Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til brev av 5. august 2003 vedlagt utgreiing om førebyggjande sikring av objekt mot terror- og sabotasjehandlingar med framlegg til forskrift om objektsikring.

I det store og heile har Helsetilsynet ingen merknader til dei prinsippa som blir lagde til grunn i utgreiinga. Vi ser det som føremålstenleg at ein på eit område med så store nasjonale interesser sørgjer for ei tydeleg forankring av aktuelle tiltak i lov. Difor støttar vi framlegget om at ein arbeider fram mot noko meir innhald i sjølve loven om objektsikring. Såleis vil ein også sikre noko større jamvekt i sjølve lovteksten mellom objekt- og personellsikring.

Statens helsetilsyn har ingen merknader til det forskriftsutkastet som blir fremja som aktuelt inntil ein får ei meir utfyllande regulering i sjølve lovteksten.

Statens helsetilsyn seier seg samd i at ein legg til grunn prinsippa i alternativ 3 (side 110, punkt 15.2.3) når det gjeld ansvar for arbeidet med objektsikring. Dette vil sikre at både offentlege og private aktørar blir gjort ansvarlege innanfor dei områda der ein har reell makt til å påverke tryggleiksnivået.

Korkje sjølve utgreiinga eller forskriftsutkastet seier noko særleg eksplisitt om kva kriteria som skal leggjast til grunn for gjennomføring av relevante risikoanalysar. Helsetilsynet legg til grunn at dette heller ikkje høyrer heime i lovverket eller ei utgreiing på overordna nivå, men føreset at dette er noko som Nasjonal tryggleiksmyndigheit jamleg må arbeide med å kunne gje råd om til dei som treng dette.

I avsnitt 3.5.2 er det ein kort gjennomgang av gjeldande regulering av ulike tryggleiksregime. Sjølv om gjennomgangen og den oppsette matrisa ikkje er uttømmande, saknar vi herfrå lov om helsemessig og sosial beredskap. Denne lova har som klårt mål å sikre dei viktige samfunnsfunksjonane som ligg til helse- og sosialtenestene også når samfunnet blir utsett for påkjenningar ut over det som tenestene er budd på i det daglege.

Helsesektoren er omtala under punkt 10.8.1 og punkt 10.8.2 i utgreiinga. Sett frå ein sektorsynsstad er det som står der i snauaste laget. Til dømes er det kommunale ansvaret for tiltak innanfor miljøretta helsevern og smittevern ikkje omtala. Etter reglane i kommunehelsetenestelova (kapittel 4a) og smittevernloven har kommunane gjennom helsetenesta si vesentlege oppgåver knytt til helsemessig og hygienisk beredskap. Dette blir også støtta av reglane i lov om helsemessig og sosial beredskap.

Under omtalen av kommunane (punkt 9.4.2) blir det peikt på at fylkesmennene ikkje har påleggsheimel overfor kommunane i samband med tilsyn. Når det gjeld helsetenestene bør dette nyanserast noko. Helsetilsynet kan i gitte tilfelle nytte heimelen i § 5 i lov om statleg tilsyn med helsetjenesten til å gje pålegg dersom tenesteytinga kan ha skadelege følgjer for pasientar eller andre, eller på annan måte er uheldig eller uforsvarleg. Dette omfattar også forhold i beredskapssituasjoner, og ut frå krava i lov om helsemessig og sosial beredskap. I eventuelle saker av dette slaget vil Helsetilsynet i fylket (administrativt tillagt fylkesmannsembetet) vere aktiv medspelar.

Like eins er det som er skrive i punkt 10.8.1, siste avsnitt noko misvisande etter omorganiseringa av den sentrale, statlege helseforvaltninga. Det er frå 1.1.2002 slik at Sosial- og helsedirektoratet har på vegne av Sosialdepartementet og Helsedepartementet statleg sektoransvar for sosial- og helsemessig beredskap, medan Statens helsetilsyn er ansvarleg for det statlege tilsynet med beredskapstiltaka, jf. § 10 i forskrift av 23. juli 2001 om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. etter lov om helsemessig og sosial beredskap. Statens helsetilsyn ser det som naturleg at den allmenne arbeidsdelinga mellom direktoratet og tilsynet også gjeld i forhold til sektoransvaret for objektsikring etter tryggleiksloven.

I samband med omtalen av smittevern, er det også grunn til å peike på at Nasjonalt folkehelseinstitutt ikkje er omtala, trass i at dette har ei sentral rolle som faginstans på dette området.

Med hilsen


Geir Sverre Braut e.f.
ass. direktør
Terje Jensen
avd. direktør

 

 

Saksbehandler: Geir Sverre Braut 

Kopi:
Helsedepartementet
Sosialdepartementet
Sosial- og helsedirektoratet