Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til oversending av 5. juli 2006.

Det er eit omfattande dokument som er lagt fram, med eit mangfaldig innhald som kan gje grunn for ei rekkje spørsmål og kommentarar. Statens helsetilsyn vil først gje nokre allmenne merknader og deretter spesielt kommentere det som er nemnd om tilsyn i avsnitt 6.6.2.

Allmenne merknader

Dokumentet framstår som deskriptivt og konklusivt i forma. Vi tykkjer at overgangane frå omtalane av strukturar og utfordringar på dei ulike sektorane til konkrete framlegg skjer veldig brått, utan djupare analysar. Dette er ein metodisk veikskap ved utgreiinga som gjer at det etter vår oppfatning må krevjast djupare analysar innanfor dei ulike emna før ein eventuelt går vidare med gjennomføring av føreslegne tiltak.

Når det gjeld analysar av risiko og sårbarheit legg teksten til grunn ei etter vår vurdering jamt over ei noko for optimistisk tru på at slike analysar i seg sjølv er effektive verktøy i planlegging og tiltaksutforming. Statens helsetilsyn vil peike på at slike analysar vil ha størst verknad når dei blir sette inn i eit meir samanhengjande avgjerdssystem, jf. t.d. det som kjem fram i vedlegg 9 (Aven og Wiencke).

Når det gjeld påpeikinga av behovet for ei samla lovgjeving, saknar vi ei meir systematisk evaluering av den lovgjevinga som trass alt gjeld i dag innanfor dei ulike sektorane. Til dømes ville truleg ein analyse av verknadene av lov om helsemessig og sosial beredskap har tilført drøfting av sosial- og helsetenesta nyttig kunnskap.

Vidare vil ein analyse av denne loven kunne syne eventuelle for- og motargument til bruk i drøftinga av framlegget om ein generell lov om beredskap. Slik dette forslaget ligg føre i utgreiinga, framstår det som eit normativt ønskje meir enn grunngjeve ut frå empiri.

Framlegg om endringar i tilsynsordningane (avsnitt 6.6.2)

Som vi har peika på ovanfor når det gjeld lovgjevinga, meiner vi at ei relativt omgripande strukturell endring som utvikling av eit nytt, overordna tilsynsorgan må byggjast på grundige analysar før det blir sett i verk. Den føreliggjande utgreiinga gir ingen analytiske innspel til ei vurdering av korleis dagens tilsynsordningar fungerer på dette området.

Den uavhengige rolla som ein kan oppnå ved å flytte tilsynet ut frå det aktuelle fagdepartementet, kan kanskje like gjerne nåast ved at ein tydeleggjer at tilsynet skal vere ein rein funksjon, som ikkje skal blandast med utviklings- og rådgjevingsoppgåver i breiare forstand, jf. t.d. Ot. prp. nr. 105 (2001-2002) for helsetenesta sin del og St. meld. nr. 17 (2002-2003) allment sett.

Dersom tilsynsoppgåvene blir trekte for langt bort for det aktuelle fagfeltet, kan ein rokke ved ansvars-, likskaps- og nærleiksprinsippa på uønskte måtar.

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut
ass. direktør

 

 

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut

Kopi: Sosial- og helsedirektoratet.