Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til brev frå Justis- og politidepartementet dagsett 30. juni 2008 om utkast til lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret. Brevet er motteke her 6. august 2008 ved oversending frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Vi har gått gjennom utkastet til ny lov og vurdert det i forhold til dei røynslene vi har som tilsynsorgan med helsemessig og sosial beredskap. Vi har dessutan vald å lese utkastet i lys av tilsvarande lovgjeving i Sverige (særleg lag om skydd mot olyckor av 20. november 2003 publisert i SFS 2003:778). Vekta blir lagt på krava som gjeld kommunane.

Innleiingsvis vil vi peike på at det er rimeleg å lovfeste dei både omfattande og spesifikke forventningane som staten ikkje minst dei seinare åra har kome med overfor kommunane når det gjeld beredskap og krisehandtering i fredstid. Vi er samde i at den gjeldane lovgjevinga i stor grad byggjer på eit trusselbilete prega av krig.

Forholdet til anna lovgjeving

Etter vår vurdering er det ikkje noko ved det presenterte lovforslaget som kjem i konflikt med dei krava som er stilte overfor kommunane i lov om helsemessig og sosial beredskap.

I avsnittet om gjeldande rett i forarbeidsteksten (side 8) tykkjer vi at det bør gjerast ei ytterlegare klårgjering av forholdet mellom denne loven og den nye plan- og bygningsloven, ikkje minst fordi plan- og bygningsloven blir nærare kommentert under omtalen av beredskapsplan på side 28. På lengre sikt kunne ein nok spørje seg om ikkje desse to lovverka burde vore nærare knytte saman for å sikre beredskapsomsyn i alle fasar av samfunnsplanlegginga.

Vi merker oss også at forholdet til § 27 i lov om politiet er referert. Vi tykkjer også at dette kunne vore nærare drøfta i forarbeida, og då også opp mot Fylkesmannen sine plikter i krisesituasjonar og dei pliktene kommunane har til å medverke i redningstenesta, jf. organisasjonsplanen for redningstenesta fastsett ved kongeleg resolusjon av 1980. I utkastet til § 17 i ny lov kunne dette vore nærare avspegla gjennom å setje krav om at den kommunale beredskapsplanen skal vere samordna med planverket til samarbeidande instansar. Dette vil dessutan vere i samsvar med dei samordningskrava som gjeld for sosial- og helseberedskapsplanar.

Vi ser vidare at forholdet til lov om petroleumsvirksomhet ikkje er drøfta. Dette bør gjerast før loven blir fremja fordi petroleumsloven no er sterkt førande for beredskapsarbeidet på visse landanlegg. Dette krev samordning mellom petroleumsverksemdene og kommunane. Like eins bør forholdet mellom storulykkesforskrifta (”Seveso-direktivet”) og denne loven omtalast.

Allmenne merknader til lovutkastet

Lovutkastet har tydeleg preg av å vere ein planlov, med omfattande krav til dei prosessuelle sidene ved planarbeidet. Loven har i mindre grad krav om innhaldet i planverket, og loven stiller knapt nokon krav til yteevna til den kommunale beredskapen. Vi vil her peike på at den svenske lovgjevinga er mykje meir offensiv, jf. til dømes 1. kap., 3 § i lag om skydd mot olyckor som formulerer ein rettsleg standard for effektivitet til redningsinnsatsen (”påbörjas innom godtagbar tid och genomföras på ett effektivt sätt”).

Det er etter vår oppfatning bra at loven stiller krav om at planverket skal vere oppdatert og at det skal øvast, jf. § 17 fjerde ledd. På dette punktet er det også interessant å merke seg at den svenske lovgjevinga er noko meir offensiv, jf. 3. kap., 10 § i ovannemnde svenske lov (”…skall kommunen se till att olyckan undersöks för att i skälig omfattning klarlägga orsakerna till olyckan, olycksförloppet och hur innsatsen har genomförts”). Rett nok har denne svenske loven eit vidare siktemål enn det føreliggjande utkastet. Men uansett om departementet ikkje finn å kunne ta eit så offensivt krav med i sjølve lovteksten her, trur Statens helsetilsyn det vil vere klokt å drøfte behovet for å lære av hendingar som grunnlag for planutviklinga i forarbeidet til loven. Dette vil også kunne gje eit godt grunnlag for etterfølgjande statleg tilsyn med planprosessane i kommunen når kravsettet elles i loven er ganske allment formulert.

Spesifikke merknader til visse formuleringar og krav

§ 1 – Statens helsetilsyn tykkjer at første leddet bør omformulerast noko. Ein beredskapslov kan knapt verne mot uønskte hendingar, men mot tap som følgje av uønskte hendingar. Dette utkastet er ikkje laga som ein førebyggingslov, men som ein beredskapslov.

§ 3 – Vi meiner at det bør vurderast om hendingsomgrepet bør presiserast slik at det tvillaust også omfattar trugande situasjonar/tilstandar og truslar som ikkje enno har utvikla seg til hendingar.

§ 4, første ledd – Tilsvarande merknad som for § 3.

§ 5 – Bistandsplikta etter lovteksten framstår enno som noko meir omfattande enn det drøftinga på side 16 i forarbeidsteksten legg opp til. Statens helsetilsyn har for så vidt ikkje noko i mot ei vid bistandsplikt så fram den prioriteten denne bistanden til Sivilforsvaret skal ha er tilpassa kommunane og andre instansar med samfunnskritiske oppgåver sine behov for personellressursar. Departementet bør vurdere å lovfeste ein ”oppmannsfunksjon” ved ressurskonfliktar, til dømes lagt til Fylkesmannen.

§ 16 – Kravet om risiko- og sårbarheitsanalyse tykkjest rimeleg greitt formulert i lovteksten. Dersom loven skulle koplast meir opp mot førebygging og beredskapsomsyn i samfunnsplanlegginga (jf. § 16 andre ledd), kunne kanskje årsaksomgrepet takast med i første setninga i dette kravet. I siste leddet her kunne kanskje også læring/evaluering av relevante hendingar takast med, jf. merknadene ovanfor.

§ 39 – Det bør for ordens skuld presiserast at sensitiv informasjon underlagt lovpålagt teieplikt ikkje skal presenterast i rapport som kan bli behandla av personell utan nødvendig autorisasjon.

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut

 

 

Kopi Helse- og omsorgsdepartementet
 Helsedirektoratet
 Fylkesmennene
 Helsetilsynet i fylket

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut