Helsetilsynet

Fra: Helsetilsynet
Til: Helse- og omsorgsdepartementet
Dato: 01.08.2005
Vår ref.: 2005/818 L GSB/-
Deres ref.: 200502791-/EJBA

Vi viser til brev av 30. juni 2005 med oversending av ekspedisjon frå Forsvarsdepartementet av 15. juni 2005 om struktur og mandat for eit nytt sentralt totalforsvarsforum som skal avløyse dei noverande totalforsvarsnemndene i landsdelane.

Statens helsetilsyn har ingen merknader til at den ordninga som gjeld i dag blir avvikla.

Statens helsetilsyn har ingen merknader til utkast til mandat for eit nytt sentralt totalforsvarsforum. Vi merker oss at det er etatar med operative funksjonar som skal sitje i forumet. Dette meiner vi er rett.

Vi vil likevel peike på at denne ordninga vil stille store krav til informasjon til samarbeidande instansar på same forvaltningsnivå sidan overordna departement ikkje er med i forumet. Ikkje minst vil dette gjelde kontakten i forhold til ulike tilsynsetatar med oppgåver knytte til tilsyn med verksemder med beredskapsoppgåver. Døme på slike er Petroleumstilsynet, Luftfartstilsynet, Mattilsynet og Helsetilsynet.

Vi merker oss vidare at fylkesmennene ikkje er tenkt å vere representerte i forumet.  Det meiner vi bør vurderast på nytt, av di fylkesmennene har ansvar for samordning av vesentlege beredskapsoppgåver på sivil side. Det perspektivet som representasjon frå fylkesmennene kan gje, kan vanskeleg gjevast av dei andre representantane.

Med hilsen


Geir Sverre Braut
fung. direktør
Helge Normann Hansen
førstekonsulent

 

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02

Kopi:
Sosial- og helsedirektoratet
Nasjonalt folkehelseinstitutt
Statens strålevern
Mattilsynet
Petroleumstilsynet
Fylkesmennene