Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til utsending dagsett 2. januar 2007 vedlagt utkast til ny instruks for fylkesmannens arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Vi har med interesse gått gjennom utkastet med grunngjevingar frå arbeidsgruppa.

Føremålet med gjennomgangen er openberr og arbeidet tykkjest vere greitt gjennomført. Det framlagte dokumentet er oversiktleg og velordna. Grunngjevingane kjem fint fram ved at ein gjer greie for desse i nær tilknyting til krava i instruksen.

Statens helsetilsyn merker seg at ordninga med landsdelsberedskapsfylkesmann fell bort. Det er rimeleg i lys av dei endringane vi har hatt dei seinare tiåra både innanfor Forsvaret og i forhold til sivil beredskap. Likevel saknar vi i dokumentet nærare retningsliner for korleis fylkesmennene skal samhandle på dette feltet, for eksempel i forhold til statlege forvaltingsorgan og statlege tenesteytarar med anna regional inndeling enn den tradisjonelle fylkesregionale. Dette gjeld fleire verksemder innanfor velferdssektoren til dømes Nav, dei regionale helseføretaka med luftambulansetenesta og BUFetat. Men i vel så stor grad gjeld det andre etatar med viktige beredskapsoppgåver slik som Kystverket og Mattilsynet.

For oversynets skuld kunne vi også tenkje oss som eit vedlegg til instruksen at fylkesmannens ulike oppgåver/roller som samordnar, pådrivar, tilsynsførar m.v. blei synleggjort i forhold til ulike samfunnsektorar, gjerne med tilvising til lovheimel for rollen/oppgåva. Dette har mykje å seie for kva forvaltningsmessige verkemiddel fylkesmannen kan nytte i påkomande tilfelle.

Når det gjeld konkrete merknader til dokumentet, har vi desse:

Side 3

Forskrift av 23. juli 2001 må få med fullstendig namn. Den handlar om krav til…(osv)…etter lov om helsemessig og sosial beredskap, og er såleis ikkje ei allmenn beredskapsplanforskrift.

Side 4

Kongeleg resolusjon av 4. juli 1980 om organisasjonsplan for redningstenesta burde vore nemnd her, fordi denne gjev grunnlag for fylkesmannens oppnemning av representant for helsetenesta til leiinga ved hovudredningssentralane og dei lokale redningssentralane.

Side 7

Punkt 1.4. i instruksen handlar om Forsvarets støtte til det sivile samfunn. Etter vår vurdering kan det framleis i vår tid vere aktuelt å ta med eit krav om at fylkesmannen også skal samordne dei sivile forventningane til støtte frå Forsvaret i gitte situasjonar (jf. t.d. Forsvarets innsats ved naturkatastrofar).

Side 10

Under kapittel 2 er det ikkje gjeve nokon merknad til punkt 2.1. i instruksen. Det tykkjer vi bør gjerast, ikkje minst fordi det er viktig å også her peike på ansvarsprinsippet. Det bør seiast noko som tydeleg avgrensar tiltaksansvaret til fylkesmannen frå andre sitt tiltaksansvar i krisesituasjonar i fredstid, like eins kva det vil seie å vere ”sektor som direkte hører inn under embetet”. Om så ikkje blir gjort, kan dette punktet vere ganske problematisk å forhalde seg til for eksempel ved etterhandsvurdering av innsatsen til ulike etatar sett i forhold til realistiske og urealistiske forventingar til fylkesmannens operasjonelle innsats.

Noko av dette kan også ryddast i ved å nytte ei ansvars/oppgåvematrise som nemnd ovanfor i brevet her.

Side 11 og side 12

Regionomgrepet blir her nytta i punkt 3.2.6. og 3.5. på ein måte som kan vere eigna til å skape uklåre forventningar. Statens helsetilsyn legg til grunn at det her er tale om fylkesregionen, og då bør det seiast eksplisitt, jf. dessutan det som er sagt i innleiinga her om behov for å seie noko om samspelet mellom ulike fylkesmannsembete.

Med hilsen

Geir Sverre Braut e.f. 
ass. direktør
Terje Jensen
avd. direktør

 

 

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02

Kopi: Fylkesmennene i landet
Sosial- og helsedirektoratet

Saksbehandler: Kristina Totlandsdal, tlf. 21 52 99 21