Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til oversending dagsett 22. september 2008 med invitasjon til høyring av utgreiinga om kommunelegefunksjonen i framtida. Det er eit omfattande dokument som er sendt ut på høyring. Dokumentet hadde etter vår vurdering fortent noko betre tid på høyringsrunden. Hjå oss har vi såleis diverre ikkje hatt høve til å gå så djupt inn i analysen av dokumentet som vi kunne ønskt oss. Likevel gir teksten grunnlag for nokre refleksjonar som vi vil bringe til torgs.

Omtalen av utviklinga og tilstanden

Statens helsetilsyn tykkjer det er bra at denne delen av teksten er teken med. Hovudtendensen har vore at trass i positiv omtale av kommunelegefunksjonen og det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunane i offentlege dokument av ulik art, så har ikkje dette arbeidet blitt styrkt. Denne vurderinga kan vi slutte oss til.

Omgrepet kommunelege


Utgreiinga legg vekt på at kommunelegeomgrepet er uklårt. Dette er vi også samde i. Framlegget om å endre det til kommuneoverlege er for så vidt ganske pragmatisk, men vi er nok noko usikre på om det i seg sjølv vil ha særleg effekt. Etter vår vurdering er arbeidet med å klårgjere dei funksjonelle krava til kommunane og kommune(over)-legane meir vesentleg enn tittelkosmetikk (sjå nedanfor).

Kvifor sviktar rekrutteringa?

Statens helsetilsyn har knapt noko betre svar på dette enn det som kjem fram i utgreiinga. Det er verdt å merke seg resultata frå forskinga til Betty Pettersen, som også til dels er refererte i dokumentet. Vår tolkinga av dette kan vere at uklår rolle, manglande fagleg fellesskap samt stor og tematisk sprikande arbeidsbelastning er dei mest vesentlege årsaksfaktorane. Ein kjem vel heller ikkje utanom at lønnsvilkår og høve til sjølvstendig arbeid kan føre til eit visst tap i konkurransen med fastlegerolla.

Utvikling og framtidige oppgåver

Statens helsetilsyn trur at ei analytisk tilnærming til denne utfordringa er avgjerande for å betre stoda i framtida. På dette punktet meiner vi at det føreliggjande dokumentet er lite offensivt. Det legg så å seie til grunn ein føresetnad om at det gjeld å utforme rolla slik at ein kan sikre etterleving av dei forventningane som tradisjonelt har blitt stilte til kommunelegen.

Statens helsetilsyn skulle ønskt seg mykje meir omfattande og tydeleg forventningar til kommunane om kva medisinsk faglege ufordringar dei må pårekne å kunne handtere. Vi trur at arbeid for å sikre funksjonen kommunelege blir fåfengt dersom ein ikkje først gjer det klårt kva standard det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunen skal halde.

Denne standardsetjinga vil også vere avgjerande for den kapasiteten og kompetansen kommunen må ha for å etterleve krava. Det er i lys av dette kommunelegerolla må finne sin plass i framtida.

I tilsynsarbeidet vårt meiner vi å kunne sjå at mange kommunar manglar medverknad frå medisinsk kompetanse ved planlegging, drift og evaluering av tenester ut over dei emna der kommunehelsetenesteloven og smittevernloven spesifikt krev medverknad frå kommunelegen. Dette gjeld til dømes pleie- og omsorgstenestene, allment planarbeid og miljøvernarbeid. Sagt på ein annan måte, det vidare arbeidet med denne saka bør leggje til grunn at gjeldande § 1-4 i kommunehelsetenesteloven blir gitt eit innhald som sikrar tilfredsstillande kapasitet og kompetanse innanfor samfunnsmedisin i kommunane.

Vi trur såleis at funksjonelle krav som må stettast for å etterleve § 1-4 må utviklast i forkant av det vidare arbeidet med å styrkje kommunelegefunksjonen. Dette meiner vi også vil vere avgjerande for å sikre eit truverdig samarbeid mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Vidare vil det også lette den statlege oppfølginga både når det gjeld rådgjeving og tilsyn.

Tiltak for styrking av kommunelegefunksjonen

Vi merker oss at utgreiinga føreslår følgjande formulering av eit lovkrav knytt til kommuneoverlegen:

Kommunen ansetter en eller flere kommuneoverleger for å ivareta de samfunnsmedisinske oppgaver som er tillagt kommunen eller kommuneoverlegen gjennom lov eller forskrift.

Denne formuleringa tykkjer vi er ganske uklår. Etter vår vurdering bør kommune-(over)legefunksjonen framleis vere lovfesta, men slik formuleringa lyder skapar den uvisse om kva som er kommunens ansvar og kva som loven legg direkte til kommunelegen som ansvarleg. Dersom samfunnsmedisinske oppgåver som er tillagt kommunen blir ”delegerte” til kommune(over)legen direkte gjennom loven, vil det etter vår vurdering kunne tene som ei ytterlegare svekking av den kommunale interessa for det samfunnsmedisinske feltet. Det må etter vår vurdering uttrykkjast tvillaust at kommunen har samfunnsmedisinske oppgåver som den må sikre medisinsk fagleg kompetanse for å løyse. Det kan då vere rimeleg å vise til NOU 2004:18 (Bernt-utvalet) forslag til lov § 11-1 nr. 3 og §§ 11-2, 11-3 og 11-5.

Statens helsetilsyn er usikker på om det er føremålstenleg å etablere særlege rapporteringsordningar på dette området. Den nødvendige rapporteringa må etter vår meining koplast opp til dei allmenne rapporteringssystema.

Vi har ingen merknader til at visse delar av den medisinsk-faglege innsatsen kan organiserast interkommunalt.

Vi ser ingen gode grunnar til å endre reglane for spesialistutdanninga no, før ein har kome skikkeleg i gang med den nye ordninga.

 Vi ser også at Fylkesmannen bør kunne ha ei fagleg stimuleringsrolle i dette arbeidet, og legg til grunn at utøvinga av denne ikkje må kome i strid med den noko meir uavhengige rolla som personellet hjå Fylkesmannen har som tilsynsførarar med kommunale tenester, også dei som har eit samfunnsmedisinsk innhald.

Sjølvsagt vil det vere tenleg med ei rettleiing til kommunane, men denne bør utformast slik at den gir uttrykk for korleis dei rettslege krava til samfunnsmedisinsk innsats i kommunen skal etterlevast for å kunne aksepterast som oppfylte. Vi har ikkje fullt så mykje tru på ein rettleiar som kan oppfattast som ei ønskjeliste ut over det som må seiast å vere rettslege krav. Såleis vil utfyllande kommentarar til ulike krav i relevante lovar og forskrifter vere det mest vesentlege å få fram etter vår vurdering.

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut
assisterande direktør

 

 

Kopi: Fylkesmennene
Helsetilsynet i fylket

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02