgrunn av dette til grunn at vedtak om økonomisk stønad til vanleg vert gjort på bakgrunn av dei opplysningane som går fram av søknaden med vedlegg, og at det er opp til brukarane av tenesta å søkje om ekstra stønad dersom dei treng noko ekstra til barna.

Dei vurderingane som vedtaket byggjer på

I rutineskrivet står det at vedtak som innverkar på barnas situasjon alltid skal innehalde vurderingar av kva konsekvensar vedtaket får for barna. I rutinen for intern kontroll og kvalitetssikring av vedtak, går det fram at Nav-leiaren før vedtak vert sende ut, skal , kontrollere at vedtaket har «en god nok individuell begrunnelse slik at bruker kan gjenkjenne seg i vedtaket og påklage det dersom en er uenig i resultatet».

I dei vedtaka vi undersøkte, vart det i dei fleste sakene innvilga økonomisk stønad, til dømes til husleige, straum eller som supplerande sosialhjelp. Stønaden vart utmålt etter ei utrekning basert på opplysningar om inntekter og utgifter. Ved fastsettinga av livsopphold for familiar med forsytaransvar for barn, vert det teke utgangpunkt i statens rettleiande satsar for økonomisk sosialhjelp. Barnetrygd vert rekna med i inntektsgrunnlaget utan at det i alle saker er gjort ei vurdering av utgifter knytt til barnet. Der barna går i barnehage eller SFO er utgiftene knytt til dette teke med i vurderinga. Vi fann utover dette ikkje døme på at barns behov var kartlagt, verken i saksutgreiingane eller i vedtaka. I vedtaka står det at det er gjort ei konkret og individuell vurdering, utan at det går fram kva som er lagt til grunn for avgjerda. Saksbehandlarens vurderingar er ikkje dokumenterte andre stader heller, til dømes i journalnotat.

Leiinga si oppfølging og kontroll

I rutinen for intern kontroll og kvalitetssikring av vedtak står det at leiaren skal kontrollere og kvalitetssikre alle vedtak som vert gjort, og gje tilbakemelding på kvalitet. Leiaren skal føre kontroll med at relevant faktum er innhenta i tråd med utgreiingsplikta i forvaltningslova. Vidare skal leiaren kvalitetssikre at alle vedtak er grunngjeve i samsvar med reglane i forvaltningslova og sosialtenestelova, og kvalitetssikre at vedtak har ei god nok individuell grunngjeving. Om leiaren oppdagar gjentakande feil, skal han gje tilbakemelding om dette og gje opplæring. Malen for kvalitetssjekk som ligg i rutinane, er ikkje i bruk. Dette kom fram under intervju. Det kom òg fram under intervju at kontoret sjølve vurderer at dei ikkje er gode nok på å dokumentere kartleggingar og individuelle vurderingar. Dette er tema i interne møte. I følgje rutinen skal leiaren rapportere til kommunalsjefen på resultat. Det kjem fram i intervjua at kommunalsjefen og Nav-leiaren har snakka om at Nav-leiaren jobbar med kvaliteten på vedtaka. Det er ikkje rapportert skriftleg om dette.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Fylkesmannen har ved dette tilsynet undersøkt om Vaksdal kommune sikrar at søkjarens livssituasjon og behov vert systematisk undersøkt ved søknad om økonomisk stønad, og om det vert undersøkt slik at også barnas situasjon og behov vert opplyst.

Ved tildeling av økonomisk stønad skal kommunen mellom anna ta omsyn til barnas behov for klede og utstyr til fritidsaktivitetar, skuleutstyr og trygge bustadforhold. Ved behandling av søknader om økonomisk stønad frå søkjarar som har forsytaransvar for barn, er det derfor viktig at kommunen utgreier familiens situasjon godt nok til at dei kan gjere konkrete, individuelle vurderingar av kva som skal til for å sikre barna ein verdig barndom.

Det er på bakgrunn av det som har kome fram ved tilsynet ikkje tydeleg for oss at Nav tek ansvar for opplysninga av saka. Nav Vaksdal innhentar opplysningar om tal barn, barnetrygd, barnebidrag og utgifter til barnehage/SFO, men det går ikkje fram at Nav utover dette opplyser saka med tanke på barnas behov og kva kostnader som er nødvendige for søkjaren for å dekkje barnas behov. Det vert innhenta dokumentasjon som viser inntekter og utgifter, men det verkar tilfeldig om behov utover det som er opplyst i søknaden vert fanga opp. Nav Vaksdal har ikkje dokumentasjon som viser at søkjarens behov er så godt opplyst at det er mogleg å vurdere søkjarens rett til økonomisk stønad.

Nav Vaksdal gjer ikkje nærare greie for konkrete individuelle vurderingar, verken i vedtaket eller andre stader. Statens rettleiande satsar for livsopphald vert lagt til grunn som norm, ikkje som eit utgangspunkt for skjøn. Det same gjeld ved bruk av lokale satsar. Vi har sett eit døme på avslag på søknad om fritidsaktivitetar der det er vist til at kommunen berre gjev hjelp til ein fritidsaktivitet, uten at det er gjort nærare vurderingar konkret for det barnet dette gjaldt i den aktuelle saka.

Når manglande kartlegging og manglande individuelle vurderingar ikkje vert fanga opp av den som skal godkjenne vedtaket, kan vedtak bli godkjent utan at det er vurdert om disponibel inntekt til livsopphald, eventuelt med stønaden frå Nav, er nok til å dekkje både søkjarens og barnas behov.

Vaksdal kommune vurderer sjølve at dei har relevant og tilstrekkeleg kompetanse på dette fagområdet, men kommunens styrings- og kontrollaktivitetar sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste før det vert gjort vedtak, og at vedtaka byggjer på konkrete, individuelle vurderingar, slik at det ikkje vert tilfeldig om søkjaren får dei tenestene han/ho har behov for og i nødvendig omfang.

Konsekvensen av at kommunen ikkje sikrar at Nav-kontoret innhentar tilstrekkeleg informasjon om, og gjer forsvarlege vurderingar av, behova til barn i familiar som har behov for økonomisk stønad, er at det vert usikkert om barnas behov vert dekt. Kommunen sikrar dermed ikkje at alle barn får sine behov dekte.

Konklusjonen ved tilsynet er at kommunen ikkje etterlever lovkrava som skal sikre at vedtak om økonomisk stønad byggjer på forsvarleg saksutgreiing og konkrete, individuelle vurderingar.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Fylkesmannens peiker på følgjande:

  • Vaksdal kommune sikrar ikkje at vedtak om økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn, byggjer på forsvarlege kartleggingar og vurderingar

    Dette er brot på:
    Sosialtenestelova §§ 18 og 19, forsvarlegkravet i sosialtenestelova § 4, forvaltningslova § 17 om forvaltningsorganets utgreiings- og informasjonsplikt, og internkontrollforskrifta § 4 om innhaldet i internkontrollen.

Kommunens styringstiltak sikrar ikkje at det vert utøvd forsvarleg skjøn i saker som gjeld økonomisk stønad til personar med forsytaransvar for barn. Styringstiltaka sikrar ikkje at sakene er godt nok opplyste før det vert gjort vedtak, og dei fangar ikkje opp at det manglar individuelle vurderingar.

Manglande dokumentasjon i sakene, gjer at leiinga i kommunen ikkje kan vite sikkert om søkjarane har fått nødvendig hjelp av Nav. Kommunen har ikkje nok opplysningar om kvar enkelt søkjar til å kontrollere dette. Desse manglane ved kommunens styring kan føre til at søkjarar med forsytaransvar for barn ikkje får den økonomiske stønaden dei har rett til etter sosialtenestelova. Kommunen sikrar ikkje at barn i familiar med låg inntekt får det dei treng.

6. Oppfølging av påpeikte lovbrot

I dette kapittelet gjer vi greie for kva vi ventar at verksemda skal gjere i prosessen med å rette påpeikte lovbrot, slik at tenensta ivaretek krava til kvalitet og rettstryggleik for tenenestemottakarane.

Fylkesmannen ber Vaksdal kommunen om å vurdere kva forhold som har ført til det påpeikte lovbrotet, og på bakgrunn av dette lage ein plan for retting.

Planen må innehalde opplysningar om

  • Kva tiltak kommunen vil setje i verk for å rette lovbrotet
  • Korleis leiinga vil følgje med på og kontrollere at tiltaka er sett i verk
  • Korleis leiinga vil gjennomgå om tiltaka har verka som planlagt etter at dei har fått verke ein stund
  • Kommunens eigne fristar for å sikre framdrift

Frist: 25.10.2019

Med helsing

Helga Arianson
fylkeslege

Linda Kråkenes
seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk godkjent

Kopi til: Statens helsetilsyn Postboks 231 Skøyen 0213   OSLO

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok. Varsel om tilsynet vart sendt 11.03.2019.

Vi hadde samtale med tre brukarar om deira erfaring med Nav Vaksdals behandling av søknader om økonomisk stønad.

Tilsynet vart gjennomført ved Nav Vaksdal kommune, og innleia med eit kort informasjonsmøte 05.06.2019. Oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde 06.06.2019.

Ein del dokument vart tilsendt og gjennomgått på førehand, mens andre dokument vart overlevert og gjennomgått i løpet av tilsynsbesøket. Følgjande dokument vart gjennomgått og vurderte som relevante for tilsynet:

  • Organisasjonskart Vaksdal kommune
  • Organisasjonskart Vaksdal kommune, Oppvekst
  • Administrativt delegeringsreglement Vaksdal kommune oppdatert 01.01.2019
  • Samarbeidsavtale mellom Vaksdal kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Hordaland, gjeld frå 1. mars 2016
  • Oversikt over tilsette som jobber med sosiale tjenester ved Nav Vaksdal, gjeld frå 1. mars 2016
  • Intern kontroll og kvalitetssikring av vedtak på de sosiale tjenestene, laga i 2017
  • Rutineskriv kommunale tenester – sosialhjelp, Nav Vaksdal revidert 03.04.2019
  • Operativ risikostyringsverktøy for NAV, enhet Nav Vaksdal, dato 18.04.2019

Vi gjekk gjennom til saman 20 saksmapper. Det vart valt 20 etter følgjande kriteria:

  • Vi bad om å tilsendt dei siste 20 vedtaka til personar med forsyteransvar for barn, med tilhøyrande søknader. På bakgrunn av oversendte vedtak, sendte vi ut invitasjonsbrev til sju av søkjarane, med tilbod om ein samtale som ledd i førebuinga til tilsynet
  • Under tilsynet fekk vi tilgang til saksmappene for dei 20 sakene Under tilsynet fekk vi utskrift av journalnota for dei 20 sakene

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og kven som deltok på oppsummerande møte ved tilsynsbesøket:

Ikke publisert her

Desse deltok frå tilsynsmyndigheita:

  • seniorrådgjevar, Elisabeth Lund-Iversen, revisor
  • seniorådgjevar, Turid Måseide, revisor
  • seniorrådgjevar, Linda Kråkenes, revisjonsleiar