Hopp til hovedinnhold

Statsforvaltaren i Vestland gjennomførte tilsyn med Solheim Omsorg Pluss 21. og 22. april 2021. Vi undersøkte om kommunen sørger for at helsehjelp gitt med tvang blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at pasientane får trygge og gode tenester. Tilsynet blei gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn, initiert av Statens helsetilsyn. Kommunen har fått anledning til å lese og kommentere utkast til rapport og innspela er tatt med i endeleg rapport.

Konklusjon:
Det blei under tilsynet ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstema.

Tilsynet er avslutta.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som blei undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester i 2020/2021 er retta mot kommunens praktisering av tvungen somatisk helsehjelp.

Statsforvaltaren har undersøkt om kommunen sikrar at pasientar som manglar samtykkekompetanse får nødvendig helsehjelp og at helsehjelpa så langt som råd, blir gitt utan bruk av tvang.

Undersøkingane har vore retta mot kommunens heimetenester ved Solheim Omsorg Pluss og gjeld følgande område:

  1. om pasientars motstand mot helsehjelp blir fanga opp
  2. om motstand frå pasientar blir følgd opp med tillitsskapande tiltak
  3. om pasientars samtykkekompetanse blir vurdert og den som er ansvarleg for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal bli gjennomført med tvang
  4. om tvungen helsehjelp blir fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden

Statsforvaltaren har gjennomført tilsynet som systemrevisjon. Det inneber at vi har undersøkt korleis kommunen styrer og leiar helsetenesta og helsepersonellets praktisering av tvungen somatisk helsehjelp og om dei aktuelle lovkrava blir oppfylt. Møte og intervju blei gjennomført digitalt grunna Covid-19, medan journalgjennomgangen blei gjort i kommunens kontorlokale.

Statsforvaltaren legg vekt på brukarmedverknad, og vi har derfor hatt telefonsamtale med nokre pårørande til pasientar ved Solheim Omsorg Pluss.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4 andre ledd. For dette tilsynet er det undersøkt om kommunen oppfyller krav i:

  • Pasient- og brukarrettslova (pbrl.)
  • Helse- og omsorgstenestelova (hol.)
  • Helsepersonellova (hpl.)
  • Forvaltningslova (fvl.)
  • Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta
  • Forskrift om pasientjournal
  • Forskrift om fastlegeordning i kommunane

Kommunens plikt til systematisk leiing og kvalitetsforbetring

Kommunen har ei generell plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at  omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift, jf. hol. § 3-1 tredje ledd. Desse styringskrava må bli sett i samanheng med internkontrollplikta etter helsetilsynslova § 5.

Dei må vidare bli sett i samanheng med ansvaret for å tilby og yte forsvarlege helse- og omsorgstenester, og med plikta til å arbeide systematisk for kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik, jf. hol. §§ 4-1 og 4-2.

Innhaldet i styringskrava er nærare regulert i forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Internkontroll blir omtalt i forskrifta som styringssystem. Styringssystemet er summen av dei aktivitetar, system og prosessar som kommunen tar i bruk for å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere tenestene, jf. forskrifta §§ 6-9. Styringssystemet skal være tilpassa kommunens størrelse, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og ha det omfang som er nødvendig, jf. forskrifta § 5. Tilsvarande gjeld for i kva grad kommunen skal dokumentere styringsaktivitetane.

I dette tilsynet har vi hatt merksemd på følgande styringskrav:

Kommunen har oversikt over område innanfor tvungen helsehjelp der det er risiko for svikt eller mangel på etterleving av myndigheitskrav, jf. § 6d

Det inngår i plikta til å planlegge og også ha oversikt over område der det er risiko for svikt. Tvungen helsehjelp er eit risikoområde som krev skjerpa merksemd på risikostyring og risikohandtering. For at kommunen skal ha grunnlag for å velje styringstiltak som reduserer risiko, må kommunen ha oversikt over kvar det er risiko og sårbarheit i eiga verksemd.

Kommunen har klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde jf. §§ 6a og 7a

Kommunen skal ha ei klår organisering av helsetenestene og organiseringa skal være kjend for dei tilsette. Uklår organisering og fordeling av ansvar og oppgåver mellom ulike tenester og mellom helsepersonell, er ei hyppig årsak til svikt i tenestene. På området tvungen helsehjelp er det ofte fleire helsepersonell med ulik kompetanse som yter helsehjelp til same pasient. Det er då heilt vesentleg å ha ei klår fordeling av ansvar, oppgåver og mynde for å redusere svikt.

Kommunen sikrar at helsepersonell har tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse til å utføre sine oppgåver, §§ 6f og 7b

For å kunne organisere helsetenesta og fordele ansvar og oppgåver, treng kommunen kunnskap om kva kompetanse helsetenesta treng og kva kompetanse dei tilsette har. Kommunen har eit ansvar for at helsepersonell har nødvendig kunnskap og kompetanse om tvungen somatisk helsehjelp for å kunne etterleve krava i pbrl. kapittel 4A og for å kunne yte helsehjelpa på ein fagleg forsvarleg og god måte. Tiltak for å sikre kompetanse skal være tilpassa den einskilde sitt ansvar og oppgåver.

Kommunen legg til rette for felles praksis, samarbeid og informasjonsutveksling, jf. §§ 6c og 6d

Tvungen helsehjelp er eit område der det er behov for samarbeid, rutinar og informasjonsutveksling for å sikre forsvarleg og lik praksis. Samarbeid og informasjonsutveksling mellom helsepersonell som yter helsehjelp til pasienten, og samarbeid mellom desse og den som er ansvarleg for helsehjelpa, er vidare ein føresetnad for å sikre føreseielegheit og kontinuitet i hjelpetilbodet til pasienten. Samarbeid og informasjonsutveksling er vidare nødvendig for at helsepersonell har tilstrekkeleg med informasjon til å gjere forsvarlege helsefaglege vurderingar.

Kommunen skal ha vurdert kva faglege og administrative rutinar, instruksar og avtaler som er nødvendige for å sikre lik praksis, samarbeid og informasjonsveksling på området tvungen helsehjelp. I dette inngår at kommunen har rutinar for dokumentasjon i pasientanes journal, slik at opplysningar som er viktige for helsehjelpa er tilgjengeleg for dei som har tenestleg behov for det, og at dei enkelt kan finne opplysningane.

Følge med på at iverksette tiltak blir følgd i praksis, har effekt og eventuelt blir korrigert, jf. §§ 6g, 7e og § 8 og 9

Kommunen har ansvar for at iverksette aktivitetar blir gjennomført som planlagt og for å følge med på om dei er hensiktsmessige og fungerer etter sin hensikt. Kommunens kontroll kan til dømes skje gjennom intern rapportering, ved å ha oversikt over meldingar om svikt og mogelege forbetringsområde frå tilsette, oversikt over klager frå pasientar og pårørande og ved å bruke resultat frå pasientundersøkingar og eigne revisjonar.

Kommunen skal ha utpeikt kven som skal være overordna fagleg ansvarleg for tvungen helsehjelp. Den/dei som er utpeikt til å ha denne funksjonen, skal få kopi av vedtak om tvungen helsehjelp som er gjort i kommunen, og får gjennom vedtaka dermed viktig informasjon om kommunes praktisering av tvungen helsehjelp. Det er forventa at kommunen nyttar denne informasjonen i sin kontroll av praksis. Dersom kommunen gjennom sin kontroll avdekker manglar, skal kommunen iverksette nødvendige forbetringstiltak.

Krava som blir stilt til helse- og omsorgstenesta

I lovgivinga er det stilt ei rekke krav til kommunens helse- og omsorgsteneste. Kommunen skal gjennom styring og leiing sikre at desse krava blir oppfylte. Nedanfor er ein oversikt over krava som er undersøkt:

Nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester

Pasientar har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen, jf. pbrl. § 2-1a andre ledd, og § 2-1 e. Kommunen har ei tilsvarande plikt til å gi slik hjelp etter hol. § 3-1, og aktuelt for dette tilsynet er helsehjelp i heimen, jf. hol. §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c og § 3-2a. Helsehjelpa som blir ytt skal være forsvarleg, jf. hol. § 4-1. Kravet om forsvarleg verksemd er ein rettsleg standard. Dette inneber at innhaldet i kravet blir bestemt av kva som til ei kvar tid er anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Forsvarlegkravet set ikkje berre krav til den faglege kvaliteten, men også til at tenestene blir ytt i tide og har eit tilstrekkeleg omfang.

Det følger av hol. § 4-1 at forsvarlegkravet også omfattar at tenestetilbodet skal være verdig, heilskapleg og koordinert. Dette må sjåast i samanheng med kommunens plikt etter hol. § 3-4 første ledd til å legge til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre tenesteytarar. Fastlegane vil ofte være ansvarlege for, eller involvert i, prosessar om tvungen helsehjelp. I forskrift om fastlegeordninga i kommunane § 8 er det presisert at kommunens samarbeidsplikt i hol. § 3-4 også omfattar å legge til rette for samarbeid med fastlegen, og eit slikt samarbeid må nødvendigvis omfatte situasjonar der fastlegen er ansvarleg for helsehjelp som kommunens helse- og omsorgsteneste skal gjennomføre.

Føresetnader og krav i pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A

For at pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A skal kunne gjelde er det enkelte føresetnader som må være oppfylte. Helsehjelpa må være somatisk, pasienten må vere over 16 år, mangle samtykkekompetanse og motsette seg helsehjelpa.

Der føresetnadane er oppfylte, er det ei rekke vilkår som må være oppfylt før helsehjelpa kan gjennomførast med tvang, og det er stilt særskilte krav til saksbehandlinga.

Samtykkekompetansevurderingar

Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelpa, jf. pbrl. § 4-1. Der det er usikkert om pasienten forstår konsekvensane av å nekte helsehjelpa, skal den som har det faglege ansvaret for helsehjelpa vurdere om pasienten manglar samtykkekompetanse etter pbrl. § 4-3. Dette vil ofte være den same som skal gjere dei helsefaglege vurderingane etter pbrl. kapittel 4 A. Fordi avgjerder om manglande samtykkekompetanse er ein premiss for å nytte tvungen helsehjelp, er det heilt vesentleg at pasientens samtykkekompetanse blir vurdert på ein forsvarleg måte.

Motstand mot helsehjelp

Pasientar kan vise motstand mot helsehjelp på ulike måtar. Helsehjelp som blir gjennomført sjølv om pasienten gjer motstand, er tvungen helsehjelp. Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse, men ikke gjer motstand mot helsehjelpa, gir pbrl. § 4-6 helsepersonell heimel til å ta avgjerd om kva helsehjelp pasienten skal ha.

Tillitskapande tiltak

Tillitskapande tiltak er tiltak som blir sett i verk for å få pasienten til frivillig å ta imot helsehjelpa. Det er eit vilkår om at tillitskapande tiltak blir forsøkt før helsehjelpa blir gjennomført med tvang, med mindre det er openbert formålslaust å prøve slike tiltak, jf. pbrl. § 4A-3 første ledd.

Helsefaglege vurderingar

Ansvarleg for helsehjelpa skal gjere helsefaglege vurderingar av om vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd er oppfylte. Desse vurderingane omfattar om helsehjelpa er nødvendig, noko som inneber at det omhandlar helsehjelp som pasienten har rett på etter pbrl. § 2-1 a andre ledd, og om å ikkje gi helsehjelpa kan føre til vesentleg helseskade. Vidare skal vurderingane omfatte om det planlagde tvangstiltaket står i forhold til behovet for helsehjelpa, og at tvungen helsehjelp, etter ei heilskapleg vurdering, står fram som den klart beste løysinga for pasienten.

Dersom tiltaket er vurdert som eit alvorleg inngrep for pasienten, som til dømes tiltak som inneber inngrep i kroppen, bruk av reseptpliktige legemiddel, tvungen innlegging og tilbakehald på sjukeheim, skal ansvarleg for helsehjelpa samrå seg med anna kvalifisert personell, jf. § 4A-5 andre ledd. Så langt det er mogeleg skal helsepersonell innhente informasjon frå pasientens næraste pårørande om kva dei trur pasienten ville ha ønskt, før avgjerda om tvungen helsehjelp blir tatt, jf. § 4A-5 fjerde ledd.

Evaluering av tvungen helsehjelp

Helsepersonell skal etter § 4A-4 fjerde ledd evaluere den tvungne helsehjelpa fortløpande og avbryte tvangen straks vilkåra ikkje lenger er oppfylte. Dei skal i evalueringa legge vekt på om helsehjelpa viser seg å ha ønska verknad, eller ha uventa negative verknader.

Dokumentasjon

Helsepersonell skal føre journal i tråd med krava som blir stilt til journalens innhald, jf. hpl. § 39. Formålet med kravet om å føre pasientjournal, er mellom anna å sikre forsvarleg oppfølging av pasienten og ivareta pasienttryggleiken. Opplysningar knytt til tema i dette tilsynet er å sjå på som relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. Slike opplysningar skal helsepersonell, etter hpl. § 40 og pasientjournalforskrifta §§ 4–8, dokumentere i pasientens journal.

Som ein del av det landsomfattande tilsynet, deltok Bergen kommune på ei samling arrangert av Statsforvaltaren, i forkant av tilsynet. Der blei mellom anna systemrevisjon, rettleiar for tilsynet og krav som blir stilt til helse- og omsorgstenestene i kommunane på feltet 4A, presentert. På samlinga deltok tre kommunar som parallelt med tilsynet i Bergen kommune, skulle gjere eigenvurdering av tenestene i sine kommunar på området 4A.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Organisering av tenestene

Solheim Omsorg Pluss har 49 omsorgsbustader, går over fire etasjar og har heildøgers bemanning. Dei fleste bebuarane med kognitiv svikt bur i andre etasje. Helsepersonellet er tilsett i heimetenestene, men er fast på Solheim Omsorg Pluss. Når det ikkje er sjukepleiar på huset, kan dei tilsette kontakte sjukepleiar som jobbar i heimetenesta ute ved behov. Bebuarane blir følgd opp av fastlegen sin. Kommunikasjon mellom fastlegane og helsepersonell forgår på e-link eller på telefon. Når fastlegane ikkje er tilgjengeleg, kan helsepersonell kontakte sjukeheimslegevakta.

Etat for hjemmebaserte tjenester er organisert under Byrådsavdelingen for eldre, helse og frivillighet (BEHF). Etatsdirektøren har ansvar for seks einingar, mellom anna Hjemmebaserte tjenester i Årstad, som Solheim Omsorg Pluss er organisert under. Avdelingsleiar for Solheim Omsorg Pluss rapporterer til einingsleiar for Heimetenestene i Årstad. Sjukepleiefagleg konsulent i Årstad har einingsleiar som næraste overordna. Ho er med i utarbeiding av retningsliner, implementering av desse og har rettleiing og undervisning for dei tilsette. Den siste tida har tiltak rundt Covid – 19 vore prioritert. Ho samarbeider med kvalitetsrådgjevar i etaten, mellom anna om utarbeiding og evaluering av retningsliner/prosedyrar.

Det er utarbeidd stillingsomtalar for dei tilsette. For nytilsette er det utarbeidd ei sjekkliste, som avdelingsleiar har hovudansvaret for at blir gjennomgått. Det er utarbeidd prosedyre for å gjere 4A-vedtak, for tillitsskapande tiltak og for vurdering av samtykkekompetanse. Kvar pasient har primær- og sekundærkontakt.

I desember 2020 var det Pasientsikkerhetsvisitt ved Solheim Omsorg Pluss. Dette er ein metode for driftsoppfølging i tenesta.

Før tilsynet fekk vi tilsendt oversikt over organiseringa av heimetenestene i kommunen, dei skriftlege rutinane for området 4A og vurdering av samtykkekompetanse.

Styring

I intervju fekk vi opplyst at avdelingsleiar følger med på kva som skjer på området 4A ved å vere med på morgonrapporten og følgje med på kva som blir dokumentert i journal. Ho er nær i avdelinga og har sporadisk pasientkontakt. Avdelingsleiar har møte med leiargruppa og einingsleiar fleire gonger i månaden, i leiarmøte og driftsmøte. Tema på desse møta er mellom anna dagleg drift, prosedyrar, rutinar, og i det siste smittevern og vaksinasjon.

 Det kjem fram at leiinga i kommunen systematisk følger med på kvar det kan vere risiko for svikt i heimetenesta. Dei har gjort ein omfattande ROS-analyse, ikkje spesifikt for området 4A, men for nærliggande område som til dømes utagerande pasientar. Under intervjua blei det mellom anna peikt på at systematisk opplæring og kompetansen kan bli betre.

Dei tilsette har blitt oppmoda til å ta eit e-læringskurs om kap. 4A. Leiinga har oversikt over kven som har teke kurset. Nytilsette må gå gjennom ei sjekkliste ved opplæring. Tvang og kap. 4A er ikkje ein del av etaten si sjekkliste, men bydel Årstad har utarbeida ei lokal sjekkliste der tvang og 4A er teke med. Dette er også i sjekklista for primærkontaktar. Kommunen har utarbeidd skriftlege rutinar for området 4A som ligg tilgjengeleg i kvalitetssystemet BKkvalitet, og det er utarbeida eit eige tilpassa vedlegg for heimetenesta i bydel Årstad med prosedyre for vurdering av samtykkekompetanse.

Når det kjem nye rutinar og prosedyrar, vert påminning om å lese desse send til dei tilsette på e-post. Einingsleiar har tilgang til å sjå kven som har lest prosedyrane i BKkvalitet, men ikkje avdelingsleiar. Det er meldt vidare at avdelingsleiar treng tilgang. Det blir halde sjukepleiarmøte og fagarbeidarmøte der rutinar blir implementert, eller halde internundervisning om eit spesifikt emne. Det er lagt opp til at case og vanskelege problemstillingar kan bli diskutert  under rapporten. Avdelingsleiar har oversikt over kven som har delteke på internundervisning. Regelverket i 4A har vore tema på personalmøte ved Solheim Omsorg Pluss i samband med førebuing til tilsynet.

Prosedyrane blir evaluert og eventuelt revidert i ei kvalitetsgruppe, og avdelingsleiarane kan gi innspel til endringar. Kommunen har opplyst at einingsleiar er overordna fagleg ansvarleg på området 4A.

Kommunen har eit avvikssystem i kvalitetssystemet BKkvalitet som er kjend for dei tilsette. Melde avvik blir følgt opp av avdelingsleiar. Dei tilsette får tilbakemelding på rapport, i nyhetsbrev eller individuelt om korleis avvika vert følgt opp. Fleire tilsette gav i intervju uttrykk for at dei var usikre kva som var å rekne som uønska hendingar på området 4A og som skulle meldast som avvik. Det var ikkje meldt slike avvik siste året.

Motstand

I intervjua fekk vi vite at helsepersonell er kjende med at dei har ansvar for å avdekke motstand mot helsehjelp. Dei er også kjende med at motstand kan bli uttrykt forskjellig, og dette reflekterer dei rundt mellom anna i rapport og i samtaler i lunsjpausen. I intervjua kom det fram at det er tilnærma lik oppfatning av kva som blir tolka som motstand og kva helsepersonellet meiner er tvang. Det kom fram i intervju at dei tilsette veit at dei ikkje kan halde pasientar tilbake i omsorgsbustaden. Det var også klart for dei tilsette at dersom dei observerer motstand og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram,  skal dei melde observasjonane til sjukepleiar, som igjen veit når dei skal melde vidare til lege. Motstand mot helsehjelp blir dokumentert i pasientjournalen, noko vi fann døme på ved journalgjennomgangen. I intervjua kom det fram at om ein pasient viser gjenteken motstand mot helsehjelp, vil dette også bli fanga opp, mellom anna fordi det er tema på rapporten. Vi fann ikkje dokumentasjon i journalen som viste at helsehjelp var gitt med tvang.

Samtykke til helsehjelp

Det er utarbeidd skriftlege rutinar for vurdering av samtykkekompetanse. Dei tilsette kjenner til at det er helsepersonellet som kjenner pasienten, i samråd avdelingsleiar og eventuelt fastlege, som skal gjere vurdering av samtykkekompetanse. Det kjem fram i intervju at helsepersonellet kjenner til at dei skal vurdere samtykkekompetansen når pasientar motset seg helsehjelp og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram, og at samtykkekompetansevurderinga skal vere knytt opp mot den aktuelle helsehjelpa.

I det siste er det gjort generelle samtykkekompetansevurderingar av pasientane og ført inn i journalsystemet, men vurderingane har ikkje vore knytt opp mot helsehjelp som pasienten har sett seg imot.

Tillitsskapande tiltak

Dei tilsette opplyste i intervju at dei er kjende med at dei alltid skal prøve med tillitsskapande tiltak før det eventuelt blir nytta tvang. Det blir utveksla opplysningar under rapporten om kva tillitsskapande tiltak dei kan nytte og som fungerer. Det kjem fram at dei reflekterer omkring kvar grensa går mellom overtaling og tvang, og er opptekne av frivilligheit og medverknad frå pasientane. Dei tilsette innhentar informasjon frå pårørande om aktuelle tillitsskapande tiltak dei kan prøver ut. Dei tillitsskapande tiltaka blir dokumentert i tiltaksplanar i journalsystemet, og planane blir vurdert og evaluert fortløpande i samtalar mellom dei tilsette og avdelingsleiar. Vi fann døme på individualiserte planar for tillitsskapande tiltak ved journalgjennomgangen.

Helsefaglege vurderingar

Fleire helsepersonell kjende til vilkåra for at helsehjelp kan bli gitt med tvang, og det var klart for dei kven som hadde ansvar for å gjere dei helsefaglege vurderingane, kva vurderingar dei einskilde yrkesgruppene kunne gjere, og kven som kunne gjere vedtak etter 4A i følgje kommunen sine rutinar. Det var kjent for dei tilsette at fastlegen skal gjere vurderingar av om pasienten skal flyttast til eit høgre omsorgsnivå.

4A-vedtak

Solheim Omsorg Pluss har ikkje sendt oss kopi av vedtak etter kapittel 4A det siste året. Det kjem fram i intervju at slike vedtak ikkje har vore gjort der det siste året.

Journalgjennomgang

Journalgjennomgangen viste at det var dokumentert motstand mot helsehjelp hos fleire pasientar. Det var nokre døme på at helsehjelpa vart utsett, men ofte vart motstand følgd opp med tillitsskapande tiltak. Vi fann generelle samtykkekompetansevurderingar hos fleire pasientar, men ikkje gjort opp mot den aktuelle helsehjelpa. Ved journalgjennomgang fann vi nokre døme på helsefaglege vurderingar.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til systematisk styring og leiing for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga har eit overordna ansvar for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er eigna til å ivareta dette.

Formålet med 4A om å gi forsvarleg helsehjelp og førebygge og redusere bruk av tvang stiller krav til at helsepersonell kjenner reglane og kva dei betyr i praksis.

Undersøkingane våre viser at dei fleste tilsette er kjend med at kommunen har skriftlege prosedyrar for området 4A. Dei fleste veit korleis praksis skal vere, kva ansvar dei har for å avdekke eventuell motstand, og kva ansvar dei har når motstand blir avdekka. Slik praksis blir skildra, er dette i samsvar med dei skriftlege rutinane.

Leiinga har lagt til rette for arenaer der regelverk og refleksjonar om oppfølging av enkeltpasientar er tema. Dei tilsette har fått oppmoding om å gjennomføre e-læringskurs om 4A.

Pasientjournalsystemet er utforma slik at det er mogleg for dei tilsette å få oversikt over eventuell tvangsbruk. Avdelingsleiar er tett på helsepersonellet og følgjer med på korleis helsehjelpa blir gjennomført, mellom anna ved å delta på rapport og halde seg oppdatert ved å lese rapportar og vere tilgjengeleg i avdelinga. Det er definert kven som har ansvar for å evaluere og korrigere rutinar og prosedyrar. Avvikssystemet blir brukt til styring av tenestene. Det er etablert ein praksis for samarbeid med lege og pårørande om 4A.

Vi meiner at leiinga har sørga for at det er rammer ved Solheim Omsorg Pluss som gjer at det ikkje er tilfeldig og opp til kvart einskild helsepersonell korleis helsehjelpa blir utført, man at det er ein eins praksis. Det er med dette lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. Kommunen har likevel eit forbetringspotensial når det gjeld systematisk opplæring av tilsette og nytilsette i regelverket i 4A, og implementering av dette regelverket blant dei tilsette.

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Konklusjon:
Det blei under tilsynet ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstema.

 

Med helsing

Linda Svori
seksjonssjef

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

 Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsyn ved Solheim Omsorg Pluss var sendt 01.02.2021.

Vi hadde før tilsynet telefonsamtale med pårørande til fem pasientar ved Solheim Omsorg Pluss og ein fastlege til nokre av pasientane.

Journalgjennomgang blei gjort i lokala til Bergen kommune i Kanalvegen 62, 20.04.2021.

Tilsynet med startmøte, intervju og oppsummerande møte med gjennomgang av funn, vart halde digitalt, 21. og 22.04.2021.

Gjennomgått dokumentasjon:

  • Gjennomgang av relevante dokument i BkKvalitet som til dømes:
    • Kompetanseplan
    • Diverse sjekklister
    • Stillingsbeskrivelser
    • mm.
  • Pasientsikkerhetsvisitt 16.12.2020
  • Kurs ansatte Solheim Omsorg Pluss
  • Vurdering av samtykkekompetanse
  • Tillitsskapende tiltak
  • HBT Årstad, Risikovurdering 2. halvår 2020
  • Sjekkliste for nyansatte
  • Nyhetsbrev Solheim Omsorg Pluss, 12.02., 01.3. og 09.04.2021
  • TID veiledning 20.11.2020
  • Referat personalmøte

Vi gjekk gjennom 17 journalar. Journalar til pasientar med kognitiv svikt blei prioritert.

Tabellen under gir oversikt over kven som vart intervjua, og frammøtte ved  oppsummerande møte.

Ikkje publisert her.

Frå Statsforvaltaren i Vestland deltok:

  • ass. fylkeslege, Ingunn Watsend Erichsen, revisor  
  • rådgjevar, Katarina Parteka Aarsnes, revisor  
  • seniorrådgjevar, Beate Tollefsen, revisjonsleiar  

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2020–2021 Tvungen somatisk helsehjelp i kommunale helse- og omsorgstjenester

Søk