Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

I og med at Statens helsetilsyn har medverka i prosessen med utviklinga av det nye regelverket, er det liten grunn for oss til å gje omfattande høyringskommentarar. I det alt vesentlege er vi nøgde med resultatet som no ligg føre.

Hovudprinsippa for styring av tryggleiken

Vi er særs nøgde med at prinsippa for styring av tryggleiken irekna krav om analysar og bruk av barrierar er utforma på likearta vis gjennom heile regelverket. Vi er også nøgde med at regelverket er tilnærma uendra når det gjeld dei særlege krava til helseteneste, helsemessig beredskap og hygieniske forhold innanfor petroleumsverk-semda til havs.

Dette har det vore viktig for oss å vidareføre frå gjeldande regelverk fordi vi meiner at detaljeringsgraden i gjeldande krav er vesentlege å oppretthalde for å sikre tryggleiken innanfor vårt tilsynsområde i ein marknad som etterkvart har fått mange små aktørar som er avhengige av kjøp av helsetenester frå underleverandørar.

Likskapar mellom regelverk for landanlegg og verksemd til havs

I utgangspunktet kunne vi nok tenkt oss enno større likskapar mellom dei krava som gjeld petroleumsverksemda til havs og dei som blir gjeldande på landanlegga. Vi har ikkje grunnlag for å hevde at skilnadene medfører trugsmål for tryggleiken, men vi ser at skilnadene kan kome til å gje oss noko større tilsynsmessige utfordringar enn om regelverket hadde vore absolutt identisk for både landbaserte anlegg og anlegg til havs.

Skilnadene er likevel ikkje slik at dei er uoverstigelege; dei vil berre kome til å krevje noko meir samordningsinnsats frå vår side. Årsaka til at det er blitt slik er i det vesentlege ulik kravstruktur i helsetenestelovgjevinga samanlikna med petroleums- og arbeidsmiljølovgjevinga.

Vi skal spesielt kommentere at vi er nøgde med utforminga av § 69 i utkastet til teknisk og operasjonell forskrift for landanlegga og merknadene til denne. Etter vår vurdering stadfestar regelverket her vanlege ansvarsprinsipp for arbeidsdelinga mellom den offentlege helsetenesta og det lovpålagde beredskapsarbeidet på landanlegga. Rett nok ligg det i det nye regelverket kanskje noko tydelegare forventningar til samarbeid om og gjensidig avstemming av planverket enn det som har vore vanleg ved landbaserte industrianlegg elles. Om så er tilfelle vil det vere ei styrking av tryggleiken som følgje av det nye regelverket utan at vi kan sjå at det påfører korkje den offentlege helsetenesta eller næringa nye kostnader.

Tilsynsordninga

Det er bra at regelverket legg tilsynsansvaret direkte til Statens helsetilsyn, som kan delegere vidare i den grad det er føremålsteneleg. Det kan bli aktuelt å vurdere delegering også til Helsetilsynet i andre fylke enn Helsetilsynet i Rogaland for å ivareta ei grei samordning av tilsyn med landanlegga i grenseflata mot kommunalt tilsynsansvar, t.d. innanfor smittevern, miljøretta helsevern og lokalt mattilsyn. Vi har ikkje teke stilling til dette enno.

Vi reknar med at det vil vere behov for ein viss auka tilsynsinnsats retta inn mot grenseflata mellom den offentlege helsetenesta og beredskapsarbeidet på landanlegga, men det er ikkje mogeleg å talfeste eventuelle kostnader knytte til dette no.

Vi vil avslutningsvis få takke for godt samarbeid gjennom den etter kvart nokså lange arbeidsprosessen.

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut 
assisterande direktør

 

 

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02

Kopi   Helse- og omsorgsdepartementet
   Helsedirektoratet
   Helsetilsynet i fylka