Statsforvaltaren i Vestland gjennomførte tilsyn med Fossevegen bufellesskap Stad kommune 2. og 3. februar 2021. Vi undersøkte om kommunen sørger for at helsehjelp gitt med tvang blir utført i samsvar med aktuelle lovkrav slik at pasientane får trygge og gode tenester. Tilsynet blei gjennomført som del av eit landsomfattande tilsyn, initiert av Statens helsetilsyn.

Statsforvaltarens konklusjon:

Det blei under tilsynet ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstema.

Tilsynet er avslutta.

1. Tilsynets tema og omfang

I dette kapittelet skildrar vi kva som vart undersøkt i tilsynet.

Det landsomfattande tilsynet med kommunale helse- og omsorgstenester i 2020/2021 er retta mot kommunens praktisering av tvungen somatisk helsehjelp.

Statsforvaltaren har undersøkt om kommunen sikrar at pasientar som manglar samtykkekompetanse får nødvendig helsehjelp og at helsehjelpa så langt som råd, blir gitt utan bruk av tvang.

Undersøkingane har vore retta mot kommunens heimetenester i Fossevegen bufellesskap og gjeld følgande område:

  1. om pasientars motstand mot helsehjelp blir fanga opp
  2. om motstand frå pasientar blir følgd opp med tillitsskapande tiltak
  3. om pasientars samtykkekompetanse blir vurdert og den som er ansvarleg for helsehjelpa vurderer om helsehjelpa skal bli gjennomført med tvang
  4. om tvungen helsehjelp blir fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden

Statsforvaltaren har gjennomført tilsynet som systemrevisjon. Det inneber at vi har undersøkt korleis kommunen styrer og leiar helsetenestas og helsepersonellets praktisering av tvungen somatisk helsehjelp og om dei aktuelle lovkrava blir oppfylt. Møte og intervju blei gjennomført digitalt grunna Covid-19, medan journalgjennomgangen blei gjort i kommunen.

Statsforvaltaren legg vekt på brukarmedverknad, og vi har derfor hatt telefonsamtale med nokre pårørande til pasientar ved Fossevegen bufellesskap.

2. Aktuelt lovgrunnlag for tilsynet

Statsforvaltaren er gitt mynde til å føre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester i helse- og omsorgstenestelova § 12-3 og helsetilsynslova § 4 andre ledd. For dette tilsynet er det undersøkt om kommunen oppfyller krav i: 

Pasient- og brukarrettslova (pbrl.)
Helse- og omsorgstenestelova (hol.)
Helsepersonellova (hpl.)
Forvaltningslova (fvl.)
Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta
Forskrift om pasientjournal
Forskrift om fastlegeordning i kommunane

Kommunens plikt til systematisk leiing og kvalitetsforbetring

Kommunen har ei generell plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda slik at  omfang og innhald i tenesta er i samsvar med lov og forskrift, jf. hol. § 3-1 tredje ledd. Desse styringskrava må bli sett i samanheng med internkontrollplikta etter helsetilsynslova § 5. Dei må vidare bli sett i samanheng med ansvaret for å tilby og yte forsvarlege helse- og omsorgstenester, og med plikta til å arbeide systematisk for kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik, hol. §§ 4-1 og 4-2.

Innhaldet i styringskrava er nærare regulert i forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Internkontroll blir omtalt i forskrifta som styringssystem. Styringssystemet er summen av dei aktivitetar, system og prosessar som kommunen tar i bruk for å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere tenestene, jf. forskrifta §§ 6-9. Styringssystemet skal være tilpassa kommunens størrelse, eigenart, aktivitetar og risikoforhold, og ha det omfang som er nødvendig, jf. forskrifta § 5. Tilsvarande gjeld for i kva grad kommunen skal dokumentere styringsaktivitetane.

I dette tilsynet har vi hatt merksemd på følgande styringskrav:

Kommunen har oversikt over område innanfor tvungen helsehjelp der det er risiko for svikt eller mangel på etterleving av myndigheitskrav, jf. § 6d

Det inngår i plikta til å planlegge og også ha oversikt over område der det er risiko for svikt. Tvungen helsehjelp er eit risikoområde som krev skjerpa merksemd på risikostyring og risikohandtering. For at kommunen skal ha grunnlag for å velje styringstiltak som reduserer risiko, må kommunen ha oversikt over kvar det er risiko og sårbarheit i eiga verksemd.

Kommunen har klar fordeling av ansvar, oppgåver og mynde jf. §§ 6a og 7a

Kommunen skal ha ei klår organisering av helsetenestene og organiseringa skal være kjend for dei tilsette. Uklår organisering og fordeling av ansvar og oppgåver mellom ulike tenester og mellom helsepersonell, er ei hyppig årsak til svikt i tenestene. På området tvungen helsehjelp er det ofte fleire helsepersonell som yter helsehjelp til same pasient, men med ulik kompetanse. Det er då heilt vesentleg å ha ei klår fordeling av ansvar, oppgåver og mynde for å redusere svikt.

Kommunen sikrar at helsepersonell har tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse til å utføre sine oppgåver, jf. §§ 6f og 7b

For å kunne organisere helsetenesta og fordele ansvar og oppgåver, treng kommunen kunnskap om kva kompetanse helsetenesta treng og kva kompetanse dei tilsette har. Kommunen har eit ansvar for at helsepersonell har nødvendig kunnskap og kompetanse om tvungen somatisk helsehjelp for å kunne etterleve krava i pbrl. kapittel 4A og for å kunne yte helsehjelpa på ein fagleg forsvarleg og god måte. Tiltak for å sikre kompetanse skal være tilpassa den einskilde sitt ansvar og oppgåver.

Kommunen legg til rette for felles praksis, samarbeid og informasjonsutveksling, jf. §§ 6c og 6d

Tvungen helsehjelp er eit område der det er behov for samarbeid, rutinar og informasjonsutveksling for å sikre forsvarleg og lik praksis. Samarbeid og informasjonsutveksling mellom helsepersonell som yter helsehjelp til pasienten, og samarbeid mellom desse og den som er ansvarleg for helsehjelpa, er vidare ein føresetnad for å sikre føreseielegheit og kontinuitet i hjelpetilbodet til pasienten. Samarbeid og informasjonsutveksling er vidare nødvendig for at helsepersonell har tilstrekkeleg med informasjon til å gjere forsvarlege helsefaglege vurderingar.

Kommunen skal ha vurdert kva faglege og administrative rutinar, instruksar og avtaler som er nødvendige for å sikre lik praksis, samarbeid og informasjonsveksling på området tvungen helsehjelp. I dette inngår at kommunen har rutinar for dokumentasjon i pasientanes journal, slik at opplysningar som er viktige for helsehjelpa er tilgjengeleg for dei som har tenestleg behov for det, og at dei enkelt kan finne opplysningane.

Følge med på at iverksette tiltak blir følgd i praksis, har effekt og eventuelt korrigerast, jf. §§ 6g, 7e og §§ 8 og 9

Kommunen har ansvar for at iverksette aktivitetar blir gjennomført som planlagt og for å følge med på om dei er hensiktsmessige og fungerer etter sin hensikt. Kommunens kontroll kan til dømes skje gjennom intern rapportering, ved å ha oversikt over meldingar om svikt og mogelege forbetringsområde frå tilsette, oversikt over klager frå pasientar og pårørande og ved å bruke resultat frå pasientundersøkingar og eigne revisjonar.

Kommunen skal ha utpeikt kven som skal være overordna fagleg ansvarleg for tvungen helsehjelp. Den/dei som er utpeikt til å ha denne funksjonen, skal få kopi av vedtak om tvungen helsehjelp som er gjort i kommunen, og får gjennom vedtaka dermed viktig informasjon om kommunes praktisering av tvungen helsehjelp. Det er forventa at kommunen nyttar denne informasjonen i sin kontroll av praksis. Dersom kommunen gjennom sin kontroll avdekker manglar, skal kommunen iverksette nødvendige forbetringstiltak.

Krava som blir stilt til helse- og omsorgstenesta

I lovgivinga er det stilt ei rekke krav til kommunens helse- og omsorgsteneste. Kommunen skal gjennom styring og leiing sikre at desse krava blir oppfylte. Nedanfor er ei oversikt over krava som er undersøkt:

Nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester

Pasientar har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen, jf. pbrl. § 2-1a andre ledd, og § 2-1 e. Kommunen har ei tilsvarande plikt til å gi slik hjelp etter hol. § 3-1, og aktuelt for dette tilsynet er helsehjelp i heimen, jf. hol. §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 bokstav c og § 3-2a. Helsehjelpa som blir ytt skal være forsvarleg, jf. hol. § 4-1. Kravet om forsvarleg verksemd er ein rettsleg standard. Dette inneber at innhaldet i kravet blir bestemt av kva som til ei kvar tid er anerkjent fagkunnskap, faglege retningsliner og allmenngyldige samfunnsetiske normer. Forsvarlegkravet set ikkje berre krav til den faglege kvaliteten, men også til at tenestene blir ytt i tide og har eit tilstrekkeleg omfang.

Det følger av hol. § 4-1 at forsvarlegkravet også omfattar at tenestetilbodet skal være verdig, heilskapleg og koordinert. Dette må sjåast i samanheng med kommunens plikt etter hol. § 3-4 første ledd til å legge til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike deltenester i kommunen og med andre tenesteytarar. Fastlegane vil ofte være ansvarlege for, eller involvert i, prosessar om tvungen helsehjelp. I forskrift om fastlegeordninga i kommunane § 8 er det presisert at kommunens samarbeidsplikt i hol. § 3-4 også omfattar å legge til rette for samarbeid med fastlegen, og eit slikt samarbeid må nødvendigvis omfatte situasjonar der fastlegen er ansvarleg for helsehjelp som kommunens helse- og omsorgsteneste skal gjennomføre.

Føresetnader og krav i pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A

For at pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A skal kunne gjelde er det enkelte føresetnader som må være oppfylte. Helsehjelpa må være somatisk, pasienten må vere over 16 år, mangle samtykkekompetanse og motsette seg helsehjelpa.

Der føresetnadane er oppfylte, er det ei rekke vilkår som må være oppfylt før helsehjelpa kan gjennomførast med tvang, og det er stilt særskilte krav til saksbehandlinga.

Samtykkekompetansevurderingar

Hovudregelen er at pasienten skal samtykke til helsehjelpa, jf. pbrl. § 4-1. Der det er usikkert om pasienten forstår konsekvensane av å nekte helsehjelpa, skal den som har det faglege ansvaret for helsehjelpa vurdere om pasienten manglar samtykkekompetanse etter pbrl. § 4-3. Dette vil ofte være den same som skal gjere dei helsefaglege vurderingane etter pbrl. kapittel 4 A. Fordi avgjerder om manglande samtykkekompetanse er ein premiss for å nytte tvungen helsehjelp, er det heilt vesentleg at pasientens samtykkekompetanse blir vurdert på ein forsvarleg måte.

Motstand mot helsehjelp

Pasientar kan vise motstand mot helsehjelp på ulike måtar. Helsehjelp som blir gjennomført sjølv om pasienten gjer motstand, er tvungen helsehjelp. Dersom pasienten manglar samtykkekompetanse, men ikke gjer motstand mot helsehjelpa, gir pbrl. § 4-6 helsepersonell heimel til å ta avgjerd om kva helsehjelp pasienten skal ha.

Tillitskapande tiltak

Tillitskapande tiltak er tiltak som blir sett i verk for å få pasienten til frivillig å ta imot helsehjelpa. Det er eit vilkår om at tillitskapande tiltak blir forsøkt før helsehjelpa blir gjennomført med tvang, med mindre det er openbert formålslaust å prøve slike tiltak, jf. pbrl. § 4A-3 første ledd.

Helsefaglege vurderingar

Ansvarleg for helsehjelpa skal gjere helsefaglege vurderingar av om vilkåra i § 4A-3 andre og tredje ledd er oppfylte. Desse vurderingane omfattar om helsehjelpa er nødvendig, noko som inneber at det omhandlar helsehjelp som pasienten har rett på etter pbrl. § 2-1 a andre ledd, og om å ikkje gi helsehjelpa kan føre til vesentleg helseskade. Vidare skal vurderingane omfatte om det planlagde tvangstiltaket står i forhold til behovet for helsehjelpa, og at tvungen helsehjelp, etter ei heilskapleg vurdering, står fram som den klart beste løysinga for pasienten.

Dersom tiltaket er vurdert som eit alvorleg inngrep for pasienten, som til dømes tiltak som inneber inngrep i kroppen, bruk av reseptbelagde legemiddel, tvungen innlegging og tilbakehald på sjukeheim, skal ansvarleg for helsehjelpa samrå seg med anna kvalifisert personell, jf. § 4A-5 andre ledd. Så langt det er mogeleg skal helsepersonell innhente informasjon frå pasientens næraste pårørande om kva dei trur pasienten ville ha ønskt, før avgjerda om tvungen helsehjelp blir tatt, § 4A-5 fjerde ledd.

Evaluering av tvungen helsehjelp

Helsepersonell skal etter § 4A-4 fjerde ledd evaluere den tvungne helsehjelpa fortløpande og avbryte tvangen straks vilkåra ikkje lenger er oppfylte. Dei skal i evalueringa legge vekt på om helsehjelpa viser seg å ha ønska verknad, eller ha uforutsette negative verknader.

Dokumentasjon

Helsepersonell skal føre journal i tråd med krava som blir stilt til journalens innhald, jf. hpl. § 39. Formålet med kravet om å føre pasientjournal, er mellom anna å sikre forsvarleg oppfølging av pasienten og ivareta pasienttryggleiken. Opplysningar knytt til tema i dette tilsynet er å sjå på som relevante og nødvendige opplysningar om pasienten og helsehjelpa. Slike opplysningar skal helsepersonell, etter hpl. § 40 og pasientjournalforskrifta §§ 4–8, dokumentere i pasientens journal.

3. Framstilling av faktagrunnlaget

Her vert det gjort greie for korleis verksemdas aktuelle tenester fungerer, inkludert verksemdas tiltak for å sørgje for at krava til kvalitet og tryggleik for tenestemottakarane blir haldne.

Kommunane Eid og Selje vart 01.01.2020, slått saman til Stad kommune. Kommunen har om lag 9500 innbyggarar. Heimetenesta er organisert under kommunalsjef helse- og omsorg.

Organisering av tenestene

Fossevegen bufellesskap består av 28 leilegheiter. Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og kommunen yter tenester i heimen på same vilkår som til andre heimebuande brukarar.

Einingsleiar er ansvarleg for heimetenestene, inkludert Fossevegen bufellesskap. Kommunalsjef helse og omsorg har fungert som einingsleiar den siste tida. Assisterande einingsleiar og ein fagleiar/avdelingsleiar har ansvar for tenestene i Fossevegen bufellesskap. Dei fleste tilsette har relevant fagutdanning. Kommunen har utarbeidd stillingsomtalar. Kvar pasient har ein primærkontakt. Bebuarane blir følgd opp av fastlegen sin. Dei tilsette ved Fossevegen har gruppemøte der dei går gjennom alle pasientane på gruppa og tek opp utfordringar knytt til einskilde pasientar. I koronatida har det vore færre slike møte. Tilsette på vakt har dagleg rapport der aktuell informasjon om pasientar blir utveksla. Tida til munnleg rapport er sett til fem minutt sidan kommunen har innførd skriftleg rapport i staden, men dei tilsette fortel at dei tek seg meir tid til munnleg rapport. Kommunen nyttar journalsystemet Profil til dokumentasjon. Kommunikasjon med fastlegane skjer gjennom e-link, og om det hastar over telefon. I helg og på kveldstid blir legevakta på Eid kontakta om pasientane treng legetenester. Dialog med pårørande skjer i innkomstsamtale når ein ny bebuar flyttar inn, når dei tilsette treff dei pårørande hos pasienten, og på telefon.

Styring

Før tilsynet fekk vi tilsendt ei oversikt over organiseringa av heimetenestene i kommunen og dei skriftlege rutinane for området 4A og vurdering av samtykkekompetanse.

I intervju fekk vi opplyst at fagleiar/avdelingsleiar følger med på kva som skjer på området 4A i Fossevegen ved å lese rapporten hyppig, og følge systematisk med på kva som blir dokumentert i journalen. Ho er nær i avdelinga og har samtalar med primærsjukepleiarar om einskilde pasientar. Kommunalsjef helse- og omsorg har fungert som einingsleiar i Fossevegen den siste tida, og har faste møte med fagleiar/avdelingsleiar fleire gonger i månaden.

Det kjem fram at leiinga i kommunen ikkje systematisk følger med på kvar det kan vere risiko for at helsehjelpa på området 4A kan svikte. Dei har likevel reflektert over at dei kan bli betre på å arbeide strukturert og systematisk med temaet, og er klar over at dokumentasjon i journal omkring området 4A kan bli betre.

Dei tilsette har blitt oppmoda til å ta eit e-læringskurs om kap. 4A, og leiinga har lagt til rette for at dei tilsette skal kunne ta kurset i arbeidstida. Leiinga har oversikt over kven som har teke kurset. Nytilsette må gå gjennom ei sjekkliste ved opplæring. Kjennskap til aktuell helselovgiving er ein del av denne lista, sjølv om ikkje 4A konkret er nemnt. Kommunen har utarbeidd eit flytskjema og fleire skriftlege rutinar for området 4A som ligg tilgjengeleg i kvalitetssystemet Compilo. Når det kjem nye rutinar, vert påminning om å lese desse sendt til dei tilsette på ei leseliste der leiinga kan følgje med på at dei vert lese. Regelverket i 4A har tidlegare vore tema på personalmøte, men ikkje i det siste.

Kommunen har eit avvikssystem i kvalitetssystemet Compilo som er kjend for dei tilsette. Melde avvik blir følgt opp av avdelingsleiar og drøfta med einingsleiar. Dei tilsette får tilbakemelding på gruppemøte eller avdelingsmøte om korleis avvika blir følgd opp.

Einingsleiarane i kommunen har faste møte der dei går igjennom rutinane for å evaluere og korrigere dei. Rutinar vert også evaluert på sjukepleiemøte. Kommunen har opplyst at det overordna faglege ansvaret for 4A – vedtak er delegert til den enkelte einingsleiar i tenestene, men i tidsrommet tilsynet vart gjennomført, var dette ansvaret mellombels lagt til kommunalsjef for helse- og omsorg grunna einingsleiars fråver.

Motstand

I intervjua fekk vi vite at helsepersonell er kjende med at dei har ansvar for å avdekke motstand mot helsehjelp. Dei er også kjende med at motstand kan bli uttrykt forskjellig, og dette reflekterer dei rundt mellom anna i rapport og på gruppemøte. I intervjua kom det fram at det er tilnærma lik oppfatning av kva som blir tolka som motstand og kva helsepersonellet meiner er tvang. Det kjem fram i intervju at dei tilsette veit at det ikkje er anledning til å halde pasientar tilbake i omsorgsbustaden. Det er også klårt for dei tilsette at dei skal melde observasjonar om motstand til sjukepleiar, som igjen veit når dei skal melde vidare til lege. Motstand mot helsehjelp blir dokumentert i pasientjournalen, noko vi fann døme på ved journalgjennomgangen. I intervjua kom det fram at om ein pasient viser gjenteken motstand mot helsehjelp, vil dette også verte fanga opp ved at det vil mangle dokumentasjon i journalen på at helsehjelpa er gjennomførd.

Samtykke til helsehjelp

Det er utarbeidd skriftlege rutinar for vurdering av samtykkekompetanse ved omsorgssenteret. Dei tilsette kjenner til at det er helsepersonellet som kjenner pasienten, i samråd med fastlege, som skal gjere vurdering av samtykkekompetanse. Det kjem fram i intervju at helsepersonellet kjenner til at vurdering av samtykkekompetanse skal bli gjort når pasientar motset seg helsehjelp og tillitsskapande tiltak ikkje fører fram, og at samtykkekompetansevurderinga skal vere knytt opp mot den aktuelle helsehjelpa. Ved gjennomgang av journalar fann vi nokre spor av at samtykkekompetanse var vurdert ved motstand mot helsehjelp.

Tillitsskapande tiltak

Dei tilsette opplyste i intervju at dei er kjende med at dei alltid skal prøve med tillitsskapande tiltak før det eventuelt blir nytta tvang. Dei utvekslar opplysningar om kva tillitsskapande tiltak dei kan nytte og som fungerer, ved rapport og i gruppemøte. Det kjem fram at dei reflekterer omkring kvar grensa går mellom overtaling og tvang, og er opptekne av frivilligheit og medverknad frå pasientane. Det blir skrive referat frå gruppemøta, og dei tillitsskapande tiltaka blir dokumentert i tiltaksskildringar i journalsystemet i pasienten sin pleieplan. Vi fann nokre døme på individualiserte planar for tillitsskapande tiltak ved journalgjennomgangen.

Helsefaglege vurderingar

Fleire helsepersonell kjende til vilkåra for at helsehjelp kan bli gitt med tvang, og det var klart for dei kven som hadde ansvar for å gjere dei helsefaglege vurderingane, kva vurderingar dei einskilde yrkesgruppene kunne gjere, og kven som kunne gjere vedtak etter 4A i følgje kommunen sine rutinar. Ved journalgjennomgang fann vi døme på at ein pasient som mangla samtykkekompetanse og motsette seg å vere i Fossevegen, vart flytta til eit høgare omsorgsnivå.

4A-vedtak

Fossevegen bufellesskap har ikkje sendt oss kopi av vedtak etter kapittel 4A det siste året. Det kjem fram i intervju at slike vedtak ikkje har vore gjort i bufellesskapet det siste året, og at ein grunn kan vere at pasientane stort sett er samtykkekompetente.

Journalgjennomgang

Journalgjennomgangen viste at det var dokumentert motstand mot helsehjelp hos fleire pasientar. Dei fleste av desse var samtykkekompetente, og motstanden vart derfor ikkje følgd opp. Hos nokre pasientar med manglande samtykkekompetanse, var motstand følgd opp med tillitsskapande tiltak. Vi fann nokre spor av samtykkekompetansevurderingar. Vi fann nokre døme på helsefaglege vurderingar, mellom anna at ein pasient som mangla samtykkekompetanse og motsette seg å vere i Fossevegen, vart flytta til eit høgare omsorgsnivå.

4. Vurdering av faktagrunnlaget opp mot aktuelt lovgrunnlag

I dette kapittelet vurderer vi fakta i kapittel 3 opp mot lovreglane i kapittel 2.

Helse- og omsorgslovgivinga stiller krav til systematisk styring og leiing for å sikre forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det er eit leiaransvar å sørge for rammer og organisatoriske løysingar som reduserer risiko for svikt. Leiinga har eit overordna ansvar for å følgje med på om tenestene er forsvarlege og i tråd med helselovgivinga, og om styringssystemet er eigna til å ivareta dette.

Formålet med 4A om å gi forsvarleg helsehjelp og førebygge og redusere bruk av tvang, stiller krav til at helsepersonell kjenner reglane og kva dei betyr i praksis.

Undersøkingane våre viser at dei tilsette er kjend med at kommunen har skriftlege prosedyrar for området 4A. Dei fleste veit korleis praksis skal vere, kva ansvar dei har for å avdekke eventuell motstand, og kva ansvar dei har når motstand blir avdekka. Slik praksis blir skildra, er dette i samsvar med dei skriftlege rutinane.

Leiinga har lagt til rette for arenaer der regelverk og refleksjonar om oppfølging av enkeltpasientar er tema. Dei tilsette har fått oppmoding om å gjennomføre e-læringskurs om 4A, og leiinga har lagt til rette for at kurset kan gjennomførast i arbeidstida. Pasientjournalsystemet er utforma slik at det er mogleg for dei tilsette å få oversikt over eventuell tvangsbruk. Fagleiar/avdelingsleiar er tett på helsepersonellet og følgjer systematisk med på korleis helsehjelpa blir gjennomført, mellom anna ved å halde seg oppdatert ved å lese rapportar og vere tilgjengeleg i avdelinga. Det er definert kven som har ansvar for å evaluere og korrigere rutinar og prosedyrar. Avvikssystemet blir brukt til styring av tenestene. Det er etablert ein praksis for samarbeid med lege og pårørande om 4A.

Vi meiner at leiinga har sørga for at det er rammer ved Fossevegen bufellesskap som gjer at det ikkje er tilfeldig og opp til kvart helsepersonell korleis helsehjelpa blir utført, man at det er ein eins praksis. Det er med dette lagt til rette for at pasientar utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, kan få nødvendig helsehjelp utan unødig bruk av tvang, i samsvar med pasient- og brukarrettslova kapittel 4A. Kommunen har likevel eit forbetringspotensial når det gjeld systematisk opplæring av tilsette og nytilsette i regelverket i 4A og for systematisk å følgje med på kvar det eventuelt kan oppstå svikt på dette feltet.  

5. Fylkesmannens konklusjon

Her presenter vi konklusjonen av undersøkinga vår, basert på vurderingane i kapittel 4.

Konklusjon:

Det blei under tilsynet ikkje avdekka brot på lov eller forskrift innanfor tilsynstema.

Med helsing

Sjur Lehmann
fylkeslege

Beate Tollefsen
revisjonsleiar

Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg: Gjennomføring av tilsynet

I dette vedlegget omtaler vi korleis tilsynet vart gjennomført, og kven som deltok.

Varsel om tilsynet ved Fossevegen bufellesskap vart sendt 21.09.2020 og var planlagt gjennomført i november 2020. På grunn av fleire tilhøve i Stad kommune, blei tilsynet utsett til februar 2021.

Vi hadde telefonsamtale med pårørande til fleire pasientar ved Fossevegen før tilsynet.

Journalgjennomgang blei gjort i Stad kommune 26.01.2021.

Tilsynet med startmøte, intervju og oppsummerande møte med gjennomgang av funn vart halde digitalt 02. og 03.02.2021.

Organisasjonskart helse og omsorg

  • Organisasjonskart Stad kommune
  • Tilsette Fossevegen – gjennomført e-læringskurs kapittel 4A
  • Verksemdplan Fossevegen bufellesskap 2019
  • Stillingsomtaler:
    • Einingsleiar heimetenesta
    • Assisterande einingsleiar heimetenesta
    • Fagleiar heimetenesta
    • Sjukepleiar (oppfølgingsoppgåver)
  • Flytskjema for vurdering i bruk av tvang og makt kapittel 4A
  • Prosedyre for vurdering av samtykkekompetanse
  • Prosedyre når pasientar utan samtykkekompetanse motset seg helsehjelp – identifisering av motstand
  • Rutinar rundt dokumentasjon og gjennomføring av vedtak etter kap. 4A
  • Tillitsskapande tiltak for å unngå bruk av tvang
  • Tvang – pasientrettighetsloven – for kven og kva gjeld kap. 4A
  • Tvang – pasientrettighetsloven kap. 4A – kva vert rekna som tvang?

Det blei gjennomgått 15 journalar.

I tabellen under gir vi eit oversyn over kven som vart intervjua, og frammøtte ved opningsmøte og oppsummerande møte ved tilsynet:

Ikkje publisert her

Ni personar blei intervjua i samband med tilsynet.

Desse deltok frå Statsforvaltaren i Vestland:

  • ass. fylkeslege, Ingunn Watsend Erichsen, revisor  
  • rådgjevar, Katarina Parteka Aarsnes, revisor  
  • seniorrådgjevar, Beate Tollefsen, revisjonsleiar  

Alle tilsynsrapporter fra dette landsomfattende tilsynet

2020 Tvungen somatisk helsehjelp i kommunale helse- og omsorgstjenester

Søk