Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til brev av 24. november 2006 med førespurnad om framlegg til eventuelle endringar i lovgjevinga vedrørande helsemessig og sosial beredskap.

Lite behov for endringar i lovgjevinga

Det føreliggjande regelverket er relativt nytt og byggjer på ein utviklingsprosess som var omfattande og grundig. Krava i både lov og forskrifter er i stor utstrekning formulerte som funksjonskrav (rettslege standardar). Dette er i samsvar med det som for tida blir vurdert å vere føremålstenleg innan for rettsleg regulering av beredskap og risikoforhold. Lovgjevinga innanfor helsemessig og sosial beredskap er såleis også rimeleg i samsvar med tilsvarande lovgjeving innanfor t.d. petroleumsverksemda, som har eit moderne regelverksregime for tryggleik og beredskap.

Ut frå våre tilsynsoppgåver har vi berre avgrensa erfaringar å bidra med i denne runden. Vi har ikkje observert forhold som gir vesentlege argument for endringar i lov eller forskrifter.

Men behov for konkretisering av krava i lovgjevinga gjennom rettleiingar

Derimot ser vi at det i praksisfeltet rår stor uvisse om korleis dei ulike funksjonskrava skal tolkast, og kva forventningar til konkretisering som ein har frå statleg overordna side. Allment sett ser det ut som at kommunane blir tillagt ei rekkje vanskeleg tolkbare plikter innanfor beredskapsfeltet, anten det nå gjeld med heimel i helse- og sosialberedskapsloven eller smittevernloven medrekna det nye internasjonale helsereglementet.

Ansvarsprinsippet slik det kjem til uttrykk i loven, og det allmenne nærleiksprinsippet i beredskapsarbeidet gir berre avgrensa rettleiing når ein skal gå inn i konkrete saksfelt. Kort sagt - i helseføretak og kommunar er det framleis forventningar til klårgjering av ei rekkje planføresetnader, jf. § 4 siste ledd i forskrift av 23. juli 2001.
 
Slike klårgjeringar er ikkje minst nødvendige når det gjeld korleis kravet om forsyningstryggleik i § 8 i forskrifta skal etterlevast. Det kan like eins vere aktuelt å konkretisere ansvarsprinsippet i forhold til situasjonar der overordna statlege styremakter grip inn i samordning av tenesteytinga på operativt nivå, jf. overordna nasjonal helse- og sosialberedskapsplan datert 24. mai 2006.

Særleg i kommunane rår det også uvisse om kva som er rimelege forventningar til samarbeid med andre sektorar og verksemder samt korleis helse- og sosialberedskapsplanen skal koplast på anna kommunalt planverk.

Det er også behov for å få ei klårgjering av kva som skal til før ein kan seie seg nøgd med etterlevinga av kravet til øvingar i § 7 i forskrifta. Også på dette punktet trur Statens helsetilsyn at det er meir vesentleg med klårgjeringar i form av rettleiing enn i form av meir spesifikke regelverkskrav. Dersom dei føreliggjande planane for beredskap i kommunar og føretak skal kunne utviklast, må ein byggje på tilstrekkeleg røynsle frå reelle hendingar og/eller øvingar, meir enn på meir detaljerte krav i regelverket.

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut
assisterende direktør

 

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02


Kopi:
Fylkesmennene
Helsetilsynet i fylket