Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til brev av 18. mars 2008 vedlagt utkast til revidert handbok for redningstenesta. Vi har med stor interesse gått gjennom utkastet. Det er godt at denne handboka kjem ut i ei oppdatert utgåve. Det er viktig at alle aktuelle deltakarar i redningstenesta har djup og rett forståing av det norske redningstenestekonseptet.

Det umiddelbare inntrykket er behageleg. Ikkje minst framstår dei små ingressane til kvart kapittel som nyttige. Det er også svært nyttig at dei historiske føresetnadene for utviklinga av denne tenesta får så brei omtale innleiingsvis. Språket er jamt over eintydig og lett.

Statens helsetilsyn tykkjer at kapittelinndelinga er logisk. Men vi saknar eit eige kapittel om dei ulike telekommunikasjonssystema i redningstenesta. Dette tykkjer vi er vesentleg å ha med, ikkje minst fordi vi no er nett ved starten av utrullinga av eit nytt, landsomfattande nødnett. Bruken av dette vil etter vår vurdering ha stor verknad både på praktiske og prinsipielle forhold ved den norske redningstenesta i mange tiår framover.

Til dei første fire kapitla har vi fleire detaljmerknader om omtalen av helsetenesta som vi i det vesentlege vil kome med side for side:

Bruken av omgrepa helse/helsevesen/helsetjeneste er gjennomgåande blanda i teksten. Statens helsetilsyn meiner at desse bør over alt erstattast av omgrepet helseteneste (bm helsetjeneste, som i kapittel 4) fordi det er dette omgrepet som er nytta i helseteneste-lovgjevinga (lov om helsetjenesten i kommunene, lov om spesialisthelsetjenesten).

Side 15 Det er berre sitert eit utdrag frå lov om helsemessig og sosial beredskap. Statens helsetilsyn tykkjer at også  § 3-5 i første ledd i kommunehelsetenesteloven og § 2-1d andre ledd i spesialisthelstenesteloven bør nemnast eksplisitt fordi ansvar i forhold til redningstenesta eksplisitt er nemnt her.

I opplistinga av kravsett på side 16 kunne vi også ønskt oss at HODs funksjonskrav av 11. september 2003 blei nemnde fordi desse tidlegare har blitt etterspurde ved revisjonar av HRS (jf. Scandpowers arbeid).

Side 18 Under omtalen av internasjonale avtalar meier vi at ein kort omtale av nordisk helseberedskapsavtale er relevant også for redningstenestesamarbeidet.

Side 20 Det er fint at organisasjonsplanen av 1980 er teken med in extenso. Den har elles vore vanskeleg å finne fram til i nyare tid. For ordens skuld bør det vel nemnast at samansetjinga av leiinga ved HRS/LRS er justert etter kvart som tida har gått, ikkje minst ved at helsetenesta ved tilsynsetaten har vore representert ved HRS etter avgjerd frå departementet tidleg på 1980-talet. Dessutan har fleire andre justeringar blitt gjort sidan hundreårsskiftet.

Side 34 Når det gjeld representanten frå helsetenesta skal dette vere ”fylkeslegen eller annen lege utpekt av fylkesmannen”.

Side 44 ff Tabellane om ”helsevesen og ambulansetjeneste” og ”Statens luftambulanse” bør reviderast fullstendig. Etter vår meining bør dei anten slåast saman til ein tabell som ein kallar ”Helseteneste” eller så bør dei delast på to tabellar; ein for ”Kommunehelseteneste” og ein annan for ”Spesialisthelseteneste”. Ambulansetenesta er uansett ikkje ei eiga, uavhengig teneste, men inngår i spesialisthelsetenesta.

Side 58 ff Når det gjeld organisering av arbeidet på skadestad, merker vi oss at denne handboka ikkje kjem med framlegg til vesentlege endringar i forhold til det som har vore praksis fram til no. Det meiner vi er rett ved denne revisjonen. Statens helsetilsyn vil likevel peike på at det er mykje som tyder på at heile organiseringa av skadestadsarbeidet, ikkje minst innanfor helsetenesta, fortener ein grundig og systematisk gjennomgang. Dette gjeld m.a. funksjonen fagleiar helse i forhold til operativ leiar ambulanse, og det gjeld kven som i første rekkje skal vere fagleiar helse. Det kan godt stillast spørsmål ved om det er rett at det alltid skal vere lege frå kommunehelsetenesta.

Side 68 ff Stabsomgrepet er noko tvetydig brukt her. Av og til omfattar det ”fagleiarar” (side 68 midt på sida); andre gonger kjem dei i tillegg (figuren side 69, like eins side 71). Dette er uheldig og bør gjerast meir eintydig.

Side 73 Når det gjeld helsetenesta sitt ansvar og roller bør det skrivast tydeleg at deltaking i redningstenesta ikkje endrar på den ordinære ansvars- og oppgåvedelinga i helsetenesta. Like eins vil det vere helsetenesta og helsepersonellet som framleis har det helsefaglege ansvaret for prioritering, undersøking og behandling av den einskilde pasienten, uansett om arbeidet på skadestaden er koordinert av politiet.

På dette punktet kan det også nemnast at Statens helsetilsyn ikkje har grunnlag for å ha sterke meiningar om valet av nemning skadestadsleiar eller innsatsleiar. Om noko skulle gjerast, burde det vel heller vere å endre det til skadestadskoordinator! (Jf. for øvrig IAMSARs bruk av omgrepet ”on scene co-ordinator” ved sjøredning i staden for som tidlegare brukt ”on scene commander”.)

Kommunikasjonslina mellom fagleiar helse/operativ leiar ambulanse og AMK/LV-sentral bør også kort omtalast her (eller i eit eventuelt nytt kapittel om kommunikasjon, sjå nedanfor). Tilsvarande gjeld for så vidt også fagleiar brann sitt behov for å ha kontakt om faglege spørsmål med eigen operasjonssentral.

Av andre, meir overordna kommentarar har vi desse:

Kapittel 5
Dette kapitlet om planverket er for så vidt greitt, men vi tykkjer det er alt for snautt. Her bør det gjerast greie for meir eksplisitte koplingar til dei etatsspesifikke planverka, for eksempel dei kommunale helse- og sosialberedskapsplanane. I den nye rettleiaren for slike planar som direktoratet arbeid med blir, etter det vi er kjent med, koplinga til redningstenesta tillagt stor vekt. Då bør koplinga andre vegen også tilleggjast stor vekt.

Like eins kunne vi ønskt oss nokre signal om kva akseptkriteria og ytingskrav som bør kome fram i dei ulike etatane sine planverk (for eksempel responstider), og ikkje minst krav til kva analysar som slike planføresetnader bør byggje på. Dette kapitlet er såleis staden der redningstenesta sine forventningar til risikoanalysar og sårbarheitsvurderingar i samarbeidande organisasjonar må omtalast.

Ei presisering av det ansvaret som den kollektive leiinga ved HRS og LRS har for å sikre kvaliteten og vedlikehaldet av planverket bør også gjevast i dette kapitlet.

Kapittel 6
Dette er eit nyttig, relevant og bra kapittel. Bruken av øvingar for å vurdere akseptkriteria og ytingskrav kan understrekast meir, og då vil koplinga mellom dette kapitlet og kapittel 5 bli tydelegare.

Kapittel 7
Dette er eit viktig kapittel. Difor er det fint at dei praktiske ordningane er kopla opp mot det historiske og prinsipielle grunnlaget. Om noko skulle seiast meir her, burde det vere noko om ansvar og økonomisk oppgjer for eventuell psykososial støtte til deltakarar i friviljuge organisasjonar. Dette kan til dømes gjelde emosjonell debriefing av personell frå friviljuge klatregrupper, leitegrupper mv. Vi har røynsle for at dette er oppgåver som dei aktuelle gruppene i liten grad sjølve har økonomiske ressursar og kompetanse til å ta seg av. Ein nærare omtale av dette kan difor vere på sin plass.

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut
assisterande direktør

 

 

Saksbehandlar:  Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02

Kopi   Sosial- og helsedirektoratet

Helsetilsynet i Rogaland
Helsetilsynet i Nordland
HRS-SN
HRS-NN