Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til utsending frå Helse- og omsorgsdepartementet datert 30.12.2005 med frist for tilbakemelding 6.1.2006. Ved første gjennomgang av vedlegga fann vi ikkje grunnlag for å gje uttaling herfrå, fordi det aktuelle dokumentet framsto som i det vesentlege retta mot interne ordningar i politiet. Men i samband med høyringa med frist før helga om nasjonalt oversyn over helseberedskapen, såg vi ein samanheng som vi ikkje såg ved første gjennomgang.

Eit hovudpoeng i arbeidet etter tsunamihendinga i 2004 har vore å sikre at ulike instansar, offentlege som private, samordnar planverka sine, jf. såleis t.d. St. meld. nr. 37 (2004-2005) punkt 6.5.3 side 25, andre spalte, øverst på sida. Arbeidet med nasjonalt oversyn over helseberedskapen har teke høgde for dette, jf. høyringsfråsegn herfrå til departementet datert 15.1.2006.

I lys av dette framstår utkastet til operativt planverk for Politidirektoratets koordinering av nasjonal innsats i utlandet noko mangelfullt i det dette ikkje omhandlar grenseflata mellom politiet og andre norske nasjonale medspelarar, korkje under sjølve innsatsen i utlandet eller ved mottak i Noreg. T.d. saknar vi i dette perspektivet i dokumentets kapittel 5 noko meir utfyllande om grenseflata mot helsetenesta når det gjeld sjuke og skadde. Her bør også politiets oppgåver etter smittevernlovgjevinga nemnast. Relevante kontaktflater mot sosial- og helsetenesta kunne med føremon vore nemnde konkret under punkt 5.3. Sosial- og helsetenesta sine beredskapsplanar etter helse- og sosialberedskapsloven legg til grunn at relevante samhandlingspartar skal kunne identifiserast lett og rimeleg eintydig.

Statens helsetilsyn meiner også at det bør seiast eksplisitt under punkt 5.1.2 kva oppgåver politiet har i forhold til andre norske aktørar i utlandet.

Like eins saknar vi ei synleggjering av politiets grenseflate inn mot den samordna redningstenesta (funksjonen LRS/HRS) og beredskapsoppgåver i mottakskjeda i Noreg som ligg til fylkesmannen, kommunane og helseføretaka. Sjølvsagt kan eit etatsspesifikt operativt planverk som det aktuelle her ikkje gå djupare inn i oppgåvene som desse verksemdene har, men det bør seie noko om kven politiet skal samhandle med i ulike situasjonar.

Med hilsen


Geir Sverre Braut e.f.
ass. direktør
Solbjørg Røisland
førstekonsulent

 

 

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02