Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til oversending av 24. mai 2006 vedlagt utkast til overordna nasjonal helse- og sosialberedskapsplan. Vi viser også til merknader frå oss under vegs i prosessen med utarbeidinga, som vi for ein stor del ser er komne med i det endelege utkastet.

Vi ser at departementet legg vekt på at dette skal vere eit oversyn meir enn eit operativt planverk. Difor vil vi innleiingsvis føreslå at departementet vurderer å kalle dokumentet ”oversikt over den nasjonale helse- og sosialberedskapen” og såleis unngå å nytte omgrepet plan, for at det ikkje skal vere tvil om statusen til dokumentet. Eit poeng i samband med dette er at omgrepet plan er nytta med eit presist innhald i helse- og sosialberedskapsloven.

Når det gjeld meir detaljprega merknader, har vi desse:

Side 12, punkt 3.3.4 Statens helsetilsyn – Tilsynsheimelen i helse- og sosialberedskapsloven § 2-1 siste setning bør nemnast.

Side 12, punkt 3.3.4 Statens helsetilsyn – Siste tekstbolk under dette punktet handlar ikkje om Statens helsetilsyn, men om Sosial- og helsedirektoratet og fylkesmennene og bør difor flyttast til for eksempel punkt 3.3.1.

Side 15 punkt 5.1.1 Nasjonalt tredje avsnitt – Medisinsk nødmeldeteneste bør definerast nærare her. Det bør presiserast at redningstenesta som system først blir engasjert når det er behov for samordna innsats frå ulike instansar for å redde menneskeliv i akutt livsfare, og det bør visast til organisasjonsplan for redningstenesta fastsett ved kongeleg resolusjon 4. juli 1980.

Under dette punktet bør også varslingsvegane frå lokalt til nasjonalt nivå tydeleggjerast, ved for eksempel å seie noko meir om forventningane til varsling gjennom den medisinske nødmeldetenesta (LV/AMK-sentralane) i forhold til varsling gjennom fylkesmennene. Ulike varslingsvegar i samband med akutte katastrofehendingar, meir protraherte situasjonar (t.d. vêrforhold), smittevernforhold, matrelaterte forhold og strålevernsaker bør kome tydelegare fram i dokumentet. Like eins bør ulike vaktordningar på sentralt hald vere tydelegare presenterte. Dette er informasjon som i gitte situasjonar kan vere vanskeleg å finne dersom den ikkje kjam fram samla på ein stad. Eit dokument som dette kan vere rett plass å synleggjere dei ulike varslings- og vaktordningane.

Like eins saknar vi her noko om retningsliner for mediahandtering. Det kan til dømes vere aktuelt å seie at i beredskapssituasjonar skal ulike lokale instansar avgrense sine utsegner til å handle om eigne observasjonar og tiltak. Dette er eit prinsipp som i stor grad blir praktisert innanfor redningstenesta. Det sikrar god transparens i forhold til det som skjer, på ein måte som gjer at ein unngår hypotetiske vurderingar utan forankring i eigen empiri.

Med hilsen


Geir Sverre Braut
fungerande direktør
Bjørn Jamtli
seniorrådgjevar

 


Kopi: Sosial- og helsedirektoratet


Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02