Helsetilsynet

Fra: Helsetilsynet
Til: Helse- og omsorgsdepartementet
Dato: 20.05.2005
Vår ref.: 2005/597 L GSB/LHA
Deres ref.: 200501738-/EJBA

Statens helsetilsyn viser til brev av 4. mai 2005 vedlagt rapport av 20. september 2004. Dette er eit stykke arbeid som står ganske sentralt i forhold til den kontakten vi har med fylkesmennene og Helsetilsynet i fylket, og som vi difor har lese med stor interesse.

Vi merker oss at arbeidsgruppa i det vesentlege har hatt medlemmer frå fylkesmannsembeta og Direktoratet for samfunntryggleik og beredskap. Utgreiinga ber preg av det. Dette sikrar at dokumentet framstår som relevant med grundig forståing for dei oppgåvene som fylkesmannsembeta står overfor i det daglege arbeidet, og dei utfordringane ein ser for seg i kritiske situasjonar.

Ulempa med ei slik ”intern” utgreiing er likevel at ein ikkje får sett på eiga verksemd i eit konstruktivt kritisk perspektiv. Statens helsetilsyn merker seg likevel som særs positivt at utgreiingsutvalet har henta inn eit omfattande materiale med synspunkt og forventningar frå ”ytre” instansar som andre direktorat, sentrale tilsynsorgan og ikkje minst kommunane. Det materialet som såleis er samla inn gjev eit nyttig tolkingsgrunnlag for utvalet sine eigne vurderingar; noko som dei også har nytta på ein etter vår meining konstruktiv måte.

I det innsamla materialet saknar vi frå vårt perspektiv som er sosial- og helseteneste, irekna redningsteneste, ei synleggjering av synspunkt og forventningar frå politiet og frå helseføretaka som i dagens situasjon vil ha vesentlege grenseflater mot beredskaps- og krisearbeidet til fylkesmennene og Helsetilsynet i fylket.

Avsnitt 5.1 legg vekta på forholdet til kommunane. Statens helsetilsyn har ingen merknader til at fylkesmannens oppgåver i forhold til beredskapsarbeidet i kommunane både går ut på rettleiing/pådriving og tilsyn. Det er i prinsippet likt her som på alle andre saksområde der fylkesmennene forheld seg til kommunane. Vi har heller ingen merknader til at tilsynet bør planleggjast ut frå vurderingar av risiko, og såleis ”doserast” ulikt i forhold til kommunane. Dette må etter vår oppfatning skje ut frå dokumenterbare risikoanalytiske tilnærmingar.

Like eins er vi samde i at det enn så lenge ikkje er føremålstenleg å innføre krav om felles, samtidige tilsyn frå ulike tilsynsetatar som har ansvar for tilsyn med ulike sider av beredskapsarbeidet i kommunane. Samordningsoppgåva til fylkesmannen når det gjeld tilsyn innanfor sosial- og helsetenesta, og mellom desse tenestene og andre tenester, er etter vår meining heller ikkje annleis på beredskapsfeltet enn elles for embetet sitt samla arbeid med desse saksfelta.

Likevel er det viktig å vere klår over at kommunane har eit mykje meir eintydig og sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av beredskapstiltak etter lov om helsemessig og sosial beredskap enn på fleire andre samfunnssektorar. Dette tilseier at fylkesmannen/Helsetilsynet i fylket på desse saksområda skal vare seg vel for ikkje å handle på ein slik måte at det bringer ein inn i noko som kan oppfattast som ei styringsrolle sett frå kommunane si side.

Forholdet til regionale helseføretak og helseføretak er når det gjeld tilsyn med beredskap innanfor sosial- og helsetenestene prinsipielt sett ikkje annleis enn forholdet til kommunane. Statens helsetilsyn saknar difor ein eigen omtale av denne grenseflata i dokumentet. Særleg vesentleg er det å sjå på desse statsetatane si oppgåve i forhold til den direktivmakta fylkesmannen har etter beredskapsinstruksen gitt ved kongeleg resolusjon i 1979 i og med at desse verksemdene har eit eige, klårt definert beredskapsansvar direkte heimla i helse- og sosialberedskapsloven.

Avsnitt 5.2 inneheld ei liste over fylkesmannens ansvar relatert til krisehandtering. Statens helsetilsyn saknar her fylkesmannens ansvar på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet til å peike ut representant frå helsetenesta til leiinga i lokal redningssentral og hovudredningssentral. Innhaldet i denne oppgåva er vidare spesifisert gjennom retningsliner frå Statens helsetilsyn av desember 2003.

Forholdet til redningstenesta er også interessant heilt uavhengig av den ovanfor nemnde oppgåva fordi fylkesmannen i samsvar med kongeleg resolusjon av 12.12.1997 vil kunne overta det samordningsansvaret som redningstenesta har hatt i akuttfasen med heimel i organisasjonsplan for redningstenesta gitt ved kongeleg resolusjon av 4. juli 1980 og tiltak som politiet har gjennomføringsansvar for etter § 27 i politiloven.

Dette leier inn mot omtalen av fylkesmannens krisehandteringskompetanse i kapittel 6, punkt 2. I slike situasjonar kan fylkesmannen få ei operativt prega rolle. På dette punktet tykkjer Statens helsetilsyn at utgreiinga framstår som noko svak og lite forpliktande. Eit effektivt beredskapsarbeid må byggje på tydelege planføresetnader og også stille krav til beredskapsyting, jf. til dømes Aven m.f. Samfunnssikkerhet, Universitetsforlaget, 2004 side 159ff.

Utan slike planføresetnader og etterprøvbare ytingskrav vil fylkesmannen lett kunne kome i ein ytterlegare forverra ressurssituasjon med tilhøyrande mogeleg etterhandskritikk når ein eventuelt har svikta ytre, kanskje urealistiske, forventningar i ein gitt kritisk situasjon. Kapasiteten og kompetansen som ein treng må sjåast i lys av ei realistisk vurdering av dei oppgåvene overordna styremakter ventar seg at fylkesmennene skal kunne løyse. Difor bør utgreiinga supplerast på dette punktet i det vidare utviklingsarbeidet med fylkesmennene sine beredskapsoppgåver.

Diverse moment

Utvalet føreslår at ordninga med landsdelsberedskapsfylkesmann bør utgå. Statens helsetilsyn er samd i at den tidlegare ordninga har utspela si rolle. Likevel meiner vi at tida er mogen for å sjå på andre former for regional samordning, t.d. for å ivareta samarbeidet opp mot regionaliserte instansar med sivilt beredskapsansvar. For vårt vedkommande er det nærliggjande å peike på Mattilsynet og dei regionale helseføretaka som døme på slike verksemder.

Avslutningsvis vil Statens helsetilsyn peike på at vi saknar ei vurdering av om dei elektroniske kommunikasjonsordningane fylkesmennene har til sentrale statsetatar og til samarbeidande etatar lokalt og regionalt er robuste nok og med tilfredsstillande sikring og kapasitet til å dekkje behovet også dersom store delar av ordinær offentleg kommunikasjon og kraftforsyning skulle falle ut for kortare eller lengre tid.

Dersom det skulle vere ønskjeleg kan Statens helsetilsyn eventuelt gje utfyllande kommentarar til dei punkta som er nemnde ovanfor.

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut
ass. direktør

 


Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf.  21 52 98 02


Kopi
Sosial- og helsedirektoratet
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Mattilsynet
Statens strålevern
Nasjonalt folkehelseinstitutt
Fylkesmennene
Helsetilsynet i fylket